Einebustad med muligheiter! VISING TORSDAG 22.11 kl 16-17

Vis i kart
Øvre Søreide 35
Sandane
Prisant. 1950000
Soverom 3
Bustadtype Einebustad
Eigarform Eigar (Sjølveigar)

Einebustad med muligheiter! VISING TORSDAG 22.11 kl 16-17

Eigedom
Øvre Søreide 35
6823 Sandane
Om eigedomen
Eigedommen ligg fint til på Øvre Søreide. Det er ca 3 km til Sandane sentrum med alt av fasilitetar ein finn der, blant anna Trivselshallen med symjehall og klatrevegg. Barnehage, barne- og ungdomsskule er i underkant av 3 km frå eigedommen.
Turmuligheter og natur rett utom døra
Innhald
Eigedommen er over to plan og krypkjeller:
kjeller: stove, vaskerom og trapperom
1.etasje: vindfang, gang, tre soverom, kjøkken, stove, bad, wc og trapperom.
Standard
Husværet har jamnt over standard frå byggeår. Og det må difor påreiknast oppgraderingar.
Generelle overflater:
Himlingsbekledning; I hovedsak måla plater, dels som skråhimling i stova, elles ubehandla skyggepanel og som ubehandla rupanel på
eine boda.
Veggbekledning; I hovedsak måla veggplater, baderomsplater på wc-rommet, målingsstrie i begge stover og elles måla betongpuss i
kjellaren.
Golvbekledning; Laminatgolv på kjøkkenet og i stova i 1.etg., betonggolv i eine boda, elles golvbelegg.

Normalt utbygd kjøkkeninnredning med laminat skrog, beislakkerte eikefrontar derav to dører med glas, laminat benkeplate og med
veggflis over benk. Integrert utstyr med komfyr, topp m/2 plater og to gassbluss med utvendig gassflaske på yttervegg mot vest.
Byggjemåte
Betongsåler under grunnmur,
Krypekjeller: Krypkjellar med golv med grus over plast, ringmur av betong med utvendig betongpuss, himling/etasjeskille som isolert
trebjelkelag kledt i underkant med asfaltplater og lekter, adkomst som enkel veggluke.
Antatt grunnforhold med sand. Grunnmur av leca med innvendig betongpuss og synleg utvendig betongpuss. Huset er oppført i flatt og dels slakt sørvendt terreng.
Ytterveggar av 10 cm isolasjon. Liggande dobbeltfalsa trekledning. Lufta flat takkonstruksjon og dels som pulttak med bærande sperrer. Ventilering med luftespalter i gesimskasser. Taktekking av banepapp med fall til innvendige nedløp og mot sør med fall til innkassa takrenner. To takslukar med avrenning til innvendige nedløpsrør. Innkassa alu. takrenner mot sør med alu. nedløpsrør.
Overbygd uteplass med belegningsstein på 10 m2 mot sør

Med omsyn til den tekniske standarden på bygningane vert det elles vist til takst av Kristen Eikenæs, datert 8.10.2018.

Kjøpar pliktar å gjere seg kjend med innhaldet i taksten og i eigenerklæring frå seljar som ligg ved salsoppgåva før det vert lagt inn bod på eigedommen. Meklar gjer elles merksam på kjøpar si undersøkingsplikt med heimel i avhendingslova.
Areal og fordeling per etasje
Primærrom: 130 kvm, Bruksareal: 145 kvm, Bruttoareal: 145 kvm
Alle rom er P-rom unnateke: tre boder og kott

BRA pr. etasje:
Kjeller: 48 kvm
1.Etasje: 97 kvm
Areala er henta frå takst utført av autorisert takstmann og er i samsvar med NS 3940. Meklar har ikkje kontrollert areala.
Parkering
Det er parkering på eiga tomt
Tomt
Areal: 1 037 kvm, Eierform: Eiet tomt
Regulering/offentleg godkjenning
Eigedomen ligg i område som er regulert til bustadformål og ligg i område B2 med utnyttingsgrad BYA=25,00 %. Viser til reguleringsplanen med føresegner samt teknisk kontor for nærmare opplysningar.
Veg, vatn, avlaup
Eigedommen er tilknytt kommunalt vatn og avlaup. Det er privat felles veg fram til eigedommen.
Energimerking
Oppvarmingskarakter Oransje - Energikarakter G
Tilkomst
Adkomst frå offentleg veg med felles asfalterte vegar og deretter felles avkjørsle og eige asfaltert tun og
veg/sti fram til inngongspartiet.
Det vil bli skilta ved fellesvising.
Oppvarming
Det er vedomn i stova, elles er det basert på elektrisk oppvarming.
Kommunale avgifter
Kr. 14 410 pr. år
Renovasjonsavgift til NoMil på ca 4.000,- kjem i tillegg. inkl. evt. eigedomsskatt.
Faste kostnader
Straum og nettleige etter eige forbruk.
Forsikring er estimert til mellom 4 - 8 000,- pr. år og vil variere med kva tilbod ein har med sitt forsikringselskap.
Eigar må sjølv teikne fullverdi og innbuforsikring. Prisar på dette vil variere med om ein er totalkunde osv. hjå forsikringselskap.
Meklar gjer merksam på at desse utgiftene er knytt til dagens eigar og at desse vil kunne endre seg med omsyn til anna bruk av bustaden enn i dag eller andre avtalar med leverandørar.
Likningsverdi
Likningsverdi som primærbustad kr 455 370 per 31.12.16
Likningsverdi som sekundærbustad kr 1 457 183 per 31.12.16
Ferdigattest
Det føreligg ikkje ferdigattest eller bruksløyve frå Gloppen kommune.
Konsesjon
Eigedomen er ikkje konsesjonspliktig.
Utleige
Eigedomen kan i sin heilhet leigast ut til bustad/næringsføremål.
Diverse
Det kan vere noko støy frå skytebane ifbm jaktprøveoppskytning. Det pågår noko byggeverksemd i området, dette skal ikkje vere til sjenanse for naboar.
Ein må pårekne vedlikeholdskostnad, brøyting m.m i felles veg fram til eigedommen.
Bustadseljarforsikring
Bustaden er seld med bustadseljarforsikring.
Bustadkjøparforsikring
Eigedomsmekling Sogn og Fjordane AS formidlar bustadkjøparforsikring frå HELP Forsikring AS. Dette er ei rettshjelpsforsikring som gir tryggleik og profesjonell juridisk hjelp dersom det vart oppdaga uventa feil og manglar ved bustaden. Ta kontakt med meklar for meir informasjon eller les meir om forsikringa på www.help.no.
Finansiering
Interessentar som ønskjer tilbod om finansiering i Sparebanken Sogn og Fjordane kan kontakte meklar.
Kvitvasking
Lov av 6. mars 2009 nr. 11 om tiltak mot kvitvasking og terrorfinansiering pålegg eigedomsmeklarar å gjennomføre legitimasjonskontroll og risikovurdering av alle kundar og/eller eventuelle reelle rettigheitshavarar. Dersom kunden ikkje oppfyller krava etter lova eller eigedomsmeklar har mistankar om at transaksjonar har tilknyting til utbyte frå straffbare handlingar eller forhold som rammast av straffelova §§ 131-136 a, kan eigedomsmeklaren stoppe gjennomføringa av transaksjonen eller eigedomshandelen. Eigedomsmeklaren kan ikkje haldast ansvarleg for dei konsekvensane dette vil kunne få for partane eller andre som har interesser i eigedomshandelen.
Bodgjeving
Alle bod skal gjevast skriftleg til meklar. Det første bodet skal gjevast på bodskjema påført bodgjevar sin signatur. I tillegg må bodgjevar ha legitimert seg. Seinare bod kan gjevast per e-post, SMS eller per faks til meklar. Bod kan også gjevast via bodgjevingsplattform på nett eller app. Veljast denne løysinga, er det ikkje krav til å sende det første bodet på bodskjema. Meklar skal så snart som muleg stadfeste skriftleg ovanfor bodgjevar at bod er motteke.

Bod som ikkje er skriftleg, eller som har kortare akseptfrist enn til kl. 12.00 dagen etter siste annonserte vising, vil ikkje bli formidla til seljar. Meklar vil heller ikkje formidle bod med atterhald om at bodet er hemmeleg for andre bodgjevarar. Eit bod er bindande for bodgjevar når bodet er blitt gjort kjent for seljar. Seljar står fritt til å akseptere eller forkaste eitkvart bod, og pliktar såleis ikkje å akseptere det høgste bodet på eigedomen.

Meklar skal, i den grad det er naudsynt og muleg, informere dei involverte i bodrunden skriftleg om status i bodgjevinga.
Meklar pliktar å leggje til rette for ei forsvarleg avvikling av bodrunden. For at boda skal kunne bli handsama og formidla vidare skriftlig til alle involverte partar, må eitkvart bod ha ein tilstrekkeleg lang akseptfrist, og uansett bør ikkje eit bod ha ein akseptfrist på mindre enn 30 minutt frå bodet vert gjeve. Seljar må skriftleg akseptere bodet før bodaksept kan formidlast til bodgjevar.
Ein gjer merksam på at bod som vert gjeve etter normal arbeidstid vert handsama/formidla påfølgjande arbeidsdag.

Seljar og kjøpar har krav på å få utlevert kopi av bodjournalen straks etter at handel er komt i stand. Alle som har gjeve bod på eigedomen kan på førespurnad få en kopi av anonymisert bodjournal etter at bodrunden er avslutta.
Ein syner elles til "Forbrukarinformasjon om bodgjeving", som er teke inn på baksida av bodskjema i salsoppgåva.
Overtaking
Etter avtale med seljar. Eigedommen er ledig for kjøpar.
Seld "som den er"
Salet vert regulert av Lov om avhending av fast eigedom. Eigedomen vert seld i den stand den var under synfaring, jf. avhendingslova § 3-9, "som den er". Dette avtalepunktet medfører at avhendingslova sine reglar om når eigedomen har mangel vert fråvike til ugunst for kjøpar.

Eigedomen har likevel mangel i følgjande tilfelle:
Når kjøpar ikkje har fått opplysningar om forhold ved eigedomen som seljar kjende eller måtte kjenne til, og som kjøpar hadde grunn til å rekne med å få. Dette gjeld likevel berre dersom ein kan gå ut frå at det har verka inn på avtalen at opplysningane ikkje vart gitt.
Når seljar har gitt urette opplysningar om eigedomen. Det same gjeld dersom eigedomen ikkje er i samsvar med opplysningar som er gitt i annonse, salsprospekt eller ved anna marknadsføring på vegne av seljar. Dette gjeld likevel berre dersom ein kan gå ut frå at opplysningane har verka inn på avtalen, og ikkje har vorte retta i tide.
Når eigedomen er i vesentleg dårlegare stand enn kjøpar hadde grunn til å rekne med ut frå kjøpesummen og forholda elles.
Når tomta har vesentleg mindre areal enn opplyst av seljar.
Nøkkelinfo
Primærrom ? 130 m2
Bruksareal ? 145 m2
Bruttoareal ? 145 m2
Byggeår 1970
Tomte­areal 1037 m2
Eigarskifte­forsikring Ja
Energi­merking ? G
Vising
torsdag 22. november, 16:00 – 17:00
Kontakt meklar
Bilete av Sissel  Anett  Halnes
Sissel Anett Halnes
Eigedomsmeklar MNEF
Nordfjordeid
Tilbake til bustadutlisting

Eigedom må som hovudregel energimerkast ved sal eller utleige.  Energimerking oppsummerer energitilstanden for bygningen med ein energikarakter og ein oppvarmingskarakter. Energikarakteren seier noko om venta energibruk og oppvarmingskarakterine seier noko om kor stor grad av fornybare energikjelder som vert nytta til oppvarming av rom og vatn. Oppvarming med elektrisitet eller olje gir dermed raud oppvarmingskarakter.

Innvendig areal av bustaden sin primære del inkludert veggane mellom desse. Dette er rom som ein naturleg oppheld seg i, som til dømes stove, kjøken, bad, soverom, vaskerom og gangareal mellom desse.

Innvendig areal målt frå innsida av yttervegg. Alt areal av innvendige veggar er medrekna. Målbart areal skal ha takhøgd på 1,9 meter.

Om bruksareal

Øvre Søreide 35
Sandane
Prisant. 1950000
Soverom 3
Bustadtype Einebustad
Eigarform Eigar (Sjølveigar)
Nøkkelinfo
Primærrom ? 130 m2
Bruksareal ? 145 m2
Bruttoareal ? 145 m2
Byggeår 1970
Tomte­areal 1037 m2
Eigarskifte­forsikring Ja
Energi­merking ? G
Vising
torsdag 22. november, 16:00 – 17:00
Kor mykje treng du låne?
Prøv Sparebanken Sogn og Fjordane sin lånekalkulator
I nærområdet