Innhaldsrik familiebustad med stor tomt.

Vis i kart
Havrenesvegen 3
Florø
Prisant. 2900000
Soverom 3
Bustadtype Einebustad
Eigarform Eigar (Sjølveigar)

Innhaldsrik familiebustad med stor tomt.

Eigedom
Havrenesvegen 3
6905 Florø
Om eigedomen
Det opphavlege bustadhuset i Havrenesvegen 3 blei oppført i 1920, og har dei siste 80 åra tilhørt same familie. Tilbygget blei oppført på -70 talet.Tomta er på litt over eit mål og frå bustaden er det fin ustikt mot Florøvika. Eigedomen ligg like vest for Kirkeparken og har kort gangavstand til alle sentrumsfunksjonar i Florø. Idrettsanlegget og turområdene i Litle- og Storeåsen ligg rett over vegen.
Eigedomen inneheld ein stor familiebustad på to plan + kjellar.
Innhald
Bustadhuset inneheld på hovudplan: hall, peisestove, bad, wc, gang med trapp til andre etasje, kjøkken, spisestove og stove.
Plan 2: gang, 3 soverom og wc. Utgang til vestvendt balkong frå det eine soverommet.
Kjellar har gang, innreiia bruksrom, vaskekjellar og diverse boder og kjellarrom. Delar av kjellaren har lav takghøgde.
Garasje på 18 m2.
Standard
Eigedomen har for det meste ein eldre standard.
Bustaden har eit hyggjeleg inngangsparti med romsleg hall med garderobe. Peisestova med elementpeis i tilbygget er lys og triveleg med vindauge både mot sør, aust og nord. Det er nye vindauge i stova. Overflater er furugolv, panel på veggar og tak.
I den gamle delen er det fin sørvendt stove med peis. Spisestova ligg innanfor og har direkte tilkomst til kjøkkenet. Overflater er furugolv, tapet og måla glassfiberstrie på veggar, måla slette tak. Vindauga er skifta i 2017.
Frå kjøkkenet er det fin utsikt mot Florøvika. Kjøkkenet har vindauge både mot vest og nord. Kjøkkeninnreiing av eldre dato. Det er plass til spisebord på kjøkkenet. Overflater kjøkken er vinylbelegg på golv, tapet på veggar og måla plater i himling.
Det er bad og wc i tilbygget. Det er i tillegg wc i andre etasje. Alle våtromma er av eldre standard.
Badet har våtromsbelegg på golv, og baderomsplater i våtsone. Baderomsinnreiing med vask og badekar.
Wc tilbygg har furugolv, tapet på veggar og måla plater i himling. Wc i andre etasje har vinylbelegg på golv, måla plater på veggar og måla himling.
Soveromma har overfltater av furugolv, tapet/strie på veggar og slette tak/måla glassfiberstrie. Dei fleste vindauga er av nyare dato.
Diverse:
- Sikringsskåp med automatsikringar og jordfeilbrytar.
- Utandørs røyropplegg er nytt frå bustad til veg i 2017
- Varmtvannstank i vaskekjellar + kjellarrom i tilbygg.
Byggjemåte
Bustaden er oppført ca. 1920. påbygt ca.1976.
Ytterveggar Kjellar: 300 mm plasstøypte betongveggar på hovudhus og 250 mm plasstøypte veggar på tilbygg. 1.etg. og loft: 3" x 8" dobbelpløyde tømmerveggar, lekter og utvendig kledning. Innvendig difusjonssperre og platekledning. 100 mm isolert trestenderverk, vindsperre og utvendig kledning. Innvendig difusjonssperre og platekledning/panel på tilbygg. Utvendig kledning er målingsslitt og det må påregnast tiltak.
Takkonstruksjone er på gamal del: saktak med tresperrer, sutaksbord, lekter og skifer. På tilbygg er det: saltak med prefabrikkerte takstolar, sutak, papp, rekter, lekter og Decra platetak. Vindauga er 2-lags isolervindauge med sprosser mellom glassene i kjellar. 2-lags energivindauge med sprosser mellom glassene. Nye vindauge kjellar 2002. Dei fleste vindauga i 1.etg og loft nye i 2017. Det fins også nokre gamle vindauge i bustadhuset.

Meklar gjer særleg merksam på at seljar ikkje har bebudd eigedomen som leggjast ut for sal. Seljar har difor ikkje spesifikk kunnskap om eigedomen, og har i avgrensa grad kunne supplere og/eller kontrollere opplysningane i denne salsoppgåva. Det kan i denne samanheng eksistere feil og skader på eigedomen som ikkje er spesifikt opplyst. Kjøpar oppmodast til å foreta ei særleg grundig synfaring, helst med bistand av teknisk sakkyndig

Med omsyn til den tekniske standarden på bygningane vert det elles vist til takst av Johnny Østerbø, datert 07.11.2018.

Kjøpar pliktar å gjere seg kjend med innhaldet i taksten og i eigenerklæring frå seljar som ligg ved salsoppgåva før det vert lagt inn bod på eigedommen. Meklar gjer elles merksam på kjøpar si undersøkingsplikt med heimel i avhendingslova.
Areal og fordeling per etasje
Primærrom: 197 kvm, Bruksareal: 254 kvm, Bruttoareal: 278 kvm
Alle rom er P-rom unnateke: boder, kjellarrom, vaskekjellar

BRA pr. etasje:
U.Etasje: 87 m2
1.Etasje: 116 m2
Loft: 51 m2
Areala er henta frå takst utført av autorisert takstmann og er i samsvar med NS 3940. Meklar har ikkje kontrollert areala.
Parkering
Det står ei lita garasje på eigedomen. Elles parkering på eigedomen.
Tomt
Areal total: 1 081,3 kvm, Eigarform: Sjølveigande tomt
Eigedomen består av 2 gnr/bnr.
Gnr. 27 bnr. 56 - har eit areal på 1030,5 m2
Gnr. 27 bnr. 263 - har eit areal på 50,8 m2
Eigedomen har ein stor opparbeidd hage med grøntareal og plantar. Det er hekk rundt heile eigedomen. Smijernsport og grusa inngang. Beleggstein framfor bustaden.
Regulering/offentleg godkjenning
Eigedomen ligg i reg.plan. med planid: 20120110 - Detaljregulringsplan - samanbinding av Rv5 pg Havrenesvegen, veg/bustad Flora Kommune. Eigedomen ligg i B9 som er boligbegyggelse- frittliggende småhusbebyggelse.
Utdrag frå føresegner som gjeld B9:
Felles føresegner:
2.3.2. Ved byggesøknad som gjeld fortetting i eksiserande bustadområde B9 skal det følgje utarveidd sol/skuggeanalyse for tilgrensande eigedomar i samband med søknad om tiltak.
Krav til detaljregulering.
2.10.2. I område B7 og B9 er det krav om detaljreguleringsplan ved deling av eksisterande tomter, eller dersom fleire tomter skal utbyggast på ny samstundes. Ved utarbeiding av slik detaljreguleringsplan skal det leggast vekt på tilpassing til eksisterande utbyggingsmønster, estetisk kvalitet, universell utforming og tilrettelegging for nærleikeplassar.
Bygg og anlegg
3.2 Bustad Frittliggande B)
3.2.1. I eksisterande bustadområde kan fortetting på enkelte tomter skje føresett at krav til utnyttingsgrad, parkeringsdekning og uteopphald vert oppfylt. Kvar eigedom kan ha maks % BYA på inntil 40%, dette er inkludert garasjer og uthus. Nye bygg skal stette krav i T-1442, jfr. punkt 2.8.
3.2.2 Eksisterande tomter kan utbyggast med inntil 4 bueiningar, dette er inkludert eksisterande einingar. Utbygging utover dette utløyser krav om utarbeiding av detaljreguleringsplan, jfr. punkt 2.10.4.
3.2.3. Nye tiltak skal tilpassast eksisterande bygningar når det gjeld høgde og volum. Maks etasjetal er kjellar og to etasjer.
3.2.4. Nye tiltak skal spesielt tilpassast omgjevnadane når det gjeld utsikts- og soltilhøve. Dette skal dokumenterast med situasjonsplan for tomta, kor også vegetasjon skal vere med.
3.2.5. I innanfor bustadområdet kan det oppførast garasje kor verken samla bruksareal (BRA) eller bygd areal (BYA) overstig 50 m2. Garasjen kan førast opp i inntil ein etasje og kan i tilelegg være underbygd med kjellar når terrengtilhøva tilseier det. Garasje skal tilpassast eksisterande bygg på eigedomen.
Veg, vatn, avlaup
Offentleg vatn og avlaup via private stikkleidningar.
Energimerking
Oppvarmingskarakter Gul - Energikarakter G
Tilkomst
Tilkomst frå offentleg veg.
Oppvarming
Det er varmepumpe i spisestove i gamal del.
Åpen peis i stove tilbygg + stove gamal del. Det er vedomn i gang.
Kommunale avgifter
Kr. 22 239 pr. år inkl. evt. eigedomsskatt.
Faste kostnader
Straum og nettleige etter eige forbruk.
Likningsverdi
Likningsverdi som primærbustad kr 1 041 260 per 31.12.17
Likningsverdi som sekundærbustad kr 3 748 536 per 31.12.17

Ifølgje skatteetaten sin formuesverdikalkulator. Avvik kan førekomme.
Ferdigattest
Det var ikkje ferdigattest eller bruksløyve i1920. Eigedomen er registert etablert hos Flora Kommune den 29.03.1920.
Det føreligg ferdigattest vedkomande tilbygg datert 20.05.1977. Denne ligg vedlagt salsoppgåva.
Konsesjon
Eigedomen er ikkje konsesjonspliktig.
Utleige
Eigedomen kan i sin heilhet leigast ut til bustadføremål.
Bustadseljarforsikring
Bustaden er seld utan bustadseljarforsikring.
Bustadkjøparforsikring
Eigedomsmekling Sogn og Fjordane AS formidlar bustadkjøparforsikring frå HELP Forsikring AS. Dette er ei rettshjelpsforsikring som gir tryggleik og profesjonell juridisk hjelp dersom det vart oppdaga uventa feil og manglar ved bustaden. Ta kontakt med meklar for meir informasjon eller les meir om forsikringa på www.help.no.
Finansiering
Interessentar som ønskjer tilbod om finansiering i Sparebanken Sogn og Fjordane kan kontakte meklar.
Kvitvasking
Lov av 6. mars 2009 nr. 11 om tiltak mot kvitvasking og terrorfinansiering pålegg eigedomsmeklarar å gjennomføre legitimasjonskontroll og risikovurdering av alle kundar og/eller eventuelle reelle rettigheitshavarar. Dersom kunden ikkje oppfyller krava etter lova eller eigedomsmeklar har mistankar om at transaksjonar har tilknyting til utbyte frå straffbare handlingar eller forhold som rammast av straffelova §§ 131-136 a, kan eigedomsmeklaren stoppe gjennomføringa av transaksjonen eller eigedomshandelen. Eigedomsmeklaren kan ikkje haldast ansvarleg for dei konsekvensane dette vil kunne få for partane eller andre som har interesser i eigedomshandelen.
Bodgjeving
Alle bod skal gjevast skriftleg til meklar. Det første bodet skal gjevast på bodskjema påført bodgjevar sin signatur. I tillegg må bodgjevar ha legitimert seg. Seinare bod kan gjevast per e-post, SMS eller per faks til meklar. Bod kan også gjevast via bodgjevingsplattform på nett eller app. Veljast denne løysinga, er det ikkje krav til å sende det første bodet på bodskjema. Meklar skal så snart som muleg stadfeste skriftleg ovanfor bodgjevar at bod er motteke.

Bod som ikkje er skriftleg, eller som har kortare akseptfrist enn til kl. 12.00 dagen etter siste annonserte vising, vil ikkje bli formidla til seljar. Meklar vil heller ikkje formidle bod med atterhald om at bodet er hemmeleg for andre bodgjevarar. Eit bod er bindande for bodgjevar når bodet er blitt gjort kjent for seljar. Seljar står fritt til å akseptere eller forkaste eitkvart bod, og pliktar såleis ikkje å akseptere det høgste bodet på eigedomen.

Meklar skal, i den grad det er naudsynt og muleg, informere dei involverte i bodrunden skriftleg om status i bodgjevinga.
Meklar pliktar å leggje til rette for ei forsvarleg avvikling av bodrunden. For at boda skal kunne bli handsama og formidla vidare skriftlig til alle involverte partar, må eitkvart bod ha ein tilstrekkeleg lang akseptfrist, og uansett bør ikkje eit bod ha ein akseptfrist på mindre enn 30 minutt frå bodet vert gjeve. Seljar må skriftleg akseptere bodet før bodaksept kan formidlast til bodgjevar.
Ein gjer merksam på at bod som vert gjeve etter normal arbeidstid vert handsama/formidla påfølgjande arbeidsdag.

Seljar og kjøpar har krav på å få utlevert kopi av bodjournalen straks etter at handel er komt i stand. Alle som har gjeve bod på eigedomen kan på førespurnad få en kopi av anonymisert bodjournal etter at bodrunden er avslutta.
Ein syner elles til "Forbrukarinformasjon om bodgjeving", som er teke inn på baksida av bodskjema i salsoppgåva.
Overtaking
Etter avtale med seljar.
Seld "som den er"
Salet vert regulert av Lov om avhending av fast eigedom. Eigedomen vert seld i den stand den var under synfaring, jf. avhendingslova § 3-9, "som den er". Dette avtalepunktet medfører at avhendingslova sine reglar om når eigedomen har mangel vert fråvike til ugunst for kjøpar.

Eigedomen har likevel mangel i følgjande tilfelle:
Når kjøpar ikkje har fått opplysningar om forhold ved eigedomen som seljar kjende eller måtte kjenne til, og som kjøpar hadde grunn til å rekne med å få. Dette gjeld likevel berre dersom ein kan gå ut frå at det har verka inn på avtalen at opplysningane ikkje vart gitt.
Når seljar har gitt urette opplysningar om eigedomen. Det same gjeld dersom eigedomen ikkje er i samsvar med opplysningar som er gitt i annonse, salsprospekt eller ved anna marknadsføring på vegne av seljar. Dette gjeld likevel berre dersom ein kan gå ut frå at opplysningane har verka inn på avtalen, og ikkje har vorte retta i tide.
Når eigedomen er i vesentleg dårlegare stand enn kjøpar hadde grunn til å rekne med ut frå kjøpesummen og forholda elles.
Når tomta har vesentleg mindre areal enn opplyst av seljar.
Nøkkelinfo
Primærrom ? 197 m2
Bruksareal ? 254 m2
Bruttoareal ? 278 m2
Byggeår 1920
Tomte­areal 1081 m2
Energi­merking ? G
Vising

Ta kontakt for å avtale vising.

Kontakt meklar
Bilete av Greta  Halvorsen
Greta Halvorsen
Eigedomsmeklar MNEF
Florø
Tilbake til bustadutlisting

Skal gje forbrukarane kunnskap om energiforbruket til bueininga. Alle bustader, fritidsbustader og yrkesbygg skal energimerkast ved sal og utleige. Sjå energimerking.no for meir informasjon.

P-rom vert målt frå innsida av yttervegg inkludert veggane mellom desse areala. Dette er innvendige areal av bustaden som vert brukt til kort- eller langvarig opphald (opphaldsrom), til dømes stove, kjøken, bad, soverom, vaskerom og gangareal mellom desse. Bodareal/areal for lagring/tekniske rom inngår ikkje i primærrom.

Arealet av bygingen målt frå utvendig vegg til utvendig vegg eller midt i skiljevegg mot anna brukseining eller fellesareal.

Bruksareal er summen av det arealet som ligg innanfor ytterveggane, og vert målt frå innsida av yttervegg til innsida av yttervegg. Alt areal av innvendige veggar er medrekna. Målbart areal skal ha takhøgd på 1,9 meter.

Dersom sal til prisframlegg.

Reknestykket legg til grunn at det berre vert tinglyst ein låneobligasjon og at eigedomen vert seld til prisframlegg.

Vanlege kostnader ved kjøp er:

  • dokumentavgift (2,5% av kjøpesum)
  • tinglysingsgebyr for skøyte (kr. 525,-)
  • tinglysingsgebyr for pantedokument (kr. 525,-)
  • panteattest (kr. 172,-).

Reknestykket legg til grunn at det berre vert tinglyst ein låneobligasjon og at eigedomen vert seld til prisframlegg.

Vanlege kostnader ved kjøp er:

  • tinglysingsgebyr for skøyte (kr. 430,-)
  • tinglysingsgebyr for pantedokument (kr. 430,-)
  • panteattest (kr. 172,-).

I tillegg kan det kome eigarskiftegebyr.

Reknestykket legg til grunn at det berre vert tinglyst ein låneobligasjon og at eigedomen vert seld til prisframlegg.

Vanlege kostnader ved kjøp er:

  • noteringsgebyr
  • transportgebyr
  • eigarskiftegebyr
  • medlemskapsgebyr
Havrenesvegen 3
Florø
Prisant. 2900000
Soverom 3
Bustadtype Einebustad
Eigarform Eigar (Sjølveigar)
Nøkkelinfo
Primærrom ? 197 m2
Bruksareal ? 254 m2
Bruttoareal ? 278 m2
Byggeår 1920
Tomte­areal 1081 m2
Energi­merking ? G
Vising

Ta kontakt for å avtale vising.

Kor mykje treng du låne?
Prøv Sparebanken Sogn og Fjordane sin lånekalkulator
I nærområdet