Tomteeigedom på 65 daa. fordelt på tre teigar. Eigedommen ligg fint til på Storetræ og ved Flugestøylen.

Vis i kart
Storetræ
Vassenden
Prisant. 650000
Bustadtype Tomter

Tomteeigedom på 65 daa. fordelt på tre teigar. Eigedommen ligg fint til på Storetræ og ved Flugestøylen.

Eigedom
Storetræ
6847 Vassenden
Tomta består av tre teigar med hovudsak innmarksbeite og skog.
Om eigedomen
Eigedomen består av tre teigar, der to ligg på Storetræ og den tredje ligg ovanfor Flugestøylen. Der er gode solforhold og fin utsikt over nærområdet og fjella ikring. Frå eigedomen på Storetræ er det gangavstand til barnhagar og Jølstraholmen senter der du finn daglegvareforretning som er open sju dagar i veka, bensinstasjon og cafè,
Sunnfjord golfkklubb og Jølster skisenter ligg like ved.
Ca. 3,5 km barne- og ungdomsskule.

Jølster er eit elderado for dei som likar frilutfsliv, med flotte turområder som kan nyttast heile året.
Til Førde med alt av fasilitetar er det ca. 18 km.

Det vert ikkje annonsert fellesvising av eigedommen då den er lett å synfare på eiga hand.
Tidlegaste akseptfrist i bod er onsdag 21. november kl. 12.00. Etter dette er det vanlige bodreglar som gjeld.
Ta gjerne kontakt med meklar om du har spørsmål.
Byggjemåte
På teig 2, som ligg på nordsida av vegen til Flugekvam, står det eit enkelt uthus med BTA på 38 m2.

Bygningen er oppført i enkelt 4" bindingsverk med rammer på planert terreng.
Utvendig kledning er av trepanel og stålplater som er gjenbruk frå andre bygg.
Takkonstruksjon har pulttakform, oppbygd av sperr. Taktekking av aluminiumsplater som er grunbruk frå andre bygg.
Plassbygd skyveport.

Det er lekkasje i taktekkinga og flekkvise råteskade i taklektene.
Bygningen er elles av enkel standard med behov for vedlikehald, og er av liten økonomisk betydning.

Med omsyn til den tekniske standarden på bygningane vert det elles vist til takst av Bjarte Roska, datert 19.10.2018.

Kjøpar pliktar å gjere seg kjend med innhaldet i taksten.
Tomt
Areal: 65 058 kvm, Eierform: Eiet tomt

Teig 1:
Teigen ligg på sørsida av vegen til Flugekvam, og består av 3,7 daa. innmarksbeite og 6,3 daa. skog av særs høg bonitet.
Teigen er ein del av areal som i kommuneplanen sin arealdel er merka bustadområde.
Del av arealet ligg i skravert faresone langs kraflinja som kryssar eigedomen. Kart ligg under bilete.

Teig 2:
Teigen ligg på nordsida av vegen til Flugekvam, og går nordover i fjellsida til om lag 500 moh. Øverste delen av denne teigen ligg ifølgje Jølster kommune innanfor faresone - ras- og skredfare. Kart ligg under bilete.
Teigen består av 8,2 daa. innmarksbeite, 24,1 daa. skog av særs høg bonitet, 11,9 daa. skog med høg bonitet, 3,6 daa. myr og 2,8 daa andre uproduktive markslag.
På teigen står det eit enkelt uthus med BTA på 38 m2.

Teig 3:
Teigen ligg på nordsida av Flugestøylen, ca 400 moh. Teigen består av myrlendt mark og er etter kartet om lag 4,2 daa. Denne teigen ligg også i omsynssone faresone for ras- og skred.

I forhold til faresone på teig 1 og elles i området er det aksemdskartet til NVE som ligg til grunn. Det er ikkje utarbeida skredvurdering av området.

For utfyllande opplysningar om areal og teigdeling syner ein til kommunen sine kart og NIBIO Gårdskart.
Link til kommunepland: http://webhotel3.gisline.no/Webinnsyn_Fjordkart/Klient/Vis/Webinnsyn_Fjordkart.
Link til gardskartet: https://gardskart.nibio.no/search.
Regulering/offentleg godkjenning
Arealet som ligg på sørsida av vegen til Flugekvam er i kommunen sin arealdel merka for bustadområde. Andre areal ligg i LNF-område.
Veg, vatn, avlaup
Eigedommen på Storetræ ligg med tilkomst frå komunal veg.
Det er ikkje lagt fram vatn/avløp til eigedommen.
Tilkomst
Lett tilkomst frå kommunal veg.
Kommunale avgifter
inkl. evt. eigedomsskatt.
Likningsverdi
Likningsverdi som primærbustad kr 10 435 per 31.12.16
Likningsverdi som sekundærbustad kr per 31.12.16
Konsesjon
Eigedomen er ikkje konsesjonspliktig.
Ved kjøp av tomt større enn 2 dekar er det kravd eigenerklæring om konsesjonsfritak frå kjøpar.
Erklæringa skal fyllast ut og registrerast hjå Jølster kommune før tinglysing av skøyte. Meklar vil hjelpe til med dette i etterkant av sal.
Bustadkjøparforsikring
Eigedomsmekling Sogn og Fjordane AS formidlar bustadkjøparforsikring frå HELP Forsikring AS. Dette er ei rettshjelpsforsikring som gir tryggleik og profesjonell juridisk hjelp dersom det vart oppdaga uventa feil og manglar ved bustaden. Ta kontakt med meklar for meir informasjon eller les meir om forsikringa på www.help.no.
Finansiering
Interessentar som ønskjer tilbod om finansiering i Sparebanken Sogn og Fjordane kan kontakte meklar.
Kvitvasking
Lov av 6. mars 2009 nr. 11 om tiltak mot kvitvasking og terrorfinansiering pålegg eigedomsmeklarar å gjennomføre legitimasjonskontroll og risikovurdering av alle kundar og/eller eventuelle reelle rettigheitshavarar. Dersom kunden ikkje oppfyller krava etter lova eller eigedomsmeklar har mistankar om at transaksjonar har tilknyting til utbyte frå straffbare handlingar eller forhold som rammast av straffelova §§ 131-136 a, kan eigedomsmeklaren stoppe gjennomføringa av transaksjonen eller eigedomshandelen. Eigedomsmeklaren kan ikkje haldast ansvarleg for dei konsekvensane dette vil kunne få for partane eller andre som har interesser i eigedomshandelen.
Bodgjeving
Alle bod skal gjevast skriftleg til meklar. Det første bodet skal gjevast på bodskjema påført bodgjevar sin signatur. I tillegg må bodgjevar ha legitimert seg. Seinare bod kan gjevast per e-post, SMS eller per faks til meklar. Bod kan også gjevast via bodgjevingsplattform på nett eller app. Veljast denne løysinga, er det ikkje krav til å sende det første bodet på bodskjema. Meklar skal så snart som muleg stadfeste skriftleg ovanfor bodgjevar at bod er motteke.

Bod som ikkje er skriftleg, eller som har kortare akseptfrist enn til kl. 12.00 dagen etter siste annonserte vising, vil ikkje bli formidla til seljar. Meklar vil heller ikkje formidle bod med atterhald om at bodet er hemmeleg for andre bodgjevarar. Eit bod er bindande for bodgjevar når bodet er blitt gjort kjent for seljar. Seljar står fritt til å akseptere eller forkaste eitkvart bod, og pliktar såleis ikkje å akseptere det høgste bodet på eigedomen.

Meklar skal, i den grad det er naudsynt og muleg, informere dei involverte i bodrunden skriftleg om status i bodgjevinga.
Meklar pliktar å leggje til rette for ei forsvarleg avvikling av bodrunden. For at boda skal kunne bli handsama og formidla vidare skriftlig til alle involverte partar, må eitkvart bod ha ein tilstrekkeleg lang akseptfrist, og uansett bør ikkje eit bod ha ein akseptfrist på mindre enn 30 minutt frå bodet vert gjeve. Seljar må skriftleg akseptere bodet før bodaksept kan formidlast til bodgjevar.
Ein gjer merksam på at bod som vert gjeve etter normal arbeidstid vert handsama/formidla påfølgjande arbeidsdag.

Seljar og kjøpar har krav på å få utlevert kopi av bodjournalen straks etter at handel er komt i stand. Alle som har gjeve bod på eigedomen kan på førespurnad få en kopi av anonymisert bodjournal etter at bodrunden er avslutta.
Ein syner elles til "Forbrukarinformasjon om bodgjeving", som er teke inn på baksida av bodskjema i salsoppgåva.
Overtaking
Etter avtale med seljar.
Seld "som den er"
Salet vert regulert av Lov om avhending av fast eigedom. Eigedomen vert seld i den stand den var under synfaring, jf. avhendingslova § 3-9, "som den er". Dette avtalepunktet medfører at avhendingslova sine reglar om når eigedomen har mangel vert fråvike til ugunst for kjøpar.

Eigedomen har likevel mangel i følgjande tilfelle:
Når kjøpar ikkje har fått opplysningar om forhold ved eigedomen som seljar kjende eller måtte kjenne til, og som kjøpar hadde grunn til å rekne med å få. Dette gjeld likevel berre dersom ein kan gå ut frå at det har verka inn på avtalen at opplysningane ikkje vart gitt.
Når seljar har gitt urette opplysningar om eigedomen. Det same gjeld dersom eigedomen ikkje er i samsvar med opplysningar som er gitt i annonse, salsprospekt eller ved anna marknadsføring på vegne av seljar. Dette gjeld likevel berre dersom ein kan gå ut frå at opplysningane har verka inn på avtalen, og ikkje har vorte retta i tide.
Når eigedomen er i vesentleg dårlegare stand enn kjøpar hadde grunn til å rekne med ut frå kjøpesummen og forholda elles.
Når tomta har vesentleg mindre areal enn opplyst av seljar.
Nøkkelinfo
Tomte­areal 65058 m2
Vising

Ta kontakt for å avtale vising.

Kontakt meklar
Bilete av Randi  Vigdal
Randi Vigdal
Eigedomsmeklar MNEF
Førde
Tilbake til bustadutlisting

Eigedom må som hovudregel energimerkast ved sal eller utleige.  Energimerking oppsummerer energitilstanden for bygningen med ein energikarakter og ein oppvarmingskarakter. Energikarakteren seier noko om venta energibruk og oppvarmingskarakterine seier noko om kor stor grad av fornybare energikjelder som vert nytta til oppvarming av rom og vatn. Oppvarming med elektrisitet eller olje gir dermed raud oppvarmingskarakter.

Innvendig areal av bustaden sin primære del inkludert veggane mellom desse. Dette er rom som ein naturleg oppheld seg i, som til dømes stove, kjøken, bad, soverom, vaskerom og gangareal mellom desse.

Innvendig areal målt frå innsida av yttervegg. Alt areal av innvendige veggar er medrekna. Målbart areal skal ha takhøgd på 1,9 meter.

Om bruksareal

Storetræ
Vassenden
Prisant. 650000
Bustadtype Tomter
Nøkkelinfo
Tomte­areal 65058 m2
Vising

Ta kontakt for å avtale vising.

Kor mykje treng du låne?
Prøv Sparebanken Sogn og Fjordane sin lånekalkulator
I nærområdet