Flott, nyare del av tomannsbustad med garasje - fin utsikt.

Vis i kart
Trollskogvegen 17A
Florø
Prisant. 2700000
Soverom 3
Bustadtype Tomannsbustad
Eigarform Eigar (Sjølveigar)

Flott, nyare del av tomannsbustad med garasje - fin utsikt.

Eigedom
Trollskogvegen 17A
6908 Florø
Om eigedomen
Nyare del av tomannsbustad i barnevennleg område nær Torvmyrane skule- og barnehage. Bustaden som er oppført i 2011 har flott utsikt mot øyane i vest, og ei praktisk planløysing. Vestvendt og solrik balkong på ca. 15 m2 i tillegg til terrasse på bakkeplan. Eigedomen har frittståande garasje med loft. Fine turområder i Brandsøyåsen ligg like ved. Det er ca. 3 km til sentrum og 1,5 til butikk på Krokane.
Innhald
Del av tomannsbustad med garasje.
Plan 1: vindfang, gang vaskerom/teknisk rom, bad/wc og 2 soverom.
Plan 2: stove med utgang til vestvendt balkong, kjøkken, 1 soverom.
Frittståande garasje med loft.
Standard
Lys og fin bustad med praktisk planløysing. Gangen har flislagt golv med varmekablar. På veggar er det mdf plater og takess med innfelt belysning i himling. Dei to største soveromma ligg i første etasje. Desse har belegg på golv med varmekablar, mdf plater på veggar, og takess i himling.
Badet ligg i første etasje. Badet har flislagt golv, på veggar er det flisimiterte baderomsplater. Takess med innfelt belysning i himling. Baderomsinnreiing, dusjkabinett, badekar og veggfesta wc.
Romsleg og praktisk vaskerom med eigen utgang. Overflater har flislagt golv og baderomsplater på veggar. Takess i himling.
Stova ligg i andre etasje og har fin utsikt mot vest. Utgang til balkong på ca. 15 m2 frå stova. Stova har overflater av flytande laminatgolv, mdf-plater på veggar og takess i himling.
Kjøkkenenet ligg med vindauge både mot sør og aust. Kjøkkenet har kvit Sigdal takhøg innreiing. Overflater på kjøkken er flytande laminatgolv, mdf-plater på veggar og takess i himling. Kjøleskåp følgjer ikkje med i salet.
Soverommet i andre etasje har laminat på golv, mdf plater på veggar og takess i himling.
Diverse:
- Flexit balansert ventilasjonsanlegg med varmevekslar
- Sikringskåp med automatsikringar på vaskerom
- Innlagt fiberkabel
- Røyr i røyr med fordelingsskåp på vaskerom
- 200 l v.v.tank på vaskerom
- Kjøleskåp følgjer ikkje med i salet
- Hylle på soverom i andre etasje følgjer ikkjke med i salet
Byggjemåte
Del av tomannsbustad oppført i 2011. Ytterveggar har 198 mm isolert trestenderverk, asfaltplater, lekter og utvendig liggande kledning. Innvendig diffusjonsperre og plater. Isolerte lydveggar mellom seksjonane. Yttertaket er prefabrikkert A-takstolar, sutaksplater, rekter, lekte og betongtakstein. Vindauga er 3-lags energivindauge.
Garasja er frittståande med ringmur i betong og innvendig støypt golv. Uisolerte veggar med stenderverk, utvendig vindttting, lekter og kledning. Saltak med prefabrikkerte takstolar, sutaksplater, rekter, lekter og betongstein. Trappestige til uisolert loftsrom med sponplategolv. Det er innlagt straum. Vedlikehaldsfri leddport med elektrisk portåpnar.
Med omsyn til den tekniske standarden på bygningane vert det elles vist til takst av Johnny Østerbø, datert 31.10.2018.

Kjøpar pliktar å gjere seg kjend med innhaldet i taksten og i eigenerklæring frå seljar som ligg ved salsoppgåva før det vert lagt inn bod på eigedommen. Meklar gjer elles merksam på kjøpar si undersøkingsplikt med heimel i avhendingslova.
Areal og fordeling per etasje
Primærrom: 104 kvm, Bruksareal: 104 kvm, Bruttoareal: 114 kvm.
Alle rom er P-rom.

BRA pr. etasje:
1.Etasje: 52 m2
2.Etasje: 52 m2
Frittståande garasje med loft kjem i tillegg. BRA 26 m2.Loftet har ikkje målbart areal.

Areala er henta frå takst utført av autorisert takstmann og er i samsvar med NS 3940. Meklar har ikkje kontrollert areala.
Parkering
Parkering i garasje, evt. på eigedomen.
Tomt
Areal: 307 kvm totalt , Eigarform: Festa fellestomt. Festeavgift pr. år kr. 1.590,-.
Heimelshavar til tomta er Herborg Rønnekleiv Melvær. Fester er Flora Kommune. Framfester er Gry Therese k. Håland.
Regulering/offentleg godkjenning
Eigedomen ligg i område som er regulert til bustad. Plan: Brandsøyåsen, Felt B14, B15 og B16, bustad. Planid: 20020102
Veg, vatn, avlaup
Offentleg vatn og avlaup via private stikkleidningar.
Energimerking
Oppvarmingskarakter Oransje - Energikarakter B
Tilkomst
Tilkomst frå offentleg veg.
Oppvarming
Vedomn i stove.
Termostatstyrte varmekablar i heile 1.etg.
Kommunale avgifter
Kr. 17 322 pr. år inkl. evt. eigedomsskatt.
Faste kostnader
Straum og nettleige etter eige forbruk.
Ferdigattest
Det føreligg ferdigattest frå Flora kommune vedkomande bustadhuset datert 11.10.2011. Det føreligg ferdigattest frå Flora kommune vedkomande garasja datert 11.10.2011 .Desse ligg vedlagt.
Felleskostnader
Det er ingen felleskostnader i sameige.
Opplysningar om sameige.
Sameige Trollskogvegen 17 består av 2 seksjonar (ein tomannsbustad)

Med eigarseksjon meinast sameigedel i bebygd eigedom med tilknytta einerett til bruk av ein av fleire bustader eller andre brukseiningar i eigedomen.
I følgje lov om eigarseksjonar kan ingen erverve meir enn to bustadseksjonar i sameige.
Rekneskap/vedtekter
Sameiget er enkelt organisert utan felleskostnadar. Vi har difor ikkje rekneskap, budsjett, ol og kan difor ikkje opplyse om slike forhold.
Legalpant
Sameige har legalpant for inntil 2G for dekking av ubetalte felleskostnader.
Utleige
Seksjonen kan i sin heilheit leigast ut til bustadføremål.
Forsikring
Eigedomen er forsikra av seljar. Kjøpar må teikne bygg og innbuforsikring frå og med overtakingsdato. Interessentar som ønskjer tilbod om forsikring kan kontakte meklar.
Bustadseljarforsikring
Bustaden er seld med bustadseljarforsikring.
Bustadkjøparforsikring
Eigedomsmekling Sogn og Fjordane AS formidlar bustadkjøparforsikring frå HELP Forsikring AS. Dette er ei rettshjelpsforsikring som gir tryggleik og profesjonell juridisk hjelp dersom det vart oppdaga uventa feil og manglar ved bustaden. Ta kontakt med meklar for meir informasjon eller les meir om forsikringa på www.help.no.
Finansiering
Interessentar som ønskjer tilbod om finansiering i Sparebanken Sogn og Fjordane kan kontakte meklar.
Kvitvasking
Lov av 6. mars 2009 nr. 11 om tiltak mot kvitvasking og terrorfinansiering pålegg eigedomsmeklarar å gjennomføre legitimasjonskontroll og risikovurdering av alle kundar og/eller eventuelle reelle rettigheitshavarar. Dersom kunden ikkje oppfyller krava etter lova eller eigedomsmeklar har mistankar om at transaksjonar har tilknyting til utbyte frå straffbare handlingar eller forhold som rammast av straffelova §§ 131-136 a, kan eigedomsmeklaren stoppe gjennomføringa av transaksjonen eller eigedomshandelen. Eigedomsmeklaren kan ikkje haldast ansvarleg for dei konsekvensane dette vil kunne få for partane eller andre som har interesser i eigedomshandelen.
Bodgjeving
Alle bod skal gjevast skriftleg til meklar. Det første bodet skal gjevast på bodskjema påført bodgjevar sin signatur. I tillegg må bodgjevar ha legitimert seg. Seinare bod kan gjevast per e-post, SMS eller per faks til meklar. Bod kan også gjevast via bodgjevingsplattform på nett eller app. Veljast denne løysinga, er det ikkje krav til å sende det første bodet på bodskjema. Meklar skal så snart som muleg stadfeste skriftleg ovanfor bodgjevar at bod er motteke.

Bod som ikkje er skriftleg, eller som har kortare akseptfrist enn til kl. 12.00 dagen etter siste annonserte vising, vil ikkje bli formidla til seljar. Meklar vil heller ikkje formidle bod med atterhald om at bodet er hemmeleg for andre bodgjevarar. Eit bod er bindande for bodgjevar når bodet er blitt gjort kjent for seljar. Seljar står fritt til å akseptere eller forkaste eitkvart bod, og pliktar såleis ikkje å akseptere det høgste bodet på eigedomen.

Meklar skal, i den grad det er naudsynt og muleg, informere dei involverte i bodrunden skriftleg om status i bodgjevinga.
Meklar pliktar å leggje til rette for ei forsvarleg avvikling av bodrunden. For at boda skal kunne bli handsama og formidla vidare skriftlig til alle involverte partar, må eitkvart bod ha ein tilstrekkeleg lang akseptfrist, og uansett bør ikkje eit bod ha ein akseptfrist på mindre enn 30 minutt frå bodet vert gjeve. Seljar må skriftleg akseptere bodet før bodaksept kan formidlast til bodgjevar.
Ein gjer merksam på at bod som vert gjeve etter normal arbeidstid vert handsama/formidla påfølgjande arbeidsdag.

Seljar og kjøpar har krav på å få utlevert kopi av bodjournalen straks etter at handel er komt i stand. Alle som har gjeve bod på eigedomen kan på førespurnad få en kopi av anonymisert bodjournal etter at bodrunden er avslutta.
Ein syner elles til "Forbrukarinformasjon om bodgjeving", som er teke inn på baksida av bodskjema i salsoppgåva.
Overtaking
Etter avtale med seljar.
Seld "som den er"
Salet vert regulert av Lov om avhending av fast eigedom. Eigedomen vert seld i den stand den var under synfaring, jf. avhendingslova § 3-9, "som den er". Dette avtalepunktet medfører at avhendingslova sine reglar om når eigedomen har mangel vert fråvike til ugunst for kjøpar.

Eigedomen har likevel mangel i følgjande tilfelle:
Når kjøpar ikkje har fått opplysningar om forhold ved eigedomen som seljar kjende eller måtte kjenne til, og som kjøpar hadde grunn til å rekne med å få. Dette gjeld likevel berre dersom ein kan gå ut frå at det har verka inn på avtalen at opplysningane ikkje vart gitt.
Når seljar har gitt urette opplysningar om eigedomen. Det same gjeld dersom eigedomen ikkje er i samsvar med opplysningar som er gitt i annonse, salsprospekt eller ved anna marknadsføring på vegne av seljar. Dette gjeld likevel berre dersom ein kan gå ut frå at opplysningane har verka inn på avtalen, og ikkje har vorte retta i tide.
Når eigedomen er i vesentleg dårlegare stand enn kjøpar hadde grunn til å rekne med ut frå kjøpesummen og forholda elles.
Når tomta har vesentleg mindre areal enn opplyst av seljar.
Nøkkelinfo
Primærrom ? 104 m2
Bruksareal ? 104 m2
Bruttoareal ? 114 m2
Byggeår 2011
Tomte­areal 307 m2
Eigarskifte­forsikring Ja
Energi­merking ? B
Vising
tysdag 20. november, 17:00 – 18:00
Kontakt meklar
Bilete av Greta  Halvorsen
Greta Halvorsen
Eigedomsmeklar MNEF
Florø
Tilbake til bustadutlisting

Eigedom må som hovudregel energimerkast ved sal eller utleige.  Energimerking oppsummerer energitilstanden for bygningen med ein energikarakter og ein oppvarmingskarakter. Energikarakteren seier noko om venta energibruk og oppvarmingskarakterine seier noko om kor stor grad av fornybare energikjelder som vert nytta til oppvarming av rom og vatn. Oppvarming med elektrisitet eller olje gir dermed raud oppvarmingskarakter.

Innvendig areal av bustaden sin primære del inkludert veggane mellom desse. Dette er rom som ein naturleg oppheld seg i, som til dømes stove, kjøken, bad, soverom, vaskerom og gangareal mellom desse.

Innvendig areal målt frå innsida av yttervegg. Alt areal av innvendige veggar er medrekna. Målbart areal skal ha takhøgd på 1,9 meter.

Om bruksareal

Trollskogvegen 17A
Florø
Prisant. 2700000
Soverom 3
Bustadtype Tomannsbustad
Eigarform Eigar (Sjølveigar)
Nøkkelinfo
Primærrom ? 104 m2
Bruksareal ? 104 m2
Bruttoareal ? 114 m2
Byggeår 2011
Tomte­areal 307 m2
Eigarskifte­forsikring Ja
Energi­merking ? B
Vising
tysdag 20. november, 17:00 – 18:00
Kor mykje treng du låne?
Prøv Sparebanken Sogn og Fjordane sin lånekalkulator
I nærområdet