Enkel hytte med flott beliggenheit heilt utan innsyn

Vis i kart
Reppali
Sogndal
Prisant. 575000
Soverom 2
Bustadtype Fritid
Eigarform Eigar (Sjølveigar)

Enkel hytte med flott beliggenheit heilt utan innsyn

Eigedom
Reppali
6856 Sogndal
Om eigedomen
Hytte som ligg i Reppali i Sogndalsdalen med utsikt mot Sogndal. Hytta ligg i eit beiteområdet, så beitedyr vil såleis opphalda seg i nærleiken.
Hytta har flott beliggenheit like ovanfor Reppastølen på ei opa glenne for seg sjølv, utan innsyn.
Vegen er open for ferdsel mot avgift (bomavgift kr 400,- pr år) i sommarhalvåret. Om vinteren tek det omlag 30 min. å gå på ski frå bilveg.
I Hodlekve er det preparerte løyper både i høgfjellet og alpinanlegget samt gode tilhøve for langrenn. Området ikring byr på rike moglegheiter for utfart heile året.
Innhald
Lys og triveleg hytte med god planløysing og enkel standard. Det er ikkje innlagt vatn. 12v Solcelleanlegg kobla til enkel el.installasjon i stova.
Hytta er på 1 plan og inneheld:
1.etg: Stove, kjøken, 2 soverom og vaskerom. Over del av 1.etg. er det hems. Fin sørvestvendt terrasse.
Under hytta er det lagerplass.

I sommarhalvåret er det open veg fram til felles parkering på Reppastølen. Derifrå må ein gå omlag 3-400 m i terrenget for å kome fram til hytta.
Om vinteren tek det omlag 30 min. å gå på ski frå bilveg og opp til hytta.

Hytta blir seld fult møblert. I tillegg vil eit 2KG-aggregat følgje med i salet.
Standard
Hytta vart oppført som elementhytte i 1978 med forholdsvis enkel standard.
Det er registrert noko setningsskade på fundament. Taktekking er utført av tretak og det er registrert noko lekkasje.
Det er ikkje innlagt vatn og straum, men hytta har 12 volts solcelleanlegg, snurredass og vask med avlaup til terreng på vaskerom.

Hytta har eit opphaldsrom med plass til sitte- og etegruppe. Det er montert god vedomn i rommet, og det er tilkomst til romsleg altan med takoverbygg. Kjøkendelen er innreia med skåpplass, benkeflater, hyller og utslagsvask. Bad/vaskerom inneheld, servant og snurredass. Hytta har 2 soverom innreia med køyesenger. Over del av gangareal er det hems. Innvendige overflater består av furugolv, panel på veggar og i himling.
Byggjemåte
Hytta er fundamentert på pålar som ein anntek er greve ned til frostfri djupne. Over pålar er det bjelkelag og prefabrikkerte veggelement. Taket består av saltakkonstruksjon som er tekka med bordtak. Hytta har 2-lags vindauge i trekarm og stålpipe.

Utvendig er det tilbygd romsleg altan med takoverbygg.
Innvendig er det nytta furugolv, og panel på vegg og i himling.

Med omsyn til den tekniske standarden på bygningane vert det elles vist til takst av Aslak Randmo, datert 07.09.2018.

Kjøpar pliktar å gjere seg kjend med innhaldet i taksten og i eigenerklæring frå seljar som ligg ved salsoppgåva før det vert lagt inn bod på eigedommen. Meklar gjer elles merksam på kjøpar si undersøkingsplikt med heimel i avhendingslova.
Areal og fordeling per etasje
Primærrom: 36 kvm, Bruksareal: 36 kvm

BRA pr. etasje:
1.Etasje: 36 kvm
Areala er henta frå takst utført av autorisert takstmann og er i samsvar med NS 3940. Meklar har ikkje kontrollert areala.
Parkering
Felles inngjorda parkering på Reppastølen.
Denne parkeringsplassen blir ikkje brøyta om vinteren.
Tomt
Areal: 99 kvm, Eierform: Festet tomt, Utløpsår feste: 2077, Festeavgift: 1000
Eigedomen ligg på festa tomt, punktfeste utan definerte grenser. Dvs ingen eigedom rundt hytta.
Regulering/offentleg godkjenning
Eigedomen er regulert til fritidsføremål. Sjå vedlagt plan oversendt frå Sogndal kommune i salsoppgåva.
Veg, vatn, avlaup
Hytta har ikkje innlagt vatn.
Avlaup til terreng frå vask. Hytta har snurredass.
Energimerking
Oppvarmingskarakter Oransje - Energikarakter E
Tilkomst
I sommarhalvåret er det open veg fram til felles parkering på Reppastølen. Derifrå må ein gå omlag 3-400 m i terrenget.
Om vinteren tek det omlag 30 min. å gå på ski frå bilveg og opp til hytta.
Hytta ligg 10 km frå sentrum. 2,8 Km frå Fjærlandsvegen mot Reppastølen.

Festaren har rett til fri ferdsel på Reppalivegen, også med bil mot å betale gjeldande avgift.
Vegen vedlikeholdast av grunneigar.
Oppvarming
- Vedomn
Kommunale avgifter
Kr. 2 882 pr. år
Kommunale avgifter inkluderar brannsyn, feiing, eigedomsskatt og SIMAS. Hytta er registrert med renovasjon fritid med felles container.
Faste kostnader
Forsikring.
Kommunale avgifter og eigedomskatt.
Festeavgift kr 1 000,- pr år.
Bomavgift kr 400 ,- pr år. (årskort)
Likningsverdi
Likningsverdi kr 234 185 per 31.12.2016.
Ferdigattest
Det føreligg ikkje ferdigattest eller bruksløyve frå Sogndal kommune.
Konsesjon
Eigedomen er ikkje konsesjonspliktig.
Utleige
Eigedomen kan i sin heilhet leigast ut til fritidsføremål.
Bustadseljarforsikring
Bustaden er seld med bustadseljarforsikring.
Bustadkjøparforsikring
Eigedomsmekling Sogn og Fjordane AS formidlar bustadkjøparforsikring frå HELP Forsikring AS. Dette er ei rettshjelpsforsikring som gir tryggleik og profesjonell juridisk hjelp dersom det vart oppdaga uventa feil og manglar ved bustaden. Ta kontakt med meklar for meir informasjon eller les meir om forsikringa på www.help.no.
Finansiering
Interessentar som ønskjer tilbod om finansiering i Sparebanken Sogn og Fjordane kan kontakte meklar.
Kvitvasking
Lov av 6. mars 2009 nr. 11 om tiltak mot kvitvasking og terrorfinansiering pålegg eigedomsmeklarar å gjennomføre legitimasjonskontroll og risikovurdering av alle kundar og/eller eventuelle reelle rettigheitshavarar. Dersom kunden ikkje oppfyller krava etter lova eller eigedomsmeklar har mistankar om at transaksjonar har tilknyting til utbyte frå straffbare handlingar eller forhold som rammast av straffelova §§ 131-136 a, kan eigedomsmeklaren stoppe gjennomføringa av transaksjonen eller eigedomshandelen. Eigedomsmeklaren kan ikkje haldast ansvarleg for dei konsekvensane dette vil kunne få for partane eller andre som har interesser i eigedomshandelen.
Bodgjeving
Alle bod skal gjevast skriftleg til meklar. Det første bodet skal gjevast på bodskjema påført bodgjevar sin signatur. I tillegg må bodgjevar ha legitimert seg. Seinare bod kan gjevast per e-post, SMS eller per faks til meklar. Bod kan også gjevast via bodgjevingsplattform på nett eller app. Veljast denne løysinga, er det ikkje krav til å sende det første bodet på bodskjema. Meklar skal så snart som muleg stadfeste skriftleg ovanfor bodgjevar at bod er motteke.

Bod som ikkje er skriftleg, eller som har kortare akseptfrist enn til kl. 12.00 dagen etter siste annonserte vising, vil ikkje bli formidla til seljar. Meklar vil heller ikkje formidle bod med atterhald om at bodet er hemmeleg for andre bodgjevarar. Eit bod er bindande for bodgjevar når bodet er blitt gjort kjent for seljar. Seljar står fritt til å akseptere eller forkaste eitkvart bod, og pliktar såleis ikkje å akseptere det høgste bodet på eigedomen.

Meklar skal, i den grad det er naudsynt og muleg, informere dei involverte i bodrunden skriftleg om status i bodgjevinga.
Meklar pliktar å leggje til rette for ei forsvarleg avvikling av bodrunden. For at boda skal kunne bli handsama og formidla vidare skriftlig til alle involverte partar, må eitkvart bod ha ein tilstrekkeleg lang akseptfrist, og uansett bør ikkje eit bod ha ein akseptfrist på mindre enn 30 minutt frå bodet vert gjeve. Seljar må skriftleg akseptere bodet før bodaksept kan formidlast til bodgjevar.
Ein gjer merksam på at bod som vert gjeve etter normal arbeidstid vert handsama/formidla påfølgjande arbeidsdag.

Seljar og kjøpar har krav på å få utlevert kopi av bodjournalen straks etter at handel er komt i stand. Alle som har gjeve bod på eigedomen kan på førespurnad få en kopi av anonymisert bodjournal etter at bodrunden er avslutta.
Ein syner elles til "Forbrukarinformasjon om bodgjeving", som er teke inn på baksida av bodskjema i salsoppgåva.
Overtaking
Etter avtale med seljar.
Hytta vert ikkje ytterlegare utvaska før overtaking.
Seld "som den er"
Salet vert regulert av Lov om avhending av fast eigedom. Eigedomen vert seld i den stand den var under synfaring, jf. avhendingslova § 3-9, "som den er". Dette avtalepunktet medfører at avhendingslova sine reglar om når eigedomen har mangel vert fråvike til ugunst for kjøpar.

Eigedomen har likevel mangel i følgjande tilfelle:
Når kjøpar ikkje har fått opplysningar om forhold ved eigedomen som seljar kjende eller måtte kjenne til, og som kjøpar hadde grunn til å rekne med å få. Dette gjeld likevel berre dersom ein kan gå ut frå at det har verka inn på avtalen at opplysningane ikkje vart gitt.
Når seljar har gitt urette opplysningar om eigedomen. Det same gjeld dersom eigedomen ikkje er i samsvar med opplysningar som er gitt i annonse, salsprospekt eller ved anna marknadsføring på vegne av seljar. Dette gjeld likevel berre dersom ein kan gå ut frå at opplysningane har verka inn på avtalen, og ikkje har vorte retta i tide.
Når eigedomen er i vesentleg dårlegare stand enn kjøpar hadde grunn til å rekne med ut frå kjøpesummen og forholda elles.
Når tomta har vesentleg mindre areal enn opplyst av seljar.

Det gjerast oppmerksam på at seljar er eit dødsbu, og seljarane har ingen kunnskap om eigedomen utover det som framkjem av taksten. Det kan såleis eksistere feil og manglar som seljar ikkje kjenner til. Interessentar oppfordrast til å føreta grundige undersøkingar, gjerne i samråd med bygningskyndig person.
Nøkkelinfo
Primærrom ? 36 m2
Bruksareal ? 36 m2
Rom 3
Byggeår 1978
Tomte­areal 99 m2
Energi­merking ? E
Vising
laurdag 24. november, 13:00 – 14:00
Kontakt meklar
Bilete av Jan  Rune  Årøy
Jan Rune Årøy
Eigedomsmeklar MNEF
Sogndal
Tilbake til bustadutlisting

Eigedom må som hovudregel energimerkast ved sal eller utleige.  Energimerking oppsummerer energitilstanden for bygningen med ein energikarakter og ein oppvarmingskarakter. Energikarakteren seier noko om venta energibruk og oppvarmingskarakterine seier noko om kor stor grad av fornybare energikjelder som vert nytta til oppvarming av rom og vatn. Oppvarming med elektrisitet eller olje gir dermed raud oppvarmingskarakter.

Innvendig areal av bustaden sin primære del inkludert veggane mellom desse. Dette er rom som ein naturleg oppheld seg i, som til dømes stove, kjøken, bad, soverom, vaskerom og gangareal mellom desse.

Innvendig areal målt frå innsida av yttervegg. Alt areal av innvendige veggar er medrekna. Målbart areal skal ha takhøgd på 1,9 meter.

Om bruksareal

Reppali
Sogndal
Prisant. 575000
Soverom 2
Bustadtype Fritid
Eigarform Eigar (Sjølveigar)
Nøkkelinfo
Primærrom ? 36 m2
Bruksareal ? 36 m2
Rom 3
Byggeår 1978
Tomte­areal 99 m2
Energi­merking ? E
Vising
laurdag 24. november, 13:00 – 14:00
Kor mykje treng du låne?
Prøv Sparebanken Sogn og Fjordane sin lånekalkulator
I nærområdet