Leileghet med 2 soverom. Ligg i øvste etasje. Carport og sportsbod. VISNING 18/12 KL. 17:00 VELKOMMEN!

Vis i kart
Strynevegen 17
Stryn
Prisant. 2950000
Soverom 2
Etasje 2
Bustadtype Leilegheit
Eigarform Eigar (Sjølveigar)

Leileghet med 2 soverom. Ligg i øvste etasje. Carport og sportsbod. VISNING 18/12 KL. 17:00 VELKOMMEN!

Eigedom
Strynevegen 17
6783 Stryn
2. etasje
Om eigedomen
Leilegheta ligg i 2. etasje i ein firemannsbustad like utafor Stryn sentrum. Bustadsameige består av totalt 8 like leilegheter fordelt på to bygningar. Det er Norhus Ørsta As som har vært tiltakshavar/utbygger på eigedommen. Leilegheta vart solgt til dagens eigar, klar til legging av tak, vegger og golv inne, og som nå er gjort ferdig. Så nå har du mulighet for å få deg en flott leileghet der du kan flytte inn og nyte leilegheta, utsikten og nærheita til sentrum og ikke bekymre deg for oppussing og oppgraderinger.
Innhald
Vindfang, hall, 2 soverom, bad/vaskerom, stova med åpa kjøkkenløysing. I tillegg har ein ei romsleg bod inne i leilegheta og ei sportsbod i forbindelse med carporten.
Standard
Flott leileghet som ligger i 2. etasje, mot aust i en firemannsbustad. Leilegheta er innhaldsrik og ein kjem først inn i eit vindfang der ein har plass til å sette frå seg litt sko og yttertøy. Deretter går ein inn i ein gang med soverom på den eine sida og bad og bod på den andre sida. I enden av gangen kjem ein inn til stova og kjøkkenet. Frå stova har ein dør ut til terrassen. Leilegheta er ellers utstyrt med balansert ventilasjonsanlegg med varmegjenvinning. Downlight i tak både i stove/kjøkken, gang og bad. Ute har ein parkering til to bilar samt ei innhaldsrik sportsbod.

Vindfang, gang og bod:
Vindfanget er romsleg så her har ein god plass til å henge frå seg yttertøy og sko. Vindfang og gang har laminat på golv og måla panelplater på veggene. Gangen har downlights i taket. Boda/teknisk er og nytta som vaskerom med god plass til både vaskermaskin og tørketrommel, og til å sette frå seg både vaskeutstyr, kofferter etc. I tillegg har ein og ei utebod/sportsbod der ein kan sette frå seg syklar, skiutstyr, barnevogn etc.

Bad/vaskerom:
Flott bad med fliser på golv og plater på veggene. Baderomsinnreiing med vegghengt toalett, dusjhjørne og vask nedfelt i skåpseksjon.Flott spegelskåp med lys, over vasken. Badet er laga til av dagens eigar men Norhus har godkjent membranlegging.

Stova/kjøkken:
Stova og kjøkkenet har lysmåla vegger og store vindauge som gjer mykje lys til rommet. Det er og dør ut til ein romsleg terrasse som vender mot sør og elva. Terrassen er adskilt med vegg mot naboleilegheta så her er ein relativt godt uskjenert. Kjøkkenet er innhaldsrikt og har greit med skåp og skuffer. Fin standard med lyse frontar og lekkert design. Kjøkkenet har integrerte kvitevarer som komfyr, oppvaskmaskin, kjøle- og fryseskåp og platetopp. Rommet har god plass til både et romsleg spisebord der ein kan nyte et godt måltid saman med gode vener, samt at ein har god plass til ei romsleg sofagruppe foran tv. På golv har ein lys laminat som er slitesterkt og moderne og på veggene er det måla panelplater.
Moderne vedovnt i stova/kjøkkenet som er godt å ha på kalde kveldar.

Soverom:
To gode soverom med lamint på golv og lysmåla panelplater på veggene. På hovudsoverommet følger det med et garderobeskåp. Her har ein og plass til å sette inn ein kommode eller liknande. Det andre soverommet er noke mindre og berekna som barerom eller ein kan nytte det som eit gjesterom. Her kan ein og installere et enkelt skåp eller ein kommode.
Byggjemåte
I følge Norhus sin leveransebeskrivelse så vert bustaden levert etter lavenergistandarden med 20 cm isolasjon i yttervegger, og 40 cm i tak. Alle vindauga er oppgraderte med 3-lags superenergiglas. Det er også eit høgeffektif balansert ventilasjonsaggregat med varmeattvinning, samt vedovn i stova.

Kjøpar pliktar å gjere seg kjend med innhaldet i eigenerklæring frå seljar som ligg ved salsoppgåva før det vert lagt inn bod på eigedommen. Meklar gjer elles merksam på kjøpar si undersøkingsplikt med heimel i avhendingslova.
Areal og fordeling per etasje
Primærrom: 78 kvm, Bruksareal: 82 kvm
Alle rom er P-rom unnateke: Bod

BRA pr. etasje:
2. Etasje: 82 m2

Areala er henta frå teikningar og frå salgsprospekt frå utbyggar. Meklar har ikkje kontrollert areala og desse kan være noke unøyaktige da ikkje er gjort oppmåling etter at bygget vart ferdig.
Parkering
Carport til ein bil. Oppstillingsplass på felles tomt.
Tomt
Areal: 2 222 kvm, Eierform: Fellestomt for heile sameige
Regulering/offentleg godkjenning
Eigedommen er regulert til bustad i følge reguleringsplan for riksveg 15-02 Rise bru - STryn aust.
Veg, vatn, avlaup
Offentleg vatn
Offentlevg avløp
Eiegedommen er knytt til fellestank.
Privat felles veg.
Energimerking
Oppvarmingskarakter Oransje - Energikarakter B
Tilkomst
Enkel tilkomst frå hovudveg og på privat felles veg.
Oppvarming
Vedovn i stova og varmekablar i golv på bad
Kommunale avgifter
Kr. 9 326 pr. år
Vassavgift kr. 2923, kloakkavgift kr. 2090, feiing kr. 460, eigedomsskatt kr. 111.
Eigedomsskatten vert taksert på ny i 2019 og vil nok ble høgre.
Faste kostnader
Straum og nettleige etter eige forbruk.
Innbuforsikring.
Fellesutgifter til sameiget.
Tv og internett
Kommunale avgifter og eigedomskatt.
Renovasjon
Meklar gjer merksam på at faste laupande kostnader vil kunne variere med omsyn til bruk av bustaden og avtalar med leverandørar.
Likningsverdi
Likningsverdien er førebels ikkje fastsett. Denne vert fastsett av Skatteetaten etter overtaking, og vil normalt vere 25-30% av første gangs kjøpesum.
Ny eigar må pårekne ny likningsverdi med grunnlag i kjøpesum.
Ferdigattest
Det føreligg ferdigattest frå Stryn kommune datert 18.09.2018. Denne ligg vedlagt.
Felleskostnader
Det er pr. i dag ikkje etablert noke sameige men det er teikna fellesforsikring i Frende, på bygget. Dette vil bli ein del av felleskostnadane.
Sameige bør organiserast så snart som mogleg. For utan forsikring kan ein i sameige velge kva ein ønskjer å ha felles og kva som skal inngå i felleskostnadane. Det anbefales og at ein sett av ein månedleg sum til framtidig vedlikehald.
Opplysningar om sameige.
Sameiget vil bestå av 8 bustadseksjonar. Det er utarbeidd vedtekter for sameiget som følgjer vedlagt. Desse vert bindande for kjøparane. Sameiget sine eigarar må etter overtakinga sjølv setje sitt preg på vedtektene og eventuelt lage seg husordensreglar. Desse må vere innanfor eigarseksjonslova sine grenser.

Med eigarseksjon meinast sameigedel i bebygd eigedom med tilknytta einerett til bruk av ein av fleire bustader eller andre brukseiningar i eigedomen. I følgje lov om eigarseksjonar kan ingen erverve meir enn to bustadseksjonar i sameige.
Rekneskap/vedtekter
Kjøpar godkjenner som bindande for seg sameiget sine vedtekter og eventuelt husordensreglar .
Sameiget er ikkje registrert . Vi har difor ikkje motteke rekneskap, budsjett, ol og kan difor ikkje opplyse om slike forhold.
Forretningsførar/rekneskapsførar
Ikkje etablert sameige eller forretningsførar.
Godkjenning/forkjøpsrett
Ingen styregodkjenning eller forkjøpsrett.
Legalpant
Sameige har legalpant for inntil 2G for dekking av ubetalte felleskostnader.
Utleige
Seksjonen kan i sin heilheit leigast ut til bustadføremål.
Forsikring
Eigedomen er forsikra gjennom sameige og vert betalt som ein del av felleskostnadane. Kjøpar må teikne innbuforsikring frå overtakingsdato. Sameige er ikkje etablert da leileghetane er nye. Det er selgars ansvar å sørge for at eiendommen er forsikra til ny eigar overtar.
Bustadseljarforsikring
Bustaden er seld utan bustadseljarforsikring.
Bustadkjøparforsikring
Eigedomsmekling Sogn og Fjordane AS formidlar bustadkjøparforsikring frå HELP Forsikring AS. Dette er ei rettshjelpsforsikring som gir tryggleik og profesjonell juridisk hjelp dersom det vart oppdaga uventa feil og manglar ved bustaden. Ta kontakt med meklar for meir informasjon eller les meir om forsikringa på www.help.no.
Finansiering
Interessentar som ønskjer tilbod om finansiering i Sparebanken Sogn og Fjordane kan kontakte meklar.
Kvitvasking
Lov av 6. mars 2009 nr. 11 om tiltak mot kvitvasking og terrorfinansiering pålegg eigedomsmeklarar å gjennomføre legitimasjonskontroll og risikovurdering av alle kundar og/eller eventuelle reelle rettigheitshavarar. Dersom kunden ikkje oppfyller krava etter lova eller eigedomsmeklar har mistankar om at transaksjonar har tilknyting til utbyte frå straffbare handlingar eller forhold som rammast av straffelova §§ 131-136 a, kan eigedomsmeklaren stoppe gjennomføringa av transaksjonen eller eigedomshandelen. Eigedomsmeklaren kan ikkje haldast ansvarleg for dei konsekvensane dette vil kunne få for partane eller andre som har interesser i eigedomshandelen.
Bodgjeving
Alle bod skal gjevast skriftleg til meklar. Det første bodet skal gjevast på bodskjema påført bodgjevar sin signatur. I tillegg må bodgjevar ha legitimert seg. Seinare bod kan gjevast per e-post, SMS eller per faks til meklar. Bod kan også gjevast via bodgjevingsplattform på nett eller app. Veljast denne løysinga, er det ikkje krav til å sende det første bodet på bodskjema. Meklar skal så snart som muleg stadfeste skriftleg ovanfor bodgjevar at bod er motteke.

Bod som ikkje er skriftleg, eller som har kortare akseptfrist enn til kl. 12.00 dagen etter siste annonserte vising, vil ikkje bli formidla til seljar. Meklar vil heller ikkje formidle bod med atterhald om at bodet er hemmeleg for andre bodgjevarar. Eit bod er bindande for bodgjevar når bodet er blitt gjort kjent for seljar. Seljar står fritt til å akseptere eller forkaste eitkvart bod, og pliktar såleis ikkje å akseptere det høgste bodet på eigedomen.

Meklar skal, i den grad det er naudsynt og muleg, informere dei involverte i bodrunden skriftleg om status i bodgjevinga.
Meklar pliktar å leggje til rette for ei forsvarleg avvikling av bodrunden. For at boda skal kunne bli handsama og formidla vidare skriftlig til alle involverte partar, må eitkvart bod ha ein tilstrekkeleg lang akseptfrist, og uansett bør ikkje eit bod ha ein akseptfrist på mindre enn 30 minutt frå bodet vert gjeve. Seljar må skriftleg akseptere bodet før bodaksept kan formidlast til bodgjevar.
Ein gjer merksam på at bod som vert gjeve etter normal arbeidstid vert handsama/formidla påfølgjande arbeidsdag.

Seljar og kjøpar har krav på å få utlevert kopi av bodjournalen straks etter at handel er komt i stand. Alle som har gjeve bod på eigedomen kan på førespurnad få en kopi av anonymisert bodjournal etter at bodrunden er avslutta.
Ein syner elles til "Forbrukarinformasjon om bodgjeving", som er teke inn på baksida av bodskjema i salsoppgåva.
Overtaking
Etter avtale med seljar.
Seld "som den er"
Salet vert regulert av Lov om avhending av fast eigedom. Eigedomen vert seld i den stand den var under synfaring, jf. avhendingslova § 3-9, "som den er". Dette avtalepunktet medfører at avhendingslova sine reglar om når eigedomen har mangel vert fråvike til ugunst for kjøpar.

Eigedomen har likevel mangel i følgjande tilfelle:
Når kjøpar ikkje har fått opplysningar om forhold ved eigedomen som seljar kjende eller måtte kjenne til, og som kjøpar hadde grunn til å rekne med å få. Dette gjeld likevel berre dersom ein kan gå ut frå at det har verka inn på avtalen at opplysningane ikkje vart gitt.
Når seljar har gitt urette opplysningar om eigedomen. Det same gjeld dersom eigedomen ikkje er i samsvar med opplysningar som er gitt i annonse, salsprospekt eller ved anna marknadsføring på vegne av seljar. Dette gjeld likevel berre dersom ein kan gå ut frå at opplysningane har verka inn på avtalen, og ikkje har vorte retta i tide.
Når eigedomen er i vesentleg dårlegare stand enn kjøpar hadde grunn til å rekne med ut frå kjøpesummen og forholda elles.
Når tomta har vesentleg mindre areal enn opplyst av seljar.
Nøkkelinfo
Primærrom ? 78 m2
Bruksareal ? 82 m2
Byggeår 2018
Tomte­areal 2222 m2
Energi­merking ? B
Vising
tysdag 18. desember, 17:00 – 18:00
Kontakt meklar
Bilete av Norunn  Aarnes
Norunn Aarnes
Eigedomsmeklar MNEF
Stryn
Tilbake til bustadutlisting

Eigedom må som hovudregel energimerkast ved sal eller utleige.  Energimerking oppsummerer energitilstanden for bygningen med ein energikarakter og ein oppvarmingskarakter. Energikarakteren seier noko om venta energibruk og oppvarmingskarakterine seier noko om kor stor grad av fornybare energikjelder som vert nytta til oppvarming av rom og vatn. Oppvarming med elektrisitet eller olje gir dermed raud oppvarmingskarakter.

Innvendig areal av bustaden sin primære del inkludert veggane mellom desse. Dette er rom som ein naturleg oppheld seg i, som til dømes stove, kjøken, bad, soverom, vaskerom og gangareal mellom desse.

Innvendig areal målt frå innsida av yttervegg. Alt areal av innvendige veggar er medrekna. Målbart areal skal ha takhøgd på 1,9 meter.

Om bruksareal

Strynevegen 17
Stryn
Prisant. 2950000
Soverom 2
Etasje 2
Bustadtype Leilegheit
Eigarform Eigar (Sjølveigar)
Nøkkelinfo
Primærrom ? 78 m2
Bruksareal ? 82 m2
Byggeår 2018
Tomte­areal 2222 m2
Energi­merking ? B
Vising
tysdag 18. desember, 17:00 – 18:00
Kor mykje treng du låne?
Prøv Sparebanken Sogn og Fjordane sin lånekalkulator
I nærområdet