Praktisk og flott 4-roms leilegheit. Dobbel garasje, god bodplass og panorama!

Vis i kart
Stedjeåsen 80
Sogndal
Prisant. 3550000
Soverom 3
Bustadtype Leilegheit
Eigarform Eigar (Sjølveigar)

Praktisk og flott 4-roms leilegheit. Dobbel garasje, god bodplass og panorama!

Eigedom
Stedjeåsen 80
6856 Sogndal
Om eigedomen
Bustaden ligg øvst på Stedjeåsen bustadfelt, nær Stedje kyrkje og Stedje Barnehage, med flott utsikt over Sogndal sentrum og fjorden. Gå-avstand til sentrum, Sjøkanten med butikkar og Fosshaugane Campus. I sommarhalvåret har ein gode soltilhøve med sol frå kl. 05:00 til 21:30.
Kort veg til leikeplassar, friområde, badelaguna og butikkar på Sjøkanten. Flotte turmoglegheiter med tursti opp Stedjeåsen like i nærleiken. Dagsturhytta har blitt plassert eit stykke opp i bakken og skal etter planen stå ferdig i løpet av 2018.
Innhald
Attraktiv og romsleg toppleilegheit med dobbel garasje og flott utsikt over Sogndal og Sognefjorden.
Viss ikkje ein ynskjer å nytte heile leilegheita sjølv, er det praktisk tilrettelagt for å utleige av loft med 2 soverom.
Bustaden er på 2 plan og fordelar seg slik:
1.etg: Gang/entre, stove, kjøken, soverom og bad/vaskerom.
2.etg/loft: Trapperom, gang med minikjøken, bad, 2 soverom.

Frå stova er det utgang til romsleg altan med panorama utsikt.
Fint opparbeida platting på oversida av eigedomen, ved inngangen. Koseleg og skjerma uteplass med mykje sol på sommarhalvåret.

I tillegg har bustaden ein romsleg dobbelgarasje med bod i underetg. (Garasjen på dette bygget er ein del djupare/meir romsleg, samanlikna med dei tilsvaranda bygga i Stedjeåsen)
Standard
Bustaden er oppført i 1997 med den tids tekniske standard. Etter oppføring er det gjort ein del oppussing og oppgradering. Skal ein oppnå dagens bustadstandard må ein vera budd på ein del utgifter til oppgradering og reparasjon.

1.etasje:
Vindfang og gang har flis og varmekabel i golv. Frå vindfanget er det ei eiga dør og trapp opp til loft og dør inn til gang i hovudetasjen.
I gang er plass til å henge frå seg ytterklede og sko. Frå gang har ein inngang til bad og stove.
Stova er av god størrelse med plass til sittegruppe. Utgang til stor altan med panorama utsikt over Sogndal og fjorden. Det er både varmepumpe og peisomn i stova.
Kjøkenet er av god størrelse med mykje skåp- og benkeplass. Kjøkenet er innreia med kjøle- fryseskap, oppvaskmaskin, nedfelt vask og komfyr. Møbelfrontar er av bjørk. Det er plass til ei etegruppe på kjøkenet.
Badet er innreia med toalett, badekar med dusjarmatur, servant med underskåp og spegel. Opplegg for vaskemaskin. Det er nytta belegg på golv og plater på veggar. På badet er det missfarging på golv som kjem av at varmekablar på områder har vore dekka av tepper eller våte kleder. Elektrikar har endra termostat som skal regulere varmen betre. Avløp for badekar bør skiftast ut, røyr er lagt rett over sluk av forrige eigar. Dette fører til at det renner vatn på golvet ved stort trykk (f.eks. tømming av badekar). Avtrekksvifte for kjøken og bad må reparerast.
Etasjen har 1 romsleg soverom innreia med garderobeskåp.

Loft:
Etasjen har 2 soverom av god størrelse med skråtak av panel, og eit romsleg knekott med god lagringsplass på det eine soverommet. I gang er det montert eit lite hybelkjøken med komfyr og servant. Møbelfrontar er slette og kvite, det er god benkeflate og noko skåpplass. Ved benkeflate er det 2 sitteplassar. Det er montert varmepumpe ved trapp.
Badet er innreia med toalett, dusjhjørne, servant og spegel. Det er opplegg for vaskemaskin i rommet.
Denne etasjen av leilegheita er tilrettelagd for utleige, dette arealet er ikkje brann og lydseksjonert i høve 1. etg.

Bustaden har dels skjult teknisk anlegg. Ein er ikkje gjort kjend med kva type røyropplegg som er i bygningen. Men det er antatt vassrøyr av kopar og avlaupsrøyr av plast. Stoppekran for vatnet er ikkje påvist for denne seksjonen. Denne er plassert i underetg. i seksjon nr.1.

Varmepumpe i 1.etg. lagar noko støy. Den varmar, men fungerar ikkje optimalt.
Byggjemåte
Bygningen er fundamentert på grunnmur i betong. Over grunnmur er det plassbygd 6" bindingsverk konstruksjon med utvendig vindtetting og værhud av trekledning. Bustaden har 2-lags vindauge i trekarm. Taket består av saltakkonstruksjon med ark, tekka med betongstein. Det er montert eitt løps pipe ved vedomn.

Utvendig er det altan med tilkomst frå stove.
Innvendig er det nytta flis, parkett og belegg på golv. Veggar er måla og i 1.etg er det kvite himlingar. På loft er det panel i himling.

Garasje:
Garasje på 42 kvm i betong med utebod. Det er plass til 2 bilar om dei ikkje er for store.
Avskalling betong/armering ved betongdragar over garasje.

Med omsyn til den tekniske standarden på bygningane vert det elles vist til takst av Aslak Randmo, datert 07.11.2018.

Kjøpar pliktar å gjere seg kjend med innhaldet i taksten og i eigenerklæring frå seljar som ligg ved salsoppgåva før det vert lagt inn bod på eigedommen. Meklar gjer elles merksam på kjøpar si undersøkingsplikt med heimel i avhendingslova.
Areal og fordeling per etasje
Primærrom: 111 kvm, Bruksareal: 111 kvm
Alle rom er P-rom unnateke: Boder

BRA pr. etasje:
1.Etasje: 70 kvm.
2.Etasje: 41 kvm.

Areala er henta frå takst utført av autorisert takstmann og er i samsvar med NS 3940. Meklar har ikkje kontrollert areala.
Parkering
Parkering for 2 bilar i garasje.
Tomt
Areal: 261 kvm, Eierform: Fellestomt
Fint opparbeida platting ved inngangsparti. Elles er tomten stort sett bebygd med bygning og trapper.
Regulering/offentleg godkjenning
Eigedomen er regulert til bustadføremål. Reguleringsplan for Stedje er gjeldande for dette området. Kopi av planen kan tingast ved henvendelse til meklar.
Veg, vatn, avlaup
Offentleg vatn og avlaup via private stikkleidningar.
Energimerking
Oppvarmingskarakter Gul - Energikarakter D
Tilkomst
Offentleg veg til eigedomen. Trappetilkomst til bustaden.
Oppvarming
- Vedomn
- Varmepumpe luft til luft.
- Elektrisk
- Varmekablar i gang og på bad i 1. etasje.
Kommunale avgifter
Kr. 20 187 pr. år inkl. eigedomsskatt.
Faste kostnader
Straum og nettleige etter eige forbruk. ca. kr.20.000,- for 2017.
Innbuforsikring.
Meklar gjer merksam på at faste laupande kostnader vil kunne variere med omsyn til bruk av bustaden og avtalar med leverandørar.
Likningsverdi
Likningsverdi som primærbustad kr 774 039 per 31.12.16
Likningsverdi som sekundærbustad kr 2 476 923 per 31.12.16
Ferdigattest
Det føreligg mellombels bruksløyve frå Sogndal Kommune datert 26.08.1997. Denne ligg vedlagt i salgsoppgåva.
Felleskostnader
275 pr. mnd. Utvendig bygningsforsikring
Seksjon 1 og 2 har felles bygningsforsikring. Elles ingen felleskostnad i sameige
Opplysningar om sameige.

Sameige Stedjeåsen 80.
Denne delen av bygninga har eige bruksnummer og består av 2 seksjonar, ein leilegheit i kjellar og denne i resterande del. Det er enkelt organisert utan forretningsførar eller noko reknskap.
Sameigeandelane sin størrelse; Seksjon 1, 40%. Seksjon 2, 60%.
Med eigarseksjon meinast sameigedel i bebygd eigedom med tilknytta einerett til bruk av ein av fleire bustader eller andre brukseiningar i eigedomen.
I følgje lov om eigarseksjonar kan ingen erverve meir enn to bustadseksjonar i sameige.
Rekneskap/vedtekter
Sameiget er enkelt organisert, og ikkje rekneskapspliktig. Vi har difor ikkje motteke rekneskap, budsjett, ol. og kan difor ikkje opplyse om slike forhold.
Vedtekter vedlagt salgsoppgåva.
Godkjenning/forkjøpsrett
Det er ikkje forkjøpsrett.
Legalpant
Sameige har legalpant for inntil 2G for dekking av ubetalte felleskostnader.
Utleige
Seksjonen kan i sin heilheit leigast ut til bustadføremål. 2. etasje er praktisk tilrettelagt for utleige med eige bad, tekjøken, samt 2 soverom. Denne etasjen er ikkje ei eiga bueining som er brann og lyd seksjonert mot etasjen under.
Forsikring
Eigedomen er forsikra av seljar. Kjøpar må teikne bygg og innbuforsikring frå og med overtakingsdato. Interessentar som ønskjer tilbod om forsikring kan kontakte meklar.
Bustadseljarforsikring
Bustaden er seld med bustadseljarforsikring.
Bustadkjøparforsikring
Eigedomsmekling Sogn og Fjordane AS formidlar bustadkjøparforsikring frå HELP Forsikring AS. Dette er ei rettshjelpsforsikring som gir tryggleik og profesjonell juridisk hjelp dersom det vart oppdaga uventa feil og manglar ved bustaden. Ta kontakt med meklar for meir informasjon eller les meir om forsikringa på www.help.no.
Finansiering
Interessentar som ønskjer tilbod om finansiering i Sparebanken Sogn og Fjordane kan kontakte meklar.
Kvitvasking
Lov av 6. mars 2009 nr. 11 om tiltak mot kvitvasking og terrorfinansiering pålegg eigedomsmeklarar å gjennomføre legitimasjonskontroll og risikovurdering av alle kundar og/eller eventuelle reelle rettigheitshavarar. Dersom kunden ikkje oppfyller krava etter lova eller eigedomsmeklar har mistankar om at transaksjonar har tilknyting til utbyte frå straffbare handlingar eller forhold som rammast av straffelova §§ 131-136 a, kan eigedomsmeklaren stoppe gjennomføringa av transaksjonen eller eigedomshandelen. Eigedomsmeklaren kan ikkje haldast ansvarleg for dei konsekvensane dette vil kunne få for partane eller andre som har interesser i eigedomshandelen.
Bodgjeving
Alle bod skal gjevast skriftleg til meklar. Det første bodet skal gjevast på bodskjema påført bodgjevar sin signatur. I tillegg må bodgjevar ha legitimert seg. Seinare bod kan gjevast per e-post, SMS eller per faks til meklar. Bod kan også gjevast via bodgjevingsplattform på nett eller app. Veljast denne løysinga, er det ikkje krav til å sende det første bodet på bodskjema. Meklar skal så snart som muleg stadfeste skriftleg ovanfor bodgjevar at bod er motteke.

Bod som ikkje er skriftleg, eller som har kortare akseptfrist enn til kl. 12.00 dagen etter siste annonserte vising, vil ikkje bli formidla til seljar. Meklar vil heller ikkje formidle bod med atterhald om at bodet er hemmeleg for andre bodgjevarar. Eit bod er bindande for bodgjevar når bodet er blitt gjort kjent for seljar. Seljar står fritt til å akseptere eller forkaste eitkvart bod, og pliktar såleis ikkje å akseptere det høgste bodet på eigedomen.

Meklar skal, i den grad det er naudsynt og muleg, informere dei involverte i bodrunden skriftleg om status i bodgjevinga.
Meklar pliktar å leggje til rette for ei forsvarleg avvikling av bodrunden. For at boda skal kunne bli handsama og formidla vidare skriftlig til alle involverte partar, må eitkvart bod ha ein tilstrekkeleg lang akseptfrist, og uansett bør ikkje eit bod ha ein akseptfrist på mindre enn 30 minutt frå bodet vert gjeve. Seljar må skriftleg akseptere bodet før bodaksept kan formidlast til bodgjevar.
Ein gjer merksam på at bod som vert gjeve etter normal arbeidstid vert handsama/formidla påfølgjande arbeidsdag.

Seljar og kjøpar har krav på å få utlevert kopi av bodjournalen straks etter at handel er komt i stand. Alle som har gjeve bod på eigedomen kan på førespurnad få en kopi av anonymisert bodjournal etter at bodrunden er avslutta.
Ein syner elles til "Forbrukarinformasjon om bodgjeving", som er teke inn på baksida av bodskjema i salsoppgåva.
Overtaking
Etter avtale med seljar.
Seld "som den er"
Salet vert regulert av Lov om avhending av fast eigedom. Eigedomen vert seld i den stand den var under synfaring, jf. avhendingslova § 3-9, "som den er". Dette avtalepunktet medfører at avhendingslova sine reglar om når eigedomen har mangel vert fråvike til ugunst for kjøpar.

Eigedomen har likevel mangel i følgjande tilfelle:
Når kjøpar ikkje har fått opplysningar om forhold ved eigedomen som seljar kjende eller måtte kjenne til, og som kjøpar hadde grunn til å rekne med å få. Dette gjeld likevel berre dersom ein kan gå ut frå at det har verka inn på avtalen at opplysningane ikkje vart gitt.
Når seljar har gitt urette opplysningar om eigedomen. Det same gjeld dersom eigedomen ikkje er i samsvar med opplysningar som er gitt i annonse, salsprospekt eller ved anna marknadsføring på vegne av seljar. Dette gjeld likevel berre dersom ein kan gå ut frå at opplysningane har verka inn på avtalen, og ikkje har vorte retta i tide.
Når eigedomen er i vesentleg dårlegare stand enn kjøpar hadde grunn til å rekne med ut frå kjøpesummen og forholda elles.
Når tomta har vesentleg mindre areal enn opplyst av seljar.
Nøkkelinfo
Primærrom ? 111 m2
Bruksareal ? 111 m2
Byggeår 1997
Tomte­areal 261 m2
Eigarskifte­forsikring Ja
Energi­merking ? D
Vising
tysdag 20. november, 15:30 – 16:30
Kontakt meklar
Bilete av Olav  Skjeldestad
Olav Skjeldestad
Eigedomsmeklar MNEF
Sogndal
Tilbake til bustadutlisting

Eigedom må som hovudregel energimerkast ved sal eller utleige.  Energimerking oppsummerer energitilstanden for bygningen med ein energikarakter og ein oppvarmingskarakter. Energikarakteren seier noko om venta energibruk og oppvarmingskarakterine seier noko om kor stor grad av fornybare energikjelder som vert nytta til oppvarming av rom og vatn. Oppvarming med elektrisitet eller olje gir dermed raud oppvarmingskarakter.

Innvendig areal av bustaden sin primære del inkludert veggane mellom desse. Dette er rom som ein naturleg oppheld seg i, som til dømes stove, kjøken, bad, soverom, vaskerom og gangareal mellom desse.

Innvendig areal målt frå innsida av yttervegg. Alt areal av innvendige veggar er medrekna. Målbart areal skal ha takhøgd på 1,9 meter.

Om bruksareal

Stedjeåsen 80
Sogndal
Prisant. 3550000
Soverom 3
Bustadtype Leilegheit
Eigarform Eigar (Sjølveigar)
Nøkkelinfo
Primærrom ? 111 m2
Bruksareal ? 111 m2
Byggeår 1997
Tomte­areal 261 m2
Eigarskifte­forsikring Ja
Energi­merking ? D
Vising
tysdag 20. november, 15:30 – 16:30
Kor mykje treng du låne?
Prøv Sparebanken Sogn og Fjordane sin lånekalkulator
I nærområdet