Einebustad med fin beliggenheit. Hybelleilegheit i u.etg.

Vis i kart
Bergmovegen 5A
Florø
Prisant. 3450000
Soverom 4
Bustadtype Einebustad
Eigarform Eigar (Sjølveigar)

Einebustad med fin beliggenheit. Hybelleilegheit i u.etg.

Eigedom
Bergmovegen 5A
6905 Florø
Om eigedomen
Einebustaden har ein fin og barnevennleg beliggenheit tilbaketrukket frå bilveg. Her har man ein stor og trygg hage kor det er fint for barn å leike. Tomta har solrike uteplasser og stor parkeringsplass i tillegg til garasje. Havreneset barnehage ligg like ved og det er ca 1 km til sentrum med Ungdomskulen og idrettsanlegg i mellom. Fine turområder i nærleiken.
Innhald
Bustadhuset er på 3 plan og inneheld:
Hovudplan: vf, gang, 1 soverom, bad/wc, kjøkken med utgang til vestendt terrasse, stove og tv-stove med utgang til balkong.
Loft: gang, 2 soverom, 1 barnerom(bod) og bad/wc.
Kjellar: kjellarrom, garasjerom og vaskerom. Hybel: gang, stove/soverom, kjøkken og bad/wc.
Standard
Store delar av bustadhuset er oppgradert rundt år 2000.
Stova på hovudplan ligg mot sør og har store vindauge som gir mykje lys. Vindauga er av nyare dato. Overflater i stova er parkett på golv, tapet på veggar og takplater i himling. Behageleg oppvarming i stova med både varmepumpe og vedomn.
Tv-stova (opphavleg soverom) har utgang til sørvendt balkong. Skyvedør av nyare dato. Overflater er parkett på golv, tapet på veggar og takplater i himling.
Kjøkkenet har open løysing mot spisestove, avdelt med barløysing. Mørekjøkken med integrerte kvitevarer. Enkel kjøkkeninnreiing i hybelleilegheit.
Det er 3 bad i bustaden, Eit i kvar etasje.
Bad hovudplan er pussa opp i 2000: flislagt golv, måla glassfiberstrie på veggar, takplater. Badekar m/dusj, baderomsinnreiing og veggfesta wc.
Bad loft er pussa opp i 2000: flislagt golv og fliser i dusjsone, måla glassfiberstrie. Dusj, wc og vask m/skåp.
Bad kjellar: flislagt golv, måla glassfiberstrie på veggar. Dusj, vask og wc.
Det er varmekablar på golv i alle 3 badene.
Vaskerom i kjellar har betong på golv og veggar. Varmtvannstank (eigen tank til hybel), utslagsvask.
Elles i bustaden er det på golv: belegg, tapet på veggar og måla himling. Sentralstøvsugar. Det er innlagt fiberkabel.
Hybelleilgheita har teppe på golv, måla panel på veggar og måla himling. Minusmålar for hybel.
Byggjemåte
Bustadhuset er oppført i 1968 (tatt i bruk 1970 ifølgje Flora Kommune). I undertasje er det veggar av mur og betong. Betonggolv. Tak med glasserte panner. Treveggar. Nokre av vindauga er isolerglass og nokre er kobla. 2 takvindauge.
Med omsyn til den tekniske standarden på bygningane vert det elles vist til takst av Per Gunnar Bjørkaas, datert 15.05.2018.

Kjøpar pliktar å gjere seg kjend med innhaldet i taksten og i eigenerklæring frå seljar som ligg ved salsoppgåva før det vert lagt inn bod på eigedommen. Meklar gjer elles merksam på kjøpar si undersøkingsplikt med heimel i avhendingslova.
Areal og fordeling per etasje
Primærrom: 163 kvm, Bruksareal: 195 kvm, Bruttoareal: 209 kvm
Alle rom er P-rom unnateke: , barnerom (bod loft) garasjerom

BRA pr. etasje:
U.Etasje: 77 m2
1.Etasje: 77 m2
2.Etasje: 41 m2
Areala er henta frå takst utført av autorisert takstmann og er i samsvar med NS 3940. Meklar har ikkje kontrollert areala.
Parkering
Parkering i garasje, evt. på eigedomen.
Tomt
Areal: 751 kvm, Eierform: Sjølveigartomt
Eigedomen er opparbeidd med stor grusa parkeringsplass. I tillegg er det grøntareal og plantar. Det er stor vestvendt terrasse med tilkomst frå kjøkken/stove og platting på terreng i nordaustre hjørne av tomta.
Regulering/offentleg godkjenning
Eigedomen er i kommunedelplanen avsett til bustader.
Veg, vatn, avlaup
Offentleg vatn og avlaup via private stikkleidningar. Septiktank på eigedomen.
Energimerking
Oppvarmingskarakter Gul - Energikarakter E
Tilkomst
Det er i 1965 tinglyst vegrett frå offentleg veg (Bergmovegen) og fram til eigedomen. Vegretten er tinglyst på gnr 27 bnr 246. Ifølgje kommunale kart går mesteparten av vegen over gnr. 27 bnr 409.
Oppvarming
Det er luft til luft varmepumpe i stove. I tillegg er det kombinert ved/oljeomn. Varmekablar i alle bad + gang kjellar.
Det er utvendig oljetank under trapp.
Kommunale avgifter
Kr. 19 577 pr. år inkl. evt. eigedomsskatt.
Faste kostnader
Straum og nettleige etter eige forbruk.
Forsikring er estimert til mellom 4 - 8 000,- pr. år og vil variere med kva tilbod ein har med sitt forsikringselskap.
Likningsverdi
Likningsverdi som primærbustad kr 811 644 per 31.12.16
Likningsverdi som sekundærbustad kr 2 597 262 per 31.12.16
Ferdigattest
Det føreligg ikkje ferdigattest eller bruksløyve frå Flora kommune. Det var ikkje vanleg i 1968. Det føreligg godkjente teikningar, og det er registrert rammeløyve 23.02.1968, og at eigedomen er tatt i bruk 23.02.1970.
Konsesjon
Eigedomen er ikkje konsesjonspliktig.
Utleige
Eigedomen kan i sin heilhet leigast ut til bustadføremål. Det er godkjent hybelleilegheit i u.etg.
Bustadseljarforsikring
Bustaden er seld med bustadseljarforsikring.
Bustadkjøparforsikring
Eigedomsmekling Sogn og Fjordane AS formidlar bustadkjøparforsikring frå HELP Forsikring AS. Dette er ei rettshjelpsforsikring som gir tryggleik og profesjonell juridisk hjelp dersom det vart oppdaga uventa feil og manglar ved bustaden. Ta kontakt med meklar for meir informasjon eller les meir om forsikringa på www.help.no.
Finansiering
Interessentar som ønskjer tilbod om finansiering i Sparebanken Sogn og Fjordane kan kontakte meklar.
Kvitvasking
Lov av 6. mars 2009 nr. 11 om tiltak mot kvitvasking og terrorfinansiering pålegg eigedomsmeklarar å gjennomføre legitimasjonskontroll og risikovurdering av alle kundar og/eller eventuelle reelle rettigheitshavarar. Dersom kunden ikkje oppfyller krava etter lova eller eigedomsmeklar har mistankar om at transaksjonar har tilknyting til utbyte frå straffbare handlingar eller forhold som rammast av straffelova §§ 131-136 a, kan eigedomsmeklaren stoppe gjennomføringa av transaksjonen eller eigedomshandelen. Eigedomsmeklaren kan ikkje haldast ansvarleg for dei konsekvensane dette vil kunne få for partane eller andre som har interesser i eigedomshandelen.
Bodgjeving
Alle bod skal gjevast skriftleg til meklar. Det første bodet skal gjevast på bodskjema påført bodgjevar sin signatur. I tillegg må bodgjevar ha legitimert seg. Seinare bod kan gjevast per e-post, SMS eller per faks til meklar. Bod kan også gjevast via bodgjevingsplattform på nett eller app. Veljast denne løysinga, er det ikkje krav til å sende det første bodet på bodskjema. Meklar skal så snart som muleg stadfeste skriftleg ovanfor bodgjevar at bod er motteke.

Bod som ikkje er skriftleg, eller som har kortare akseptfrist enn til kl. 12.00 dagen etter siste annonserte vising, vil ikkje bli formidla til seljar. Meklar vil heller ikkje formidle bod med atterhald om at bodet er hemmeleg for andre bodgjevarar. Eit bod er bindande for bodgjevar når bodet er blitt gjort kjent for seljar. Seljar står fritt til å akseptere eller forkaste eitkvart bod, og pliktar såleis ikkje å akseptere det høgste bodet på eigedomen.

Meklar skal, i den grad det er naudsynt og muleg, informere dei involverte i bodrunden skriftleg om status i bodgjevinga.
Meklar pliktar å leggje til rette for ei forsvarleg avvikling av bodrunden. For at boda skal kunne bli handsama og formidla vidare skriftlig til alle involverte partar, må eitkvart bod ha ein tilstrekkeleg lang akseptfrist, og uansett bør ikkje eit bod ha ein akseptfrist på mindre enn 30 minutt frå bodet vert gjeve. Seljar må skriftleg akseptere bodet før bodaksept kan formidlast til bodgjevar.
Ein gjer merksam på at bod som vert gjeve etter normal arbeidstid vert handsama/formidla påfølgjande arbeidsdag.

Seljar og kjøpar har krav på å få utlevert kopi av bodjournalen straks etter at handel er komt i stand. Alle som har gjeve bod på eigedomen kan på førespurnad få en kopi av anonymisert bodjournal etter at bodrunden er avslutta.
Ein syner elles til "Forbrukarinformasjon om bodgjeving", som er teke inn på baksida av bodskjema i salsoppgåva.
Overtaking
Etter avtale med seljar.
Seld "som den er"
Salet vert regulert av Lov om avhending av fast eigedom. Eigedomen vert seld i den stand den var under synfaring, jf. avhendingslova § 3-9, "som den er". Dette avtalepunktet medfører at avhendingslova sine reglar om når eigedomen har mangel vert fråvike til ugunst for kjøpar.

Eigedomen har likevel mangel i følgjande tilfelle:
Når kjøpar ikkje har fått opplysningar om forhold ved eigedomen som seljar kjende eller måtte kjenne til, og som kjøpar hadde grunn til å rekne med å få. Dette gjeld likevel berre dersom ein kan gå ut frå at det har verka inn på avtalen at opplysningane ikkje vart gitt.
Når seljar har gitt urette opplysningar om eigedomen. Det same gjeld dersom eigedomen ikkje er i samsvar med opplysningar som er gitt i annonse, salsprospekt eller ved anna marknadsføring på vegne av seljar. Dette gjeld likevel berre dersom ein kan gå ut frå at opplysningane har verka inn på avtalen, og ikkje har vorte retta i tide.
Når eigedomen er i vesentleg dårlegare stand enn kjøpar hadde grunn til å rekne med ut frå kjøpesummen og forholda elles.
Når tomta har vesentleg mindre areal enn opplyst av seljar.
Nøkkelinfo
Primærrom ? 163 m2
Bruksareal ? 195 m2
Bruttoareal ? 209 m2
Byggeår 1968
Tomte­areal 751 m2
Eigarskifte­forsikring Ja
Energi­merking ? E
Vising

Ta kontakt for å avtale vising.

Kontakt meklar
Bilete av Greta  Halvorsen
Greta Halvorsen
Eigedomsmeklar MNEF
Florø
Tilbake til bustadutlisting

Skal gje forbrukarane kunnskap om energiforbruket til bueininga. Alle bustader, fritidsbustader og yrkesbygg skal energimerkast ved sal og utleige. Sjå energimerking.no for meir informasjon.

P-rom vert målt frå innsida av yttervegg inkludert veggane mellom desse areala. Dette er innvendige areal av bustaden som vert brukt til kort- eller langvarig opphald (opphaldsrom), til dømes stove, kjøken, bad, soverom, vaskerom og gangareal mellom desse. Bodareal/areal for lagring/tekniske rom inngår ikkje i primærrom.

Arealet av bygingen målt frå utvendig vegg til utvendig vegg eller midt i skiljevegg mot anna brukseining eller fellesareal.

Bruksareal er summen av det arealet som ligg innanfor ytterveggane, og vert målt frå innsida av yttervegg til innsida av yttervegg. Alt areal av innvendige veggar er medrekna. Målbart areal skal ha takhøgd på 1,9 meter.

Bergmovegen 5A
Florø
Prisant. 3450000
Soverom 4
Bustadtype Einebustad
Eigarform Eigar (Sjølveigar)
Nøkkelinfo
Primærrom ? 163 m2
Bruksareal ? 195 m2
Bruttoareal ? 209 m2
Byggeår 1968
Tomte­areal 751 m2
Eigarskifte­forsikring Ja
Energi­merking ? E
Vising

Ta kontakt for å avtale vising.

Kor mykje treng du låne?
Prøv Sparebanken Sogn og Fjordane sin lånekalkulator
I nærområdet