NY PRIS! Einebustad med endeplassering og stor vestvendt terrasse i barnevennleg bustadområde

Vis i kart
Klettalia 49
Naustdal
Prisant. 2580000
Soverom 4
Bustadtype Einebustad
Eigarform Eigar (Sjølveigar)

NY PRIS! Einebustad med endeplassering og stor vestvendt terrasse i barnevennleg bustadområde

Eigedom
Klettalia 49
6817 Naustdal
Innhald
Husværet går over to plan og har følgjande innhald:
Underetasje: Vindfang, to soverom, hall, disponibelt rom tilrettelagt som vaskerom/bad og bodareal.
Hovudetasje: Stove, kjøkken, to soverom, bad og gangareal.

Garasjen ligg under terrassedekket og er p.t. nytta som bod.
Standard
Underetasje:
Via romsleg tun er det enkel tilkomst til vindfang og hall som vart modernisert i 2016-2017 med lyse og fine overflater. Det er laminat på golvflatene, måla profilerte plater på veggane og smart panel i himlingen. Varmepumpe er montert i hallen. Langs vegg mot sør er det nisje til lagringsplass for klede og sko, eller potensiell walk-in garderobe.

Disponibelt rom i underetasjen er tiltenkt vaskerom/bad. Her er det god plass og det er lagt opp til røyr, sluk og el-anlegg etter dagens standard. Overflater og innreiing gjenstår. På noverande tidspunkt er det vaskemaskin som er tilkopla vatn og avlaupsrøyr.

Soveromma i underetasjen har laminat på golvet, måla profilerte plater på veggane og smart panel i himlinga. Soverom langs austfasaden er av god storleik.

Hovudetasje:
Via nymåla trapp i furu kjem ein opp i trapperom med laminat på golvet, måla profilerte plater på veggane og takess i himlinga.

Kjøkkenet har innreiing med skrog frå byggjeåret, men det vart montert nye frontar og skuffer på innreiinga i 2005, samt nokon nye overskåp frå JKE. Mellom benkeplate i laminat og overskåp er det flislagt. Vegg mellom stove og kjøkken er lettvegg og kan potensielt fjernast for ei opa stove/kjøkken løysing. Det er laminat på golvet, måla plater på veggane og smart panel i himlinga.

Stova er av god storleik med plass til fleire sitjegrupper. Her kan ein sitte skjerma, samstundes som ein nyter godt av naturlig dagslys. Det er både vedomn montert i 2013, samt varmepumpe. På golvflatene er det laminat på veggane er det måla panel og i himlinga er det takess. Frå stova er det tilkomst til særs stor treplatting på heile 87 m2, med flott utsikt og gode soltilhøve.

Heilflisa bad med varmekablar i golvet. Baderomsinnreiing frå 2016 med servant med underskåp, spegel og høgskåp. Klosett nytt i 2018 og dusjkabinett.

Det er to soverom i hovudetasjen. Begge har laminat på golvet, måla profilerte plater på veggane og takess i himlinga. Hovudsoverommet er av særs god storleik.

Sidan noverande eigar kjøpte eigedomen er følgjande modernisering utført:
2013: Ny vedomn og nytt laminatgolv i kjøkken, stove og gang i hovudetasjen.
2015: Sett opp mur langs tomtegrense mot sør.
2016: Ny drenering, knotteplast og isolasjon langs fasade mot sør og aust, samt lagt røyr i grunnen for tilkopling av nedlaup frå takrenne.
2016: Innvendig overflatemodernisering av dei fleste rom i perioden 2016-2018.
2016: Ny servant i underskåp, høgskåp, spegel og lysarmatur på badet.
2016: Ny varmtvasstank.
2017: Installering av røyr i røyr i heile husværet.
2017: Ny bunnleidning og nytt vassinntak.
2017: Noko etterisolering av yttervegg på soveromma i underetasjen.
2017: Installering av vassutkastar for tilkopling av hageslange.
2017: Ny bærevegg mellom soverom og vaskerommet.
2017: Ny treplatting med rekkverk og rampe
2017: Nye slukar i garasjen og i disponibelt rom tiltenkt vaskerom
2018: Nytt klosett på badet.
Byggjemåte
Med omsyn til den tekniske standarden på bygningane vert det elles vist til takst av Trond Gjesdal, datert 12.10.2018.

Grunnmuren er av betongblokkstein, utvendig med murpussa overflater og innvendig delvis med utlekta trepanel og delvis med betongblokkstein.
Isolert betongplate på mark i bustaddelen.
Ytterveggane over ringmuren er oppført i 4" isolert bindingsverk med utvendig bordkledning av trepanel.
Etasjeskiljet er av trebjelkelag.
Takkonstruksjonen er oppført som saltak med tekking av stålplater og med undertak av rupanel. Det pågår etterisolering av kaldtloftet.
I 2008 vart det montert ny ytterdør med vindaugefelt. I stova vart det montert ny skyvedør , mens det i kjøkkenet og eine soverommet vart montert nye verandadører.
Vindauga har 2-lags isolerglas frå 1975 og frå 2008.

Diverse:
- Sanitæranlegg med røyr i røyr system.
- Varmtvasstank på 198l frå 2016, plassert i garasjen.
- Det elektriske anlegget har hovudsakleg standard frå byggjeåret med skrusikringar.
- Det er ni seriekopla brannvarslara i bustaden.

Soverommet langs fasade mot aust i underetasjen er definert som soverom i annonse og takst, men rommet er iflg bygningsteikningar registrert som hobbyrom. Ved slike endringar skal ein i utgangspunktet søke bruksendring til kommunen.
Rommet har tilstrekkelig lysinnslepp og rømningsveg.

Kjøpar pliktar å gjere seg kjend med innhaldet i taksten og i eigenerklæring frå seljar som ligg ved salsoppgåva før det vert lagt inn bod på eigedommen. Meklar gjer elles merksam på kjøpar si undersøkingsplikt med heimel i avhendingslova.
Areal og fordeling per etasje
Primærrom: 122 kvm, Bruksareal: 161 kvm, Bruttoareal: 176 kvm
Alle rom er P-rom unnateke: Bodareal og garasjerom.

BRA pr. etasje:
Underetasje: 52 m2
Hovudetasje: 83 m2
Garasje: 26 m2

Det minste soverommet i underetasjen er definert som soverom i annonse og i takst, men rommet er iflg bygningsteikningar registrert som bodareal. Ved slike endringar skal ein i utgangspunktet søke bruksendring til kommunen. Rommet er i takst registrert som p-rom areal, slik at ein endring av rommets karakter vil også endre p-rom arealet på husværet.

Areala er henta frå takst utført av autorisert takstmann og er i samsvar med NS 3940. Meklar har ikkje kontrollert areala.
Parkering
Parkering på tun eller i garasje.
Garasjetilkomsten er p.t. kledd igjen.
Tomt
Areal: 1 453 kvm, Eierform: Eiet tomt
Tomta er opparbeidd med gruslagt tilkomst og tun med god plass til parkering langs fasaden mot nord. Mot vest med flott utsikt og gode soltilhøve har ein svær treplatting på heile 87 m2, med rekkverk i trevirke og sandkasse. På treplattingen er det også lagd overbygg med spaltevegg i trevirke for vedtørking.
I bakkant av tomta er det førstøtningsmur og tilrettelagt for plen.

Følgjande arbeid er gjort med tomta i nyare tid:
2015: Mur langs tomta mot sør.
2016: Ny drenering, knotteplast og isolasjon langs grunnmuren mot sør og aust. Grunnmuren vart då behandla før knoteplast vart lagt på. Vidare vart det lagt røyr i grunnen for tilkopling av nedlaup frå takrenner.
Regulering/offentleg godkjenning
I kommuneplanen er området avsett til bustadføremål. Del av tomta som vender mot sørvest er i komuneplanen avsett til uteopphaldsareal-noverande. Det er planlagt utviding av byggjefeltet like sørvest for eigedomen.
Veg, vatn, avlaup
Offentleg vatn og avlaup via private stikkleidningar.
Enkel tilkomst frå kommunal veg.
Energimerking
Oppvarmingskarakter Gul - Energikarakter F
Tilkomst
Enkel tilkomst frå kommunal veg. For vegbeskriving sjå www.finn.no for kart eller kontakt meklar.
Meklar vil syte for skilting ved fellesvisning.
Oppvarming
- Vedomn i stova.
- Luft til luft varmepumpe i trapperommet og i stova.
- Varmekablar på badet.
- Anna oppvarming er basert på elektriske varmeomnar.
Kommunale avgifter
Kr. 24 656 pr. år inkl. eigedomsskatt.
Faste kostnader
Straum pr. år: ca kr. 20.000,-
Forsikring pr. år: kr. 6.091,-

Meklar gjer merksam på at desse utgiftene er knytt til dagens eigar og at desse vil kunne endre seg med omsyn til anna bruk av bustaden enn i dag eller andre avtalar med leverandørar.
Likningsverdi
Likningsverdi som primærbustad kr 514 077 per 31.12.16
Likningsverdi som sekundærbustad kr 1 645 046 per 31.12.16
Ny eigar må pårekne ny likningsverdi med grunnlag i kjøpesum.
Ferdigattest
Det føreligg ikkje ferdigattest eller bruksløyve frå Naustdal kommune.
Trulig på grunn av alder på husværet.
Konsesjon
Eigedomen er ikkje konsesjonspliktig.
Utleige
Eigedomen kan i sin heilhet leigast ut til bustadføremål.
Bustadseljarforsikring
Bustaden er seld med bustadseljarforsikring.
Bustadkjøparforsikring
Eigedomsmekling Sogn og Fjordane AS formidlar bustadkjøparforsikring frå HELP Forsikring AS. Dette er ei rettshjelpsforsikring som gir tryggleik og profesjonell juridisk hjelp dersom det vart oppdaga uventa feil og manglar ved bustaden. Ta kontakt med meklar for meir informasjon eller les meir om forsikringa på www.help.no.
Finansiering
Interessentar som ønskjer tilbod om finansiering i Sparebanken Sogn og Fjordane kan kontakte meklar.
Kvitvasking
Lov av 6. mars 2009 nr. 11 om tiltak mot kvitvasking og terrorfinansiering pålegg eigedomsmeklarar å gjennomføre legitimasjonskontroll og risikovurdering av alle kundar og/eller eventuelle reelle rettigheitshavarar. Dersom kunden ikkje oppfyller krava etter lova eller eigedomsmeklar har mistankar om at transaksjonar har tilknyting til utbyte frå straffbare handlingar eller forhold som rammast av straffelova §§ 131-136 a, kan eigedomsmeklaren stoppe gjennomføringa av transaksjonen eller eigedomshandelen. Eigedomsmeklaren kan ikkje haldast ansvarleg for dei konsekvensane dette vil kunne få for partane eller andre som har interesser i eigedomshandelen.
Bodgjeving
Alle bod skal gjevast skriftleg til meklar. Det første bodet skal gjevast på bodskjema påført bodgjevar sin signatur. I tillegg må bodgjevar ha legitimert seg. Seinare bod kan gjevast per e-post, SMS eller per faks til meklar. Bod kan også gjevast via bodgjevingsplattform på nett eller app. Veljast denne løysinga, er det ikkje krav til å sende det første bodet på bodskjema. Meklar skal så snart som muleg stadfeste skriftleg ovanfor bodgjevar at bod er motteke.

Bod som ikkje er skriftleg, eller som har kortare akseptfrist enn til kl. 12.00 dagen etter siste annonserte vising, vil ikkje bli formidla til seljar. Meklar vil heller ikkje formidle bod med atterhald om at bodet er hemmeleg for andre bodgjevarar. Eit bod er bindande for bodgjevar når bodet er blitt gjort kjent for seljar. Seljar står fritt til å akseptere eller forkaste eitkvart bod, og pliktar såleis ikkje å akseptere det høgste bodet på eigedomen.

Meklar skal, i den grad det er naudsynt og muleg, informere dei involverte i bodrunden skriftleg om status i bodgjevinga.
Meklar pliktar å leggje til rette for ei forsvarleg avvikling av bodrunden. For at boda skal kunne bli handsama og formidla vidare skriftlig til alle involverte partar, må eitkvart bod ha ein tilstrekkeleg lang akseptfrist, og uansett bør ikkje eit bod ha ein akseptfrist på mindre enn 30 minutt frå bodet vert gjeve. Seljar må skriftleg akseptere bodet før bodaksept kan formidlast til bodgjevar.
Ein gjer merksam på at bod som vert gjeve etter normal arbeidstid vert handsama/formidla påfølgjande arbeidsdag.

Seljar og kjøpar har krav på å få utlevert kopi av bodjournalen straks etter at handel er komt i stand. Alle som har gjeve bod på eigedomen kan på førespurnad få en kopi av anonymisert bodjournal etter at bodrunden er avslutta.
Ein syner elles til "Forbrukarinformasjon om bodgjeving", som er teke inn på baksida av bodskjema i salsoppgåva.
Overtaking
Etter avtale med seljar.
Seld "som den er"
Salet vert regulert av Lov om avhending av fast eigedom. Eigedomen vert seld i den stand den var under synfaring, jf. avhendingslova § 3-9, "som den er". Dette avtalepunktet medfører at avhendingslova sine reglar om når eigedomen har mangel vert fråvike til ugunst for kjøpar.

Eigedomen har likevel mangel i følgjande tilfelle:
Når kjøpar ikkje har fått opplysningar om forhold ved eigedomen som seljar kjende eller måtte kjenne til, og som kjøpar hadde grunn til å rekne med å få. Dette gjeld likevel berre dersom ein kan gå ut frå at det har verka inn på avtalen at opplysningane ikkje vart gitt.
Når seljar har gitt urette opplysningar om eigedomen. Det same gjeld dersom eigedomen ikkje er i samsvar med opplysningar som er gitt i annonse, salsprospekt eller ved anna marknadsføring på vegne av seljar. Dette gjeld likevel berre dersom ein kan gå ut frå at opplysningane har verka inn på avtalen, og ikkje har vorte retta i tide.
Når eigedomen er i vesentleg dårlegare stand enn kjøpar hadde grunn til å rekne med ut frå kjøpesummen og forholda elles.
Når tomta har vesentleg mindre areal enn opplyst av seljar.
Nøkkelinfo
Primærrom ? 122 m2
Bruksareal ? 161 m2
Bruttoareal ? 176 m2
Rom 5
Byggeår 1975
Tomte­areal 1453 m2
Eigarskifte­forsikring Ja
Energi­merking ? F
Vising

Ta kontakt for å avtale vising.

Kontakt meklar
Bilete av Daniel  Einen
Daniel Einen
Eigedomsmeklar MNEF
Førde
Tilbake til bustadutlisting

Skal gje forbrukarane kunnskap om energiforbruket til bueininga. Alle bustader, fritidsbustader og yrkesbygg skal energimerkast ved sal og utleige. Sjå energimerking.no for meir informasjon.

P-rom vert målt frå innsida av yttervegg inkludert veggane mellom desse areala. Dette er innvendige areal av bustaden som vert brukt til kort- eller langvarig opphald (opphaldsrom), til dømes stove, kjøken, bad, soverom, vaskerom og gangareal mellom desse. Bodareal/areal for lagring/tekniske rom inngår ikkje i primærrom.

Arealet av bygingen målt frå utvendig vegg til utvendig vegg eller midt i skiljevegg mot anna brukseining eller fellesareal.

Bruksareal er summen av det arealet som ligg innanfor ytterveggane, og vert målt frå innsida av yttervegg til innsida av yttervegg. Alt areal av innvendige veggar er medrekna. Målbart areal skal ha takhøgd på 1,9 meter.

Klettalia 49
Naustdal
Prisant. 2580000
Soverom 4
Bustadtype Einebustad
Eigarform Eigar (Sjølveigar)
Nøkkelinfo
Primærrom ? 122 m2
Bruksareal ? 161 m2
Bruttoareal ? 176 m2
Rom 5
Byggeår 1975
Tomte­areal 1453 m2
Eigarskifte­forsikring Ja
Energi­merking ? F
Vising

Ta kontakt for å avtale vising.

Kor mykje treng du låne?
Prøv Sparebanken Sogn og Fjordane sin lånekalkulator
I nærområdet