NY PRIS! Hyggjeleg eigedom med bustadhus og garasje i landlege omgjevnader.

Vis i kart
Vindheimsvegen 95
Holmedal
Prisant. 1580000
Soverom 5
Bustadtype Einebustad
Eigarform Eigar (Sjølveigar)

NY PRIS! Hyggjeleg eigedom med bustadhus og garasje i landlege omgjevnader.

Eigedom
Vindheimsvegen 95
6982 Holmedal

Eigedomen er utbygd med eit bustadhus frå 1977 og ein garasje frå 1980-talet.
Om eigedomen
Stor bustadeigedom i rolege og landelege omgjevnadar med fint opparbeida tomt og hyggjelege uteområder.
Gode solforhold i sommarhalvåret, sola er vekke ein periode høgste vintertid.
Området byr på eit elderado av turmoglegheiter like utanfor inngangsdøra både sommar og vinter.

Til Holmedal bygdesenter med barnehage og montessoriskule er det ca. 7 km. Til kommunesenteret Askvoll med barnehage, barne- og ungdomsskule, butikkar og kommunale- og private service funksjonar er det ca. 14 km. Til Dale er det ca. 10 km og til regionsenteret Førde er det ca. 50 km.
Innhald
Bustaden går over to plan med følgande innhald:
Hovudetasje: Vindfang, gang med trapperom, stove, kjøkken, to soverom og bad.
Underetasje: Vindfang, hall med trapp, peisstove, soverom, wc/dusj, mellomgang/soverom, vaskerom, to boder. I tillegg bod under veranda.
Standard
Bustaden har hatt vanleg godt vedlikehald og framstår som lys og triveleg.

UNDERETASJE:

Vindfang og hall med varmekablar i golvet og plass til oppheng av klede. På golvet er det belegg, måla panel på veggane og måla plater/takess i himlinga.
Frå hallen er det trapp til hovudetasje.

Vaskerommet har flislagt golv, trepanel på veggane og takess i himlinga. Rommet er innreia med intravask, opplegg for vaskemasin og trykktank. Det er varmekablar i golvet.

Disponiblet rom med betong på golv og veggar, takess i himlinga. Tidlegare vannskade gjorde at veggar og tak måtte demonterast, det er ikkje bygd opp att etter skaden.

Mellomgang med belegg på golvet, måla plater på veggane og takess i taket.

Bad med belegg på golvet, måla veggplater på veggane og takess i himlinga. Badet er innreia med servant, dusj og toalett.

To soverom i underetasje. Soverommet med tilkomst frå hallen har belegg på golvet, måla strie på veggane og takess i himlinga.
Det andre soverommet har teppe på golvet, strie på veggane og takess i himlinga. Dør frå dette soverommet til kjellarstove.

Romsleg kjellarstove med teppe på golvet, panel på veggane og planett i himlinga. Stor peisinnsats med plassmurt omramming av naturstein.
Dør får stova til bod under veranda.

Bod langs bakveggen på huset og bod under veranda er ikkje innreia, og har ubehandla overflater av betong og plater.

HOVUDETASJE:
Vindfang og gang med parkett på golvet, måla strie på veggane og takess i himlinga. Frå gangen er det trapp til underetasje.

Romsleg stove med mønt himling, noko som gjev ei god romkjensle. Golvflater med parkett, måla panel på veggane og plankett i himlinga. Det er montert vedomn.
Frå stova er det utgang til stor, overbygd veranda i fasade vest. Her kan ein nyte mange hyggjelege stunder med kveldssol.

Kjøkken med belegg på golvet, måla strie på veggane og takess i himlinga. Nyare kjøkkeinnreiing med profilerte måla overflater og laminat benkeplate med stålbeslag. Det er flis mellom benkeplate og overskåp. Frittståande kvitevarer som følgjer med i salet.
Plass til spisebord ved vindauget.

Dei to soveromma har belegg på golva, måla plater og måla miljøstrie på veggane, taksess i himlingane. Det er skåp i begge romma.
Utgang frå hovudsoverommet til overbygd altan.

Stort bad med flis på golv og varmekablar. Veggane har baderomsplater, takess i himlinga. Badet har romsleg innreiing med god skåpplass, servantplate, spegel, lysarmatur, veggmontert dusj med dusjvegg og toalett.

Meklar gjer særleg merksam på at seljar ikkje har bebudd eigedomen som vert lagt ut for sal. Seljar har difor ikkje spesifikk kunnskap om eigedomen, og har i avgrensa grad kunne supplere og/eller kontrollere opplysningane i denne salsoppgåva. Det kan i denne samanheng eksistere feil og skader på eigedomen som ikkje er spesifikt opplyst. Kjøpar vert oppmoda til å føreta ei særleg grundig synfaring, helst med bistand av teknisk sakkyndig.
Byggjemåte
Grunnmur av lettklinkerblokk, utvendig med murpussa måla overflater og innvendig med utlekta kledning.
Golv i underetasje av betong, delvis med tilfarargolv og delvis med påstøyp.
Etasjeskilje av trebjelkelag.
Ytterveggar over grunnmuren av 4" bindingsverk med utvendig kledning av trepanel.
Takkonstruksjon med saltakform og ventilert kaldloft, oppbygd av w-takstolar og med saksetakstolar over stova som har mønt himling.
Taktekking av betongtakstein med undertak av trefiberplater.
Vindage med trekarmar og 2- og 3-lags glas frå byggeåret.
Ytterdør med sidefelt i underetasje, i treverk med måla overflater og glas.
Ytterdør i hovudetasje i treverk med teakfinerte overflater og glas.
Altandør i treverk med måla overflater og 2-lags glas.
Ytterdør med sidefelt i boda under veranda av treverk med måla overflater.

Frå stova er det utgang til 22 m2 overbygd betongveranda i fasade vest.
Frå det eine soverommet er det utgang til overbygd altan med tredekke.
Ved hovudinngangen i underetasje er det inntrekk med måla treplatting på terreng.
Langs sørfasaden er det betongplatting over blindkjellaren som ligg mellom grunnmuren og fjellet. Blindkjellaren har tilkomst frå boda under terrassen.
Ved inngangen til hovudetasje, og mellom betongplattingen er den overbygde terrassen, er det trapper og plattingar av treverk med måla overflater.

Sanitæranlegg med vassrør av kopar og avløpsrør av plast med standard frå byggeåret.
200 liter varmtvasstank frå byggeåret.
Elektrisk anlegg med skjult installasjon og fordelingsskåp med overspenningsvern, jordfeilbrytar og automatsikringar.

Garasje med bod:
Golv og fundament av betong på planert terreng.
Yttervegg mot tilbakefylt terreng av betong, andre ytterveggar er av 4" bindingsverk.
Utvendig kledning av trepanel.
Takkonstruksjon med saltakform, oppbygd av plassbygde takstolar.
Taktekking av profilerte stålplater på undertak av kantskorne trobord uten undertekking.
Vindauge med trekarmar og enkle glas.
Ledda stålport med el. drift i garasjen.
Ytterdører av treverk med måla overflater.
Elektrisk anlegg er installert.

Med omsyn til den tekniske standarden på bygningane vert det elles vist til takst av Bjarte Roska, datert 13.09.2018.

Kjøpar pliktar å gjere seg kjend med innhaldet i taksten og i eigenerklæring frå seljar som ligg ved salsoppgåva før det vert lagt inn bod på eigedommen. Meklar gjer elles merksam på kjøpar si undersøkingsplikt med heimel i avhendingslova.
Areal og fordeling per etasje
Primærrom: 173 kvm, Bruksareal: 206 kvm, Bruttoareal: 227 kvm
Alle rom er P-rom unnateke: Bodareal.

BRA pr. etasje:
Hovudetasje: 101 m2
Underetasje: 105 m2
Areala er henta frå takst utført av autorisert takstmann og er i samsvar med NS 3940. Meklar har ikkje kontrollert areala.
Parkering
Parkering i garasje og på tunet.
Tomt
Areal: 1 725 kvm, Eierform: Eiet tomt

Tomta er fint opparbeida med innkøyrsle og romsleg tunplass med singel, forstøtningsmurar av betong med naturstein, betongterrasse, hage med grøntareal og plantar.
Sørleg del av tomta er med naturleg vegetasjon og grasmark. På terrassen mot sør er det grill/utepeis i betong med natursteinsforblending. Det gjenstår mindre arbeid for endeleg ferdigstilling av muren.
Regulering/offentleg godkjenning
Eigedomen ligg i LNF-område.
Veg, vatn, avlaup
Tilkomst til eigedomen via kommunal veg.
Privat vasskjelde med borehol som er felles med hovudbruket. Boreholet ligg på hovudbruket sin eigedom, men tekniske installasjonar for vasskjelda er plassert i bustadhuset på denne eigedomen. Utgifter til drift og vedlikehald av borehol og anlegg skal delast likt mellom eigedommane.
Avløp til privat slamskiljar av betong med kommunal tømming, registrert med volum på 3 m3.
Slamavskiljaren ligg på hovudbruket sin eigedom.
Energimerking
Oppvarmingskarakter Oransje - Energikarakter F
Tilkomst
Lett tilkomst frå kommunal veg. Sjå ev. www.finn.no, eller kontakt meklar for nærare opplysingar.
Oppvarming
- Vedomn i stova i hovudetasje.
- Peisinnsats med plassmurt omramming av naturstein i kjellarstova.
- Luft til luft varmepumpe.
- Varmekablar i golv i vindfanga, hallen, vaskerommet og i badet i hovudetasje.
- Anna oppvarming er basert på elektriske varmeomnar.
Kommunale avgifter
Kr. 8 340 pr. år inkl. eigedomsskatt.
Faste kostnader
Forsikring er estimert til mellom 4 - 8 000,- pr. år og vil variere med kva tilbod ein har med sitt forsikringselskap.
Straum og nettleige etter eige forbruk.
Eigar må sjølv teikne fullverdi og innbuforsikring. Prisar på dette vil variere med om ein er totalkunde osv. hjå forsikringselskap.
Likningsverdi
Likningsverdi som primærbustad kr 439 537 per 31.12.16
Likningsverdi som sekundærbustad kr 1 406 518 per 31.12.16
Ferdigattest
Det føreligg ikkje ferdigattest eller bruksløyve frå Askvoll kommune.
Konsesjon
Eigedomen er ikkje konsesjonspliktig.
Utleige
Eigedomen kan i sin heilhet leigast ut til bustadføremål.
Bustadseljarforsikring
Bustaden er seld med bustadseljarforsikring.
Bustadkjøparforsikring
Eigedomsmekling Sogn og Fjordane AS formidlar bustadkjøparforsikring frå HELP Forsikring AS. Dette er ei rettshjelpsforsikring som gir tryggleik og profesjonell juridisk hjelp dersom det vart oppdaga uventa feil og manglar ved bustaden. Ta kontakt med meklar for meir informasjon eller les meir om forsikringa på www.help.no.
Finansiering
Interessentar som ønskjer tilbod om finansiering i Sparebanken Sogn og Fjordane kan kontakte meklar.
Kvitvasking
Lov av 6. mars 2009 nr. 11 om tiltak mot kvitvasking og terrorfinansiering pålegg eigedomsmeklarar å gjennomføre legitimasjonskontroll og risikovurdering av alle kundar og/eller eventuelle reelle rettigheitshavarar. Dersom kunden ikkje oppfyller krava etter lova eller eigedomsmeklar har mistankar om at transaksjonar har tilknyting til utbyte frå straffbare handlingar eller forhold som rammast av straffelova §§ 131-136 a, kan eigedomsmeklaren stoppe gjennomføringa av transaksjonen eller eigedomshandelen. Eigedomsmeklaren kan ikkje haldast ansvarleg for dei konsekvensane dette vil kunne få for partane eller andre som har interesser i eigedomshandelen.
Bodgjeving
Alle bod skal gjevast skriftleg til meklar. Det første bodet skal gjevast på bodskjema påført bodgjevar sin signatur. I tillegg må bodgjevar ha legitimert seg. Seinare bod kan gjevast per e-post, SMS eller per faks til meklar. Bod kan også gjevast via bodgjevingsplattform på nett eller app. Veljast denne løysinga, er det ikkje krav til å sende det første bodet på bodskjema. Meklar skal så snart som muleg stadfeste skriftleg ovanfor bodgjevar at bod er motteke.

Bod som ikkje er skriftleg, eller som har kortare akseptfrist enn til kl. 12.00 dagen etter siste annonserte vising, vil ikkje bli formidla til seljar. Meklar vil heller ikkje formidle bod med atterhald om at bodet er hemmeleg for andre bodgjevarar. Eit bod er bindande for bodgjevar når bodet er blitt gjort kjent for seljar. Seljar står fritt til å akseptere eller forkaste eitkvart bod, og pliktar såleis ikkje å akseptere det høgste bodet på eigedomen.

Meklar skal, i den grad det er naudsynt og muleg, informere dei involverte i bodrunden skriftleg om status i bodgjevinga.
Meklar pliktar å leggje til rette for ei forsvarleg avvikling av bodrunden. For at boda skal kunne bli handsama og formidla vidare skriftlig til alle involverte partar, må eitkvart bod ha ein tilstrekkeleg lang akseptfrist, og uansett bør ikkje eit bod ha ein akseptfrist på mindre enn 30 minutt frå bodet vert gjeve. Seljar må skriftleg akseptere bodet før bodaksept kan formidlast til bodgjevar.
Ein gjer merksam på at bod som vert gjeve etter normal arbeidstid vert handsama/formidla påfølgjande arbeidsdag.

Seljar og kjøpar har krav på å få utlevert kopi av bodjournalen straks etter at handel er komt i stand. Alle som har gjeve bod på eigedomen kan på førespurnad få en kopi av anonymisert bodjournal etter at bodrunden er avslutta.
Ein syner elles til "Forbrukarinformasjon om bodgjeving", som er teke inn på baksida av bodskjema i salsoppgåva.
Overtaking
Etter avtale med seljar.
Seld "som den er"
Salet vert regulert av Lov om avhending av fast eigedom. Eigedomen vert seld i den stand den var under synfaring, jf. avhendingslova § 3-9, "som den er". Dette avtalepunktet medfører at avhendingslova sine reglar om når eigedomen har mangel vert fråvike til ugunst for kjøpar.

Eigedomen har likevel mangel i følgjande tilfelle:
Når kjøpar ikkje har fått opplysningar om forhold ved eigedomen som seljar kjende eller måtte kjenne til, og som kjøpar hadde grunn til å rekne med å få. Dette gjeld likevel berre dersom ein kan gå ut frå at det har verka inn på avtalen at opplysningane ikkje vart gitt.
Når seljar har gitt urette opplysningar om eigedomen. Det same gjeld dersom eigedomen ikkje er i samsvar med opplysningar som er gitt i annonse, salsprospekt eller ved anna marknadsføring på vegne av seljar. Dette gjeld likevel berre dersom ein kan gå ut frå at opplysningane har verka inn på avtalen, og ikkje har vorte retta i tide.
Når eigedomen er i vesentleg dårlegare stand enn kjøpar hadde grunn til å rekne med ut frå kjøpesummen og forholda elles.
Når tomta har vesentleg mindre areal enn opplyst av seljar.
Nøkkelinfo
Primærrom ? 173 m2
Bruksareal ? 206 m2
Bruttoareal ? 227 m2
Byggeår 1977
Tomte­areal 1725 m2
Eigarskifte­forsikring Ja
Energi­merking ? F
Vising

Ta kontakt for å avtale vising.

Kontakt meklar
Bilete av Ben  Inge  Rasmussen
Ben Inge Rasmussen
Eigedomsmeklar
Førde
Bilete av Randi  Vigdal
Randi Vigdal
Eigedomsmeklar MNEF
Førde
Tilbake til bustadutlisting

Skal gje forbrukarane kunnskap om energiforbruket til bueininga. Alle bustader, fritidsbustader og yrkesbygg skal energimerkast ved sal og utleige. Sjå energimerking.no for meir informasjon.

P-rom vert målt frå innsida av yttervegg inkludert veggane mellom desse areala. Dette er innvendige areal av bustaden som vert brukt til kort- eller langvarig opphald (opphaldsrom), til dømes stove, kjøken, bad, soverom, vaskerom og gangareal mellom desse. Bodareal/areal for lagring/tekniske rom inngår ikkje i primærrom.

Arealet av bygingen målt frå utvendig vegg til utvendig vegg eller midt i skiljevegg mot anna brukseining eller fellesareal.

Bruksareal er summen av det arealet som ligg innanfor ytterveggane, og vert målt frå innsida av yttervegg til innsida av yttervegg. Alt areal av innvendige veggar er medrekna. Målbart areal skal ha takhøgd på 1,9 meter.

Dersom sal til prisframlegg.

Reknestykket legg til grunn at det berre vert tinglyst ein låneobligasjon og at eigedomen vert seld til prisframlegg.

Vanlege kostnader ved kjøp er:

  • dokumentavgift (2,5% av kjøpesum)
  • tinglysingsgebyr for skøyte (kr. 525,-)
  • tinglysingsgebyr for pantedokument (kr. 525,-)
  • panteattest (kr. 172,-).

Reknestykket legg til grunn at det berre vert tinglyst ein låneobligasjon og at eigedomen vert seld til prisframlegg.

Vanlege kostnader ved kjøp er:

  • tinglysingsgebyr for skøyte (kr. 430,-)
  • tinglysingsgebyr for pantedokument (kr. 430,-)
  • panteattest (kr. 172,-).

I tillegg kan det kome eigarskiftegebyr.

Reknestykket legg til grunn at det berre vert tinglyst ein låneobligasjon og at eigedomen vert seld til prisframlegg.

Vanlege kostnader ved kjøp er:

  • noteringsgebyr
  • transportgebyr
  • eigarskiftegebyr
  • medlemskapsgebyr
Vindheimsvegen 95
Holmedal
Prisant. 1580000
Soverom 5
Bustadtype Einebustad
Eigarform Eigar (Sjølveigar)
Nøkkelinfo
Primærrom ? 173 m2
Bruksareal ? 206 m2
Bruttoareal ? 227 m2
Byggeår 1977
Tomte­areal 1725 m2
Eigarskifte­forsikring Ja
Energi­merking ? F
Vising

Ta kontakt for å avtale vising.

Kor mykje treng du låne?
Prøv Sparebanken Sogn og Fjordane sin lånekalkulator
I nærområdet