Nyare sjølveigar leilegheit med gangavstand til alt!

Vis i kart
Sandplassen 31
Nordfjordeid
Prisant. 3250000
Soverom 2
Bustadtype Leilegheit
Eigarform Eigar (Sjølveigar)

Nyare sjølveigar leilegheit med gangavstand til alt!

Eigedom
Sandplassen 31
6770 Nordfjordeid
Om eigedomen
Ønskjer du å bu sentralt, men samtidig litt tilbaketrukkent? Åpent og luftig utsyn mot Malakoff og fjellheimen. Flott turområde rett utom døra og ei lys, triveleg og praktisk ny leilegheit i eit spennande område.
Ei helg i året er ein akkurat der det skjer, rett på sida av festivaleventyret. Malakoff Rockfestival er sjølvsagt berre eit av fleire spennande høgdepunkt for dette nydelege området i løpet av eit år.
Sentrumsgryta er eit par minutter gange frå leilegheita og barnehagar, skular, idrettshallar og turar til fots, sykkel og båt er kort veg unna.
Innhald
Leilegheita er over eit plan, 2. etasje og inneheld:
Gang, 2 soverom, bad/vaskerom, stove/kjøkken og bod
Standard
Kjøkkenet er åpent mot stova, her er det kvit kjøkkeninnredning med skap som gpr heilt i taket, grå laminat benkeplate og med integrert induksjonstopp, komfyr, oppvaskemaskin, kjøleskåp og fryseskåp. Det er godt med plass for spisebord.
I stova er det motert ein flott peisomn som er tilknytta utvendig stålpipe. Frå stove/kjøkken er det utgang til altan som rommar t.d. sitjegruppe og grill, denne er delvis overbygd.

Linn Bad baderomsinnredning med kvite glatte frontar og med fastmontert spegel med belysning i overkant. Elles på badet er det varmekablar på golv. Bad/vaskerom er utstyrt med golvmontert klosett, dusj med hengsla glasdører og heilstøypt kvit vask i kvit baderomsinnredning. På vegg er det montert flisplater på veggane og på golv er det flis. Det er varmekablar i golvet.

Soverom

Overflater generelt:
Himlingsbekledning; måla takplater 60x120 cm.
Veggbekledning; i hovedsak ferdigbehandla mdf-plater, flisplater på boda.
Golvbekledning; i hovedsak laminatgolv, golvflis i gangen og belegg på boda.

Downlights i gangen, badet og i stova/kjøkkenet.

Vassrør av plast rør-i-rør system med stoppekrane, vassmålar, rørskåp og 200 liters
varmtvannstank på boda.
Avløpsrør av plast.
Fordelingsskåp montert i boda med automatsikringar og med skjult el.installasjon.
Framlagt fiber.
Seriekobla brannvarslingssystem med sentral montert på boda.
Byggjemåte
Grunnforhold av sand og morenemasser. Fundamentert med Vartdal isolerte ringmurselementer med betong. Ytterveggar av 20 cm isolert bindingsverk med ytterkledning av liggande dobbeltfalsa trekledning. Saltakkonstruksjon med prefabrikerte w-takstolar med 40 cm isolasjon. Etasjeskille og skillevegg mot tilstøtande leilegheit oppført i brann- og lydisolert treutførelse. Taktekking av betongtakstein med snøfangarar.
Alu. takrenner og nedløpsrør. Vindauger med 3-lags glas i trekarm, innvendig solskjerming m/lamellar for to vindauger i stova samt på begge soveromma.
Carport:
Grunnforhold av grus og morenemasser. Fundamentert med såle og golv på grunn av betong. Ytterveggar av 4" bindingsverk med ytterkledning av liggande dobbeltfalsa trekledning. Saltakkonstruksjon med prefabrikerte w-takstolar. Taktekking av betongtakstein med alu. takrenner og nedløpsrør.
Kvit ytterdør til boda. Boda har to veggsider kledt med rupanel og gipsplater og elles ingen himling- ellers veggbekledning. Carporten har vegg mot boda som er kledt med rubpanel og ei veggside som er kledt med gipsplater og trefiberplater som brystning, elles med opa løys i front og mot eine tilstøtande carporten.
Framlagt straum til lys og el.kontakter.
Med omsyn til den tekniske standarden på bygningane vert det elles vist til takst av Kristen Eikenæs, datert 17.10.2018.

Kjøpar pliktar å gjere seg kjend med innhaldet i taksten og i eigenerklæring frå seljar som ligg ved salsoppgåva før det vert lagt inn bod på eigedommen. Meklar gjer elles merksam på kjøpar si undersøkingsplikt med heimel i avhendingslova.
Areal og fordeling per etasje
Primærrom: 88 kvm, Bruksareal: 93 kvm
Alle rom er P-rom unnateke:

BRA pr. etasje:
2.Etasje: 93 kvm

Areala er henta frå takst utført av autorisert takstmann og er i samsvar med NS 3940. Meklar har ikkje kontrollert areala.
Parkering
Parkering i carport og elles på felles areal tilhøyrande sameiget.
Tomt
Areal: 5 219 kvm, Eierform: Fellestomt

Fellesareal for sameiget. For det meste asfaltert.
Regulering/offentleg godkjenning
Eigedommen ligg i område regulert til bustadføremål med utnyttingsgrad BYAmin=30% og BYAmaks= 80%. Område sør og søraust for eigedommen er regulert for hotellføremål. PlanID 2005002
Veg, vatn, avlaup
Eigedommen er tilknytta offentleg veg, vatn og avlaup via private stikkledning.
Tilkomst
Det er enkel adkomst til eigedommen.
Oppvarming
Balansert ventilasjonsanlegg med varmegjenvinning
Kommunale avgifter
Kr. 8 130 pr. år
Renovasjon til NoMil vil komme i tillegg.
Eigedomsskatt til Eid kommune vil også komme i tillegg i 2019. Denne er pt på 4 promille. inkl. evt. eigedomsskatt.
Faste kostnader
Straum og nettleige etter eige forbruk.
Eigar må sjølv teikne fullverdi og innbuforsikring. Prisar på dette vil variere med om ein er totalkunde osv. hjå forsikringselskap.
Meklar gjer merksam på at desse utgiftene er knytt til dagens eigar og at desse vil kunne endre seg med omsyn til anna bruk av bustaden enn i dag eller andre avtalar med leverandørar.
Felleskostnad på kr 1000 pr mnd.
Likningsverdi
Likningsverdi som primærbustad kr per
Likningsverdi som sekundærbustad kr per
Ferdigattest
Det føreligg mellombels bruksløyve frå Eid kommune datert 16.2.2018. Denne ligg vedlagt.
Felleskostnader
880 pr. mnd. Straum i carport og fellesanlegg, forretningsførsel, felles byggforsikring og elles diverse felles drift.
Opplysningar om sameige.


Med eigarseksjon meinast sameigedel i bebygd eigedom med tilknytta einerett til bruk av ein av fleire bustader eller andre brukseiningar i eigedomen.
I følgje lov om eigarseksjonar kan ingen erverve meir enn to bustadseksjonar i sameige.
Rekneskap/vedtekter
Kjøpar vert oppmoda til å setje seg inn i rekneskap, vedtekter og evt. husordensreglar. Kjøpar godkjenner som bindande for seg sameiget sine vedtekter og husordensreglar herunder evt. reglar om husdyrhald.

Her finns budsjett for inneværande år då sameiget er nyoppstarta.
Forretningsførar/rekneskapsførar
BOB
Godkjenning/forkjøpsrett
Det er ikkje vedtektsfesta forkjøpsrett for sameiget.
Legalpant
Sameige har legalpant for inntil 2G for dekking av ubetalte felleskostnader.
Utleige
Seksjonen kan i sin heilheit leigast ut til bustadføremål.
Diverse
Det pågår diverse byggaktivitetar i området.
Forsikring
Eigedomen er forsikra gjennom sameige og vert betalt som ein del av felleskostnadane. Kjøpar må teikne innbuforsikring frå overtakingsdato.
Bustadseljarforsikring
Bustaden er seld med bustadseljarforsikring.
Bustadkjøparforsikring
Eigedomsmekling Sogn og Fjordane AS formidlar bustadkjøparforsikring frå HELP Forsikring AS. Dette er ei rettshjelpsforsikring som gir tryggleik og profesjonell juridisk hjelp dersom det vart oppdaga uventa feil og manglar ved bustaden. Ta kontakt med meklar for meir informasjon eller les meir om forsikringa på www.help.no.
Finansiering
Interessentar som ønskjer tilbod om finansiering i Sparebanken Sogn og Fjordane kan kontakte meklar.
Kvitvasking
Lov av 6. mars 2009 nr. 11 om tiltak mot kvitvasking og terrorfinansiering pålegg eigedomsmeklarar å gjennomføre legitimasjonskontroll og risikovurdering av alle kundar og/eller eventuelle reelle rettigheitshavarar. Dersom kunden ikkje oppfyller krava etter lova eller eigedomsmeklar har mistankar om at transaksjonar har tilknyting til utbyte frå straffbare handlingar eller forhold som rammast av straffelova §§ 131-136 a, kan eigedomsmeklaren stoppe gjennomføringa av transaksjonen eller eigedomshandelen. Eigedomsmeklaren kan ikkje haldast ansvarleg for dei konsekvensane dette vil kunne få for partane eller andre som har interesser i eigedomshandelen.
Bodgjeving
Alle bod skal gjevast skriftleg til meklar. Det første bodet skal gjevast på bodskjema påført bodgjevar sin signatur. I tillegg må bodgjevar ha legitimert seg. Seinare bod kan gjevast per e-post, SMS eller per faks til meklar. Bod kan også gjevast via bodgjevingsplattform på nett eller app. Veljast denne løysinga, er det ikkje krav til å sende det første bodet på bodskjema. Meklar skal så snart som muleg stadfeste skriftleg ovanfor bodgjevar at bod er motteke.

Bod som ikkje er skriftleg, eller som har kortare akseptfrist enn til kl. 12.00 dagen etter siste annonserte vising, vil ikkje bli formidla til seljar. Meklar vil heller ikkje formidle bod med atterhald om at bodet er hemmeleg for andre bodgjevarar. Eit bod er bindande for bodgjevar når bodet er blitt gjort kjent for seljar. Seljar står fritt til å akseptere eller forkaste eitkvart bod, og pliktar såleis ikkje å akseptere det høgste bodet på eigedomen.

Meklar skal, i den grad det er naudsynt og muleg, informere dei involverte i bodrunden skriftleg om status i bodgjevinga.
Meklar pliktar å leggje til rette for ei forsvarleg avvikling av bodrunden. For at boda skal kunne bli handsama og formidla vidare skriftlig til alle involverte partar, må eitkvart bod ha ein tilstrekkeleg lang akseptfrist, og uansett bør ikkje eit bod ha ein akseptfrist på mindre enn 30 minutt frå bodet vert gjeve. Seljar må skriftleg akseptere bodet før bodaksept kan formidlast til bodgjevar.
Ein gjer merksam på at bod som vert gjeve etter normal arbeidstid vert handsama/formidla påfølgjande arbeidsdag.

Seljar og kjøpar har krav på å få utlevert kopi av bodjournalen straks etter at handel er komt i stand. Alle som har gjeve bod på eigedomen kan på førespurnad få en kopi av anonymisert bodjournal etter at bodrunden er avslutta.
Ein syner elles til "Forbrukarinformasjon om bodgjeving", som er teke inn på baksida av bodskjema i salsoppgåva.
Overtaking
Etter avtale med seljar.
Seld "som den er"
Salet vert regulert av Lov om avhending av fast eigedom. Eigedomen vert seld i den stand den var under synfaring, jf. avhendingslova § 3-9, "som den er". Dette avtalepunktet medfører at avhendingslova sine reglar om når eigedomen har mangel vert fråvike til ugunst for kjøpar.

Eigedomen har likevel mangel i følgjande tilfelle:
Når kjøpar ikkje har fått opplysningar om forhold ved eigedomen som seljar kjende eller måtte kjenne til, og som kjøpar hadde grunn til å rekne med å få. Dette gjeld likevel berre dersom ein kan gå ut frå at det har verka inn på avtalen at opplysningane ikkje vart gitt.
Når seljar har gitt urette opplysningar om eigedomen. Det same gjeld dersom eigedomen ikkje er i samsvar med opplysningar som er gitt i annonse, salsprospekt eller ved anna marknadsføring på vegne av seljar. Dette gjeld likevel berre dersom ein kan gå ut frå at opplysningane har verka inn på avtalen, og ikkje har vorte retta i tide.
Når eigedomen er i vesentleg dårlegare stand enn kjøpar hadde grunn til å rekne med ut frå kjøpesummen og forholda elles.
Når tomta har vesentleg mindre areal enn opplyst av seljar.
Nøkkelinfo
Primærrom ? 88 m2
Bruksareal ? 93 m2
Byggeår 2017
Tomte­areal 5219 m2
Eigarskifte­forsikring Ja
Vising

Ta kontakt for å avtale vising.

Kontakt meklar
Bilete av Sissel  Anett  Halnes
Sissel Anett Halnes
Eigedomsmeklar MNEF
Nordfjordeid
Tilbake til bustadutlisting

Eigedom må som hovudregel energimerkast ved sal eller utleige.  Energimerking oppsummerer energitilstanden for bygningen med ein energikarakter og ein oppvarmingskarakter. Energikarakteren seier noko om venta energibruk og oppvarmingskarakterine seier noko om kor stor grad av fornybare energikjelder som vert nytta til oppvarming av rom og vatn. Oppvarming med elektrisitet eller olje gir dermed raud oppvarmingskarakter.

Innvendig areal av bustaden sin primære del inkludert veggane mellom desse. Dette er rom som ein naturleg oppheld seg i, som til dømes stove, kjøken, bad, soverom, vaskerom og gangareal mellom desse.

Innvendig areal målt frå innsida av yttervegg. Alt areal av innvendige veggar er medrekna. Målbart areal skal ha takhøgd på 1,9 meter.

Om bruksareal

Sandplassen 31
Nordfjordeid
Prisant. 3250000
Soverom 2
Bustadtype Leilegheit
Eigarform Eigar (Sjølveigar)
Nøkkelinfo
Primærrom ? 88 m2
Bruksareal ? 93 m2
Byggeår 2017
Tomte­areal 5219 m2
Eigarskifte­forsikring Ja
Vising

Ta kontakt for å avtale vising.

Kor mykje treng du låne?
Prøv Sparebanken Sogn og Fjordane sin lånekalkulator
I nærområdet