Modernisert einebustad med utleigedel, carport og luftig beliggenheit med flott utsyn!

Vis i kart
Dalsåsvegen 28
Dale i Sunnfjord
Prisant. 2700000
Soverom 4
Bustadtype Einebustad
Eigarform Eigar (Sjølveigar)

Modernisert einebustad med utleigedel, carport og luftig beliggenheit med flott utsyn!

Eigedom
Dalsåsvegen 28
6963 Dale i sunnfjord
Om eigedomen
Eigedomen ligg fint plassert i godt etablert bustadfelt i Hatledalen.
Frå eigedomen er det flott utsyn mot dalføret, fjorden og naturen i kring.
Kort avstand til barnehagar, barneskule, ungdomsskule, forretningar og idrettsanlegg.
Eigedomen ligg nordvestvendt med gode soltilhøve.
Innhald
Einebustaden går over to-plan med følgjande innhald:
1.etasje: entrè, gang, bad, tre soverom, kjøkken og stove med utgang til altan.
Underetasje: gang, tre boder og vaskerom.
Utleigedel i underetasjen: entrè/gang, bod, bad, stove/kjøkken og soverom.

I tillegg er det oppført carport, like ved inngangspartiet i 1.etasje.
Standard
Eigedomen er fint opparbeid med asfalterte vegar, hekkar, plenar, mur og trapp av stein, og plattingar av tre.
Einebustaden har separat utleigedel i underetasjen med eigen tilkomst ved på nedsida og eigen inngang.
Carporten er praktisk plassert, like ved inngangspartiet i 1.etasje.

Inngansdøra ledar inn til vindfang og vidare til luftig gang.
På høgre hand ligg tre soverom om bad.

Badet var fornya i 2006 og er innreiia med servant med underskåp, stor spegel, høgskåp, wc og dusj.
Flott og heilflisa bad med varmekablar i golvet.
Seljar opplyser at det forekjem mindre gjennomtrenging av vatn frå himlinga på badet.
Takstmann anbefalar ytterlegare undersøkingar av himling med røyrgjennomføringar til kaldloftet.

Det største soverommet er svært romsleg og har utgang til altan med flott utsyn

Tilbake i gangen ligg stova og kjøkkenet på venstre hand.
Stova i 1.etasje vart modernisert i 2014.
Store vindauge gir godt lysinnslepp og flott utsyn frå oppholdsrommet.
Her er det fint laminatgolv og profilerteplater på veggane.
Det er innsett både vedovn og varmepumpe.
God plass til ønskjeleg møblering og utgang til vestvendt altan med fint utsyn og gode soltilhøve.

Kjøkkenet er frå 2006 og har formpressa frontar, benkeplate av tre og flisa vegg over benkeplata.
Integrert steikeovn og platetopp, øvrige kvitevarer er frittståande.
Her er det tilsvarande laminatgolv som i stova og spottar i himling.
Fin arbeidsplass ved vindauge.

I entrèen er det trapp ned til underetasjen.
Her nede er det mykje bodplass og praktisk vaskerom.

Utleigedelen har romsleg entrè, bod, bad, stove/kjøkken og eit romsleg soverom.

Badet har flisa golv med varmekablar og baderomsplater på veggane.
Baderommet vart fornya i 2010 og er innreiia med dusj, wv, servant og spegel med lys.
Samanføying av membran i overgong til sluk er uviss.
Det er enkelte hol i baderomsplantene, nokre av desse er tetta.

Stova i utleigedelen har laminatgolv og måla overflater elles.
Her er det varmepumpe og god plass til møblering.
Nordvendte vindauge gir godt lysinnslepp og fint utsyn.

Kjøkkenet i utleigedelen er funksjonelt med enkel standard frå byggeår.

I enden ligg eit romsleg soverom med god plass til møblering.

Bustaden har fiberkabel.
Byggjemåte
Eigedomen er fundamentert på planerte massar. Grunnmur av pussa lettklinkerblokker.
Golvet i underetasjen er av betong.
Etasjeskilje av trebjelkelag. Bindingsverk i trevirke med 100-150mm. isolasjon.
Utvendig kledning av ståande trevirke.
Beslag mellom bjelkelag med fall til takrenner, dannar tak for terrasse i høgd med underetasjen.
Saltak med fagverkstakstolar av trevirke. Bærande undertak av bord i trevirke med papp og taktekking av nyare betongtakstein frå 2010.
Pipeløp av pussa lettklinkerblokker. Utvendig pipebeslag av stål.

Det er registrert mindre saltutslag på delar av grunnmuren.
Topplist til grunnmursplast manglar enkelte stadard.
Enkelte utvendige trebord har mindre sprekker.
Dører og vindauge er av ulik alder: 1973, 1987 og 2014.

Seljar opplyser at det vart gravd opp- og drenert på nytt rundt tre sider av huset i 2014.
Det vart skifta taktekking i 2010.

Med omsyn til den tekniske standarden på bygningane vert det elles vist til takst av Peder Tveit, datert 01.11.2018.

Kjøpar pliktar å gjere seg kjend med innhaldet i taksten og i eigenerklæring frå seljar som ligg ved salsoppgåva før det vert lagt inn bod på eigedommen. Meklar gjer elles merksam på kjøpar si undersøkingsplikt med heimel i avhendingslova.
Areal og fordeling per etasje
Primærrom: 147 kvm, Bruksareal: 183 kvm
Alle rom er P-rom unnateke: gang og boder.

BRA pr. etasje:
1.Etasje: 93 kvm.
Underetasje: 90 kvm.
Areala er henta frå takst utført av autorisert takstmann og er i samsvar med NS 3940. Meklar har ikkje kontrollert areala.
Parkering
Carport og god plass til parkering på eigedomen.
Tomt
Areal: 643 kvm, Eierform: Eiet tomt
Regulering/offentleg godkjenning
Eigedomen ligg i område der reguleringsplan Hatledalen er gjeldande.
Reguleringsføremål: bustad.
Veg, vatn, avlaup
Offentleg veg fram til tomtegrensa, offentleg vatn og avlaup via private stikkleidningar.
Energimerking
Oppvarmingskarakter Gul - Energikarakter E
Tilkomst
Eigedomen har enkel tilkomst med asfaltert veg fram til inngangsparti både i 1.etasje og i underetasjen.
Carporten er plassert like ved inngangsparitet i 1.etasje.
Oppvarming
- Vedovn
- Varmepumpe mein to innedelar (ein i kvar eteasje)
- Varmekablar på begge bada
- Øvrig oppvarming må baserast på elektrisitet
Kommunale avgifter
Kr. 14 637 pr. år
Inkluderar: vass- og kloakkavgift, feieavgift, renovasjon og eigedomsskatt.
Faste kostnader
Eigedomen er i dag fullverdiforsikra i IF, med avtalenummer: 1763218.
Årleg premie: 4 968,-
Eigar må sjølv teikne fullverdi og innbuforsikring. Prisar på dette vil variere med om ein er totalkunde osv. hjå forsikringselskap.

Eigar hadde i 2017 eit straumforbruk på 15 911 kwh.
Straum og nettleige etter eige forbruk.
Likningsverdi
Likningsverdi som primærbustad kr 410 948 per 06.11.18
Likningsverdi som sekundærbustad kr 1 315 034 per 06.11.18
Ferdigattest
Det føreligg ikkje ferdigattest eller bruksløyve frå Fjaler kommune.
Konsesjon
Eigedomen er ikkje konsesjonspliktig.
Utleige
Eigedomen kan i sin heilhet leigast ut til bustadføremål.
I underetasjen ligg ein separat utleigedel med eigen inngang.
Seljar opplyser at utleigedelen per i dag er utleigd for kr. 4 000,- per mnd.
Husleiga inkluderer tv, internett og møblement.
Diverse
Det er utfølrt radonmåling i utleigeden som har Radonsertifikat frå 2016 som viser følgjande verdiar: 20,91,93.
Bustadseljarforsikring
Bustaden er seld med bustadseljarforsikring.
Bustadkjøparforsikring
Eigedomsmekling Sogn og Fjordane AS formidlar bustadkjøparforsikring frå HELP Forsikring AS. Dette er ei rettshjelpsforsikring som gir tryggleik og profesjonell juridisk hjelp dersom det vart oppdaga uventa feil og manglar ved bustaden. Ta kontakt med meklar for meir informasjon eller les meir om forsikringa på www.help.no.
Finansiering
Interessentar som ønskjer tilbod om finansiering i Sparebanken Sogn og Fjordane kan kontakte meklar.
Kvitvasking
Lov av 6. mars 2009 nr. 11 om tiltak mot kvitvasking og terrorfinansiering pålegg eigedomsmeklarar å gjennomføre legitimasjonskontroll og risikovurdering av alle kundar og/eller eventuelle reelle rettigheitshavarar. Dersom kunden ikkje oppfyller krava etter lova eller eigedomsmeklar har mistankar om at transaksjonar har tilknyting til utbyte frå straffbare handlingar eller forhold som rammast av straffelova §§ 131-136 a, kan eigedomsmeklaren stoppe gjennomføringa av transaksjonen eller eigedomshandelen. Eigedomsmeklaren kan ikkje haldast ansvarleg for dei konsekvensane dette vil kunne få for partane eller andre som har interesser i eigedomshandelen.
Bodgjeving
Alle bod skal gjevast skriftleg til meklar. Det første bodet skal gjevast på bodskjema påført bodgjevar sin signatur. I tillegg må bodgjevar ha legitimert seg. Seinare bod kan gjevast per e-post, SMS eller per faks til meklar. Bod kan også gjevast via bodgjevingsplattform på nett eller app. Veljast denne løysinga, er det ikkje krav til å sende det første bodet på bodskjema. Meklar skal så snart som muleg stadfeste skriftleg ovanfor bodgjevar at bod er motteke.

Bod som ikkje er skriftleg, eller som har kortare akseptfrist enn til kl. 12.00 dagen etter siste annonserte vising, vil ikkje bli formidla til seljar. Meklar vil heller ikkje formidle bod med atterhald om at bodet er hemmeleg for andre bodgjevarar. Eit bod er bindande for bodgjevar når bodet er blitt gjort kjent for seljar. Seljar står fritt til å akseptere eller forkaste eitkvart bod, og pliktar såleis ikkje å akseptere det høgste bodet på eigedomen.

Meklar skal, i den grad det er naudsynt og muleg, informere dei involverte i bodrunden skriftleg om status i bodgjevinga.
Meklar pliktar å leggje til rette for ei forsvarleg avvikling av bodrunden. For at boda skal kunne bli handsama og formidla vidare skriftlig til alle involverte partar, må eitkvart bod ha ein tilstrekkeleg lang akseptfrist, og uansett bør ikkje eit bod ha ein akseptfrist på mindre enn 30 minutt frå bodet vert gjeve. Seljar må skriftleg akseptere bodet før bodaksept kan formidlast til bodgjevar.
Ein gjer merksam på at bod som vert gjeve etter normal arbeidstid vert handsama/formidla påfølgjande arbeidsdag.

Seljar og kjøpar har krav på å få utlevert kopi av bodjournalen straks etter at handel er komt i stand. Alle som har gjeve bod på eigedomen kan på førespurnad få en kopi av anonymisert bodjournal etter at bodrunden er avslutta.
Ein syner elles til "Forbrukarinformasjon om bodgjeving", som er teke inn på baksida av bodskjema i salsoppgåva.
Overtaking
Etter avtale med seljar.
Seld "som den er"
Salet vert regulert av Lov om avhending av fast eigedom. Eigedomen vert seld i den stand den var under synfaring, jf. avhendingslova § 3-9, "som den er". Dette avtalepunktet medfører at avhendingslova sine reglar om når eigedomen har mangel vert fråvike til ugunst for kjøpar.

Eigedomen har likevel mangel i følgjande tilfelle:
Når kjøpar ikkje har fått opplysningar om forhold ved eigedomen som seljar kjende eller måtte kjenne til, og som kjøpar hadde grunn til å rekne med å få. Dette gjeld likevel berre dersom ein kan gå ut frå at det har verka inn på avtalen at opplysningane ikkje vart gitt.
Når seljar har gitt urette opplysningar om eigedomen. Det same gjeld dersom eigedomen ikkje er i samsvar med opplysningar som er gitt i annonse, salsprospekt eller ved anna marknadsføring på vegne av seljar. Dette gjeld likevel berre dersom ein kan gå ut frå at opplysningane har verka inn på avtalen, og ikkje har vorte retta i tide.
Når eigedomen er i vesentleg dårlegare stand enn kjøpar hadde grunn til å rekne med ut frå kjøpesummen og forholda elles.
Når tomta har vesentleg mindre areal enn opplyst av seljar.
Nøkkelinfo
Primærrom ? 147 m2
Bruksareal ? 183 m2
Rom 6
Byggeår 1973
Tomte­areal 643 m2
Eigarskifte­forsikring Ja
Energi­merking ? E
Vising
måndag 19. november, 16:30 – 17:30
Kontakt meklar
Bilete av Trond  Bakke
Trond Bakke
Eigedomsmeklarfullmektig MNEF
Førde
Tilbake til bustadutlisting

Eigedom må som hovudregel energimerkast ved sal eller utleige.  Energimerking oppsummerer energitilstanden for bygningen med ein energikarakter og ein oppvarmingskarakter. Energikarakteren seier noko om venta energibruk og oppvarmingskarakterine seier noko om kor stor grad av fornybare energikjelder som vert nytta til oppvarming av rom og vatn. Oppvarming med elektrisitet eller olje gir dermed raud oppvarmingskarakter.

Innvendig areal av bustaden sin primære del inkludert veggane mellom desse. Dette er rom som ein naturleg oppheld seg i, som til dømes stove, kjøken, bad, soverom, vaskerom og gangareal mellom desse.

Innvendig areal målt frå innsida av yttervegg. Alt areal av innvendige veggar er medrekna. Målbart areal skal ha takhøgd på 1,9 meter.

Om bruksareal

Dalsåsvegen 28
Dale i Sunnfjord
Prisant. 2700000
Soverom 4
Bustadtype Einebustad
Eigarform Eigar (Sjølveigar)
Nøkkelinfo
Primærrom ? 147 m2
Bruksareal ? 183 m2
Rom 6
Byggeår 1973
Tomte­areal 643 m2
Eigarskifte­forsikring Ja
Energi­merking ? E
Vising
måndag 19. november, 16:30 – 17:30
Kor mykje treng du låne?
Prøv Sparebanken Sogn og Fjordane sin lånekalkulator
I nærområdet