Sjeldent høve i attraktivt bustadområde | Innhaldsrik tomannsbustad med tre soverom, flott kjøkken og stort bad

Vis i kart
Solvang 23B
Førde
Prisant. 2490000
Soverom 3
Bustadtype Tomannsbustad
Eigarform Eigar (Sjølveigar)

Sjeldent høve i attraktivt bustadområde | Innhaldsrik tomannsbustad med tre soverom, flott kjøkken og stort bad

Eigedom
Solvang 23B
6810 Førde
Om eigedomen
Eigedomen ligg på Solvang, eit attraktivt og barnevenleg bustadområde.
Like ved bustaden ligg Solvang barnehage og Sunnfjord Folkehøgskule.
Det er kort gangavstand til Slåtten skule, Rema 1000, Høgskulen og sentralsjukehuset.
I nærområdet er det fine tilbud som leikeplassar, fotballbane, badeplassar og flotte turmoglegheitar.
Til Førde sentrum er det omlag 3km. Ringbussen dekkar strekningen.

Eigedomen ligg i helling mot aust med utsyn til nærliggande bustadområde og Sunnfjord Folkehøgskule.
Bustaden har vestvendt terrasse.
Innhald
Innhaldsrik tomannsbustad over to-plan med følgjande innhald:
Underetasje: vindfang, gang, bod, bad, vaskerom og to soverom.
1.etasje: stove, soverom, kjøkken og disponibelt rom med utgang til terrasse.

I tillegg har bustaden carport med enkel standard.
Standard
Solvang 23B har enkel tilkomst med kort gange frå carporten til inngangspartiet på gateplan.
Inngangsdøra ledar inn til romsleg vindfang/entrè med belegg på golvet og lyse overflater elles.
Vidare kjem ein til luftig gang med bad, vaskerom og bod på venstre hand.

Badet er stort og heilflisa, med varmekablar i golvet og spottar i himling.
Badet er innreiia med innbygd hjørnebadekar, stor servant med skåp og hyller, spegel, dusjnisje, vegghengd wc og plassbygd benk.

Vegg i vegg med badet ligg vaskerommet.
Vaskerommet har belegg på golvet og lyse overflater elles.
Her er det sluk i golvet, utslagsvask i børstastål og opplegg for vaskemaskin.
Frå vaskerommet kan ein gå vidare inn til praktisk oppbevaringsbod.

Seljar har gjennomført moderniseringa av badet ved eigeninnsats og har derfor hyra inn Røyrleggermester for å evaluere tilstanden til sanitæranlegget. Rapporten ligg vedlagd salsoppgåva.

På høgre side av gangen er det dører inn til to soverom. Begge soveromma har nyare laminatgolv og lyse overflater elles.
Det eine soverommet er svært romsleg.

I enden av gangen er det trapp opp til stova.

Stova er austvendt med store vindauge som gir godt lysinnslepp.
Her er det modernisert med nyare parkettgolv og elles lyse overflater.
Flott vedovn gir god varme og stemning i stova.

I enden av stova er det dør inn til eit tredje soverom.
Lyst og innbydande soverom med nyare laminatgolv.

Kjøkkenet ligg i dels opa, men godt skjerma løysing med stova.
Parkettgolvet fortsett vidare inn på kjøkkenet.
Moderne innreiing frå Ikea vart innsett i 2013.
Her er det stor benkeflate og godt med oppbevaringsplass.
Kjøkkenet har integrert steikeovn, mikro og platetopp.
Oppvaskmaskin og dobbelt kjøl-/fryseskåp er sett inn i innreiinga.
Lamniert benkeplate med flisar på veggen over benkeplata.
God plass til spisegruppe ved vindauge.

I enden av kjøkket er det dør inn til eit disponibelt rom med utgang til terrasse.
Rommet har laminatgolv, profilerte plater på veggane og takess i himling.
Nedfellbar trapp opp til kaldloft.

Terrassen er vestvendt og godt skjerma frå innsyn.

Kjøpar vert oppmoda til å føreta ei grundig synfaring, helst med bistand av teknisk sakkyndig.
Byggjemåte
Tomannsbustad:
Grunnmur av plasstøypt betong, utlekta og plate/panelt innvendig.
Golv i underetasjen av betong.
Etasjeskilje av trebjelkelag.
Yttervegg mot aust i underetasjen og ytterveggar over grunnmuren av 4" bindingsverk.
Skiljevegg mellom bustadane av murvegg.
Takkonstruksjon med saltakform, oppbygd av w-takstolar med ventilert kaldloft.
Taktekking av Decra stålpanner med undertak av armert folie.
Takrenner av plast.
Vindauge med trekarmar og 2-lags glas frå byggeåret.
Ytterdør i treverk med måla overflater og 2-lags glas, skifta i 2013.
Terrassedør i treverk med måla overflater og 2-lags glas, skifta i 2007.
Utgang frå disponibelt rom i 1.etasje til vestvendt treterrasse med tretrapp til terreng.

Carport:
Bygningen er av enkel trekonstruksjon, oppført på punktfundament av betong.
Utvendig kledning av stålplater.
Takkonstruksjonen med pulttakform og taktekking av stålplater.
Bygningen er nedslitt.

Feiarvesenet har ved tilsyn påpeika at det skal monterast stigesikring og registrert manglar ved skorsteinen som må utbedrast.
Det er utført arbeid ved eigeninnsats på det elektriskeanlegget og sanitæranlegget i bustaden.
Seljar har derfor hyra inn Røyrleggermester og elektrikar til å evaluere tilstanden på sanitæranlegget og det elektriskeanlegget.
Rapportane ligg vedlagd salsoppgåva og interessentar bør sette seg inn i desse. Merknader i rapporten frå elektrikaren har vorte utbedra før sal.

Med omsyn til den tekniske standarden på bygningane vert det elles vist til takst av Bjarte Roska, datert 08.10.2018.

Kjøpar pliktar å gjere seg kjend med innhaldet i taksten og i eigenerklæring frå seljar som ligg ved salsoppgåva før det vert lagt inn bod på eigedommen. Meklar gjer elles merksam på kjøpar si undersøkingsplikt med heimel i avhendingslova.
Areal og fordeling per etasje
Primærrom: 111 kvm, Bruksareal: 115 kvm
Alle rom er P-rom unnateke: bod og kott.

BRA pr. etasje:
Underetasje: 55 kvm.
1.Etasje: 60 kvm.
Areala er henta frå takst utført av autorisert takstmann og er i samsvar med NS 3940. Meklar har ikkje kontrollert areala.
Parkering
Bustaden har tilhøyrande carport.
Tomt
Areal: 372 kvm, Eierform: Eiet tomt

Gnr. 21 Bnr. 645 eig ideell 1/2 av Gnr. 21, bnr. 628 og bnr. 644.
Parsellane er tilsaman omlag 161 kvm.
Regulering/offentleg godkjenning
Eigedomen ligg i område der reguleringsplan Solvang med planid: 19750024, er gjeldande.
Reguleringsføremål: bustad.
Veg, vatn, avlaup
Privat veg, offentleg vatn og avlaup via private stikkleidningar.

Denne eigedomen har vegrett over anna eigedom. Ein gjer merksam på at slike rettar også fører til plikter etter veglova for å ivareta retten, som til dømes å delta i vedlikehald og kostnader.
Eigar opplyser at eigedomen fram til i dag ikkje har delteke i vedlikehald av den private vegen.
Energimerking
Oppvarmingskarakter Gul - Energikarakter E
Tilkomst
Eigedomen har enkel tilkomst på gateplan.
Oppvarming
- Vedovn
- Varmepumpe
- Varmekablar i gangen, på badet og på vaskerommet.
- Øvrig oppvarming må baserast på elektrisitet
Kommunale avgifter
Kr. 12 232 pr. år inkl. evt. eigedomsskatt.
Faste kostnader
Eigedomen er fullverdiforsikra i Frende med avtalenummer: 5379590.
Årleg premie: 3 552,-
Eigar må sjølv teikne fullverdi og innbuforsikring. Prisar på dette vil variere med om ein er totalkunde osv. hjå forsikringselskap.

Noverande eigar hadde eit straumforbruk på 10 906kwh. i perioden august 2016- juli 2017.
Samla kostnad for straum og nettleige var kr 15 846,- i perioden.
Straum og nettleige etter eige forbruk.
Likningsverdi
Likningsverdi som primærbustad kr 628 919 per 10.10.18
Likningsverdi som sekundærbustad kr 2 012 539 per 10.10.18
Ferdigattest
Det føreligg ferdigattest frå Førde kommune datert 11.07.1977. Ferdigattesten ligg vedlagt salsoppgåva.
Konsesjon
Eigedomen er ikkje konsesjonspliktig.
Utleige
Eigedomen kan i sin heilhet leigast ut til bustadføremål.
Diverse
Feiarvesenet har ved tilsyn påpeika at det skal monterast stigesikring og registrert manglar ved skorsteinen som må utbedrast.
Seljar hyra inn Røyrleggarmester og elektrikar til å evaluere tilstanden på sanitæranlegget og det elektriskeanlegget.
Rapportane ligg vedlagd salsoppgåva og interessentar bør sette seg inn i desse. Merknader i rapporten frå elektrikaren er utbedra før sal.

Gnr. 21 Bnr. 645 eig ideell 1/2 av bnr. 628 og bnr. 644.
Bustadseljarforsikring
Bustaden er seld med bustadseljarforsikring.
Bustadkjøparforsikring
Eigedomsmekling Sogn og Fjordane AS formidlar bustadkjøparforsikring frå HELP Forsikring AS. Dette er ei rettshjelpsforsikring som gir tryggleik og profesjonell juridisk hjelp dersom det vart oppdaga uventa feil og manglar ved bustaden. Ta kontakt med meklar for meir informasjon eller les meir om forsikringa på www.help.no.
Finansiering
Interessentar som ønskjer tilbod om finansiering i Sparebanken Sogn og Fjordane kan kontakte meklar.
Kvitvasking
Lov av 6. mars 2009 nr. 11 om tiltak mot kvitvasking og terrorfinansiering pålegg eigedomsmeklarar å gjennomføre legitimasjonskontroll og risikovurdering av alle kundar og/eller eventuelle reelle rettigheitshavarar. Dersom kunden ikkje oppfyller krava etter lova eller eigedomsmeklar har mistankar om at transaksjonar har tilknyting til utbyte frå straffbare handlingar eller forhold som rammast av straffelova §§ 131-136 a, kan eigedomsmeklaren stoppe gjennomføringa av transaksjonen eller eigedomshandelen. Eigedomsmeklaren kan ikkje haldast ansvarleg for dei konsekvensane dette vil kunne få for partane eller andre som har interesser i eigedomshandelen.
Bodgjeving
Alle bod skal gjevast skriftleg til meklar. Det første bodet skal gjevast på bodskjema påført bodgjevar sin signatur. I tillegg må bodgjevar ha legitimert seg. Seinare bod kan gjevast per e-post, SMS eller per faks til meklar. Bod kan også gjevast via bodgjevingsplattform på nett eller app. Veljast denne løysinga, er det ikkje krav til å sende det første bodet på bodskjema. Meklar skal så snart som muleg stadfeste skriftleg ovanfor bodgjevar at bod er motteke.

Bod som ikkje er skriftleg, eller som har kortare akseptfrist enn til kl. 12.00 dagen etter siste annonserte vising, vil ikkje bli formidla til seljar. Meklar vil heller ikkje formidle bod med atterhald om at bodet er hemmeleg for andre bodgjevarar. Eit bod er bindande for bodgjevar når bodet er blitt gjort kjent for seljar. Seljar står fritt til å akseptere eller forkaste eitkvart bod, og pliktar såleis ikkje å akseptere det høgste bodet på eigedomen.

Meklar skal, i den grad det er naudsynt og muleg, informere dei involverte i bodrunden skriftleg om status i bodgjevinga.
Meklar pliktar å leggje til rette for ei forsvarleg avvikling av bodrunden. For at boda skal kunne bli handsama og formidla vidare skriftlig til alle involverte partar, må eitkvart bod ha ein tilstrekkeleg lang akseptfrist, og uansett bør ikkje eit bod ha ein akseptfrist på mindre enn 30 minutt frå bodet vert gjeve. Seljar må skriftleg akseptere bodet før bodaksept kan formidlast til bodgjevar.
Ein gjer merksam på at bod som vert gjeve etter normal arbeidstid vert handsama/formidla påfølgjande arbeidsdag.

Seljar og kjøpar har krav på å få utlevert kopi av bodjournalen straks etter at handel er komt i stand. Alle som har gjeve bod på eigedomen kan på førespurnad få en kopi av anonymisert bodjournal etter at bodrunden er avslutta.
Ein syner elles til "Forbrukarinformasjon om bodgjeving", som er teke inn på baksida av bodskjema i salsoppgåva.
Overtaking
Etter avtale med seljar.
Seld "som den er"
Salet vert regulert av Lov om avhending av fast eigedom. Eigedomen vert seld i den stand den var under synfaring, jf. avhendingslova § 3-9, "som den er". Dette avtalepunktet medfører at avhendingslova sine reglar om når eigedomen har mangel vert fråvike til ugunst for kjøpar.

Eigedomen har likevel mangel i følgjande tilfelle:
Når kjøpar ikkje har fått opplysningar om forhold ved eigedomen som seljar kjende eller måtte kjenne til, og som kjøpar hadde grunn til å rekne med å få. Dette gjeld likevel berre dersom ein kan gå ut frå at det har verka inn på avtalen at opplysningane ikkje vart gitt.
Når seljar har gitt urette opplysningar om eigedomen. Det same gjeld dersom eigedomen ikkje er i samsvar med opplysningar som er gitt i annonse, salsprospekt eller ved anna marknadsføring på vegne av seljar. Dette gjeld likevel berre dersom ein kan gå ut frå at opplysningane har verka inn på avtalen, og ikkje har vorte retta i tide.
Når eigedomen er i vesentleg dårlegare stand enn kjøpar hadde grunn til å rekne med ut frå kjøpesummen og forholda elles.
Når tomta har vesentleg mindre areal enn opplyst av seljar.
Nøkkelinfo
Primærrom ? 111 m2
Bruksareal ? 115 m2
Rom 4
Byggeår 1976
Tomte­areal 372 m2
Eigarskifte­forsikring Ja
Energi­merking ? E
Vising
måndag 22. oktober, 16:30 – 17:30
Kontakt meklar
Bilete av Trond  Bakke
Trond Bakke
Eigedomsmeklarfullmektig MNEF
Førde
Tilbake til bustadutlisting

Eigedom må som hovudregel energimerkast ved sal eller utleige.  Energimerking oppsummerer energitilstanden for bygningen med ein energikarakter og ein oppvarmingskarakter. Energikarakteren seier noko om venta energibruk og oppvarmingskarakterine seier noko om kor stor grad av fornybare energikjelder som vert nytta til oppvarming av rom og vatn. Oppvarming med elektrisitet eller olje gir dermed raud oppvarmingskarakter.

Innvendig areal av bustaden sin primære del inkludert veggane mellom desse. Dette er rom som ein naturleg oppheld seg i, som til dømes stove, kjøken, bad, soverom, vaskerom og gangareal mellom desse.

Innvendig areal målt frå innsida av yttervegg. Alt areal av innvendige veggar er medrekna. Målbart areal skal ha takhøgd på 1,9 meter.

Om bruksareal

Solvang 23B
Førde
Prisant. 2490000
Soverom 3
Bustadtype Tomannsbustad
Eigarform Eigar (Sjølveigar)
Nøkkelinfo
Primærrom ? 111 m2
Bruksareal ? 115 m2
Rom 4
Byggeår 1976
Tomte­areal 372 m2
Eigarskifte­forsikring Ja
Energi­merking ? E
Vising
måndag 22. oktober, 16:30 – 17:30
Kor mykje treng du låne?
Prøv Sparebanken Sogn og Fjordane sin lånekalkulator
I nærområdet