Hyggjeleg, eldre einebustad og uthus på stor tomt. Vising 28.okt. kl. 13.00 - 14.00, velkommen!

Vis i kart
Åfjordvegen 703
Sørbøvåg
Prisant. 750000
Soverom 2
Bustadtype Einebustad
Eigarform Eigar (Sjølveigar)

Hyggjeleg, eldre einebustad og uthus på stor tomt. Vising 28.okt. kl. 13.00 - 14.00, velkommen!

Eigedom
Åfjordvegen 703
6958 Sørbøvåg

Eigedomen er utbygd med ein einebustad oppført i 1935, seinare tilbygd i to etappar. I tillegg eit uhus oppført på 1940-talet.
Om eigedomen
Eigedomen ligg fint til på stor tomt i landeleg omgjevnadadar med god utsikt mot fjorden, Lihesten og andre fjellområde rundt. Bustaden er i seinare tid blitt brukt som fritidsbustad. Fine turområder like utanfor døra.
Frå eigedomen er det ca. 2 km til sentrum i Sørbøvåg og ca. 7,5 km til kommunesenteret Hyllestad.
Innhald
Bustaden går over tre plan med følgande innhald:
Kjellar: Bodareal og vaskerom.
Hovudetasje: Vindfang, gang med trapp, kjøkken, stove, soverom og bad.
Loft: Gang med trapp, stort soverom, bod og kott.
Standard
Hovudetasje:
Vinfanget har flislagt golv og målte plater på veggar og i tak.

Gang med laminat på golvet og måla panel på veggar og i tak. Det er plass til garderobeløysing. Frå gangen er det trapp til loftet.

Romsleg vinkelstove med flott utsikt mot fjorden. Det er montert nyare vedomn. Golvflater av laminat, måla tapet på veggane og måla plater i taket.

Kjøkkenet har innreiing frå ca. 1960 med måla frontar av finer, laminert benkeplate, stål oppvaskkum og frittståande kvitevarer. Plass til kjøkkenbord ved vindauget. Golvflatene har belegg, veggar og tak med måla plater. Frå kjøkkenet er det dør til gangen og til stova.

Badet har måla betonggolv, måla panel på veggane og måla plater i taket. Rommet er innreia med servant, spegel, lysarmatur, dusjkabinett, overskåp og toalett.

Soverommet var tilbygd på 1980-talet og har tilkomst frå stova. Golvflate med belegg, panel på veggane og i taket.

Loft:
Det er forholdsvis låg takhøgde på loftet.
Gang har belegg på golvet og måla plater på veggar og i taket.

Stort og godt soverom med teppe på golvet og panel på veggar og i taket.

Bod/disponibelt rom med belegg på golvet, måla plater på veggane og panel i taket. Rommet blir av seljar brukt som soverom.

Kjellar:
To boder og kombinert bod/vaskerom. Det er installert nyare varmtvasstank i vaskerommet.
Byggjemåte
I kjellaren er det grovstøypt golv på mark.
Grunnmuren er oppført av naturstein med pussa overflater utvendig. I kjellaren er det noko synleg naturstein og nokre overflater av pussa betong.
Etasjeskilje er oppført i trebjelkelag oppført som stubbloft. Etasjeskilje mellom 1. etasje og loft av bjelkelag.
På tilbygga er det truleg støypt golv på mark.
Ytterveggane på den eldste delen er oppført i lafta tømmer med innvendig platekledning og utvendig med eternittplater og bordkledning av trepanel. Bordkledninga på fasade som vender mot sør er skifta i nyare tid.
På tilbygd del er ytterveggane oppført i reisverk/bindingsverk. Ytterveggen er ikkje isolerte, men det er i følgje eigar lagt på vindsperre på nokre av ytterveggane.
Tilbygg som var oppført på 1980-talet har ytterveggar av 4" isolert bindingsverk.
Takkonstruksjonen er oppført som saltak med taktekking av skifer på undertak av trepanel. På tilbygd del er det taktekking av shingel. Takkonstruksjonen er lukka og derfor ikkje nærare kontrollert. Den eldste delen av takkonstruksjonen er ikkje isolert.
Nokre vindauge har 2-lags glas i trekarm med standard frå 1980-talet.
I stova er det eit vindauge med kopla rammer av eldre dato.
Ytterdøra av aluminium som er av nyare dato.
I kjellaren er det ytterdør av trevirke av eldre dato.
Pipene er oppført i teglstein og har standard frå byggeåret. Over yttertak er det heildekkande pipebeslag.

Det elektriske anlegget har opne tavler med skrusikringar og ein mindre sentral med automatsikringar. Det er installert ny straummålar.
Det elektriske anlegget har i vesentleg grad open installasjon.
Sanitæranlegget har standard frå byggeåret med vassrør av kopar. Avløpsrør av støypejern og plast.
I kjellaren er det installert varmtvasstank på 116 liter frå 2016.

Uthus, oppført i ca. 1950:
Ringmur i betong.
Det er lagt til grunn at det er støypt golv på steinfylling.
Ytterveggane er oppført i enkelt reisverk med bordkledning av eternitplater og bordkledning på den eine veggen.
Takkonstruksjonen er oppført som saltak med taktekking av eternittplater. Himlinga i den eine delen er isolert.
Innvendig dør av finer av eldre dato.
Ytterdør i trevirke av nyare dato.
Vindage av 2-lags glas av ukjent alder.
Takrenner på den eine sida som er av nyare dato.
Det er ikkje innlagt straum i bygningen.

Med omsyn til den tekniske standarden på bygningane vert det elles vist til takst av Trond Gjesdal, datert 13.11.2017.

Kjøpar pliktar å gjere seg kjend med innhaldet i taksten og i eigenerklæring frå seljar som ligg ved salsoppgåva før det vert lagt inn bod på eigedommen. Meklar gjer elles merksam på kjøpar si undersøkingsplikt med heimel i avhendingslova.
Areal og fordeling per etasje
Primærrom: 69 kvm, Bruksareal: 73 kvm, Bruttoareal: 82 kvm
Alle rom er P-rom unnateke: bod og kott.

BRA pr. etasje:
Kjellar: 0 m2
Hovudetasje: 53 m2
Loft: 20 m2
Areala er henta frå takst utført av autorisert takstmann og er i samsvar med NS 3940. Meklar har ikkje kontrollert areala.
Parkering
Parkering på tunet.
Tomt
Areal: 991 kvm, Eierform: Eiet tomt

Tomta er opparbeida med gruslagt tun/parkeringsplass, grøntareal, tre, trapper og plattingar i betong.
Regulering/offentleg godkjenning
Eigedomen er regulert til bustadføremål jmf. plan id: 2004002, Hyllestad kommune.
Veg, vatn, avlaup
Tilkomst frå offentleg veg.
Eigedomen er tilknytt kommunal vassledning via privat stikkledning.
Avløp til privat septiktank med kommunal tømming. Alder på septiktank er ikkje framlagt.
Energimerking
Oppvarmingskarakter Oransje - Energikarakter G
Tilkomst
Lett tilkomst frå kommunal veg. Sjå ev. kart www.finn.no, eller kontakt meklar for nærare opplysningar.
Oppvarming
- Vedomn i stova.
- Veggmontert stråleomn i badet.
Anna oppvarming er basert på elektriske varmeovnar.
Kommunale avgifter
Kr. 15 345 pr. år inkl. eigedomsskatt.
Faste kostnader
Straum etter eige forbruk.
Forsikringskostnad kr. 1 972,- pr. år.
Likningsverdi
Likningsverdi som primærbustad kr 221 331 per 31.12.16
Likningsverdi som sekundærbustad kr 708 260 per 31.12.16
Ferdigattest
Det føreligg ikkje ferdigattest eller bruksløyve frå Hyllestad kommune.
Konsesjon
Eigedomen er ikkje konsesjonspliktig.
Utleige
Eigedomen kan i sin heilhet leigast ut til bustadføremål.
Bustadseljarforsikring
Bustaden er seld utan bustadseljarforsikring.
Bustadkjøparforsikring
Eigedomsmekling Sogn og Fjordane AS formidlar bustadkjøparforsikring frå HELP Forsikring AS. Dette er ei rettshjelpsforsikring som gir tryggleik og profesjonell juridisk hjelp dersom det vart oppdaga uventa feil og manglar ved bustaden. Ta kontakt med meklar for meir informasjon eller les meir om forsikringa på www.help.no.
Finansiering
Interessentar som ønskjer tilbod om finansiering i Sparebanken Sogn og Fjordane kan kontakte meklar.
Kvitvasking
Lov av 6. mars 2009 nr. 11 om tiltak mot kvitvasking og terrorfinansiering pålegg eigedomsmeklarar å gjennomføre legitimasjonskontroll og risikovurdering av alle kundar og/eller eventuelle reelle rettigheitshavarar. Dersom kunden ikkje oppfyller krava etter lova eller eigedomsmeklar har mistankar om at transaksjonar har tilknyting til utbyte frå straffbare handlingar eller forhold som rammast av straffelova §§ 131-136 a, kan eigedomsmeklaren stoppe gjennomføringa av transaksjonen eller eigedomshandelen. Eigedomsmeklaren kan ikkje haldast ansvarleg for dei konsekvensane dette vil kunne få for partane eller andre som har interesser i eigedomshandelen.
Bodgjeving
Alle bod skal gjevast skriftleg til meklar. Det første bodet skal gjevast på bodskjema påført bodgjevar sin signatur. I tillegg må bodgjevar ha legitimert seg. Seinare bod kan gjevast per e-post, SMS eller per faks til meklar. Bod kan også gjevast via bodgjevingsplattform på nett eller app. Veljast denne løysinga, er det ikkje krav til å sende det første bodet på bodskjema. Meklar skal så snart som muleg stadfeste skriftleg ovanfor bodgjevar at bod er motteke.

Bod som ikkje er skriftleg, eller som har kortare akseptfrist enn til kl. 12.00 dagen etter siste annonserte vising, vil ikkje bli formidla til seljar. Meklar vil heller ikkje formidle bod med atterhald om at bodet er hemmeleg for andre bodgjevarar. Eit bod er bindande for bodgjevar når bodet er blitt gjort kjent for seljar. Seljar står fritt til å akseptere eller forkaste eitkvart bod, og pliktar såleis ikkje å akseptere det høgste bodet på eigedomen.

Meklar skal, i den grad det er naudsynt og muleg, informere dei involverte i bodrunden skriftleg om status i bodgjevinga.
Meklar pliktar å leggje til rette for ei forsvarleg avvikling av bodrunden. For at boda skal kunne bli handsama og formidla vidare skriftlig til alle involverte partar, må eitkvart bod ha ein tilstrekkeleg lang akseptfrist, og uansett bør ikkje eit bod ha ein akseptfrist på mindre enn 30 minutt frå bodet vert gjeve. Seljar må skriftleg akseptere bodet før bodaksept kan formidlast til bodgjevar.
Ein gjer merksam på at bod som vert gjeve etter normal arbeidstid vert handsama/formidla påfølgjande arbeidsdag.

Seljar og kjøpar har krav på å få utlevert kopi av bodjournalen straks etter at handel er komt i stand. Alle som har gjeve bod på eigedomen kan på førespurnad få en kopi av anonymisert bodjournal etter at bodrunden er avslutta.
Ein syner elles til "Forbrukarinformasjon om bodgjeving", som er teke inn på baksida av bodskjema i salsoppgåva.
Overtaking
Etter avtale med seljar.
Seld "som den er"
Salet vert regulert av Lov om avhending av fast eigedom. Eigedomen vert seld i den stand den var under synfaring, jf. avhendingslova § 3-9, "som den er". Dette avtalepunktet medfører at avhendingslova sine reglar om når eigedomen har mangel vert fråvike til ugunst for kjøpar.

Eigedomen har likevel mangel i følgjande tilfelle:
Når kjøpar ikkje har fått opplysningar om forhold ved eigedomen som seljar kjende eller måtte kjenne til, og som kjøpar hadde grunn til å rekne med å få. Dette gjeld likevel berre dersom ein kan gå ut frå at det har verka inn på avtalen at opplysningane ikkje vart gitt.
Når seljar har gitt urette opplysningar om eigedomen. Det same gjeld dersom eigedomen ikkje er i samsvar med opplysningar som er gitt i annonse, salsprospekt eller ved anna marknadsføring på vegne av seljar. Dette gjeld likevel berre dersom ein kan gå ut frå at opplysningane har verka inn på avtalen, og ikkje har vorte retta i tide.
Når eigedomen er i vesentleg dårlegare stand enn kjøpar hadde grunn til å rekne med ut frå kjøpesummen og forholda elles.
Når tomta har vesentleg mindre areal enn opplyst av seljar.
Nøkkelinfo
Primærrom ? 69 m2
Bruksareal ? 73 m2
Bruttoareal ? 82 m2
Byggeår 1935
Tomte­areal 991 m2
Energi­merking ? G
Vising
sundag 28. oktober, 13:00 – 14:00
Kontakt meklar
Bilete av Randi  Vigdal
Randi Vigdal
Eigedomsmeklar MNEF
Førde
Tilbake til bustadutlisting

Eigedom må som hovudregel energimerkast ved sal eller utleige.  Energimerking oppsummerer energitilstanden for bygningen med ein energikarakter og ein oppvarmingskarakter. Energikarakteren seier noko om venta energibruk og oppvarmingskarakterine seier noko om kor stor grad av fornybare energikjelder som vert nytta til oppvarming av rom og vatn. Oppvarming med elektrisitet eller olje gir dermed raud oppvarmingskarakter.

Innvendig areal av bustaden sin primære del inkludert veggane mellom desse. Dette er rom som ein naturleg oppheld seg i, som til dømes stove, kjøken, bad, soverom, vaskerom og gangareal mellom desse.

Innvendig areal målt frå innsida av yttervegg. Alt areal av innvendige veggar er medrekna. Målbart areal skal ha takhøgd på 1,9 meter.

Om bruksareal

Åfjordvegen 703
Sørbøvåg
Prisant. 750000
Soverom 2
Bustadtype Einebustad
Eigarform Eigar (Sjølveigar)
Nøkkelinfo
Primærrom ? 69 m2
Bruksareal ? 73 m2
Bruttoareal ? 82 m2
Byggeår 1935
Tomte­areal 991 m2
Energi­merking ? G
Vising
sundag 28. oktober, 13:00 – 14:00
Kor mykje treng du låne?
Prøv Sparebanken Sogn og Fjordane sin lånekalkulator
I nærområdet