Stor einebustad med flott opparbeida tomt nedst i Prestemarka! VISING SØNDAG 25.11 kl 12-13

Vis i kart
Melvegen 13
Nordfjordeid
Prisant. 4580000
Soverom 7
Bustadtype Einebustad
Eigarform Eigar (Sjølveigar)

Stor einebustad med flott opparbeida tomt nedst i Prestemarka! VISING SØNDAG 25.11 kl 12-13

Eigedom
Melvegen 13
6770 Nordfjordeid
Om eigedomen
Arkitektteikna husvær i Melvegen. Eigedommen ligg godt til nederst i Prestemarka. Her er det kort veg til blant anna alt av sentrumsfasilitetar, barnehagar, skular, sjukehus, idrettshallar, Operahus og ikkje minst nydelig turområde.
Det er flott utsikt mot fjord, fjellheim og sentrum. Solforholda er gode og uteplassane rundt om på eigedommen er mange. Tomta er opparbeida med murar, plen, beplanting og noko naturtomt.
Innhald
Husværet er over tre etasjar og inneheld:
Underetasje: Gang , mellomgang, kjellerstove m/trapp, to soverom, dusjrom, vaskerom, kjøkken, wc, kjølerom, fyrrom og bod.
1. etasje: Vindfang, trapperom, gang, tre soverom, dusjrom, stove, kjøkken, wc og garasjerom
Loft: Trapperom, to soverom, stove m/kjøkkenkrok, bad og bod.
Standard
Standard i husværet er i hovudsak frå byggeår.
Gode løysingar og spennande muligheter er stikkord for denne eigedommen. Det er jamnt over store, gode rom og godt utnytta husvær.

1997 Påbygg/tilbygg Anlagt ny loftsetasje og tilbygd trapperom og garasjerom til 1.etg.
1980 Modernisering Oppsussing av badet og kjøkkenet i u.etg.
1997 Modernisering Renovering av kjøkkenet
- - - - Modernisering Elles er det utført normalt enkelt vedlikehald.
GARASJE
1997 Modernisering Legging av ny taktekking.
Byggjemåte
Betongsåler. Grunnmur oppført som enkelsk holmur isolert med isopor i midten med utvendig måla synleg betongpuss. Ukjent utførelse av drenering og fuktsikring men synleg knotteplast ved betongvegg for tilbygd garasje. Forstøtningsmurar av betong og naturstein. Huset er oppført i slakt sørvendt terreng.
Ytterveggar av bindingsverk med 10 cm isolasjon i 1.etg. og 15 cm isolasjon på loftet. I hovedsak betongveggar i garasjerommet. Ytterkledning i hovedsak av liggande enkeltfalsa trekledning og elles noko ståande trekledning, kledning i dels frå byggjeår og dels frå 1997. Betongveggar ved garasjen er utvendig kledt med fuga fasademurstein.
Vinduer: Vindauger i hovedsak med 2-lags glas i trekarm frå byggjeår og renveringsår 1997. Elles nokre kobla og 1-lags glas.
Ytterdører: Overbygt inngongsparti til 1.etg. med skiferlagt platting og med kvit ytterdør (1997) med sidefelt og med 2-lags blyinnfatta
glas. Kvit terrassedør montert i 1983. Kvit balkongdører på loftet motnert i 1997 og nyare kvit balkongdør i 1.etg. mot aust. Eldre type
kobla balongdør m/1-lags glas i 1.etg. mot sør. Kjellardør som måla tredør m/1-lags glas frå byggjeår, adkomst med utvendig
betongtrapp og er anlagt under austre balkong som overbygg.
Halvvalma takkonstruksjon med hovedark og ei mindre ark mot sør. Prefabrikerte A-takstolar som er anlagt over undergurten til eldre
takkonstruksjon. Ventilering med luftspalter i gesimskasser.
Taktekking av glasert hollandsk teglstein over lekter, sløyfer og undertak anlagt i 1997. Alu. takrenner og nedløpsrør, ukjent bortedning av nedløpsvatn under terreng.
Underetasje: Golv på grunn av betong med utførelse frå byggjeår og med ukjent utførelse og omfang av isolering og fuktsperre mot
grunnmasser. Golv i kjellarstova anlagt som flytande golv med golvsponplater, ukjent utførelse under golvplater. Fall/retningsavvik er
kontrollert med lasermålar for deler av rom.
1. etasje: Etasjeskille som bjelkelag med 5 cm isolasjon iflg byggjesøknad. Golv på grunn av betong for tilbygd del. Fall/retningsavvik
på golv er kontrollert med lasermålar.
Loft: Golv som isolert trebjelkelag anlagt over eldre isolert trebjelkelag.
Avløpsrør av plast frå 1997 og som soilrør frå byggjeår. Stakeluke i u.etg.
Vassrør av kobber frå byggjeår og elles plastrør rør-i-rør system utan rørskåp, stoppekrane på vaskerommet.
Fyrkjel med radiatoranlegg i u.etg. og 1.etg. frå byggjeår, oppvarming av fyrkjel er basert på elektrisitet, ved og olje.
Med omsyn til den tekniske standarden på bygningane vert det elles vist til takst av Kristen Eikenæs, datert 19.10.2018.

Kjøpar pliktar å gjere seg kjend med innhaldet i taksten og i eigenerklæring frå seljar som ligg ved salsoppgåva før det vert lagt inn bod på eigedommen. Meklar gjer elles merksam på kjøpar si undersøkingsplikt med heimel i avhendingslova.
Areal og fordeling per etasje
Primærrom: 288 kvm, Bruksareal: 351 kvm
Alle rom er P-rom unnateke:

BRA pr. etasje:
Underetasje: 113 kvm
1.Etasje: 152 kvm
Loft: 86 kvm
Areala er henta frå takst utført av autorisert takstmann og er i samsvar med NS 3940. Meklar har ikkje kontrollert areala.
Parkering
Parkering i garasje i tilknytning til husværet, i frittliggjande garasje eller på eiga tomt.
Tomt
Areal: 1 296 kvm, Eierform: Eiet tomt
Regulering/offentleg godkjenning
Eigedomen er i reguleringsplan for Prestemarka, Mel og sjukehusområdet - PlandID 1988001 - regulert til bustad:
Veg, vatn, avlaup
Det er offentleg veg, vatn og avlaup via private stikkledningar.
Energimerking
Oppvarmingskarakter Gul - Energikarakter F
Tilkomst
Det er svært enkel adkomst til eigedommen frå offentleg veg.
Oppvarming
Peis i 1.etasje, varmepumpe, elles er oppvarming i dag basert på elektrisitet (ved og olje) med radiatoromnar.
Kommunale avgifter
Kr. 23 263 pr. år
Renovasjonsgebyr til NoMil på ca 4.000,- vil komme i tillegg. inkl. evt. eigedomsskatt.
Faste kostnader
Straum og nettleige etter eige forbruk.
Forsikring er estimert til mellom 4 - 8 000,- pr. år og vil variere med kva tilbod ein har med sitt forsikringselskap.
Eigar må sjølv teikne fullverdi og innbuforsikring. Prisar på dette vil variere med om ein er totalkunde osv. hjå forsikringselskap.
Meklar gjer merksam på at desse utgiftene er knytt til dagens eigar og at desse vil kunne endre seg med omsyn til anna bruk av bustaden enn i dag eller andre avtalar med leverandørar.
Likningsverdi
Likningsverdi som primærbustad kr 970 927 per 31.12.16
Likningsverdi som sekundærbustad kr 3 106 966 per 31.12.16
Ferdigattest
Det føreligg ferdigattest frå Eid kommune datert 21.1.1963 og 2.5.2000 for tilbygg (loft) Desse ligg vedlagt.
Konsesjon
Eigedomen er ikkje konsesjonspliktig.
Utleige
Eigedomen kan i sin heilhet leigast ut til bustad/næringsføremål.
Bustadseljarforsikring
Bustaden er seld med bustadseljarforsikring.
Bustadkjøparforsikring
Eigedomsmekling Sogn og Fjordane AS formidlar bustadkjøparforsikring frå HELP Forsikring AS. Dette er ei rettshjelpsforsikring som gir tryggleik og profesjonell juridisk hjelp dersom det vart oppdaga uventa feil og manglar ved bustaden. Ta kontakt med meklar for meir informasjon eller les meir om forsikringa på www.help.no.
Finansiering
Interessentar som ønskjer tilbod om finansiering i Sparebanken Sogn og Fjordane kan kontakte meklar.
Kvitvasking
Lov av 6. mars 2009 nr. 11 om tiltak mot kvitvasking og terrorfinansiering pålegg eigedomsmeklarar å gjennomføre legitimasjonskontroll og risikovurdering av alle kundar og/eller eventuelle reelle rettigheitshavarar. Dersom kunden ikkje oppfyller krava etter lova eller eigedomsmeklar har mistankar om at transaksjonar har tilknyting til utbyte frå straffbare handlingar eller forhold som rammast av straffelova §§ 131-136 a, kan eigedomsmeklaren stoppe gjennomføringa av transaksjonen eller eigedomshandelen. Eigedomsmeklaren kan ikkje haldast ansvarleg for dei konsekvensane dette vil kunne få for partane eller andre som har interesser i eigedomshandelen.
Bodgjeving
Alle bod skal gjevast skriftleg til meklar. Det første bodet skal gjevast på bodskjema påført bodgjevar sin signatur. I tillegg må bodgjevar ha legitimert seg. Seinare bod kan gjevast per e-post, SMS eller per faks til meklar. Bod kan også gjevast via bodgjevingsplattform på nett eller app. Veljast denne løysinga, er det ikkje krav til å sende det første bodet på bodskjema. Meklar skal så snart som muleg stadfeste skriftleg ovanfor bodgjevar at bod er motteke.

Bod som ikkje er skriftleg, eller som har kortare akseptfrist enn til kl. 12.00 dagen etter siste annonserte vising, vil ikkje bli formidla til seljar. Meklar vil heller ikkje formidle bod med atterhald om at bodet er hemmeleg for andre bodgjevarar. Eit bod er bindande for bodgjevar når bodet er blitt gjort kjent for seljar. Seljar står fritt til å akseptere eller forkaste eitkvart bod, og pliktar såleis ikkje å akseptere det høgste bodet på eigedomen.

Meklar skal, i den grad det er naudsynt og muleg, informere dei involverte i bodrunden skriftleg om status i bodgjevinga.
Meklar pliktar å leggje til rette for ei forsvarleg avvikling av bodrunden. For at boda skal kunne bli handsama og formidla vidare skriftlig til alle involverte partar, må eitkvart bod ha ein tilstrekkeleg lang akseptfrist, og uansett bør ikkje eit bod ha ein akseptfrist på mindre enn 30 minutt frå bodet vert gjeve. Seljar må skriftleg akseptere bodet før bodaksept kan formidlast til bodgjevar.
Ein gjer merksam på at bod som vert gjeve etter normal arbeidstid vert handsama/formidla påfølgjande arbeidsdag.

Seljar og kjøpar har krav på å få utlevert kopi av bodjournalen straks etter at handel er komt i stand. Alle som har gjeve bod på eigedomen kan på førespurnad få en kopi av anonymisert bodjournal etter at bodrunden er avslutta.
Ein syner elles til "Forbrukarinformasjon om bodgjeving", som er teke inn på baksida av bodskjema i salsoppgåva.
Overtaking
Etter avtale med seljar.
Seld "som den er"
Salet vert regulert av Lov om avhending av fast eigedom. Eigedomen vert seld i den stand den var under synfaring, jf. avhendingslova § 3-9, "som den er". Dette avtalepunktet medfører at avhendingslova sine reglar om når eigedomen har mangel vert fråvike til ugunst for kjøpar.

Eigedomen har likevel mangel i følgjande tilfelle:
Når kjøpar ikkje har fått opplysningar om forhold ved eigedomen som seljar kjende eller måtte kjenne til, og som kjøpar hadde grunn til å rekne med å få. Dette gjeld likevel berre dersom ein kan gå ut frå at det har verka inn på avtalen at opplysningane ikkje vart gitt.
Når seljar har gitt urette opplysningar om eigedomen. Det same gjeld dersom eigedomen ikkje er i samsvar med opplysningar som er gitt i annonse, salsprospekt eller ved anna marknadsføring på vegne av seljar. Dette gjeld likevel berre dersom ein kan gå ut frå at opplysningane har verka inn på avtalen, og ikkje har vorte retta i tide.
Når eigedomen er i vesentleg dårlegare stand enn kjøpar hadde grunn til å rekne med ut frå kjøpesummen og forholda elles.
Når tomta har vesentleg mindre areal enn opplyst av seljar.
Nøkkelinfo
Primærrom ? 288 m2
Bruksareal ? 351 m2
Byggeår 1962
Tomte­areal 1296 m2
Eigarskifte­forsikring Ja
Energi­merking ? F
Vising
sundag 25. november, 12:00 – 13:00
Kontakt meklar
Bilete av Sissel  Anett  Halnes
Sissel Anett Halnes
Eigedomsmeklar MNEF
Nordfjordeid
Tilbake til bustadutlisting

Eigedom må som hovudregel energimerkast ved sal eller utleige.  Energimerking oppsummerer energitilstanden for bygningen med ein energikarakter og ein oppvarmingskarakter. Energikarakteren seier noko om venta energibruk og oppvarmingskarakterine seier noko om kor stor grad av fornybare energikjelder som vert nytta til oppvarming av rom og vatn. Oppvarming med elektrisitet eller olje gir dermed raud oppvarmingskarakter.

Innvendig areal av bustaden sin primære del inkludert veggane mellom desse. Dette er rom som ein naturleg oppheld seg i, som til dømes stove, kjøken, bad, soverom, vaskerom og gangareal mellom desse.

Innvendig areal målt frå innsida av yttervegg. Alt areal av innvendige veggar er medrekna. Målbart areal skal ha takhøgd på 1,9 meter.

Om bruksareal

Melvegen 13
Nordfjordeid
Prisant. 4580000
Soverom 7
Bustadtype Einebustad
Eigarform Eigar (Sjølveigar)
Nøkkelinfo
Primærrom ? 288 m2
Bruksareal ? 351 m2
Byggeår 1962
Tomte­areal 1296 m2
Eigarskifte­forsikring Ja
Energi­merking ? F
Vising
sundag 25. november, 12:00 – 13:00
Kor mykje treng du låne?
Prøv Sparebanken Sogn og Fjordane sin lånekalkulator
I nærområdet