Koseleg eigedom på Herland. Hagestove med panoramautsikt, lunt plassert hus. Lett tilkomst.

Vis i kart
Herland
Atløy
Prisant. 1370000
Soverom 3
Bustadtype Einebustad
Eigarform Eigar (Sjølveigar)

Koseleg eigedom på Herland. Hagestove med panoramautsikt, lunt plassert hus. Lett tilkomst.

Eigedom
Herland
6985 Atløy

Eigedomen er utbygd med ein bustad oppført i 1947, delmodernisert i 1992 og eit lysthus/hagestove oppført i 1993.
Om eigedomen
Eigedomen ligg fint til i landlege omgjevnadar i sentrum på Herland.
Herland er ein liten tettstad ytterst på Atløy, der det er ein del fritidsbustader i tillegg til bustadeigedommar. Her er ei lun og god havn og ei stor småbåthavn. Hamneområdet vert nytta til mange sosiale samankomstar i området, mellom anna den populære "krabbefestivalen" på seinsommaren.
Huset ligg lunt til på fint opparbeidd tomt. Hagestova/lysthuset ligg fritt og fint til oppe på knausen bak huset, har terrasse rundt heile og panoramautsikt i alle retningar.

Frå eigedomen er det 10 minutt gangavstand til båthamna, ca. 10 km til daglegvarebutikk, barnehage, barneskule.
Til ferjekai med overfart til Askvoll er det ca. 12 km.
Atløy har mange fine turområde med flott utsikt. Mellom anna ligg den kjende "Brurastakken" med gangavstand frå eigedommen.
Innhald
Bustaden går over tre plan med følgande innhald:
Kjellar: Gang med trapp, bad, vaskerom og bod.
Hovudetasje: Gang med trapp, to-delt stove og kjøkken.
Loft: Gang med trapp og tre soverom.
Standard
Hyggjeleg bustad med konstruksjonmessig standard frå byggjeåret. Det er utført godt vedlikehald både utvendig og innvendig.

HOVUDETASJE:
Golvflatene i hovudetasje har alle belegg, på veggar og i himlingane er det målte plater.

Frå gangen er det trapp til loftet og kjellaren.

Romsleg to-delt stove med god plass til å møblere fleire sitjegrupper. Det er nyare vedomn i den eine stova, i den andre er det montert luft til luft varmepumpe. Utgang frå stove til stor veranda med fin utsikt mot nærområdet og fjella rundt. Verandaen ligg lunt til for nordavinden.

Frå kjøkkenbordet ved vindauget kan ein nyte kaffikoppen i fred og ro. Her er romsleg kjøkkeninnreiing av furu med laminat benkeplate og tilkopling for oppvaskmaskin. Mellom benkeplate og overskåp er det flisar. Ventilator er plassert i ventilatorskåp.

LOFT:
Golvflatene i loftet har alle teppe. På veggar og i himlingane er det målte plater.

I gangen er det plassbygd skåp, og trapp til hovudetasje.

Tre gode soverom på loftet, to av dei har plassbygde garderobeskåp.

KJELLAR:
Gangen har måla betonggolv, måla panel -og tapet på veggane og måla panel i himlinga. Trapp frå gangen til hovudetasje.

Vaskerom har golv og veggar med malte overflater på underlag av betong. I himlinga er det måla panel.
Rommet er innreia med plassbygd benk med nedfelt skylljekar i stål og kran for tilkopling av vaskemaskin.

Badet har i vesentleg standard frå 1992. Det er varmekablar i golvet og golvflatene har belegg. Veggane har tapet ig i himlinga er det kvite trefiberplater.
Rommet er innreia med servant i underskåp, overskåp, spegel, lysarmatur, dusj med forheng og toalett.

Bod med betonggolv, betong og panel på veggane og panel i himlinga. Varmtvasstanken er plasser i boda.

Moderniseringar:
1992: Nye vindauge i loftsetasjen og i hovudetasje med unntak av i gang med trapp i hovudetasje.
2013: Ny verandadør.
2014: Ny strauminntak, nytt sikringsskåp og oppgardering av leidninsnettet som var av eldre dato.
2016: Ny varmtvasstank.
2017: Nytt vindauge i gang med trapp til kjellaren.
- Innvendig trapp er blitt mala og det er lagt trappeteppe i trappa mellom houvdetasje og loftet.
- Lagt nye golvtepper i loftet.
- Innvendige veggar, himlingar og dører er blitt måla i nyare tid.
- Det er montert brannstige.

På sør-aust veggen er det montert parabol, og det er lagt fiber i området (Enivest), fiber er ikkje lagt inn

LYSTHUSET:
Lysthuset vart oppført i 1993, og har i vesentleg grad standard frå byggeåret med unntak av noko oppgadering i 2018. Det vart då skifta ut ein del golvbjelkar og lagt opp nokon nye dragarar. I tillegg vart det skifta glas i det eine vindauget og bordkledning og rekkverk vart måla.
Innvendig er det flisar på golvet. På veggane og i himlinga er det panel.
Det er innlagt straum som er trekt opp frå fritidsbustaden.

Det er veranda rundt heile lysthuset, og ein kan nyte panorama utsikt og vakre solnedgangar.
Byggjemåte
Betongplate på terreng i underetasje. Grunnmuren er oppført i betongkonstruksjon.
Etasjeskilje av trebjelkelag.
Ytterveggane over grunnmuren er oppført i reisverk med bordkledning av trepanel. Bordkledningen vart i hovudsak skifta i 1992. Plassbygd takkonstruksjon som er oppbygd som saltak, og har taktekking av skifer på underlag av rupanel. Kaldloftet er kun kontrollert frå luka. Takrenner og nedløp i plast.
Ytterdører av eldre dato.
Vindauga har 2-lags isolerglas i trekarm frå 1992. I gangen i kjellaren er det 2-lags vindauge med aluminiumskarm frå 2017. I kjellaren og i gangen i hovudetasje er det 1-lags vindauge i trekarm. I badet i kjellaren er det 2-lags isolerglas i trekarm.

Langs sørvest- og søraust fasade er det veranda i trekontruksjon med eit samla areal på ca. 35 m2. Trapp i trevirke.
Ved inngangspartiet er det trapp i betongkonstruksjon med rekkverk av smijern.

Sanitæranlegget har standard frå byggeåret med vassrør av kopar. Avløpsrør av plast og støypjern.
Sluk av støypjern i vaskerommet.
Varmtvasstank på ca. 198 liter frå 2016.

Det elektriske anlegget har open installasjon og nytt fordelingsskåp med automatsikringar og med nytt strauminntak. Noko av leidningsnettet er fornya.
Ventilator i kjøkkenet, ventilasjonen er elles basert på naturleg ventilering.

Lysthuset:
Står på søyler i trevirke som er forankra i fjell. Lyshuset er oppført over golvbjelkar av vanleg kvit trevirke og av nokon nye golvbjekar av impregnert materiale.
Ytterveggane er oppført i bindingsverk med bordkledning i trevirke.
Plassbygd takkonstruksjon med taktekking av shingel på undertak av rupanel.
Rundt lysthuset er det veranda med terrassebord og med rekkverk i trevirke.

Med omsyn til den tekniske standarden på bygningane vert det elles vist til takst av Trond Gjesdal, datert 07.12..2018.

Kjøpar pliktar å gjere seg kjend med innhaldet i taksten og i eigenerklæring frå seljar som ligg ved salsoppgåva før det vert lagt inn bod på eigedommen. Meklar gjer elles merksam på kjøpar si undersøkingsplikt med heimel i avhendingslova.
Areal og fordeling per etasje
Primærrom: 95 kvm, Bruksareal: 110 kvm, Bruttoareal: 123 kvm
Alle rom er P-rom unnateke:

BRA pr. etasje: Bodareal.
Kjellar: 35 m2.
Hovudetasje: 41 m2.
Loft: 34 m2.
Areala er henta frå takst utført av autorisert takstmann og er i samsvar med NS 3940. Meklar har ikkje kontrollert areala.
Parkering
Parkering på tunet.
Tomt
Areal: 1 164 kvm, Eierform: Eiet tomt

Tomta er fint opparbeida med grøntareal, tre og planter, inngjerda med stakitt gjerde og nettinggjerde. Her er skiferheller på terreng, port i stål, flaggstang, rekkverk av smijern ved inngangspartiet og noko fjell i dagen. Trapper i trevirke og betong for tilkomst til knausen der lysthuset ligg.

På kart over knuasen der hagestova/lysthuset ligg ser det ut for at litt av terrassen rundt denne går litt inn på naboeigedommen.
Det er tinglyst avtale om at eigaren av eigedommen skal halde gjerde rundt denne.
Regulering/offentleg godkjenning
Eigedomen er regulert til bustadføremål i arealdelen.
Veg, vatn, avlaup
Tilkomst til eigedomen med privat veg frå fylkesvegen. Det er tinglyst vegrett til eigedommen. Ein skal delta i vedlikehaldet av denne med 1/3 del av kostnadane i følgje tinglyst skøyte. Sist innbetaling kr. 2 000,- for ny grus på denne sist sommar.
Vasstilføring via privat vassverk og privat spetiktank med kommunal tømming.
Energimerking
Oppvarmingskarakter Gul - Energikarakter G
Tilkomst
Lett tilkomst. Sjå ev. www.finn.no, eller kontakt meklar for nærare informasjon.
Oppvarming
- I stova er det vedomn og luft til luft varmepumpe.
- Varmekabel i badet.
- Anna oppvarming er basert på elektriske varmeomnar.
Kommunale avgifter
Kr. 8 205 pr. år inkl. eigedomsskatt.
Av beløpet utgjer kr. 2 530,- eigedomsskatt.
Årsavgift til Herland vassverk, for tida på kr. 3.000,- pr år
Faste kostnader
Straumforbruk ca. 6990 kWh pr. år.
Forsikring kr. 3 372,- pr. år.
Meklar gjer merksam på at desse utgiftene er knytt til dagens eigar og at desse vil kunne endre seg med omsyn til anna bruk av bustaden enn i dag eller andre avtalar med leverandørar.
Likningsverdi
Likningsverdi som primærbustad kr 340 046 per 31.12.16
Likningsverdi som sekundærbustad kr 1 224 164 per 31.12.16
Ferdigattest
Det føreligg ikkje ferdigattest eller bruksløyve frå Askvoll kommune.
Konsesjon
Eigedomen er ikkje konsesjonspliktig.
Utleige
Eigedomen kan i sin heilhet leigast ut til bustadføremål.
Bustadseljarforsikring
Bustaden er seld med bustadseljarforsikring.
Bustadkjøparforsikring
Eigedomsmekling Sogn og Fjordane AS formidlar bustadkjøparforsikring frå HELP Forsikring AS. Dette er ei rettshjelpsforsikring som gir tryggleik og profesjonell juridisk hjelp dersom det vart oppdaga uventa feil og manglar ved bustaden. Ta kontakt med meklar for meir informasjon eller les meir om forsikringa på www.help.no.
Finansiering
Interessentar som ønskjer tilbod om finansiering i Sparebanken Sogn og Fjordane kan kontakte meklar.
Kvitvasking
Lov av 6. mars 2009 nr. 11 om tiltak mot kvitvasking og terrorfinansiering pålegg eigedomsmeklarar å gjennomføre legitimasjonskontroll og risikovurdering av alle kundar og/eller eventuelle reelle rettigheitshavarar. Dersom kunden ikkje oppfyller krava etter lova eller eigedomsmeklar har mistankar om at transaksjonar har tilknyting til utbyte frå straffbare handlingar eller forhold som rammast av straffelova §§ 131-136 a, kan eigedomsmeklaren stoppe gjennomføringa av transaksjonen eller eigedomshandelen. Eigedomsmeklaren kan ikkje haldast ansvarleg for dei konsekvensane dette vil kunne få for partane eller andre som har interesser i eigedomshandelen.
Bodgjeving
Alle bod skal gjevast skriftleg til meklar. Det første bodet skal gjevast på bodskjema påført bodgjevar sin signatur. I tillegg må bodgjevar ha legitimert seg. Seinare bod kan gjevast per e-post, SMS eller per faks til meklar. Bod kan også gjevast via bodgjevingsplattform på nett eller app. Veljast denne løysinga, er det ikkje krav til å sende det første bodet på bodskjema. Meklar skal så snart som muleg stadfeste skriftleg ovanfor bodgjevar at bod er motteke.

Bod som ikkje er skriftleg, eller som har kortare akseptfrist enn til kl. 12.00 dagen etter siste annonserte vising, vil ikkje bli formidla til seljar. Meklar vil heller ikkje formidle bod med atterhald om at bodet er hemmeleg for andre bodgjevarar. Eit bod er bindande for bodgjevar når bodet er blitt gjort kjent for seljar. Seljar står fritt til å akseptere eller forkaste eitkvart bod, og pliktar såleis ikkje å akseptere det høgste bodet på eigedomen.

Meklar skal, i den grad det er naudsynt og muleg, informere dei involverte i bodrunden skriftleg om status i bodgjevinga.
Meklar pliktar å leggje til rette for ei forsvarleg avvikling av bodrunden. For at boda skal kunne bli handsama og formidla vidare skriftlig til alle involverte partar, må eitkvart bod ha ein tilstrekkeleg lang akseptfrist, og uansett bør ikkje eit bod ha ein akseptfrist på mindre enn 30 minutt frå bodet vert gjeve. Seljar må skriftleg akseptere bodet før bodaksept kan formidlast til bodgjevar.
Ein gjer merksam på at bod som vert gjeve etter normal arbeidstid vert handsama/formidla påfølgjande arbeidsdag.

Seljar og kjøpar har krav på å få utlevert kopi av bodjournalen straks etter at handel er komt i stand. Alle som har gjeve bod på eigedomen kan på førespurnad få en kopi av anonymisert bodjournal etter at bodrunden er avslutta.
Ein syner elles til "Forbrukarinformasjon om bodgjeving", som er teke inn på baksida av bodskjema i salsoppgåva.
Overtaking
Etter avtale med seljar.
Seld "som den er"
Salet vert regulert av Lov om avhending av fast eigedom. Eigedomen vert seld i den stand den var under synfaring, jf. avhendingslova § 3-9, "som den er". Dette avtalepunktet medfører at avhendingslova sine reglar om når eigedomen har mangel vert fråvike til ugunst for kjøpar.

Eigedomen har likevel mangel i følgjande tilfelle:
Når kjøpar ikkje har fått opplysningar om forhold ved eigedomen som seljar kjende eller måtte kjenne til, og som kjøpar hadde grunn til å rekne med å få. Dette gjeld likevel berre dersom ein kan gå ut frå at det har verka inn på avtalen at opplysningane ikkje vart gitt.
Når seljar har gitt urette opplysningar om eigedomen. Det same gjeld dersom eigedomen ikkje er i samsvar med opplysningar som er gitt i annonse, salsprospekt eller ved anna marknadsføring på vegne av seljar. Dette gjeld likevel berre dersom ein kan gå ut frå at opplysningane har verka inn på avtalen, og ikkje har vorte retta i tide.
Når eigedomen er i vesentleg dårlegare stand enn kjøpar hadde grunn til å rekne med ut frå kjøpesummen og forholda elles.
Når tomta har vesentleg mindre areal enn opplyst av seljar.
Nøkkelinfo
Primærrom ? 95 m2
Bruksareal ? 110 m2
Bruttoareal ? 123 m2
Byggeår 1947
Tomte­areal 1164 m2
Eigarskifte­forsikring Ja
Energi­merking ? G
Vising
sundag 13. januar, 12:00 – 13:00
Kontakt meklar
Bilete av Randi  Vigdal
Randi Vigdal
Eigedomsmeklar MNEF
Førde
Tilbake til bustadutlisting

Eigedom må som hovudregel energimerkast ved sal eller utleige.  Energimerking oppsummerer energitilstanden for bygningen med ein energikarakter og ein oppvarmingskarakter. Energikarakteren seier noko om venta energibruk og oppvarmingskarakterine seier noko om kor stor grad av fornybare energikjelder som vert nytta til oppvarming av rom og vatn. Oppvarming med elektrisitet eller olje gir dermed raud oppvarmingskarakter.

Innvendig areal av bustaden sin primære del inkludert veggane mellom desse. Dette er rom som ein naturleg oppheld seg i, som til dømes stove, kjøken, bad, soverom, vaskerom og gangareal mellom desse.

Innvendig areal målt frå innsida av yttervegg. Alt areal av innvendige veggar er medrekna. Målbart areal skal ha takhøgd på 1,9 meter.

Om bruksareal

Herland
Atløy
Prisant. 1370000
Soverom 3
Bustadtype Einebustad
Eigarform Eigar (Sjølveigar)
Nøkkelinfo
Primærrom ? 95 m2
Bruksareal ? 110 m2
Bruttoareal ? 123 m2
Byggeår 1947
Tomte­areal 1164 m2
Eigarskifte­forsikring Ja
Energi­merking ? G
Vising
sundag 13. januar, 12:00 – 13:00
Kor mykje treng du låne?
Prøv Sparebanken Sogn og Fjordane sin lånekalkulator
I nærområdet