Flott 4-roms toppleilegheit med fin endeplassering, på solrike Viebøen | Stor veranda, flott utsikt og carport

Vis i kart
Gardsstølsvegen 18
Førde
Prisant. 4250000
Soverom 3
Etasje 2
Bustadtype Leilegheit
Eigarform Eigar (Sjølveigar)

Flott 4-roms toppleilegheit med fin endeplassering, på solrike Viebøen | Stor veranda, flott utsikt og carport

Eigedom
Gardsstølsvegen 18
6812 Førde
2. etasje
Om eigedomen
Leilegheita ligg fint plassert i øvste etasje, på sørvest enden av bygget. Frå verandaen kan ein nyte fritt utsyn og gode soltilhøve.
På Viebøen ligg alt til rette for aktivitet med tilbud som leikeplass, ballbinge, balansepark og tennisbane.
Frå eigedomen er det gangavstand til barnehagar, barneskule, Høgskule, sjukehuset og butikkar.
Til Førde sentrum er det omlag 3km. Strekningen har god bussdekning og fine gangvegar.
Innhald
Luftig toppleilegheit med god takhøgd, fint utsyn og praktisk planløysing.
Leilegheita ligg i 2.etasje med følgjande innhald:
entrè/gang med skyvedørsgarderobe, toalettrom, bad/vaskerom, bod, tre soverom og stove/kjøkken med utgang til sørvest vendt veranda med fint utsyn og gode soltilhøve.

I tillegg har leilegheita eigen plass og bod i felles carport.
Standard
Leilegheita har svært luftig entrè/hall med praktisk skyvedørsgarderobe med speglfrontar.
Her er det parkettgolv, tapeteserte veggar og måla himling.

Like ved inngangsdøra ligg eit praktisk toalettrom med flislagd golv og varmekablar.
Neste dør ledar inn til badet.

Badet er heilflisa med varmekablar i golvet og spottar i himling.
Badet er innreiia med vegghengd wc, dusj med innfellbare dører, flott boblebad, servant med skuffer og skåp, høgskåp, spegel med lys og opplegg for vaskemaskin som er fint skjult bak skyvedører.

Nedover gangen ligg tre soverom og bod.
Alle soveromma har parkettgolv.
Det største soverommet har skyvedørsgarderobe.

Glasdør frå gangen ledar inn til stova.

Stova er romsleg og luftig med 2,7m takhøgd.
Store sørvendte vindauge gir flott utsyn og godt lysinnslepp i stova.
Her er det god plass til ønskjeleg møblering. Parkettgolv, gasspeis og lyse overflater elles.
Den praktiske gasspeisen er måla grå for å skape kontrast i vestveggen.
Skyvedør i glas ledar deg ut til sørvest vendt veranda på 17m2. Her nyt du fint utsyn og gode soltilhøve.

Kjøkkenet ligg i opa, men fint skjerma løysing med stova.
Innreiing frå Sigdal med kvite frontar, laminert benkeplate og flisar på veggen over benkeplata.
Innbygd steikeovn med 80cm platetopp, øvrige kvitevarer er frittståande.

God plass til spisegruppe. Her er det vindauge mot både sør og mot vest, slik at du kan nyte fint utsyn ved matbordet.

Bustaden har balansert ventilasjon, fiberkabel og dørtelefon.
Byggjemåte
Fireroms endeseksjon i 2.etasje, i seksjonert lågblokk med felles oppgang.
Bygningen er oppført i betong-, stål- og trekonstruksjon.
Golv og etasjeskilje av betong.
Ytterveggar delvis av kjerneisolerte betongelement med måla overflater og delvis av isolert
trekonstruksjon med utvendig kledning av trepanel og fasadeplater.
Takkonstruksjon med flatt tak med taktekking av membran.
Vindauge med trekarmar og 2-lags glas.
Skyvedør til veranda i treverk med 2-lags glas.
Inngangsdør frå felles trapperom med kvitmåla overflater.

Frå stova er det utgang til 17 m2 veranda i fasade mot sørvest, oppbygd av betongdekke med overliggande
treplatting og med galvanisert rekkverk.
Inngang på terrengplan til felles hall m/trapperom til 2.etasje.

Med omsyn til den tekniske standarden på bygningane vert det elles vist til takst av Bjarte Roska, datert 28.08.2018.

Kjøpar pliktar å gjere seg kjend med innhaldet i taksten og i eigenerklæring frå seljar som ligg ved salsoppgåva før det vert lagt inn bod på eigedommen. Meklar gjer elles merksam på kjøpar si undersøkingsplikt med heimel i avhendingslova.
Areal og fordeling per etasje
Primærrom: 101 kvm, Bruksareal: 104 kvm
Alle rom er P-rom unnateke: bod.

BRA pr. etasje:
2.Etasje: 104 kvm.

Areala er henta frå takst utført av autorisert takstmann og er i samsvar med NS 3940. Meklar har ikkje kontrollert areala.
Parkering
Eigen plass i felles carport og felles gjesteparkering.
Tomt
Areal: 17 064 kvm, Eierform: Fellestomt
Regulering/offentleg godkjenning
Eigedomen ligg i område der reguleringsplan Vieåsen sør tun 4, med planid: 20070006 er gjeldande.
Reguleringsføremål: bustad.
Veg, vatn, avlaup
Offentleg veg fram til fellestomt, offentleg vatn og avlaup via private stikkleidningar.
Energimerking
Oppvarmingskarakter Rød - Energikarakter E
Tilkomst
Gardsstølsvegen 18 har asfaltert veg fram til carporten.
Frå carporten er det få meters gange til det overbygde inngangspartiet.
Trapp ledar opp til leilegheita som ligg i 2.etasje.
Oppvarming
- Gasspeis i stova
- Varmekablar på badet og på toalettrommet
- Balansert ventilasjon med varmegjenvinnar
- Øvrig oppvarming må baserast på elektrisitet
Kommunale avgifter
Kr. 5 847 pr. år
Inkluderar renovasjon, branntilsyn og eigedomsskatt. inkl. evt. eigedomsskatt.
Faste kostnader
I 2017 brukte eigar 10 768 kwh. straum.
Straum og nettleige etter eige forbruk.

Eigedomen er fullverdiforsikra i Gjensidige, gjennom fellesavtale for sameiga.
Avtalenummer: 81604325
Eigar må sjølv teikne innbuforsikring. Prisar på dette vil variere med om ein er totalkunde osv. hjå forsikringselskap.
Likningsverdi
Likningsverdi som primærbustad kr 772 331 per 25.09.18
Likningsverdi som sekundærbustad kr 2 471 458 per 25.09.18
Ferdigattest
Det føreligg ferdigattest frå Førde kommune datert 03.09.2007. Attesten ligg vedlagt salsoppgåva.
Felleskostnader
1 576 pr. mnd. Inkludererar: kommunaleavgifter (vass- og kloakkavgift), fullverdiforsikring av byggningsmassen, straum fellesareal, vedlikehald heis, avsetting til vedlikehaldsfond, styre- og revisjonskostnader.
Opplysningar om sameige.
Sameie: Gardsstølsvegen Sameige, Orgnr.: 994810170

Med eigarseksjon meinast sameigedel i bebygd eigedom med tilknytta einerett til bruk av ein av fleire bustader eller andre brukseiningar i eigedomen.
I følgje lov om eigarseksjonar kan ingen erverve meir enn to bustadseksjonar i sameige.
Rekneskap/vedtekter
Kjøpar vert oppmoda til å setje seg inn i rekneskap, vedtekter og evt. husordensreglar. Kjøpar godkjenner som bindande for seg sameiget sine vedtekter og husordensreglar herunder evt. reglar om husdyrhald.
Vedtekter og husordensreglar ligg vedlagd i salsoppgåva. Rekneskap kan utleverast ved henvending til meklarforetaket.
Forretningsførar/rekneskapsførar
Vest Rekneskap AS
Godkjenning/forkjøpsrett
Kjøpar av seksjon må meldast til styret for godkjenning. Godkjenning kan berre nektast i det enkelte tilfelle når det ligg føre sakleg grunn til det.
Legalpant
Sameige har legalpant for inntil 2G for dekking av ubetalte felleskostnader.
Utleige
Seksjonen kan i sin heilheit leigast ut til bustadføremål.
Forsikring
Eigedomen er forsikra gjennom sameige og vert betalt som ein del av felleskostnadane. Kjøpar må teikne innbuforsikring frå overtakingsdato.
Bustadseljarforsikring
Bustaden er seld med bustadseljarforsikring.
Bustadkjøparforsikring
Eigedomsmekling Sogn og Fjordane AS formidlar bustadkjøparforsikring frå HELP Forsikring AS. Dette er ei rettshjelpsforsikring som gir tryggleik og profesjonell juridisk hjelp dersom det vart oppdaga uventa feil og manglar ved bustaden. Ta kontakt med meklar for meir informasjon eller les meir om forsikringa på www.help.no.
Finansiering
Interessentar som ønskjer tilbod om finansiering i Sparebanken Sogn og Fjordane kan kontakte meklar.
Kvitvasking
Lov av 6. mars 2009 nr. 11 om tiltak mot kvitvasking og terrorfinansiering pålegg eigedomsmeklarar å gjennomføre legitimasjonskontroll og risikovurdering av alle kundar og/eller eventuelle reelle rettigheitshavarar. Dersom kunden ikkje oppfyller krava etter lova eller eigedomsmeklar har mistankar om at transaksjonar har tilknyting til utbyte frå straffbare handlingar eller forhold som rammast av straffelova §§ 131-136 a, kan eigedomsmeklaren stoppe gjennomføringa av transaksjonen eller eigedomshandelen. Eigedomsmeklaren kan ikkje haldast ansvarleg for dei konsekvensane dette vil kunne få for partane eller andre som har interesser i eigedomshandelen.
Bodgjeving
Alle bod skal gjevast skriftleg til meklar. Det første bodet skal gjevast på bodskjema påført bodgjevar sin signatur. I tillegg må bodgjevar ha legitimert seg. Seinare bod kan gjevast per e-post, SMS eller per faks til meklar. Bod kan også gjevast via bodgjevingsplattform på nett eller app. Veljast denne løysinga, er det ikkje krav til å sende det første bodet på bodskjema. Meklar skal så snart som muleg stadfeste skriftleg ovanfor bodgjevar at bod er motteke.

Bod som ikkje er skriftleg, eller som har kortare akseptfrist enn til kl. 12.00 dagen etter siste annonserte vising, vil ikkje bli formidla til seljar. Meklar vil heller ikkje formidle bod med atterhald om at bodet er hemmeleg for andre bodgjevarar. Eit bod er bindande for bodgjevar når bodet er blitt gjort kjent for seljar. Seljar står fritt til å akseptere eller forkaste eitkvart bod, og pliktar såleis ikkje å akseptere det høgste bodet på eigedomen.

Meklar skal, i den grad det er naudsynt og muleg, informere dei involverte i bodrunden skriftleg om status i bodgjevinga.
Meklar pliktar å leggje til rette for ei forsvarleg avvikling av bodrunden. For at boda skal kunne bli handsama og formidla vidare skriftlig til alle involverte partar, må eitkvart bod ha ein tilstrekkeleg lang akseptfrist, og uansett bør ikkje eit bod ha ein akseptfrist på mindre enn 30 minutt frå bodet vert gjeve. Seljar må skriftleg akseptere bodet før bodaksept kan formidlast til bodgjevar.
Ein gjer merksam på at bod som vert gjeve etter normal arbeidstid vert handsama/formidla påfølgjande arbeidsdag.

Seljar og kjøpar har krav på å få utlevert kopi av bodjournalen straks etter at handel er komt i stand. Alle som har gjeve bod på eigedomen kan på førespurnad få en kopi av anonymisert bodjournal etter at bodrunden er avslutta.
Ein syner elles til "Forbrukarinformasjon om bodgjeving", som er teke inn på baksida av bodskjema i salsoppgåva.
Overtaking
Etter avtale med seljar.
Seld "som den er"
Salet vert regulert av Lov om avhending av fast eigedom. Eigedomen vert seld i den stand den var under synfaring, jf. avhendingslova § 3-9, "som den er". Dette avtalepunktet medfører at avhendingslova sine reglar om når eigedomen har mangel vert fråvike til ugunst for kjøpar.

Eigedomen har likevel mangel i følgjande tilfelle:
Når kjøpar ikkje har fått opplysningar om forhold ved eigedomen som seljar kjende eller måtte kjenne til, og som kjøpar hadde grunn til å rekne med å få. Dette gjeld likevel berre dersom ein kan gå ut frå at det har verka inn på avtalen at opplysningane ikkje vart gitt.
Når seljar har gitt urette opplysningar om eigedomen. Det same gjeld dersom eigedomen ikkje er i samsvar med opplysningar som er gitt i annonse, salsprospekt eller ved anna marknadsføring på vegne av seljar. Dette gjeld likevel berre dersom ein kan gå ut frå at opplysningane har verka inn på avtalen, og ikkje har vorte retta i tide.
Når eigedomen er i vesentleg dårlegare stand enn kjøpar hadde grunn til å rekne med ut frå kjøpesummen og forholda elles.
Når tomta har vesentleg mindre areal enn opplyst av seljar.
Nøkkelinfo
Primærrom ? 101 m2
Bruksareal ? 104 m2
Rom 4
Byggeår 2008
Tomte­areal 17064 m2
Eigarskifte­forsikring Ja
Energi­merking ? E
Vising
tysdag 23. oktober, 16:30 – 17:30
Kontakt meklar
Bilete av Trond  Bakke
Trond Bakke
Eigedomsmeklarfullmektig MNEF
Førde
Tilbake til bustadutlisting

Eigedom må som hovudregel energimerkast ved sal eller utleige.  Energimerking oppsummerer energitilstanden for bygningen med ein energikarakter og ein oppvarmingskarakter. Energikarakteren seier noko om venta energibruk og oppvarmingskarakterine seier noko om kor stor grad av fornybare energikjelder som vert nytta til oppvarming av rom og vatn. Oppvarming med elektrisitet eller olje gir dermed raud oppvarmingskarakter.

Innvendig areal av bustaden sin primære del inkludert veggane mellom desse. Dette er rom som ein naturleg oppheld seg i, som til dømes stove, kjøken, bad, soverom, vaskerom og gangareal mellom desse.

Innvendig areal målt frå innsida av yttervegg. Alt areal av innvendige veggar er medrekna. Målbart areal skal ha takhøgd på 1,9 meter.

Om bruksareal

Gardsstølsvegen 18
Førde
Prisant. 4250000
Soverom 3
Etasje 2
Bustadtype Leilegheit
Eigarform Eigar (Sjølveigar)
Nøkkelinfo
Primærrom ? 101 m2
Bruksareal ? 104 m2
Rom 4
Byggeår 2008
Tomte­areal 17064 m2
Eigarskifte­forsikring Ja
Energi­merking ? E
Vising
tysdag 23. oktober, 16:30 – 17:30
Kor mykje treng du låne?
Prøv Sparebanken Sogn og Fjordane sin lånekalkulator
I nærområdet