Lekker hjørneleilegheit i 4. etasje med flott beliggenheit!

Vis i kart
Kalvedalsvegen 1
Florø
Prisant. 1200000
Soverom 3
Etasje 4
Bustadtype Leilegheit
Eigarform Andel

Lekker hjørneleilegheit i 4. etasje med flott beliggenheit!

Eigedom
Kalvedalsvegen 1, Lnr. 4:1
6908 Florø
4. etasje
Om eigedomen
Denne lekre bustaden ligg på hjørne mot sør/aust i 4. etasje. Bygget har heis og porttelefon og det er parkering i u.etg.
Frå den sørvendte og solrike bustaden er det flott utsikt mot Solheimsfjorden, øyane og fjella i aust. Romsleg balkong på 18 m2.

Burettslaget ligg med naturen som nabo, og det er kort gangavstand til skule, barnehage og turstiar i Brandsøyåsen. Det er ca. 3 km til sentrum. Bybussen går like ved.
Fellesgjelda kan innløysast. Burettslaget har innført IN-ordning. Individuell innbetaling vil sei at kvar enkel andelseigar får moglegheit til heilt eller delvis å innbetale sin andel av burettslaget si fellesgjeld. Felleskostnadane vert då lavere, tilsvarande reduksjon i renter og avdrag som følge av nedbetaling av fellesgjeld
Innhald
Bustaden inneheld: gang, 3 soverom, bad, vaskerom, bod, stove og kjøkken med utgang til balkong med flott utsikt.
Parkering i u.etg. Utebod ved parkeringsplass.
Standard
Bustaden har god standard og er oppgradert samanlikna med opphavleg standard.
Lys og flott stove i hjørne mot sør/aust. Store vindauge gir mykje lys inn i rommet. Vindauga har montert praktiske og fine zebragardinger som er justerbare med tanke på sol og lys. Overflater i stove er Alloc laminat elegant eik. På veggar er det ferdigmåla plater og tapet. I himling er det takess med innfelt belysning.
Kjøkkenet er oppgradert med lekker kvit Norema takhøg innreiing med integrerte kvitevarer. God skåp- og benkeplass med kitchenboard mellom over og underskåp. Det er open løysing mellom kjøkken og stove og det er ein fantastisk utsikt mot fjorden og fjella. Overflater er Alloc laminat elegant eik på golv, på veggar er det ferdigmåla plater og i himling er det takess.
Badet har flislagt golv og baderomsplater på veggar. Linn bad baderomsinnreiing, romsleg dusjhjørne og veggfesta wc. Bustaden har seperat vaskerom/teknisk rom med skyllekar. Overflater er våtromsbelegg på golv og baderomsplater på veggar.
Elles i bustaden er det Alloc laminat elegant eik på golv i soverom og gang. På vegger er det ferdigmåla plater og i himling er det takess.
Balansert ventilasjon med varmegjenvinning. Innfelt belysning kjøkken, stove, 1 soverom og bad.
Det er innlagt fiberkabel.
Byggjemåte
Bustadblokk på 6 etasjer + u.etg. med felles areal til parkering under tak. Denne leilegheita har parkering og bod i u.etg. Leilegheita som er for sal er ei hjørneleilegheit som ligg i femte etasje mot aust.
Bygget er eit betongbygg oppført i 2015 med etasjeskilje og skilje mellom leilegheitene i betong. Det er utvendig tilkomst til alle leilegheitene frå svalgang, via trapperom eller heis. Langveggar i lette konstruksjona. Det er ikkje tatt takst på eigedomen.

Kjøpar pliktar å gjere seg kjend med innhaldet i eigenerklæring frå seljar som ligg ved salsoppgåva før det vert lagt inn bod på eigedommen. Meklar gjer elles merksam på kjøpar si undersøkingsplikt med heimel i avhendingslova.
Areal og fordeling per etasje
Primærrom: 88 kvm, Bruksareal: 90 kvm
Alle rom er P-rom unnateke: bod

BRA pr. etasje:
6. Etasje: 90,1 m2 + sportsbod i u.etg. på 7,4 m2
Areala er henta frå teikningar. Meklar har ikkje kontrollert areala.
Parkering
Parkering og bod i u.etg.
Tomt
Areal: 7 200 kvm, Eigarform: Fellestomt i burettslaget.
Det er opparbeidd leikeplass i burettslaget.
Regulering/offentleg godkjenning
Eigedomen ligg i område regulert til bustad. Privat detaljreguleringsplan B13, Solheim. Gbnr. 24/1, 25/45. Planid: 20110109. B5.
Veg, vatn, avlaup
Offentleg vatn og avlaup via private stikkleidningar.
Energimerking
Oppvarmingskarakter Grønn - Energikarakter C
Tilkomst
Tilkomst til bustaden via trapp eller heis og svalgang.
Oppvarming
Behageleg vannboren varme i golv er inkludert i felleskostnader. Varmvatn til anlegget leverast frå eit felles luft til vatn varmepumpeanlegg med fellesmåling. Oppvarming i alle rom unntatt 1 soverom.
Faste kostnader
Straum og nettleige etter eige forbruk. Noverande eigar (familie) har brukt ca 400 Kwt pr mnd i straum. Oppvarming og varmtvatn er inkludert i felleskostnadane.
Likningsverdi
Likningsverdi som primærbustad kr 631 318 per 31.12.16
Likningsverdi som sekundærbustad kr 2 020 216 per 31.12.16
Ferdigattest
Det føreligg ferdigattest frå Flora Komune kommune datert 10.12.2015 Denne ligg vedlagt.
Opplysningar om burettslaget
Borettslag: Bjørndalslia Borettslag, Orgnr.: 914765552
Burettslaget består av 47 andelar fordelt på to blokker som er bunde saman med felles svalgangar og felles trapp- og heishus.

Leilighetsnr.: 4:1, Andelsnr.: 28
Andel fellesgjeld: kr. 257.237,-. Oppdatert pr: 12.11.2018

Lånevilkår Bjørndalslia Borettslag:

Sparebanken Vest
Rentesats pr 12.11.2018: 2,6% pa
Saldo per 12.11.2018: 4 416 420,
Andel av saldo: 0
Første termin : 30.12.2016 Neste avdrag: 30.10.2023 (siste termin 30.06.2045)

Den Norske Stats Husbank
Rentesats per 12.11.2018: 1,6% per år.
Saldo pr 12.11.2018: 94 021 000
Andel av saldo: 2 578 237,-
Første avdrag: 20.02.2024 ( siste termin 30.06.2045)
Burettslaget har vedtatt IN-ordning. Individuell innbetaling vil sei at kver enkel andelseigar får moglegheit til heilt eller delvis å innbetale sin andel av burettslaget si fellesgjeld. Felleskostnadane vert då lavere, tilsvarande reduksjon i renter og avdrag som følge av nedbetaling av fellesgjeld.
Felleskostnader
kr. 6 473,- pr. mnd.
Felleskostnadane inkluderer renter på andelen sin del av fellesgjeld, forsikring, kommunale avgifter, honorar, oppvarming med vannboren varme og ytre vedlikehald.

Felleskostnadane fordeler seg slik:
Rente: kr. 3.437,-
Avdrag: -
Driftskostnader: kr. 3.036,-
Utifrå dagens lånebetingelser vil felleskostnadane auke med kr 8 412, når avdrag på lån skal betalast. (i år 2024)
Årsmelding/vedtekter
Kjøpar vert oppmoda til å setje seg inn i årsmelding, rekneskap, vedtekter og husordensreglar. Kjøpar godkjenner som bindande for seg burettslaget sine vedtekter og husordensreglar herunder evt. reglar om husdyrhald.
Forretningsførar
Bjørndalslia Burettslag er tilslutta BOB Region Nordvest.
Forkjøpsrett
Medlemmane i BOB har forkjøpsrett til andelen på elles like vilkår. Når seljar har akseptert eit bod vert forkjøpsretten lyst ut til medlemmane i BOB med ca 10-12 dagars frist for forkjøpsrettshavarar til å tre inn i avtalen.
Godkjenning
Kjøpar må i følgje vedtekter godkjennast av styret i burettslaget. Godkjenning kan ikkje nektast utan sakleg grunn.
Sikringsfond/legalpant
Burettslaget har legalpant for inntil 2G for dekking av ubetalte felleskostnader. Burettslaget er knytt til Boligbyggelagenes Sikringsfond mot tap av felleskostnader.
Utleige
Andelseigaren kan ikkje, utan samtykke frå styret i burettslaget, overlate bruken av bustaden til andre utover det som følgjer av burettslagslova § 5-4 til 5-6.
Bustadseljarforsikring
Bustaden er seld utan bustadseljarforsikring.
Bustadkjøparforsikring
Eigedomsmekling Sogn og Fjordane AS formidlar bustadkjøparforsikring frå HELP Forsikring AS. Dette er ei rettshjelpsforsikring som gir tryggleik og profesjonell juridisk hjelp dersom det vart oppdaga uventa feil og manglar ved bustaden. Ta kontakt med meklar for meir informasjon eller les meir om forsikringa på www.help.no.
Finansiering
Interessentar som ønskjer tilbod om finansiering i Sparebanken Sogn og Fjordane kan kontakte meklar.
Kvitvasking
Lov av 6. mars 2009 nr. 11 om tiltak mot kvitvasking og terrorfinansiering pålegg eigedomsmeklarar å gjennomføre legitimasjonskontroll og risikovurdering av alle kundar og/eller eventuelle reelle rettigheitshavarar. Dersom kunden ikkje oppfyller krava etter lova eller eigedomsmeklar har mistankar om at transaksjonar har tilknyting til utbyte frå straffbare handlingar eller forhold som rammast av straffelova §§ 131-136 a, kan eigedomsmeklaren stoppe gjennomføringa av transaksjonen eller eigedomshandelen. Eigedomsmeklaren kan ikkje haldast ansvarleg for dei konsekvensane dette vil kunne få for partane eller andre som har interesser i eigedomshandelen.
Bodgjeving
Alle bod skal gjevast skriftleg til meklar. Det første bodet skal gjevast på bodskjema påført bodgjevar sin signatur. I tillegg må bodgjevar ha legitimert seg. Seinare bod kan gjevast per e-post, SMS eller per faks til meklar. Bod kan også gjevast via bodgjevingsplattform på nett eller app. Veljast denne løysinga, er det ikkje krav til å sende det første bodet på bodskjema. Meklar skal så snart som muleg stadfeste skriftleg ovanfor bodgjevar at bod er motteke.

Bod som ikkje er skriftleg, eller som har kortare akseptfrist enn til kl. 12.00 dagen etter siste annonserte vising, vil ikkje bli formidla til seljar. Meklar vil heller ikkje formidle bod med atterhald om at bodet er hemmeleg for andre bodgjevarar. Eit bod er bindande for bodgjevar når bodet er blitt gjort kjent for seljar. Seljar står fritt til å akseptere eller forkaste eitkvart bod, og pliktar såleis ikkje å akseptere det høgste bodet på eigedomen.

Meklar skal, i den grad det er naudsynt og muleg, informere dei involverte i bodrunden skriftleg om status i bodgjevinga.
Meklar pliktar å leggje til rette for ei forsvarleg avvikling av bodrunden. For at boda skal kunne bli handsama og formidla vidare skriftlig til alle involverte partar, må eitkvart bod ha ein tilstrekkeleg lang akseptfrist, og uansett bør ikkje eit bod ha ein akseptfrist på mindre enn 30 minutt frå bodet vert gjeve. Seljar må skriftleg akseptere bodet før bodaksept kan formidlast til bodgjevar.
Ein gjer merksam på at bod som vert gjeve etter normal arbeidstid vert handsama/formidla påfølgjande arbeidsdag.

Seljar og kjøpar har krav på å få utlevert kopi av bodjournalen straks etter at handel er komt i stand. Alle som har gjeve bod på eigedomen kan på førespurnad få en kopi av anonymisert bodjournal etter at bodrunden er avslutta.
Ein syner elles til "Forbrukarinformasjon om bodgjeving", som er teke inn på baksida av bodskjema i salsoppgåva.
Overtaking
Etter avtale med seljar.
Seld "som den er"
Salet vert regulert av Lov om avhending av fast eigedom. Eigedomen vert seld i den stand den var under synfaring, jf. avhendingslova § 3-9, "som den er". Dette avtalepunktet medfører at avhendingslova sine reglar om når eigedomen har mangel vert fråvike til ugunst for kjøpar.

Eigedomen har likevel mangel i følgjande tilfelle:
Når kjøpar ikkje har fått opplysningar om forhold ved eigedomen som seljar kjende eller måtte kjenne til, og som kjøpar hadde grunn til å rekne med å få. Dette gjeld likevel berre dersom ein kan gå ut frå at det har verka inn på avtalen at opplysningane ikkje vart gitt.
Når seljar har gitt urette opplysningar om eigedomen. Det same gjeld dersom eigedomen ikkje er i samsvar med opplysningar som er gitt i annonse, salsprospekt eller ved anna marknadsføring på vegne av seljar. Dette gjeld likevel berre dersom ein kan gå ut frå at opplysningane har verka inn på avtalen, og ikkje har vorte retta i tide.
Når eigedomen er i vesentleg dårlegare stand enn kjøpar hadde grunn til å rekne med ut frå kjøpesummen og forholda elles.
Når tomta har vesentleg mindre areal enn opplyst av seljar.
Nøkkelinfo
Primærrom ? 88 m2
Bruksareal ? 90 m2
Byggeår 2015
Tomte­areal 7200 m2
Energi­merking ? C
Vising

Ta kontakt for å avtale vising.

Kontakt meklar
Bilete av Greta  Halvorsen
Greta Halvorsen
Eigedomsmeklar MNEF
Florø
Tilbake til bustadutlisting

Skal gje forbrukarane kunnskap om energiforbruket til bueininga. Alle bustader, fritidsbustader og yrkesbygg skal energimerkast ved sal og utleige. Sjå energimerking.no for meir informasjon.

P-rom vert målt frå innsida av yttervegg inkludert veggane mellom desse areala. Dette er innvendige areal av bustaden som vert brukt til kort- eller langvarig opphald (opphaldsrom), til dømes stove, kjøken, bad, soverom, vaskerom og gangareal mellom desse. Bodareal/areal for lagring/tekniske rom inngår ikkje i primærrom.

Arealet av bygingen målt frå utvendig vegg til utvendig vegg eller midt i skiljevegg mot anna brukseining eller fellesareal.

Bruksareal er summen av det arealet som ligg innanfor ytterveggane, og vert målt frå innsida av yttervegg til innsida av yttervegg. Alt areal av innvendige veggar er medrekna. Målbart areal skal ha takhøgd på 1,9 meter.

Kalvedalsvegen 1
Florø
Prisant. 1200000
Soverom 3
Etasje 4
Bustadtype Leilegheit
Eigarform Andel
Nøkkelinfo
Primærrom ? 88 m2
Bruksareal ? 90 m2
Byggeår 2015
Tomte­areal 7200 m2
Energi­merking ? C
Vising

Ta kontakt for å avtale vising.

Kor mykje treng du låne?
Prøv Sparebanken Sogn og Fjordane sin lånekalkulator
I nærområdet