Småbruk på Hundeide

Vis i kart
Torheimsvegen 663
Nordfjordeid
Prisant. 1750000
Soverom 4
Bustadtype Einebustad
Eigarform Eigar (Sjølveigar)

Småbruk på Hundeide

Eigedom
Torheimsvegen 663
6770 Nordfjordeid
Om eigedomen
Eigedomen ligg fint til på Hundeide ca. 7 km. frå Nordfjordeid sentrum med skule, barnehage og alt av daglege servicetilbod. Upåklagelig utsikt og sol sommarstid til ca kl. 22. på det lengste. Tunet er fint opparbeida med lite hellning i eit elles bratt terreng. Eigedomen er delt inn i tre parsellar og har naust med eigedomsrett i strandlinje.
Innhald
Husværet er over tre etasjar og inneheld:
Kjeller 5 boder
1. etasje: trapperom, bad/vaskerom, kjøkken, to stover og bod
2. etasje: trapperom, bad, fire soverom, stue
Standard
Hovudhusvær:

Kjøkken av god storleik med kvit Ikea kjøkkeninnredning med benkeplate av lakkert eik med nedfelt kvit porselenvask, kvite veggflis over benk og med integrert steiketopp, komfyr, kjøleskåp og fryseskåp samt opplegg til oppvaskemaskin.

Spisestive og stove er oppgradert, men har beholdt flotte tømmerveggar. Det er utgang til altan og vidare til uteområde herfrå.

Bad i 1. etasje er av god storleik. Det er praktisk dusjhjørne og opplegg for vaskemaskin. Heiltre baderomsinnreiing medd dobbel servant. Fliser både på golv og vegg. Varmekabel på golv.
Bad 2.etg. med kvit baderomsinnredning. Bad 2.etg. med himling med måla takplater 60x120 cm, baderomsplater på veggane og belegg og
noko terraflex på golvet.

Plassbygde hyller på boda i 1.etg.

Overflater generelt:
Himlingsbekledning; I hovedsak måla takplater 60x120 cm og måla plater, i eine stova er her
tynnplater og beisa "bjelkar", måla "bjelkar" på kjøkkenet.
Veggbekledning; I hovedsak mdf-plater, elles måla/ubehandla tømmer og noko panel.
Golvbekledning; I hovedsak 3-stavs eikeparkett, tregolv/sponplater på boda.

Kjellarrom; Himling som måla eternitplater og måla panel/rupanel. Veggar med i hovedsak som
måla betong og måla panel/plater, noko badeomsplater. Golv som betonggolv.

Fjøsen er i hovudsak lager idag, men det er gode muligheter for den som ønskjer det.

Stabburet er delvis verkstad pt. Her er det også mange muligheter for innreiing av forskjellig type om ein ønskjer det.
Byggjemåte
Hovudhusvær:
Ukjende grunnforhold men antatt som fjell i bakkant og elles som fylling. Drenering og fuktsikring med stedlige masser. Fundamentert med såle og golv på grunn av betong. Grunnmur av sparebetong med utvendig synleg måla betongpuss, dels med innvendige framforingar. Ytterveggar av tømmerplank i gamledelen og som isolert reikverk i tilbygg, ytterkledning av liggande enkeltfalsa trekledning. Saltakkonstruksjon med takoppløft og skråtak mot sør med bærande taksperrer og delvis isolert mot underliggande rom, etg.høgd ca 1,55 til møne på mørkeloftet. Taktekking med noko eternitplater og noko Decraplater, elles stålplater. Vindauger i hovedsak med 2-lags glas i trekarm med variable monteringsår men i hovedsak frå
1965, 1970, 1975 og 1989. Elles eldre enkle vindauger med 1-lags og kobla glasruter. Etasjeskillere av uisolerte trebjelkelag.

Stabbur:
Fundamentert med punktfundamenter av betongsøyler. Golv som trebjelkelag kledt med enkel panel i underkant og eventuelt enkelt isolert.
Ytterveggar av reisverk med ytterkledning av liggande enkeltfalsa trekledning. Saltakkonstruksjon med enkle sperrer. Taktekking av asbesthaldige eternitplater og firkantskifer mot papp og taktrod kant-i-kant. Vindauger med 1-lags glas i trekarm. Utvendig betongtrapp og ytterdør som måla tredør.
Nedtrekkbar stige til loftet. Himlingsbekledning; Måla papp og noko rupanel i 1.etg., tapet i innreda loftsrom, ingen tak- og veggbekledning i gang/uinnredt loftsrom. Veggbekledning; Mdf-plater i innreda rom, måla plater i gangen og måla rupanel i hobbyrommet i 1.etg. Tapet på innreda loftsrom. Golvbekledning; 3-stavs eikeparkett i innreda rom i 1.etg., teppe i gangen og belegg i innreda loftsrom, elles tregolv.

Fjøs:
Fundamentert med grunnmur og ringmur som steinmurar. Ytterveggar av grindeverk med ytterkledning i hovedsak av ståande trekledning og elles noko alu.plater. Veggar/skillveggar i 1.etg. av tømmer og reisverk. Saltakkonstruksjon med bærande sperrer og taktekking av asbesthaldige eternitplater. Etasjeskille som trebjelkelag med tregolv. Golv i hovedsak med steinheller og jordgolv og noko enkelt tregolv. Vindauger med 1-lags glas i trekarm. Plassbygd ytterdører som måla tredører, tofløya sidehengsla treport til 2.etg. Låvebru med betongdekke. Eldre enkel el.installasjon, tiltak må utførast. Treplatting på 7 m2 ved bygningen.

Garasje:
Fundamentert med såle og golv på grunn av betong. Knevegg av betong mot terreng. Ytterveggar av 4" bindingsverk med ytterkledning i hovedsak av ståande trekledning og med liggande enkeltfalsa trekledning i gavl. Saltakkonstruksjon med bærande sperrer med taktekking av alu.plater.
Vindauger med 1-lags glas i trekarm. Plassbygd skyveport. Framlagt straum til lys og el.kontakter.

Naust:
Adkomst frå fylkesvegen med enkel grasgrodt gangsti. Ved naustet er det anlagt enkel molo/pir av naturstein og betong, plasstøypt betongkumm med
diameter 1,3 m og høgde 0,8 m. Betongplatting mellom naustet og molo/pir. Båtstøde med telefonpålar, lekter og stålrister. Fundamentert med såle og golv på grunn av betong. Kneveggar av betong. Ytterveggar av 4" bindingsverk med ytterkledning av ståande trekledning kant-i-kant. Saltakkonstruksjon med plassbygde takstolar med taktekking av alu.plater. Tofløya sidehengsla traport. Plassbygd enkel måla tredør som ytterdør.

Med omsyn til den tekniske standarden på bygningane vert det elles vist til takst av Kristen Eikenæs, datert 6.11.2018.

Kjøpar pliktar å gjere seg kjend med innhaldet i taksten og i eigenerklæring frå seljar som ligg ved salsoppgåva før det vert lagt inn bod på eigedommen. Meklar gjer elles merksam på kjøpar si undersøkingsplikt med heimel i avhendingslova.
Areal og fordeling per etasje
Primærrom: 134 kvm, Bruksareal: 181 kvm, Bruttoareal: 199 kvm
Alle rom er P-rom unnateke: boder

BRA pr. etasje:
Kjeller: 43 kvm
1.Etasje: 73 kvm
Loft: 65 kvm
Areala er henta frå takst utført av autorisert takstmann og er i samsvar med NS 3940. Meklar har ikkje kontrollert areala.
Parkering
Parkering i garasje og på stor parkeringsplass nedanfor bustadhuset.
Tomt
Areal: 58 536 kvm, Eierform: Eiet tomt
Eigedomen er ikkje nøyaktig oppmålt, men skylddelt. Areal kan ved oppmåling avvike fra utrekna areal. Et slikt avvik vil ikkje få innverknad på kjøpesummen. Tomta er delt inn i tre parsellar. Til saman er det 9 da. innmark og 29 da. skog i følgje Eid kommune. Delar av tomta har eigedomsrett i strandlinje og i skogområdet. Uteområdet rundt bustadhuset er delvis opparbeida til hage, elles til naturtomt. Tomta er nordvend og bratt med sol til langt på kveld og spektakulær utsikt over Eidsfjorden.
Regulering/offentleg godkjenning
Eigedomen består av 7 teigar. To av teigane (teig 1 og 2) ligg delvis i LNF-område og delvis i LNF-område med høve til spreidd utbygging av bustader, fritidsbygningar og næringsbygningar (L35), jf. Arealdelen i kommuneplanen 2015-2027 for Eid kommune - PlanID 2013005. Av dei andre teigane ligg ein (teig 3) i byggeområde BA43, og ein (teig 4) i LNF-område.

Sjå forøvrig vedlegg frå Eid kommune.
Veg, vatn, avlaup
Det er privat vatn, veg og septiktank.
Energimerking
Oppvarmingskarakter Gul - Energikarakter G
Tilkomst
Det er enkel adkomst frå kommunal veg til eigedommen. Noko bratt grusa veg frå kommunal veg til husvær.
Oppvarming
Golvvarme med varmekablar på badet i 1.etg. og vedaom på kjøkenet og i eine stova, elles er oppvarming basert på elekrisitet og varmepumpe luft-til-luft.
Kommunale avgifter
Kr. 3 016 pr. år
Renovasjon og slamtømming fakturerast frå NoMil. inkl. evt. eigedomsskatt.
Faste kostnader
Straum og nettleige etter eige forbruk.
Forsikring er estimert til mellom 6-10-000,- pr. år og vil variere med kva tilbod ein har med sitt forsikringselskap.
Eigar må sjølv teikne fullverdi og innbuforsikring. Prisar på dette vil variere med om ein er totalkunde osv. hjå forsikringselskap.
Meklar gjer merksam på at desse utgiftene er knytt til dagens eigar og at desse vil kunne endre seg med omsyn til anna bruk av bustaden enn i dag eller andre avtalar med leverandørar.
Likningsverdi
Likningsverdi som primærbustad kr per
Likningsverdi som sekundærbustad kr per
Ferdigattest
Det føreligg ikkje ferdigattest eller bruksløyve frå Eid kommune. Dette truleg grunna alder.
Konsesjon
Eigedomen er ikkje konsesjonspliktig.
Utleige
Eigedomen kan i sin heilhet leigast ut til bustad/næringsføremål.
Diverse
Eigedommen blir selt med diverse møblar og inventar. Det blir ikkje gjort ytterlegare utvask av eigedommen.
Bustadseljarforsikring
Bustaden er seld utan bustadseljarforsikring.
Bustadkjøparforsikring
Eigedomsmekling Sogn og Fjordane AS formidlar bustadkjøparforsikring frå HELP Forsikring AS. Dette er ei rettshjelpsforsikring som gir tryggleik og profesjonell juridisk hjelp dersom det vart oppdaga uventa feil og manglar ved bustaden. Ta kontakt med meklar for meir informasjon eller les meir om forsikringa på www.help.no.
Finansiering
Interessentar som ønskjer tilbod om finansiering i Sparebanken Sogn og Fjordane kan kontakte meklar.
Kvitvasking
Lov av 6. mars 2009 nr. 11 om tiltak mot kvitvasking og terrorfinansiering pålegg eigedomsmeklarar å gjennomføre legitimasjonskontroll og risikovurdering av alle kundar og/eller eventuelle reelle rettigheitshavarar. Dersom kunden ikkje oppfyller krava etter lova eller eigedomsmeklar har mistankar om at transaksjonar har tilknyting til utbyte frå straffbare handlingar eller forhold som rammast av straffelova §§ 131-136 a, kan eigedomsmeklaren stoppe gjennomføringa av transaksjonen eller eigedomshandelen. Eigedomsmeklaren kan ikkje haldast ansvarleg for dei konsekvensane dette vil kunne få for partane eller andre som har interesser i eigedomshandelen.
Bodgjeving
Alle bod skal gjevast skriftleg til meklar. Det første bodet skal gjevast på bodskjema påført bodgjevar sin signatur. I tillegg må bodgjevar ha legitimert seg. Seinare bod kan gjevast per e-post, SMS eller per faks til meklar. Bod kan også gjevast via bodgjevingsplattform på nett eller app. Veljast denne løysinga, er det ikkje krav til å sende det første bodet på bodskjema. Meklar skal så snart som muleg stadfeste skriftleg ovanfor bodgjevar at bod er motteke.

Bod som ikkje er skriftleg, eller som har kortare akseptfrist enn til kl. 12.00 dagen etter siste annonserte vising, vil ikkje bli formidla til seljar. Meklar vil heller ikkje formidle bod med atterhald om at bodet er hemmeleg for andre bodgjevarar. Eit bod er bindande for bodgjevar når bodet er blitt gjort kjent for seljar. Seljar står fritt til å akseptere eller forkaste eitkvart bod, og pliktar såleis ikkje å akseptere det høgste bodet på eigedomen.

Meklar skal, i den grad det er naudsynt og muleg, informere dei involverte i bodrunden skriftleg om status i bodgjevinga.
Meklar pliktar å leggje til rette for ei forsvarleg avvikling av bodrunden. For at boda skal kunne bli handsama og formidla vidare skriftlig til alle involverte partar, må eitkvart bod ha ein tilstrekkeleg lang akseptfrist, og uansett bør ikkje eit bod ha ein akseptfrist på mindre enn 30 minutt frå bodet vert gjeve. Seljar må skriftleg akseptere bodet før bodaksept kan formidlast til bodgjevar.
Ein gjer merksam på at bod som vert gjeve etter normal arbeidstid vert handsama/formidla påfølgjande arbeidsdag.

Seljar og kjøpar har krav på å få utlevert kopi av bodjournalen straks etter at handel er komt i stand. Alle som har gjeve bod på eigedomen kan på førespurnad få en kopi av anonymisert bodjournal etter at bodrunden er avslutta.
Ein syner elles til "Forbrukarinformasjon om bodgjeving", som er teke inn på baksida av bodskjema i salsoppgåva.
Overtaking
Etter avtale med seljar.
Seld "som den er"
Salet vert regulert av Lov om avhending av fast eigedom. Eigedomen vert seld i den stand den var under synfaring, jf. avhendingslova § 3-9, "som den er". Dette avtalepunktet medfører at avhendingslova sine reglar om når eigedomen har mangel vert fråvike til ugunst for kjøpar.

Eigedomen har likevel mangel i følgjande tilfelle:
Når kjøpar ikkje har fått opplysningar om forhold ved eigedomen som seljar kjende eller måtte kjenne til, og som kjøpar hadde grunn til å rekne med å få. Dette gjeld likevel berre dersom ein kan gå ut frå at det har verka inn på avtalen at opplysningane ikkje vart gitt.
Når seljar har gitt urette opplysningar om eigedomen. Det same gjeld dersom eigedomen ikkje er i samsvar med opplysningar som er gitt i annonse, salsprospekt eller ved anna marknadsføring på vegne av seljar. Dette gjeld likevel berre dersom ein kan gå ut frå at opplysningane har verka inn på avtalen, og ikkje har vorte retta i tide.
Når eigedomen er i vesentleg dårlegare stand enn kjøpar hadde grunn til å rekne med ut frå kjøpesummen og forholda elles.
Når tomta har vesentleg mindre areal enn opplyst av seljar.
Nøkkelinfo
Primærrom ? 134 m2
Bruksareal ? 181 m2
Bruttoareal ? 199 m2
Byggeår 1934
Tomte­areal 58536 m2
Energi­merking ? G
Vising

Ta kontakt for å avtale vising.

Kontakt meklar
Bilete av Sissel  Anett  Halnes
Sissel Anett Halnes
Eigedomsmeklar MNEF
Nordfjordeid
Tilbake til bustadutlisting

Eigedom må som hovudregel energimerkast ved sal eller utleige.  Energimerking oppsummerer energitilstanden for bygningen med ein energikarakter og ein oppvarmingskarakter. Energikarakteren seier noko om venta energibruk og oppvarmingskarakterine seier noko om kor stor grad av fornybare energikjelder som vert nytta til oppvarming av rom og vatn. Oppvarming med elektrisitet eller olje gir dermed raud oppvarmingskarakter.

Innvendig areal av bustaden sin primære del inkludert veggane mellom desse. Dette er rom som ein naturleg oppheld seg i, som til dømes stove, kjøken, bad, soverom, vaskerom og gangareal mellom desse.

Innvendig areal målt frå innsida av yttervegg. Alt areal av innvendige veggar er medrekna. Målbart areal skal ha takhøgd på 1,9 meter.

Om bruksareal

Torheimsvegen 663
Nordfjordeid
Prisant. 1750000
Soverom 4
Bustadtype Einebustad
Eigarform Eigar (Sjølveigar)
Nøkkelinfo
Primærrom ? 134 m2
Bruksareal ? 181 m2
Bruttoareal ? 199 m2
Byggeår 1934
Tomte­areal 58536 m2
Energi­merking ? G
Vising

Ta kontakt for å avtale vising.

Kor mykje treng du låne?
Prøv Sparebanken Sogn og Fjordane sin lånekalkulator
I nærområdet