Tiltalande, nyare rekkehus på to plan. Denne må du sjå, velkommen til vising!

Vis i kart
Råkane 12
Førde
Prisant. 3320000
Soverom 2
Etasje 1
Bustadtype Rekkehus
Eigarform Eigar (Sjølveigar)

Tiltalande, nyare rekkehus på to plan. Denne må du sjå, velkommen til vising!

Eigedom
Råkane 12
6812 Førde
1. etasje

Tre-roms leilegheit over to plan i vertikaldelt rekkjehus.
Om eigedomen
Lekker, nyare leilegheit på Solrike Vie i Førde. Leilegheita har gjennomgåande gode kvalitetar og smarte løysingar med mellom anna stove med god takhøgde, separat vaskerom og walk-in garderobe med direkte tilkomst frå det eine soveommet.
Hyggjeleg og attraktivt bustadområde med fin beliggenheit og bilfritt tun.

Råkane Sameige er fint opparbeida og ligg sentralt til med gangavstand til barnehage, skular, høgskulen, sjukehuset, butikkar og sentrum. Strekninga frå eigedomen til Førde sentrum, har god bussdekning og fine gangvegar.
Nærområdet byr på mange rekreaksjonsmoglegheiter som leikeplassar, ballbinge, balansepark, tennisbane og volleyballbane.
Mange flotte turomoglegheiter ligg også like utanfor døra.
Innhald
Leilegheita går over to plan med følgande innhald:
Hovudetasje: Vindfang, kjøkken og stove med trapperom til underetasje.
Underetasje: Gang med trapp, to soverom, walk-in garderobe ved hovudsoverommet, bad og vaskerom.
I tillegg er det utebod like ved inngangen.
Standard
Leilegheita held ein god standard med gode kvalitetar og tidsriktige overflater.
Ved inngangspartiet er det god plass til møblering, i tillegg praktisk utebod like ved inngangsdøra.

Romsleg vindfang med flislagd golv og varmekablar. Her er det prakstisk skyvedørsgarderobe med god oppbevaringsplass for klede og sko.

Stor og luftig stove med god takhøgde og store vindauge som gjev godt med dagslys.
Fint parkettgolv, måla fibertapet på veggane og takess i himlinga. Eine veggen er nytta som kontrastvegg med lun og fin gråfarge.
Stova har god plass til å møbelere med både sitte- og spisegruppe. Det er montert vedomn og det er utgang til sørvendt altan med takoverbygg.
Trapp frå stova til underetasje.

I fasade mot inngangspartiet ligg kjøkkenet i opa, men dels skjerma løysing.
Moderne og oppgradert kjøkken med inreiing frå HTH som har lakkerte, takhøge frontar og laminert benkeplate. Veggen mellom benkeplate og overskåp er flislagd.
Kjøkkenet har integrert indusksjonstopp og steikeovn og frittståande oppvaskmaskin og kjøle-/fryseskåp. Dei integrerte kvitevarene følgjer med i salet.
Oppvaskmaskin og kjøle-/fryseskåp følgjer ikkje med i salet.
God plass til spisebord ved vindauget.

Gang i underetasje med parkettgolv med varmekablar, måla fiberplater på veggane og takess med innfelte spottar i himlinga.
Under trappa er det plass til ein praktisk arbeidsplass.

Soveromma er begge av god storleik, har parkettgolv og måla profilerte plater og tapet på veggane. Takess i himlingane.
Frå det største soverommet er det skyvedør til praktisk walk-in garderobe og det er utgang til sørvendt, hyggjeleg uteplass med belegningsstein og grøntareal.
I det minste soverommet er det montert skåp og varmeomn. Skåp føljger med i salet.

Badet er tidlaust og flott, med flislagd golv og varmekablar.
Grå golvflisar og kvit våtromspanel harmonerar fint med HTH innreiinga i same fargepalett. Flott kontrast med grå våtromspanel i dusjhjørnet.
Innreiinga består av servant med skuffer, overskåp med spegeldører, vegghengt toalett og 90 cm dusjhjørne med innfellbare dører.

Vaskerommet ligg praktisk plassert, vegg i vegg med badet. Her er det slitesterkt belegg på golvet, baderomsplater på veggane og takess i himlinga. Varmekablar i golvet også her.
Romselg innreiing frå IKEA med god skåpplass og intravask.

Bustaden har fiber, sentralstøvsugar og balansert ventilasjon med varmegjenvinning.
Byggjemåte
Grunnmur av betong med utvendig isolering og innvendig påforing og tilleggsisolering.
Golv i underetasjen av isolert betongplate på grunn.
Etasjeskilje av isolert trebjelkelag.
Ytterveggar av 8" isolert bindingsverk med utvendig kledning av trepanel og Cemberit fasadeplater.
Takkonstruksjon med pulttakform, oppbygd av trekonstruksjon med 30 cm isolasjonsmatter og taktekking av PVC folie.
Vindauge med 2- og 3-lags las i trekarm.
Ytterdør med måla overflater og 2-lags glas.
Terrasse- og altandør i måla treverk med 2-lags glas.

Ved hovudinngangen er det takoverbygg.
Frå stova er det utgang til 8 m2 sørvendt altan med takoverbygg.
Frå det eine soverommet er det utgang til sørvendt uteplass med belegningsstein og grøntareal.

Elektrisk anlegg med skjult installasjon og fordelingstavle med automatsikringar. Led-lys i himlingane i badet og vindfanget.
Fiberkabel er installert.
Sanitæranlegg med rør i rør system og avløpsrør av plast.
200 liter varmtvasstank.
Det er installert ventilasjon med varmegjenvinning og sentralstøvsugar.

Utebod:
Golv og fundment av betong.
Ytterveggar av 4" bindingsverk med utvendig kledning av trepanel.
Takkonstruksjon med pulttakform og taktekking av PVC folie på undertak av osb-plater.
Plassbygd ytterdør.
El. anlegg er installert.

Carport:
Carport i felles bygg.
Bygningen står på ringmur av betong og planert asfaltert dekke.
Ytterveggar av 4" bindingsverk med utvendig kledning av trepanel.
Takkonstruksjon med pulttakform og taktekking av PVC folie på undertak av osb-plater.
El. anlegg er installert.

Med omsyn til den tekniske standarden på bygningane vert det elles vist til takst av Bjarte Roska, datert 08.10.2018.

Kjøpar pliktar å gjere seg kjend med innhaldet i taksten og i eigenerklæring frå seljar som ligg ved salsoppgåva før det vert lagt inn bod på eigedommen. Meklar gjer elles merksam på kjøpar si undersøkingsplikt med heimel i avhendingslova.
Areal og fordeling per etasje
Primærrom: 79 kvm, Bruksareal: 82 kvm, Bruttoareal: 94 kvm
Alle rom er P-rom unnateke: Garderobe.

BRA pr. etasje:
Hovudetasje: 42 m2
Underetasje: 40 m2
Areala er henta frå takst utført av autorisert takstmann og er i samsvar med NS 3940. Meklar har ikkje kontrollert areala.
Parkering
Parkeringsplass i carportanlegg like ved.
Tomt
Areal: 14 086 kvm, Eierform: Fellestomt

Uteområdet som ligg til seksjonen er opparbeida med sørvendt uteplass med belegningsstein og grøntareal med hekkplantar, og med tun med belegningsstein ved inngangspartiet mot nord.
Sameiget sitt fellesareal er fint opparbeida med grøntareal og leikeplass, asfalterte parkeringaplassar, gang- og trafikkareal.
Regulering/offentleg godkjenning
Eigedomen ligg i område som er regulert til konsentrert småhusbebyggelse.
Veg, vatn, avlaup
Lett tilkomst frå kommunal veg og sameiget sitt fellesareal.
Eigedomen er tilknytta kommunalt vass- og avløpsanlegg via sameiget sine private stikkleidningar.
Energimerking
Oppvarmingskarakter Oransje - Energikarakter C
Tilkomst
Lett tilkomst frå kommunal veg. Sjå ev. kart www.finn.no, eller kontakt meklar for nærare opplysningar.
Oppvarming
- Vedomn med stålpipe i stova.
- Varmekablar i vindfanget, våtromma og gangen i underetasje.
- Balansert ventilasjon med varmegjenvinning.
Kommunale avgifter
Kr. 9 589 pr. år inkl. eigedomsskatt.
Faste kostnader
Straumforbruk ca. 9 750 kWh pr. år.
Hus- og innebuforsikring kr. 3 868,- pr. år.
Likningsverdi
Likningsverdi som primærbustad kr 688 018 per 31.12.16
Likningsverdi som sekundærbustad kr 2 201 658 per 31.12.16
Ferdigattest
Det føreligg ferdigattest frå Førde kommune datert 13.05.2014. Denne ligg vedlagt salsoppgåva.
Felleskostnader
167 pr. mnd.
Seksjonen blir fakturert kr. 2 004,- per år for felleskostnader. Felleskostnadane inkluderar forsikring av carportane, straum fellesområder, snøbrøyting/strøing og rekneskapshonorar.
Opplysningar om sameige.
Sameie: Råkane Sameige

Med eigarseksjon meinast sameigedel i bebygd eigedom med tilknytta einerett til bruk av ein av fleire bustader eller andre brukseiningar i eigedomen.
I følgje lov om eigarseksjonar kan ingen erverve meir enn to bustadseksjonar i sameige.
Rekneskap/vedtekter
Kjøpar vert oppmoda til å setje seg inn i rekneskap, vedtekter og evt. husordensreglar. Kjøpar godkjenner som bindande for seg sameiget sine vedtekter og husordensreglar herunder evt. reglar om husdyrhald.
Forretningsførar/rekneskapsførar
Rekneskap Fjordane AS v/ Jostein Angedal.
Godkjenning/forkjøpsrett
Det er ikkje forkjøpsrett i sameiget.
Styret skal varslast om ny eigar av seksjonen.
Legalpant
Sameige har legalpant for inntil 2G for dekking av ubetalte felleskostnader.
Utleige
Seksjonen kan i sin heilheit leigast ut til bustadføremål.
Forsikring
Eigedomen er forsikra av seljar. Kjøpar må teikne bygg og innbuforsikring frå og med overtakingsdato. Interessentar som ønskjer tilbod om forsikring kan kontakte meklar.

Sameiget har felles forsikringsavtale hjå Tryg. Forsikringa dekkar fellesanlegg og carportane.
Bustadseljarforsikring
Bustaden er seld med bustadseljarforsikring.
Bustadkjøparforsikring
Eigedomsmekling Sogn og Fjordane AS formidlar bustadkjøparforsikring frå HELP Forsikring AS. Dette er ei rettshjelpsforsikring som gir tryggleik og profesjonell juridisk hjelp dersom det vart oppdaga uventa feil og manglar ved bustaden. Ta kontakt med meklar for meir informasjon eller les meir om forsikringa på www.help.no.
Finansiering
Interessentar som ønskjer tilbod om finansiering i Sparebanken Sogn og Fjordane kan kontakte meklar.
Kvitvasking
Lov av 6. mars 2009 nr. 11 om tiltak mot kvitvasking og terrorfinansiering pålegg eigedomsmeklarar å gjennomføre legitimasjonskontroll og risikovurdering av alle kundar og/eller eventuelle reelle rettigheitshavarar. Dersom kunden ikkje oppfyller krava etter lova eller eigedomsmeklar har mistankar om at transaksjonar har tilknyting til utbyte frå straffbare handlingar eller forhold som rammast av straffelova §§ 131-136 a, kan eigedomsmeklaren stoppe gjennomføringa av transaksjonen eller eigedomshandelen. Eigedomsmeklaren kan ikkje haldast ansvarleg for dei konsekvensane dette vil kunne få for partane eller andre som har interesser i eigedomshandelen.
Bodgjeving
Alle bod skal gjevast skriftleg til meklar. Det første bodet skal gjevast på bodskjema påført bodgjevar sin signatur. I tillegg må bodgjevar ha legitimert seg. Seinare bod kan gjevast per e-post, SMS eller per faks til meklar. Bod kan også gjevast via bodgjevingsplattform på nett eller app. Veljast denne løysinga, er det ikkje krav til å sende det første bodet på bodskjema. Meklar skal så snart som muleg stadfeste skriftleg ovanfor bodgjevar at bod er motteke.

Bod som ikkje er skriftleg, eller som har kortare akseptfrist enn til kl. 12.00 dagen etter siste annonserte vising, vil ikkje bli formidla til seljar. Meklar vil heller ikkje formidle bod med atterhald om at bodet er hemmeleg for andre bodgjevarar. Eit bod er bindande for bodgjevar når bodet er blitt gjort kjent for seljar. Seljar står fritt til å akseptere eller forkaste eitkvart bod, og pliktar såleis ikkje å akseptere det høgste bodet på eigedomen.

Meklar skal, i den grad det er naudsynt og muleg, informere dei involverte i bodrunden skriftleg om status i bodgjevinga.
Meklar pliktar å leggje til rette for ei forsvarleg avvikling av bodrunden. For at boda skal kunne bli handsama og formidla vidare skriftlig til alle involverte partar, må eitkvart bod ha ein tilstrekkeleg lang akseptfrist, og uansett bør ikkje eit bod ha ein akseptfrist på mindre enn 30 minutt frå bodet vert gjeve. Seljar må skriftleg akseptere bodet før bodaksept kan formidlast til bodgjevar.
Ein gjer merksam på at bod som vert gjeve etter normal arbeidstid vert handsama/formidla påfølgjande arbeidsdag.

Seljar og kjøpar har krav på å få utlevert kopi av bodjournalen straks etter at handel er komt i stand. Alle som har gjeve bod på eigedomen kan på førespurnad få en kopi av anonymisert bodjournal etter at bodrunden er avslutta.
Ein syner elles til "Forbrukarinformasjon om bodgjeving", som er teke inn på baksida av bodskjema i salsoppgåva.
Overtaking
Etter avtale med seljar.
Seld "som den er"
Salet vert regulert av Lov om avhending av fast eigedom. Eigedomen vert seld i den stand den var under synfaring, jf. avhendingslova § 3-9, "som den er". Dette avtalepunktet medfører at avhendingslova sine reglar om når eigedomen har mangel vert fråvike til ugunst for kjøpar.

Eigedomen har likevel mangel i følgjande tilfelle:
Når kjøpar ikkje har fått opplysningar om forhold ved eigedomen som seljar kjende eller måtte kjenne til, og som kjøpar hadde grunn til å rekne med å få. Dette gjeld likevel berre dersom ein kan gå ut frå at det har verka inn på avtalen at opplysningane ikkje vart gitt.
Når seljar har gitt urette opplysningar om eigedomen. Det same gjeld dersom eigedomen ikkje er i samsvar med opplysningar som er gitt i annonse, salsprospekt eller ved anna marknadsføring på vegne av seljar. Dette gjeld likevel berre dersom ein kan gå ut frå at opplysningane har verka inn på avtalen, og ikkje har vorte retta i tide.
Når eigedomen er i vesentleg dårlegare stand enn kjøpar hadde grunn til å rekne med ut frå kjøpesummen og forholda elles.
Når tomta har vesentleg mindre areal enn opplyst av seljar.
Nøkkelinfo
Primærrom ? 79 m2
Bruksareal ? 82 m2
Bruttoareal ? 94 m2
Byggeår 2014
Tomte­areal 14086 m2
Eigarskifte­forsikring Ja
Energi­merking ? C
Vising
måndag 22. oktober, 16:30 – 17:30
Kontakt meklar
Bilete av Randi  Vigdal
Randi Vigdal
Eigedomsmeklar MNEF
Førde
Tilbake til bustadutlisting

Eigedom må som hovudregel energimerkast ved sal eller utleige.  Energimerking oppsummerer energitilstanden for bygningen med ein energikarakter og ein oppvarmingskarakter. Energikarakteren seier noko om venta energibruk og oppvarmingskarakterine seier noko om kor stor grad av fornybare energikjelder som vert nytta til oppvarming av rom og vatn. Oppvarming med elektrisitet eller olje gir dermed raud oppvarmingskarakter.

Innvendig areal av bustaden sin primære del inkludert veggane mellom desse. Dette er rom som ein naturleg oppheld seg i, som til dømes stove, kjøken, bad, soverom, vaskerom og gangareal mellom desse.

Innvendig areal målt frå innsida av yttervegg. Alt areal av innvendige veggar er medrekna. Målbart areal skal ha takhøgd på 1,9 meter.

Om bruksareal

Råkane 12
Førde
Prisant. 3320000
Soverom 2
Etasje 1
Bustadtype Rekkehus
Eigarform Eigar (Sjølveigar)
Nøkkelinfo
Primærrom ? 79 m2
Bruksareal ? 82 m2
Bruttoareal ? 94 m2
Byggeår 2014
Tomte­areal 14086 m2
Eigarskifte­forsikring Ja
Energi­merking ? C
Vising
måndag 22. oktober, 16:30 – 17:30
Kor mykje treng du låne?
Prøv Sparebanken Sogn og Fjordane sin lånekalkulator
I nærområdet