Fire- roms enderekkjehus med garasje. Fin utsikt, lett tilkomst. Velkommen til vising!

Vis i kart
Olai Hjetlandsveg 8
Høyanger
Prisant. 1290000
Soverom 3
Bustadtype Rekkehus
Eigarform Eigar (Sjølveigar)

Fire- roms enderekkjehus med garasje. Fin utsikt, lett tilkomst. Velkommen til vising!

Eigedom
Olai Hjetlandsveg 8
6993 Høyanger
Om eigedomen
Eigedommen inneheld sjølveigande endrekkehus på tre plan og garasje i felles garasjebygg.
Den ligg fint til i sentrumsnært bustadområde med flott utsikt mot sentrum og indre del av fjorden.
Gangavstand til barnehage, skular, butikkar, idrett- og badeanlegg og alle sentrumsfunksjonar.
Innhald
Bustaden går over tre plan med følgande innhald:
Underetasje: Gang med trapperom, soverom, bad, vaskerom med utgang til hage, to boder.
Hovudetasje: Vindfang med trapperom, kombinert kjøkken og stove med utgang til altan, wc og uisolert utebod.
Loft: Gang med trapperom, to soverom og kott under skråtak.
Standard
Bustaden har i vesentleg grad standard frå byggjeår.
Det er takess i alle himlingar med unntak av på loftet som har panel.
Overbygd inngangsparti med treplatting og takoverbygg. Det er tilkomst til utebod like ved inngangsdøra.

HOVUDETASJE:
Gangen har belegg på golvet og panel på veggane. Trapp frå gangen til loft- og underetasje.

Stove og kjøkken er i delvis opa løysing med moglegheit til å møblere med fleire sitjegrupper. Golvflatene med tregolv og veggar med panel og tapet.
Utgang frå stova til altan med flott utsikt over sentrum og fjorden. Det er montert vedomn.

Praktisk kjøkkeninnreiing med kvite profilerte frontar og laminat benkeplate. Oppvaskmaskina følgjer med i salet.

Wc med belegg på golvet og tapet på veggane. Rommet er innreia med toalett og servant.

LOFT:
Gangen har belegg på golvet og tapet på veggane.

Dei to soveromma har belegg på golva, panel på veggane og skråa himling. Tilkomst til kott under skråtak med god lagringsplass.

UNDERETASJE:
Gangareal med belegg på golvet og panel på veggane.

Romsleg soverom med belegg på golvet, tapet og panel på veggane.

Badet har belegg med varmekablar i golvet og baderomsplater på veggane. Rommet er innreia med servant i underskåp, overskåp, spegel, lysarmatur, toalett og veggmontert dusj med dusjvegg.

Vaskerommet har belegg på golvet på målte plater på veggane. Rommet er innreia med intravask, varmtvasstank og opplegg for vaskemaskin.
Utgang frå vaskerom til hage.

To boder med god lagringsplass med betonggolv og gips/sponplater på veggane. Sikringsskåpet er plassert i dene eine boda.
Byggjemåte
Grunnmur av betong med innvendig utforing og tilleggsisolering. Golv i underetasjen av betong.
Etasjeskilje av trebjelkelag.
Ytterveggar over grunnmuren og i fasade søraust i underetasjen av 6" bindingsverk med utvendig kledning av trepanel.
Skiljevegg mellom bustadane av dobbelt bindingsverk, utført som lyd- og branncellekonstruksjon.
Takkonstruksjon med saltakform, oppbygd av sperr med isolerte og ventilerte skråtak. Taktekking av betongtakstein.
Vindauge med trekarmar og 2-lags isolerglas.
Ytterdør i hovudinngangen i treverk med 2-lags glas.
Boddør i treverk med måla overflater.
Altan- og terrassedør i treverk med måla overflater og 2-lags glas.

Utgang frå stova til 7 m2 altan med tredekke og enkel underkledning av stålplater, og med rekkverk av treverk.
Inngangsparti med treplatting og takoverbygg.

Sanitæranlegg med vassrør av kopar og avløpsrør av plast.
200 liter varmtvasstank.
Elektrisk anlegg med skjult installasjon og fordlingsskåp med skrusikringar.

Garasje:
Fundament og golv av betong.
Ytterveggar av lettklinkarblokk og bindingsverk med trepanel.
Skiljeveggar lettklingerblokk og bindingsverk med ubehandla sponplater.
Takkonstruksjon med saltakform, oppbygd av takstolar med taktekking av betongtakstein og undertak av trefiberplater.
Ledda redwood port.
Hems med lagerplass.
Det er installert el-anlegg.

Med omsyn til den tekniske standarden på bygningane vert det elles vist til takst av Bjarte Roska, datert 29.11.2018.

Kjøpar pliktar å gjere seg kjend med innhaldet i taksten og i eigenerklæring frå seljar som ligg ved salsoppgåva før det vert lagt inn bod på eigedommen. Meklar gjer elles merksam på kjøpar si undersøkingsplikt med heimel i avhendingslova.
Areal og fordeling per etasje
Bruksareal: 114 kvm, Bruttoareal: 124 kvm
Alle rom er P-rom unnateke: Bod og kottareal.

BRA pr. etasje:
Underetasje: 42 m2
Hovudetasje: 46 m2
Loft: 26 m2
Areala er henta frå takst utført av autorisert takstmann og er i samsvar med NS 3940. Meklar har ikkje kontrollert areala.
Parkering
Parkering i garasje i felles garasjebygg.
Tomt
Areal: 232 kvm, Eierform: Fellestomt

I tillegg ideell 1/8 av gbnr. 60/458, som er eit fellesareal på 1216 m2 for garasje og interne vegar.
Tomta er opparbeidd med nokre få planter og grøntareal.
Tilkomstveg og arealet mellom denne og den kommunale vegen er fellesareal og vert vedlikehalde av eigarane i rekkjehusa. Området er delt opp i samsvar med grensene mellom husa.
Regulering/offentleg godkjenning
Eigedomen er regulert til bustadføremål jmf. planid: 198201.
Veg, vatn, avlaup
Eigedomen ligg ved kommunal veg og er tilkopla kommunalt vass- og avløpsanlegg via private stikkleidningar.
Energimerking
Oppvarmingskarakter Oransje - Energikarakter E
Tilkomst
Lett tilkomst frå kommunal veg. Sjå ev. kart www.finn.no, eller kontakt meklar for nærare opplysningar.
Oppvarming
- Vedomn i stova.
- Varmekabel i badet.
- Anna oppbarming er basert på elektriske varmeomnar.
Kommunale avgifter
Kr. 11 429,15 pr. år inkl. eigedomsskatt.
Renovasjon SIMAS kr. 3 928,75 pr. år.
Faste kostnader
Straum og nettleige etter eige forbruk.
Forsikring kr. 4 000,- pr. år.
Likningsverdi
Likningsverdi som primærbustad kr 487 866 per 31.12.17
Likningsverdi som sekundærbustad kr 1 756 317 per 31.12.17
Ferdigattest
Det føreligg ferdigattest frå Høyanger kommune datert 09.12.1992. Denne ligg vedlagt.
Konsesjon
Eigedomen er ikkje konsesjonspliktig.
Utleige
Eigedomen kan i sin heilhet leigast ut til bustadføremål.
Bustadseljarforsikring
Bustaden er seld med bustadseljarforsikring.
Bustadkjøparforsikring
Eigedomsmekling Sogn og Fjordane AS formidlar bustadkjøparforsikring frå HELP Forsikring AS. Dette er ei rettshjelpsforsikring som gir tryggleik og profesjonell juridisk hjelp dersom det vart oppdaga uventa feil og manglar ved bustaden. Ta kontakt med meklar for meir informasjon eller les meir om forsikringa på www.help.no.
Finansiering
Interessentar som ønskjer tilbod om finansiering i Sparebanken Sogn og Fjordane kan kontakte meklar.
Kvitvasking
Lov av 6. mars 2009 nr. 11 om tiltak mot kvitvasking og terrorfinansiering pålegg eigedomsmeklarar å gjennomføre legitimasjonskontroll og risikovurdering av alle kundar og/eller eventuelle reelle rettigheitshavarar. Dersom kunden ikkje oppfyller krava etter lova eller eigedomsmeklar har mistankar om at transaksjonar har tilknyting til utbyte frå straffbare handlingar eller forhold som rammast av straffelova §§ 131-136 a, kan eigedomsmeklaren stoppe gjennomføringa av transaksjonen eller eigedomshandelen. Eigedomsmeklaren kan ikkje haldast ansvarleg for dei konsekvensane dette vil kunne få for partane eller andre som har interesser i eigedomshandelen.
Bodgjeving
Alle bod skal gjevast skriftleg til meklar. Det første bodet skal gjevast på bodskjema påført bodgjevar sin signatur. I tillegg må bodgjevar ha legitimert seg. Seinare bod kan gjevast per e-post, SMS eller per faks til meklar. Bod kan også gjevast via bodgjevingsplattform på nett eller app. Veljast denne løysinga, er det ikkje krav til å sende det første bodet på bodskjema. Meklar skal så snart som muleg stadfeste skriftleg ovanfor bodgjevar at bod er motteke.

Bod som ikkje er skriftleg, eller som har kortare akseptfrist enn til kl. 12.00 dagen etter siste annonserte vising, vil ikkje bli formidla til seljar. Meklar vil heller ikkje formidle bod med atterhald om at bodet er hemmeleg for andre bodgjevarar. Eit bod er bindande for bodgjevar når bodet er blitt gjort kjent for seljar. Seljar står fritt til å akseptere eller forkaste eitkvart bod, og pliktar såleis ikkje å akseptere det høgste bodet på eigedomen.

Meklar skal, i den grad det er naudsynt og muleg, informere dei involverte i bodrunden skriftleg om status i bodgjevinga.
Meklar pliktar å leggje til rette for ei forsvarleg avvikling av bodrunden. For at boda skal kunne bli handsama og formidla vidare skriftlig til alle involverte partar, må eitkvart bod ha ein tilstrekkeleg lang akseptfrist, og uansett bør ikkje eit bod ha ein akseptfrist på mindre enn 30 minutt frå bodet vert gjeve. Seljar må skriftleg akseptere bodet før bodaksept kan formidlast til bodgjevar.
Ein gjer merksam på at bod som vert gjeve etter normal arbeidstid vert handsama/formidla påfølgjande arbeidsdag.

Seljar og kjøpar har krav på å få utlevert kopi av bodjournalen straks etter at handel er komt i stand. Alle som har gjeve bod på eigedomen kan på førespurnad få en kopi av anonymisert bodjournal etter at bodrunden er avslutta.
Ein syner elles til "Forbrukarinformasjon om bodgjeving", som er teke inn på baksida av bodskjema i salsoppgåva.
Overtaking
Etter avtale med seljar.
Seld "som den er"
Salet vert regulert av Lov om avhending av fast eigedom. Eigedomen vert seld i den stand den var under synfaring, jf. avhendingslova § 3-9, "som den er". Dette avtalepunktet medfører at avhendingslova sine reglar om når eigedomen har mangel vert fråvike til ugunst for kjøpar.

Eigedomen har likevel mangel i følgjande tilfelle:
Når kjøpar ikkje har fått opplysningar om forhold ved eigedomen som seljar kjende eller måtte kjenne til, og som kjøpar hadde grunn til å rekne med å få. Dette gjeld likevel berre dersom ein kan gå ut frå at det har verka inn på avtalen at opplysningane ikkje vart gitt.
Når seljar har gitt urette opplysningar om eigedomen. Det same gjeld dersom eigedomen ikkje er i samsvar med opplysningar som er gitt i annonse, salsprospekt eller ved anna marknadsføring på vegne av seljar. Dette gjeld likevel berre dersom ein kan gå ut frå at opplysningane har verka inn på avtalen, og ikkje har vorte retta i tide.
Når eigedomen er i vesentleg dårlegare stand enn kjøpar hadde grunn til å rekne med ut frå kjøpesummen og forholda elles.
Når tomta har vesentleg mindre areal enn opplyst av seljar.
Nøkkelinfo
Bruksareal ? 114 m2
Bruttoareal ? 124 m2
Byggeår 1987
Tomte­areal 232 m2
Eigarskifte­forsikring Ja
Energi­merking ? E
Vising
tysdag 22. januar, 16:30 – 17:30
Kontakt meklar
Bilete av Randi  Vigdal
Randi Vigdal
Eigedomsmeklar MNEF
Førde
Tilbake til bustadutlisting

Skal gje forbrukarane kunnskap om energiforbruket til bueininga. Alle bustader, fritidsbustader og yrkesbygg skal energimerkast ved sal og utleige. Sjå energimerking.no for meir informasjon.

P-rom vert målt frå innsida av yttervegg inkludert veggane mellom desse areala. Dette er innvendige areal av bustaden som vert brukt til kort- eller langvarig opphald (opphaldsrom), til dømes stove, kjøken, bad, soverom, vaskerom og gangareal mellom desse. Bodareal/areal for lagring/tekniske rom inngår ikkje i primærrom.

Arealet av bygingen målt frå utvendig vegg til utvendig vegg eller midt i skiljevegg mot anna brukseining eller fellesareal.

Bruksareal er summen av det arealet som ligg innanfor ytterveggane, og vert målt frå innsida av yttervegg til innsida av yttervegg. Alt areal av innvendige veggar er medrekna. Målbart areal skal ha takhøgd på 1,9 meter.

Olai Hjetlandsveg 8
Høyanger
Prisant. 1290000
Soverom 3
Bustadtype Rekkehus
Eigarform Eigar (Sjølveigar)
Nøkkelinfo
Bruksareal ? 114 m2
Bruttoareal ? 124 m2
Byggeår 1987
Tomte­areal 232 m2
Eigarskifte­forsikring Ja
Energi­merking ? E
Vising
tysdag 22. januar, 16:30 – 17:30
Kor mykje treng du låne?
Prøv Sparebanken Sogn og Fjordane sin lånekalkulator
I nærområdet