Lekker leilegheit over to plan og med tre soverom. Sentralt i Stryn

Vis i kart
Setrevegen 13 A
Stryn
Prisant. 1900000
Soverom 3
Bustadtype Leilegheit
Eigarform Andel

Lekker leilegheit over to plan og med tre soverom. Sentralt i Stryn

Eigedom
Setrevegen 13 A
6783 Stryn
Om eigedomen
Denne fine 4-roms leilegheita ligg sentralt og fint til i Arnljotbakkane Burettslag i Setrevegen 13 A i Stryn. Kort avstand til
barnehage, skular, butikkar og offentlege sørvisfunksjonar. Sørvendt felles opparbeidt uteomhusareal med utsikt mot sentrum, fjorden og fjellheimen og med lokalt normalt gode solforhold. Romsleg terrasse som har utsikt mot sentrum og fjorden.
Innhald
Bustaden inneheld to etasjar:
1. etasje: Vindfang, trapperom, bad/vaskerom, kjøkken, stove m/skyvedør til terrassen
Loft: Trapperom, 3 soverom og wc-rom
Utebod
Standard
Leilegheita ligg øvst mot vest i delt firemannsbustad og er oppført i 1995 og framstår som ein lekker, lys og innbydande leileghet.
Dagens eigar har budd i leilegheta sia 2009 og har stortrivdes både i leileghete, burettslaget og ikkje minst beliggenheten. Det er så kort veg for barna å gå til skulen at du kan følge med dei frå vinduet heilt til dei er framme.

I frå ein kjem inn i vindfanget framstår heile bustaden som lys og innbydande. Det er skyvedør mellom vindfang og stova (denne må justeras etter at det vart lagt ny laminat på golv). Inn frå vindfanget har ein et lyst og romsleg bad som og nyttas som vaskerom. Stov er stor og romsleg med åpa løysing til kjøkkenet. Frå stova er det trapp opp til gangen på loftet, 3 kjekke soverom og ei bod med wc. Utebod med garderobeskåp og fastmonterte hyller. Det er montert utvendeg vasskrane så her kan ein både vaske bil, inngangsparti og vanne blomar.

Kjøkken:
Lyst og lekkert Ikea kjøkken som vart installert i 2016. Her har ein lyse moderne frontar både skuffer og skåp uten håndtak og med demping. Integrerte kvitevarer som komfyr, kjøleskåp, oppvaskmaskin og induksjons platetopp nedfelt i benkeplata. Kjøkkenet har lyse fargar på veggene og et vindu som gjer mykje lys til rommet. Lekker lysgrå einstavs laminat på golv.

Stova:
Stova er god og romsleg og har god plass til både salong og spisebort. Dagens eigar har integrert soverommet i denne etasjen inn i stova noke som gjorde at stova blei meir innhaldsrik. Lysmåla vegger saman med nokre vegger som er måla i ein nydeleg blåfarge gjer stova både lekker og lun. Lysgrå einstavs laminat på golv. Fleire vindu som vender ned mot sentrum og ei skyvedør ut til ein romsleg terrasse. Terrassen er på 28 m2 så her har ein god plass til å samle familie og venner ein fin sommarkveld. Terrassen er flislagt og med det enkel å halde rein.

Bad:
Badet ligg i hovudetasjen og er romsleg med god plass til vaskemskin og tørketrommel. Badet er utstyrt med golvmontert klosett, dusj med hengsla glasdører og heilstøypt kvit vask i svart baderosinnreiing frå Bianca. Flisplater på veggene og grå fliser på golv. På loftet har ein eit wc i forbindelse med loftsboda.

Loft/soverom:
På loftet har dagens eigar ninnreiia loftstova om til hovudsoverom og gang. Då dei tok soverommet i hovudetasjen inn i stova trengte dei eit tredje soverom på loft. Dette er praktisk då heile familien kan ligge i same etasje. Gangen har lysmåla vegger og tak. Soveromma har litt varierande fargar måla på veggene og belegg på golv.

I følge takst er det bemerka noko fuktoppsvulming i underkant skrog mot dusj på bad.

Modernisering (i 2009) Renovering av badet. Montert luftvarmepumpe.
Modernisering (i 2016) Renovernig av kjøkkenet. Beising av ytterkledninga.
Modernisering (i 2018) Montert ny ytterdør til vindfangen.
Ombygging (i 2017) Legging av laminatgolv for dei fleste rom med unntak av
soveromma og boda på loftet. Anlagt ekstra soverom på loftet og samanslåing av
stove og soverom i 1.etg.

Modernisering Elles er det utført normalt vedlikehald med blant anna jamleg innvendige målingsarbeider.
Byggjemåte
Med omsyn til den tekniske standarden på bygningane vert det elles vist til takst av Kristen Eikenæs, datert 05.11.2018

Kjøpar pliktar å gjere seg kjend med innhaldet i taksten og i eigenerklæring frå seljar som ligg ved salsoppgåva før det vert lagt inn bod på eigedommen. Meklar gjer elles merksam på kjøpar si undersøkingsplikt med heimel i avhendingslova.

Mot underliggande leilegheit er her grunnmur og etasjeskille av betong. Ytterveggar av 15 cm isolert bindingsverk, ytterkledning med liggande enkeltfalsa kledning. Brann- og lydskillevegg i treutførelse mot tilstøtande bustad. Saltakkonstruksjon med takoppløft med prefabrikerte takstolar og ca 15-20 cm isolasjon mot underliggande loftsrom. Taktekking av betongtakstein, snøfangarar og alu. takrenner og nedløpsrør. Etasjeskille mellom 1.etg. og loftet som isolert trebjelkelag. Vindauger med 2-lags glas i trekarm med gjennomgåande sprossar.
Areal og fordeling per etasje
Primærrom: 105 kvm, Bruksareal: 112 kvm, Bruttoareal: 119 kvm
Alle rom er P-rom unnateke: Bod på loft og utebod

BRA pr. etasje:
1.Etasje: 68 kvm
2.Etasje: 42 kvm

Areala er henta frå takst utført av autorisert takstmann og er i samsvar med NS 3940. Meklar har ikkje kontrollert areala.
Parkering
Merka biloppstillingsplass i felles garasjeanlegg (under tak). Framført felles straum til lys, el.kontakt og 3-fase kontakt.
Gjesteparkering oppå taket.
Tomt
Areal: 2 814 kvm, Eierform: Fellestomt
Regulering/offentleg godkjenning
I følgje reguleringsplan for Tonningsbakkane er eigedomen regulert som byggjeområde for bustader, offentlege bygningar/tenestebustader.
Veg, vatn, avlaup
Adkomst frå kommunal veg med privat felles asfaltert veg og felles biloppstillingplasser. Ellers ein merka biloppstillingsplass i felles parkeringsanlegg.
Eigedommen er tilknytta kommunalt vassverk via private felles stikkledningar.
Avløp til felles septiktankar via private felles stikkledningar og med overløp tilknytta kommunalt avløpsnett.
Energimerking
Oppvarmingskarakter Gul - Energikarakter D
Tilkomst
Adomst frå kommunal veg med privat felles asfaltert veg og felles biloppstillingsplassar.
Oppvarming
Varmepumpe luft-til-luft. Varmekablar på badegolv.
Ellers er oppvarming basert på elektrisk.
Bustaden har pipe men dagens eigar har valgt å ikkje installere ovn igjen etter at dei pussa opp stova.
Faste kostnader
Innbuforsikring
Månedlege felleskostnader til burettslaget
Straum
Innvendeg vedlikehald
Likningsverdi
Likningsverdi som primærbustad kr 527 719 per 31.12.16
Likningsverdi som sekundærbustad kr 1 688 702 per 31.12.16
Ferdigattest
Det føreligg ferdigattest frå Stryn kommune datert 27.10.95. Denne ligg vedlagt.
Opplysningar om burettslaget
Borettslag: Arnljotbakken Borettslag, Orgnr.: 974410990
Andelsnr.: 6
Arnljotbakken burettslag består i alt av 20 andelar. Burettslagets eigedommar er fullverdiforksikra ved bygningskasko i IF Skadeforsirking.

Lånenummer: 13507160-20, Den Norske Stats Husbank
Serielån, 2 terminer per år.
Rentesats per 25.10.2018: 1.45% pa.
Antall terminer til innfrielse: 17
Saldo per 25.10.2018: 2 587 850
Andel av saldo: 117 645
Første termin/første avdrag: 31.12.1996 ( siste termin 31.12.2026 )


Lånenummer: 13507160-10, Den Norske Stats Husbank
Serielån, 2 terminer per år.
Rentesats per 25.10.2018: 1.45% pa.
Antall terminer til innfrielse: 17
Saldo per 25.10.2018: 1 258 539
Andel av saldo: 57 214
Første termin/første avdrag: 31.12.1996 ( siste termin 31.12.2026 )


Lånenummer: 13507160-30, Den Norske Stats Husbank
Serielån, 2 terminer per år.
Rentesats per 25.10.2018: 1.45% pa.
Antall terminer til innfrielse: 17
Saldo per 25.10.2018: 453 451
Andel av saldo: 20 614
Første termin/første avdrag: 31.12.1996 ( siste termin 31.12.2026 )
Felleskostnader
5 052 pr. mnd. Forsikring bygg, renovasjon, komm.avg., snømåking, vaktemstertjeneste, regnskap/revisjon

Felleskostnadane betales kvar måned.
Felleskostnadane er fordelt på følgande måte:
Vedlikehald: 19%
Kommunale avgifter/eiendomsskatt: 13%
Driftskostnader: 25%
Renter lån: 5%
Avdrag lån: 38%
Årsmelding/vedtekter
Siste godkjente rekneskap (2017) er oppgjort med eit overskot på kr. 494 138,-

Kjøpar vert oppmoda til å setje seg inn i årsmelding, rekneskap, vedtekter og husordensreglar. Kjøpar godkjenner som bindande for seg burettslaget sine vedtekter og husordensreglar herunder evt. reglar om husdyrhald.
Forretningsførar
Arnljotbakken burettslag er tilslutta BOB.
Forkjøpsrett
Medlemmane i borettslaget og dernest de andre andelseierne i BOB har forkjøpsrett til andelen på elles like vilkår. Når seljar har akseptert eit bod vert forkjøpsretten lyst ut til medlemmane i BOB med ca 10-12 dagars frist for forkjøpsrettshavarar til å tre inn i avtalen. (ta det vekk om det ikkje stemmer)
Godkjenning
Kjøpar må i følgje vedtekter godkjennast av styret i burettslaget. Godkjenning kan ikkje nektast utan sakleg grunn.
Sikringsfond/legalpant
Burettslaget har legalpant for inntil 2G for dekking av ubetalte felleskostnader. Burettslaget er knytt til Boligbyggelagenes Sikringsfond mot tap av felleskostnader.
Utleige
Andelseigaren kan ikkje, utan samtykke frå styret i burettslaget, overlate bruken av bustaden til andre utover det som følgjer av burettslagslova § 5-4 til 5-6.
Diverse
Dyrehald er bare tillatt dersom gode grunnar tilseier det og husdyrhaldet ikkje er til ulempe for andre bebuerar. Det er ei føresetnad at bebuar søkjer styret om samtykke. I følge husordensreglar skal VVS-installasjonar, elektrisk arbeid, samt legging av membran i våtrom utførast av autorisert fagpersonell. Dette skal andelseigerane kunne dokumentera til styret.
Bustadseljarforsikring
Bustaden er seld med bustadseljarforsikring.
Bustadkjøparforsikring
Eigedomsmekling Sogn og Fjordane AS formidlar bustadkjøparforsikring frå HELP Forsikring AS. Dette er ei rettshjelpsforsikring som gir tryggleik og profesjonell juridisk hjelp dersom det vart oppdaga uventa feil og manglar ved bustaden. Ta kontakt med meklar for meir informasjon eller les meir om forsikringa på www.help.no.
Finansiering
Interessentar som ønskjer tilbod om finansiering i Sparebanken Sogn og Fjordane kan kontakte meklar.
Kvitvasking
Lov av 6. mars 2009 nr. 11 om tiltak mot kvitvasking og terrorfinansiering pålegg eigedomsmeklarar å gjennomføre legitimasjonskontroll og risikovurdering av alle kundar og/eller eventuelle reelle rettigheitshavarar. Dersom kunden ikkje oppfyller krava etter lova eller eigedomsmeklar har mistankar om at transaksjonar har tilknyting til utbyte frå straffbare handlingar eller forhold som rammast av straffelova §§ 131-136 a, kan eigedomsmeklaren stoppe gjennomføringa av transaksjonen eller eigedomshandelen. Eigedomsmeklaren kan ikkje haldast ansvarleg for dei konsekvensane dette vil kunne få for partane eller andre som har interesser i eigedomshandelen.
Bodgjeving
Alle bod skal gjevast skriftleg til meklar. Det første bodet skal gjevast på bodskjema påført bodgjevar sin signatur. I tillegg må bodgjevar ha legitimert seg. Seinare bod kan gjevast per e-post, SMS eller per faks til meklar. Bod kan også gjevast via bodgjevingsplattform på nett eller app. Veljast denne løysinga, er det ikkje krav til å sende det første bodet på bodskjema. Meklar skal så snart som muleg stadfeste skriftleg ovanfor bodgjevar at bod er motteke.

Bod som ikkje er skriftleg, eller som har kortare akseptfrist enn til kl. 12.00 dagen etter siste annonserte vising, vil ikkje bli formidla til seljar. Meklar vil heller ikkje formidle bod med atterhald om at bodet er hemmeleg for andre bodgjevarar. Eit bod er bindande for bodgjevar når bodet er blitt gjort kjent for seljar. Seljar står fritt til å akseptere eller forkaste eitkvart bod, og pliktar såleis ikkje å akseptere det høgste bodet på eigedomen.

Meklar skal, i den grad det er naudsynt og muleg, informere dei involverte i bodrunden skriftleg om status i bodgjevinga.
Meklar pliktar å leggje til rette for ei forsvarleg avvikling av bodrunden. For at boda skal kunne bli handsama og formidla vidare skriftlig til alle involverte partar, må eitkvart bod ha ein tilstrekkeleg lang akseptfrist, og uansett bør ikkje eit bod ha ein akseptfrist på mindre enn 30 minutt frå bodet vert gjeve. Seljar må skriftleg akseptere bodet før bodaksept kan formidlast til bodgjevar.
Ein gjer merksam på at bod som vert gjeve etter normal arbeidstid vert handsama/formidla påfølgjande arbeidsdag.

Seljar og kjøpar har krav på å få utlevert kopi av bodjournalen straks etter at handel er komt i stand. Alle som har gjeve bod på eigedomen kan på førespurnad få en kopi av anonymisert bodjournal etter at bodrunden er avslutta.
Ein syner elles til "Forbrukarinformasjon om bodgjeving", som er teke inn på baksida av bodskjema i salsoppgåva.
Overtaking
Etter avtale med seljar.
Seld "som den er"
Salet vert regulert av Lov om avhending av fast eigedom. Eigedomen vert seld i den stand den var under synfaring, jf. avhendingslova § 3-9, "som den er". Dette avtalepunktet medfører at avhendingslova sine reglar om når eigedomen har mangel vert fråvike til ugunst for kjøpar.

Eigedomen har likevel mangel i følgjande tilfelle:
Når kjøpar ikkje har fått opplysningar om forhold ved eigedomen som seljar kjende eller måtte kjenne til, og som kjøpar hadde grunn til å rekne med å få. Dette gjeld likevel berre dersom ein kan gå ut frå at det har verka inn på avtalen at opplysningane ikkje vart gitt.
Når seljar har gitt urette opplysningar om eigedomen. Det same gjeld dersom eigedomen ikkje er i samsvar med opplysningar som er gitt i annonse, salsprospekt eller ved anna marknadsføring på vegne av seljar. Dette gjeld likevel berre dersom ein kan gå ut frå at opplysningane har verka inn på avtalen, og ikkje har vorte retta i tide.
Når eigedomen er i vesentleg dårlegare stand enn kjøpar hadde grunn til å rekne med ut frå kjøpesummen og forholda elles.
Når tomta har vesentleg mindre areal enn opplyst av seljar.
Nøkkelinfo
Primærrom ? 105 m2
Bruksareal ? 112 m2
Bruttoareal ? 119 m2
Byggeår 1994
Tomte­areal 2810 m2
Eigarskifte­forsikring Ja
Energi­merking ? D
Vising

Ta kontakt for å avtale vising.

Kontakt meklar
Bilete av Norunn  Aarnes
Norunn Aarnes
Eigedomsmeklar MNEF
Stryn
Tilbake til bustadutlisting

Eigedom må som hovudregel energimerkast ved sal eller utleige.  Energimerking oppsummerer energitilstanden for bygningen med ein energikarakter og ein oppvarmingskarakter. Energikarakteren seier noko om venta energibruk og oppvarmingskarakterine seier noko om kor stor grad av fornybare energikjelder som vert nytta til oppvarming av rom og vatn. Oppvarming med elektrisitet eller olje gir dermed raud oppvarmingskarakter.

Innvendig areal av bustaden sin primære del inkludert veggane mellom desse. Dette er rom som ein naturleg oppheld seg i, som til dømes stove, kjøken, bad, soverom, vaskerom og gangareal mellom desse.

Innvendig areal målt frå innsida av yttervegg. Alt areal av innvendige veggar er medrekna. Målbart areal skal ha takhøgd på 1,9 meter.

Om bruksareal

Setrevegen 13 A
Stryn
Prisant. 1900000
Soverom 3
Bustadtype Leilegheit
Eigarform Andel
Nøkkelinfo
Primærrom ? 105 m2
Bruksareal ? 112 m2
Bruttoareal ? 119 m2
Byggeår 1994
Tomte­areal 2810 m2
Eigarskifte­forsikring Ja
Energi­merking ? D
Vising

Ta kontakt for å avtale vising.

Kor mykje treng du låne?
Prøv Sparebanken Sogn og Fjordane sin lånekalkulator
I nærområdet