Stor byggeklar hjørnetomt med sjøutsikt - ligg i etablert og barnevennleg bustadområde.

Vis i kart
Danielsvika 9
Florø
Prisant. 1475000
Bustadtype Tomter

Stor byggeklar hjørnetomt med sjøutsikt - ligg i etablert og barnevennleg bustadområde.

Eigedom
Danielsvika 9
6907 Florø
Om eigedomen
Byggeklar hjørnetomt med utsikt mot sjøen, verftet, øyane og fjella! Eigedomen ligg i etablert og barnevennleg bustadområde i Danielsvika.
Teknisk anlegg som veg, straum, datakablar, vatn og avlaup ligg klar på tomta. Tomta er opparbeidd med natursteinsmur mot vegen i nord og vest. Ellers er den planert med grusa overflate.
Det er ingen byggeklausul knytta til eigedomen. Noverande eigar har tidlegare fått teikna skisse på forslag til bustadhus på tomta. Skissa ligg vedlagt salsoppgåva,
Det er i samarbeid med gnr. 26, bnr. 483 oppført ei fells garasje "Sameiget garasje Danielsvika" der denne eigedomen som no skal seljast disponerer toppetasjen og bnr. 483 disponerer u.etasjen. I følge avtale vedlagt salsoppgåva har eigar rett til å bygge tak over garasja om ønskjeleg. Danielsvika 9 har også rett til å legge tilrette for ekstra biloppstillingsplass på bnr. 483. Sjå vedlagts skisse.
Eigedomen ligg ca 1,5 km frå Florø sentrum. Adkomst frå offentelg veg. Ca 50 m til naturterreng og badestrand i Danielsvika. ca 200m til busstopp, ca 600 m til Krokane barnehage, skole og matsenter.
Tomt
Areal: 1 057 kvm, Eigarform: Sjølveigartomter. Eigedomen består av 2 gnr/bnr:
Gnr. 26 bnr 487: 992 kvm
Gnr. 26 bnr 564: 65 kvm

Eigedomen er opparbeidd og planert med grusa overflate og natursteins mur mot vegen i nord og vest. Innlagt straumkabel og vasstilførsel.
Regulering/offentleg godkjenning
Eigedomen ligg i reguleringsplan: Gaddevågen, del av gbnr: 26/28. Bustadområde. Planod:10900104.
Utdrag frå føresegner:

A.BYGGEOMRÅDE

1.Bostedformål.

1.1I området skal det oppførest busteder med tilhørende anlegg. Bustadhusene skal oppførest som frittliggende bygg. På tomt nr. 2, 4, 6, 8 og 10 kan det oppførest naust.
1.2Bygninger skal ikke førest opp nærmere friareal enn 2,0 m.
1.3Bygningsrådet skal ved behandling av byggemeldinger se til at bygningane får god form, farge- og material- behandling, og at nabohusene får en innbyrdes harmonisk utforming.
1.4Bustadhusa kan byggast i inntil 2 høgder. Medel høgd frå ferdigplanert terreng til hovudgesims, respektive gavlspiss skal ikke overstige:

3,5 m respektive 6.0 m for 1 høgdes hus
5.0 m respektive 7.5 m for 2 høgdes hus.
1.5Bygningene skal plasserest innenfor de regulerte grenser for byggeavstand og for øvrig i samsvar med bygningsloven og forskriftene.
1.6Garasjer og boder kan bare førest opp i 1 høyde med grunnflate ikkje over 40m2 og skal være tilpasset bustadhuset m.o.t. materialvalg, form og farge. For hver bustadtomt skal det, utover parkeringstak eller garasje være oppstillingsplass for minst en bil
pr. husstand. Inn- og utkjøringsmuligheter skal være best mulig trafikktrygge med godt oversyn.
1.6.1På gbnr. 26/480-483 kan garasje etableres innenfor tomtenes byggegrenser som vist på plankart
dat. 15.06.2005, rev. 10.10.05. Garasje kan ha en mønehøyde på maks. 6.0 m. Plan- og bygningslov- en og forskriftene til denne når det gjelder branntek- niske avstandskrav og bestemmelser vil ikkje endres som følge av byggegrensenes justering..
1.7Plassering av garasjer og boder skal være vist på situasjonsplan som følger byggemeldinga for bustad- huset. Garasjer og boder kan plasserest med en vegg i nabogrensen innenfor rammen av byggeforskriftene. Endelig plassering blir å fastsette av bygningsrådet.
1.8Samlet etasjeareal må for bustadhus ikkje overstige 20% av tomten sitt nettoareal. Når særskilde grunner taler for det, kan bygningsrådet dispensere fra denne vedtekten.
1.8.1Tomtene gbnr. 26/480-483 kan utnyttes med et bebygt
areal på 30% for bustadareal som påført plankart dat.15.06.05, rev. 10.10.05.
1.9Bustadtomtene kan gjerdest inn eller innhegnest med busk- eller hekkplanting. Plantene kan da settest i eiendomsgrensen. Dersom gjerde høyere enn 1.0 m blir benyttet skal det meldest til og godkjennest av bygningsrådet.
Bygningsrådet kan kreve at innhegningen, støttemur garasjeinnkjøringer m.m. skal utførest etter en samlet godkjent plan.
Veg, vatn, avlaup
Offentleg vatn og avlaup via private stikkleidningar.
Kjøpar må betale tilknytningsavgift til Flora Kommune. I verdivurdering frå takstmann står det at tilknytningsavgifta er betalt. Dette er feil.
Tilkomst
Det er opparbeidd tilkomstveg frå offentleg veg i aust. Siste del av vegen tilhøyrer eigedomen som no vert seld (gnr. 26, bnr. 564)
Kommunale avgifter
Kr. 951 pr. år eigedomsskatt.
Likningsverdi
Likningsverdi som tomt kr 29 989 per 31.12.16
Konsesjon
Eigedomen er ikkje konsesjonspliktig.
Bustadseljarforsikring
Bustaden er seld utan bustadseljarforsikring.
Bustadkjøparforsikring
Eigedomsmekling Sogn og Fjordane AS formidlar bustadkjøparforsikring frå HELP Forsikring AS. Dette er ei rettshjelpsforsikring som gir tryggleik og profesjonell juridisk hjelp dersom det vart oppdaga uventa feil og manglar ved bustaden. Ta kontakt med meklar for meir informasjon eller les meir om forsikringa på www.help.no.
Finansiering
Interessentar som ønskjer tilbod om finansiering i Sparebanken Sogn og Fjordane kan kontakte meklar.
Kvitvasking
Lov av 6. mars 2009 nr. 11 om tiltak mot kvitvasking og terrorfinansiering pålegg eigedomsmeklarar å gjennomføre legitimasjonskontroll og risikovurdering av alle kundar og/eller eventuelle reelle rettigheitshavarar. Dersom kunden ikkje oppfyller krava etter lova eller eigedomsmeklar har mistankar om at transaksjonar har tilknyting til utbyte frå straffbare handlingar eller forhold som rammast av straffelova §§ 131-136 a, kan eigedomsmeklaren stoppe gjennomføringa av transaksjonen eller eigedomshandelen. Eigedomsmeklaren kan ikkje haldast ansvarleg for dei konsekvensane dette vil kunne få for partane eller andre som har interesser i eigedomshandelen.
Bodgjeving
Alle bod skal gjevast skriftleg til meklar. Det første bodet skal gjevast på bodskjema påført bodgjevar sin signatur. I tillegg må bodgjevar ha legitimert seg. Seinare bod kan gjevast per e-post, SMS eller per faks til meklar. Bod kan også gjevast via bodgjevingsplattform på nett eller app. Veljast denne løysinga, er det ikkje krav til å sende det første bodet på bodskjema. Meklar skal så snart som muleg stadfeste skriftleg ovanfor bodgjevar at bod er motteke.

Bod som ikkje er skriftleg, eller som har kortare akseptfrist enn til kl. 12.00 dagen etter siste annonserte vising, vil ikkje bli formidla til seljar. Meklar vil heller ikkje formidle bod med atterhald om at bodet er hemmeleg for andre bodgjevarar. Eit bod er bindande for bodgjevar når bodet er blitt gjort kjent for seljar. Seljar står fritt til å akseptere eller forkaste eitkvart bod, og pliktar såleis ikkje å akseptere det høgste bodet på eigedomen.

Meklar skal, i den grad det er naudsynt og muleg, informere dei involverte i bodrunden skriftleg om status i bodgjevinga.
Meklar pliktar å leggje til rette for ei forsvarleg avvikling av bodrunden. For at boda skal kunne bli handsama og formidla vidare skriftlig til alle involverte partar, må eitkvart bod ha ein tilstrekkeleg lang akseptfrist, og uansett bør ikkje eit bod ha ein akseptfrist på mindre enn 30 minutt frå bodet vert gjeve. Seljar må skriftleg akseptere bodet før bodaksept kan formidlast til bodgjevar.
Ein gjer merksam på at bod som vert gjeve etter normal arbeidstid vert handsama/formidla påfølgjande arbeidsdag.

Seljar og kjøpar har krav på å få utlevert kopi av bodjournalen straks etter at handel er komt i stand. Alle som har gjeve bod på eigedomen kan på førespurnad få en kopi av anonymisert bodjournal etter at bodrunden er avslutta.
Ein syner elles til "Forbrukarinformasjon om bodgjeving", som er teke inn på baksida av bodskjema i salsoppgåva.
Overtaking
Etter avtale med seljar.
Seld "som den er"
Salet vert regulert av Lov om avhending av fast eigedom. Eigedomen vert seld i den stand den var under synfaring, jf. avhendingslova § 3-9, "som den er". Dette avtalepunktet medfører at avhendingslova sine reglar om når eigedomen har mangel vert fråvike til ugunst for kjøpar.

Eigedomen har likevel mangel i følgjande tilfelle:
Når kjøpar ikkje har fått opplysningar om forhold ved eigedomen som seljar kjende eller måtte kjenne til, og som kjøpar hadde grunn til å rekne med å få. Dette gjeld likevel berre dersom ein kan gå ut frå at det har verka inn på avtalen at opplysningane ikkje vart gitt.
Når seljar har gitt urette opplysningar om eigedomen. Det same gjeld dersom eigedomen ikkje er i samsvar med opplysningar som er gitt i annonse, salsprospekt eller ved anna marknadsføring på vegne av seljar. Dette gjeld likevel berre dersom ein kan gå ut frå at opplysningane har verka inn på avtalen, og ikkje har vorte retta i tide.
Når eigedomen er i vesentleg dårlegare stand enn kjøpar hadde grunn til å rekne med ut frå kjøpesummen og forholda elles.
Når tomta har vesentleg mindre areal enn opplyst av seljar.
Nøkkelinfo
Tomte­areal 1057 m2
Vising

Ta kontakt for å avtale vising.

Kontakt meklar
Bilete av Greta  Halvorsen
Greta Halvorsen
Eigedomsmeklar MNEF
Florø
Tilbake til bustadutlisting

Eigedom må som hovudregel energimerkast ved sal eller utleige.  Energimerking oppsummerer energitilstanden for bygningen med ein energikarakter og ein oppvarmingskarakter. Energikarakteren seier noko om venta energibruk og oppvarmingskarakterine seier noko om kor stor grad av fornybare energikjelder som vert nytta til oppvarming av rom og vatn. Oppvarming med elektrisitet eller olje gir dermed raud oppvarmingskarakter.

Innvendig areal av bustaden sin primære del inkludert veggane mellom desse. Dette er rom som ein naturleg oppheld seg i, som til dømes stove, kjøken, bad, soverom, vaskerom og gangareal mellom desse.

Innvendig areal målt frå innsida av yttervegg. Alt areal av innvendige veggar er medrekna. Målbart areal skal ha takhøgd på 1,9 meter.

Om bruksareal

Danielsvika 9
Florø
Prisant. 1475000
Bustadtype Tomter
Nøkkelinfo
Tomte­areal 1057 m2
Vising

Ta kontakt for å avtale vising.

Kor mykje treng du låne?
Prøv Sparebanken Sogn og Fjordane sin lånekalkulator
I nærområdet