Lekker del av tomannsbustad med frittståande dobbel garasje

Vis i kart
Hammermarka 2
Florø
Prisant. 4200000
Soverom 4
Bustadtype Tomannsbustad
Eigarform Eigar (Sjølveigar)

Lekker del av tomannsbustad med frittståande dobbel garasje

Eigedom
Hammermarka 2
6906 Florø
Om eigedomen
Denne lekre innhaldsrike bustaden ligg i det nyetablerte og barnevennlege område på Hammermarka. Hammermarka 2, del av tomannsbustad, var ferdigstilt for 2 år sidan, og garasja for 1 år sidan. Bustaden har ei god og praktisk planløysing, med store opphaldsrom og bad. Den vestvendte beliggenheita gjer til at det er sol på den fine terrassen til langt på kveld. Kort avstand til barnehage, og til det flotte friluftsområde med badestrand på Sørstrand. Det er ca. 2 km til sentrum.
Innhald
Del av tomannsbustad som inneheld:
Hovudplan: romsleg gang, bad/wc/vaskerom, stort kjøkken og stove med utgang til vestvendt terrasse.
Loftsetasje: loftstove, 4 soverom, wc og bod.
Frittståande dobbel garasje med loft.
Standard
Bustaden har ei stor hyggjeleg stove med plass til fleire sittegrupper. Utgang til vestvendt terrasse frå stova.
Om ein ønskjer soverom på hovudplan er det lagt til rette for at stova kan delast.
Overflate på stove på hovudplan og loftstova er laminat på golv, sparkla/måla slette veggar og sparkla/måla slette himlingar på hovudplan/panelbeisa panel i loftsetasjen.
Lekkert kjøkken med god plass. Grått Sigdal laminatkjøkken med heiltre beisa eikefrontar. Integrert komfyr med induksjonstopp, steikeomn og mikro i benkehøgde, oppvaskmaskin og "side by side" kjøleskåp. Spiseplass på kjøkken.
Badet på hovedplan har praktisk vaskeromsdel bak skyvedører. Badet har flislagt golv og flisimiterte baderomsplater på veggar. Baderomsinnreiing, dusjnisje, vegg-hengt wc.
Elles i bustaden er det på golv: fliser i gang, flytande laminatgolv. På veggar er det heilsparkla og måla gipsplater med fliser over benkeplate på kjøkken. I himling er det sparkla og måla gipsplater i hovudetasjen og panelbeisa panel i loftsetasjen.
Diverse opplysningar om eigedomen:
- strynetrapp med eiketrinn
- peisomn med stålpipe
- røyr i røyr system
- balansert ventilasjon med varmevekslar
- luft til luft varmepumpe
- varmekablar i heile første etasje
- sikringsskåp med automatsikringar, jordfeilbrytar og overspenningsvern
- innfelt led-belysning i gang, bad, stove, kjøkken og loftstove.
- innlagt fiberkabel
- sentralstøvsuger
Byggjemåte
Del av tomannsbustad oppført i 2016, bygt etter TEK 10. Utvendig måla i 2017.
Grunn og fundament er betongsole på kultfylling til fjell. Armert støypt plate på mark med isolasjon. Ytterveggar er 200 mm veggar med 148 mm trestenderverk, påfora med 50 mm og isolert med 150 mm + 50 mm min. ull. Asfaltplater, lekter og utvendig liggande kledning. Innvendig diffusjonssperre og plater. Vindauga er 2-lags energivindauge med utanpåliggande sprosser. 3 stk. ve-lux vinduage på loft.

Den doble garasja er oppført i 2017, har eit BRA på 31 m2 + loft. Ringmur i betong og innvendige støypte flisar på golv. 100 mm isolerte veggar med stenderverk og utvendig impregnert kledning, innvendig kledd med OSB plater. Saltak med prefabrikkerte takstolar, sutak og betongstein. Plassbygt trapp til loft med plategolv. Vedlikehaldsfri 5,1 nrei ledd-port i aluminium med elektrisk portåpnar. Vedlikehaldsfri al-dør.

Med omsyn til den tekniske standarden på bygningane vert det elles vist til takst av Johnny Østerbø, datert 21.09.2018.

Kjøpar pliktar å gjere seg kjend med innhaldet i taksten og i eigenerklæring frå seljar som ligg ved salsoppgåva før det vert lagt inn bod på eigedommen. Meklar gjer elles merksam på kjøpar si undersøkingsplikt med heimel i avhendingslova.
Areal og fordeling per etasje
Primærrom: 146 kvm, Bruksareal: 147 kvm, Bruttoareal: 157 kvm
Alle rom er P-rom unnateke:

BRA pr. etasje:
1.Etasje: 91 m2
2.Etasje: 56 m2
Areala er henta frå takst utført av autorisert takstmann og er i samsvar med NS 3940. Meklar har ikkje kontrollert areala.
Parkering
Parkering i dobbel garasje evt. på eigedomen.
Tomt
Areal: 376 kvm, Eigarform: Sjølveigartomt.
Vestvendt terrasse på ca. 40 m2. Levegg mot nabo i sør og måla rekkverk i vest. Impregnert terrasse i nord på ca. 17 m2.
Asfaltert uteområde, ca. 100 m2.
Regulering/offentleg godkjenning
Eigedomen ligg i område som er avsatt til bustader.
Privat reguleringsplan B3 og del av av B2, bnr. 28/28, 27/965 m.fl. Flora Kommune. Plan id 20110115.
Veg, vatn, avlaup
Offentleg vatn og avlaup via private stikkleidningar.
Energimerking
Oppvarmingskarakter Oransje - Energikarakter B
Tilkomst
Lett tilkomst frå offentleg veg.
Oppvarming
Det er installert luft til luft varmepumpe i tillegg til vedomn i stova.
Termostatstyrte varmekablar i heile 1. etg.
Kommunale avgifter
Kr. 22 466 pr. år inkl. evt. eigedomsskatt.
Faste kostnader
Straum og nettleige etter eige forbruk.
Forsikring er estimert til mellom 4 - 8 000,- pr. år og vil variere med kva tilbod ein har med sitt forsikringselskap.
Likningsverdi
Likningsverdi som primærbustad kr 948 946 per 31.12.16
Likningsverdi som sekundærbustad kr 3 036 627 per 31.12.16
Ferdigattest
Det føreligg ferdigattest frå Flora kommune datert 11.06.2018. Denne ligg vedlagt.
Konsesjon
Eigedomen er ikkje konsesjonspliktig.
Utleige
Eigedomen kan i sin heilhet leigast ut til bustadføremål.
Bustadseljarforsikring
Bustaden er seld utan bustadseljarforsikring.
Bustadkjøparforsikring
Eigedomsmekling Sogn og Fjordane AS formidlar bustadkjøparforsikring frå HELP Forsikring AS. Dette er ei rettshjelpsforsikring som gir tryggleik og profesjonell juridisk hjelp dersom det vart oppdaga uventa feil og manglar ved bustaden. Ta kontakt med meklar for meir informasjon eller les meir om forsikringa på www.help.no.
Finansiering
Interessentar som ønskjer tilbod om finansiering i Sparebanken Sogn og Fjordane kan kontakte meklar.
Kvitvasking
Lov av 6. mars 2009 nr. 11 om tiltak mot kvitvasking og terrorfinansiering pålegg eigedomsmeklarar å gjennomføre legitimasjonskontroll og risikovurdering av alle kundar og/eller eventuelle reelle rettigheitshavarar. Dersom kunden ikkje oppfyller krava etter lova eller eigedomsmeklar har mistankar om at transaksjonar har tilknyting til utbyte frå straffbare handlingar eller forhold som rammast av straffelova §§ 131-136 a, kan eigedomsmeklaren stoppe gjennomføringa av transaksjonen eller eigedomshandelen. Eigedomsmeklaren kan ikkje haldast ansvarleg for dei konsekvensane dette vil kunne få for partane eller andre som har interesser i eigedomshandelen.
Bodgjeving
Alle bod skal gjevast skriftleg til meklar. Det første bodet skal gjevast på bodskjema påført bodgjevar sin signatur. I tillegg må bodgjevar ha legitimert seg. Seinare bod kan gjevast per e-post, SMS eller per faks til meklar. Bod kan også gjevast via bodgjevingsplattform på nett eller app. Veljast denne løysinga, er det ikkje krav til å sende det første bodet på bodskjema. Meklar skal så snart som muleg stadfeste skriftleg ovanfor bodgjevar at bod er motteke.

Bod som ikkje er skriftleg, eller som har kortare akseptfrist enn til kl. 12.00 dagen etter siste annonserte vising, vil ikkje bli formidla til seljar. Meklar vil heller ikkje formidle bod med atterhald om at bodet er hemmeleg for andre bodgjevarar. Eit bod er bindande for bodgjevar når bodet er blitt gjort kjent for seljar. Seljar står fritt til å akseptere eller forkaste eitkvart bod, og pliktar såleis ikkje å akseptere det høgste bodet på eigedomen.

Meklar skal, i den grad det er naudsynt og muleg, informere dei involverte i bodrunden skriftleg om status i bodgjevinga.
Meklar pliktar å leggje til rette for ei forsvarleg avvikling av bodrunden. For at boda skal kunne bli handsama og formidla vidare skriftlig til alle involverte partar, må eitkvart bod ha ein tilstrekkeleg lang akseptfrist, og uansett bør ikkje eit bod ha ein akseptfrist på mindre enn 30 minutt frå bodet vert gjeve. Seljar må skriftleg akseptere bodet før bodaksept kan formidlast til bodgjevar.
Ein gjer merksam på at bod som vert gjeve etter normal arbeidstid vert handsama/formidla påfølgjande arbeidsdag.

Seljar og kjøpar har krav på å få utlevert kopi av bodjournalen straks etter at handel er komt i stand. Alle som har gjeve bod på eigedomen kan på førespurnad få en kopi av anonymisert bodjournal etter at bodrunden er avslutta.
Ein syner elles til "Forbrukarinformasjon om bodgjeving", som er teke inn på baksida av bodskjema i salsoppgåva.
Overtaking
Etter avtale med seljar.
Seld "som den er"
Salet vert regulert av Lov om avhending av fast eigedom. Eigedomen vert seld i den stand den var under synfaring, jf. avhendingslova § 3-9, "som den er". Dette avtalepunktet medfører at avhendingslova sine reglar om når eigedomen har mangel vert fråvike til ugunst for kjøpar.

Eigedomen har likevel mangel i følgjande tilfelle:
Når kjøpar ikkje har fått opplysningar om forhold ved eigedomen som seljar kjende eller måtte kjenne til, og som kjøpar hadde grunn til å rekne med å få. Dette gjeld likevel berre dersom ein kan gå ut frå at det har verka inn på avtalen at opplysningane ikkje vart gitt.
Når seljar har gitt urette opplysningar om eigedomen. Det same gjeld dersom eigedomen ikkje er i samsvar med opplysningar som er gitt i annonse, salsprospekt eller ved anna marknadsføring på vegne av seljar. Dette gjeld likevel berre dersom ein kan gå ut frå at opplysningane har verka inn på avtalen, og ikkje har vorte retta i tide.
Når eigedomen er i vesentleg dårlegare stand enn kjøpar hadde grunn til å rekne med ut frå kjøpesummen og forholda elles.
Når tomta har vesentleg mindre areal enn opplyst av seljar.
Nøkkelinfo
Primærrom ? 146 m2
Bruksareal ? 147 m2
Bruttoareal ? 157 m2
Byggeår 2016
Tomte­areal 376 m2
Energi­merking ? B
Vising
onsdag 24. oktober, 17:00 – 18:00
Kontakt meklar
Bilete av Greta  Halvorsen
Greta Halvorsen
Eigedomsmeklar MNEF
Florø
Tilbake til bustadutlisting

Eigedom må som hovudregel energimerkast ved sal eller utleige.  Energimerking oppsummerer energitilstanden for bygningen med ein energikarakter og ein oppvarmingskarakter. Energikarakteren seier noko om venta energibruk og oppvarmingskarakterine seier noko om kor stor grad av fornybare energikjelder som vert nytta til oppvarming av rom og vatn. Oppvarming med elektrisitet eller olje gir dermed raud oppvarmingskarakter.

Innvendig areal av bustaden sin primære del inkludert veggane mellom desse. Dette er rom som ein naturleg oppheld seg i, som til dømes stove, kjøken, bad, soverom, vaskerom og gangareal mellom desse.

Innvendig areal målt frå innsida av yttervegg. Alt areal av innvendige veggar er medrekna. Målbart areal skal ha takhøgd på 1,9 meter.

Om bruksareal

Hammermarka 2
Florø
Prisant. 4200000
Soverom 4
Bustadtype Tomannsbustad
Eigarform Eigar (Sjølveigar)
Nøkkelinfo
Primærrom ? 146 m2
Bruksareal ? 147 m2
Bruttoareal ? 157 m2
Byggeår 2016
Tomte­areal 376 m2
Energi­merking ? B
Vising
onsdag 24. oktober, 17:00 – 18:00
Kor mykje treng du låne?
Prøv Sparebanken Sogn og Fjordane sin lånekalkulator
I nærområdet