Nyare 4-roms leilegheit med flott utsyn og solrik beliggenheit | Overbygd veranda, garasje og vassboren varme

Vis i kart
Rennebakkane 1
Førde
Prisant. 4500000
Soverom 3
Bustadtype Leilegheit
Eigarform Eigar (Sjølveigar)

Nyare 4-roms leilegheit med flott utsyn og solrik beliggenheit | Overbygd veranda, garasje og vassboren varme

Eigedom
Rennebakkane 1
6812 Førde
Om eigedomen
Leilegheita ligg i eit av Førde sine mest attraktive og solrike bustadområde, og med fin utsikt mot Førde og fjella ikring. Hyggeleg fellesareal med fleire sosiale soner er under opparbeiding og snart ferdigstilt rundt bygga som er tekne i bruk.
Bustadområdet ligg med gangavstand til Sentralsjukehuset, Høgskulen, barnehagar, skular, nærbutikk, Hafstadparken og butikksentra på Brulandsvellene. Haldeplass for ringbuss, like ved leilegheita.
Nærområdet har mange fine turstiar og andre rekreasjonsområde. Eit populært turmål er Viefjellet, som har merka turløype til toppen med omlag ein timesgangtid. I nærområdet elles finn du mellom anna innandørs klatrevegg og sandvolleyballbane i Sandhallen på vie, stall mm.
Innhald
Leilegheita ligg i høg 1.etasje fint utsyn og følgjande innhald:
Entrè, bod/vaskerom, stove/kjøkken med utgang til overbygd verdanda, tre soverom, garderobe og bad.

I tillegg er det bod og parkeingsplass i underetasjen, tilkomst via trapp og heis.
Standard
Rennebakkane 1 har enkel tilkomst med asflatert bilveg fram til garasjen og inngangspartiet.
I underetasjen ligg garsjen, der leilegheita har fast plass og eiga bod.
Frå garasjen er det tilkomst til leilegheita via heis og trapp.

Inngangsdøra ledar inn til luftig entrè med flislagd golv, vassboren golvvarme og oppgradert skyvedørsgarderobe frå HTH.
Vassboren golvvarme er det i alle rom, unntake vaskerommet, som ligg på høgre hand i entrèen.
Vaskerommet er eit praktisk rom, innreiia med opplegg for vaskemaskin, benkeplate med underskåp, utslagsvask og tolalett.

I enden av entrèen ligg stova.
Stova har store vindauge i vestveggen som gir godt lysinnslepp og flott utsyn frå stova.
Her er det laminatgolv av god kvalitet og elles lyse overflater. I himlinga er det integrerte høgtalarar.
Stova er romsleg med god plass til både sitte- og spisegruppe.
Glasdør ledar ut til overbygd veranda med glasrekkverk og Møre Royal plank på golvflata.
Praktisk oppberingsbod i den eine enden. Frå verandaen nyt ein flott utsikt over Førde og fjella i kring.

Tilbake i stova ligg kjøkkenet i opa, men godt skjerma løysing.

Innreiinga er frå HTH modell ML-sens med kvitlakkerte frontar og laminert benkeplate.
Lux skuffer med matter og demping.
Flotte flisar mellom benkeplata og overskåp, spott belysing i vitrineskåpet og under overskåpa.
Kjøkkenet er påkosta med integrert induksjonsplatetopp, steikeovn med pyrolyse og oppvaskmaskin frå Miele.
Frå vindauge bak vasken er det flott utsyn i retning sentrum.

Vidare ligg tre soverom. Alle har laminatgolv og elles lyse overflater. Det største soverommet er svært romsleg og har eige garderoberom i enden.

Frå hovudsoverommet spaserer ein rett "over gangen" til badet.

Badet er moderne og tidlaust bad, med flislagd golv og våtromslaminat på veggane.
Flott baderomsinnreiing frå HTH modell DK- Athena lys ask finèr, med 100cm skuffer under servanten og høgskåp med tre stk. dører.
Speil med led-belysing og 100cm bredde over servanten.
Elles er badet innreiia med vegghengd wc og oppgradert "himmeldusj" med innfellbare dører.

Her er det fiberkabel, balansert ventilasjon og porttelefon.

Flott leilegheit med gode kvalitetar og attraktiv beliggenheit.
Byggjemåte
Bygningen er oppført med bærekonstruksjon i betong og stål. Etasjeskilje i betong.
Skiljeveggar mellom bueiningar er i betong eller stendardverk av stål/tre kledd med fire lag gips.
Takkonstruksjon er bygd som kompakt tak.
Fasaden er oppbygd med isolerte stendervegger, i hovudsak kledd med trekledning og fasadeplater.
Verandagolv er av betong med trelemmar i impregnert materiale over.
Innvendige veggar er oppført i bindingsverk i varierande tjukkleik med stendarar i tre eller stål, kledd med gipsplater som det er lagt strie på og måla, og med ferdigmåla huntonitt plater.

Kjøpar pliktar å gjere seg kjend med innhaldet i eigenerklæring frå seljar som ligg ved salsoppgåva før det vert lagt inn bod på eigedommen. Meklar gjer elles merksam på kjøpar si undersøkingsplikt med heimel i avhendingslova.
Areal og fordeling per etasje
Primærrom: 90 kvm, Bruksareal: 94 kvm
Alle rom er P-rom unnateke: garderobe/bod.

BRA pr. etasje:
1.Etasje: 94 kvm.

Areala er henta frå salsteikningar frå arkitekt. Meklar har ikkje kontrollert areala.
Parkering
Fast plass i felles garasje i underetasjen.
Felles gjesteparkering.
Tomt
Areal: 10 869 kvm, Eierform: Fellestomt
Regulering/offentleg godkjenning
Eigedomen er regulert til bustadføremål.
Veg, vatn, avlaup
Enkel tilkomst frå kommunal veg.
Eigedomen er knytta til offentleg vatn og avlaup via sameiget sine stikkleidningar.
Energimerking
Oppvarmingskarakter Gul - Energikarakter B
Tilkomst
Eigedomen har svært enkel tilkomst med asfaltert veg fram til bygget.
Frå garasjen i underetasjen er det tilkomst via heis og trapp, opp til leilegheita.
Oppvarming
Vassboren golvvarme i entrè, stove, kjøkken, soveromma og badet.
Temperaturen kan regulerast med romtermostatar, unnateke badet.
Kommunale avgifter
Kr. 1 590 pr. år
Inkluderar eigedomsskatt og branntilsyn. Øvrige kommunale avgifter er inkludert i felleskostnader.
Faste kostnader
Eigar av seksjonen blir a-konto fakturert for straumforbruk knytt til vassboren varme.
Det fakturerast kr. 75,- per kvm. Innbetalt beløp vert avrekna mot faktisk forbruk ein gong i året.
Elles straum og nettleige etter eige forbruk.

Eigar må sjølv teikne innbuforsikring. Prisar på dette vil variere med om ein er totalkunde osv. hjå forsikringselskap.
Likningsverdi
Likningsverdi som primærbustad kr 714 417 per 03.01.19
Likningsverdi som sekundærbustad kr 2 571 899 per 03.01.19
Ferdigattest
Det føreligg mellombels bruksløyve frå Førde kommune datert 25.11.2015. Løyvet ligg vedlagt salsoppgåva.
Felleskostnader
3 408 pr. mnd. Inkluderer: fiber/tv, kommunale utgifter (unnateke branntilsyn og eigedomsskatt), forsikring, forretningsførsel og straumforbruk vassboren varme (a-konto).
Opplysningar om sameige.
Sameie: Nedre Bøbakkane Sameige, Orgnr.: 818851782

Med eigarseksjon meinast sameigedel i bebygd eigedom med tilknytta einerett til bruk av ein av fleire bustader eller andre brukseiningar i eigedomen.
I følgje lov om eigarseksjonar kan ingen erverve meir enn to bustadseksjonar i sameige.
Rekneskap/vedtekter
Kjøpar vert oppmoda til å setje seg inn i rekneskap, vedtekter og evt. husordensreglar. Kjøpar godkjenner som bindande for seg sameiget sine vedtekter og husordensreglar herunder evt. reglar om husdyrhald.
Vedtekter og husordensreglar ligg vedlagt salsoppgåva. Rekneskap kan utleverast ved henvending til meklarforetaket.
Forretningsførar/rekneskapsførar
BOB
Godkjenning/forkjøpsrett
Ingen forkjøpsrett.
Kjøpar av seksjon må meldast til styret for godkjenning. Godkjenning kan berre nektast i det enkelte tilfelle når det ligg føre sakleg grunn til det.
Legalpant
Sameige har legalpant for inntil 2G for dekking av ubetalte felleskostnader.
Utleige
Seksjonen kan i sin heilheit leigast ut til bustadføremål.
Forsikring
Eigedomen er forsikra gjennom sameige og vert betalt som ein del av felleskostnadane. Kjøpar må teikne innbuforsikring frå overtakingsdato.
Bustadseljarforsikring
Bustaden er seld utan bustadseljarforsikring.
Bustadkjøparforsikring
Eigedomsmekling Sogn og Fjordane AS formidlar bustadkjøparforsikring frå HELP Forsikring AS. Dette er ei rettshjelpsforsikring som gir tryggleik og profesjonell juridisk hjelp dersom det vart oppdaga uventa feil og manglar ved bustaden. Ta kontakt med meklar for meir informasjon eller les meir om forsikringa på www.help.no.
Finansiering
Interessentar som ønskjer tilbod om finansiering i Sparebanken Sogn og Fjordane kan kontakte meklar.
Kvitvasking
Lov av 6. mars 2009 nr. 11 om tiltak mot kvitvasking og terrorfinansiering pålegg eigedomsmeklarar å gjennomføre legitimasjonskontroll og risikovurdering av alle kundar og/eller eventuelle reelle rettigheitshavarar. Dersom kunden ikkje oppfyller krava etter lova eller eigedomsmeklar har mistankar om at transaksjonar har tilknyting til utbyte frå straffbare handlingar eller forhold som rammast av straffelova §§ 131-136 a, kan eigedomsmeklaren stoppe gjennomføringa av transaksjonen eller eigedomshandelen. Eigedomsmeklaren kan ikkje haldast ansvarleg for dei konsekvensane dette vil kunne få for partane eller andre som har interesser i eigedomshandelen.
Bodgjeving
Alle bod skal gjevast skriftleg til meklar. Det første bodet skal gjevast på bodskjema påført bodgjevar sin signatur. I tillegg må bodgjevar ha legitimert seg. Seinare bod kan gjevast per e-post, SMS eller per faks til meklar. Bod kan også gjevast via bodgjevingsplattform på nett eller app. Veljast denne løysinga, er det ikkje krav til å sende det første bodet på bodskjema. Meklar skal så snart som muleg stadfeste skriftleg ovanfor bodgjevar at bod er motteke.

Bod som ikkje er skriftleg, eller som har kortare akseptfrist enn til kl. 12.00 dagen etter siste annonserte vising, vil ikkje bli formidla til seljar. Meklar vil heller ikkje formidle bod med atterhald om at bodet er hemmeleg for andre bodgjevarar. Eit bod er bindande for bodgjevar når bodet er blitt gjort kjent for seljar. Seljar står fritt til å akseptere eller forkaste eitkvart bod, og pliktar såleis ikkje å akseptere det høgste bodet på eigedomen.

Meklar skal, i den grad det er naudsynt og muleg, informere dei involverte i bodrunden skriftleg om status i bodgjevinga.
Meklar pliktar å leggje til rette for ei forsvarleg avvikling av bodrunden. For at boda skal kunne bli handsama og formidla vidare skriftlig til alle involverte partar, må eitkvart bod ha ein tilstrekkeleg lang akseptfrist, og uansett bør ikkje eit bod ha ein akseptfrist på mindre enn 30 minutt frå bodet vert gjeve. Seljar må skriftleg akseptere bodet før bodaksept kan formidlast til bodgjevar.
Ein gjer merksam på at bod som vert gjeve etter normal arbeidstid vert handsama/formidla påfølgjande arbeidsdag.

Seljar og kjøpar har krav på å få utlevert kopi av bodjournalen straks etter at handel er komt i stand. Alle som har gjeve bod på eigedomen kan på førespurnad få en kopi av anonymisert bodjournal etter at bodrunden er avslutta.
Ein syner elles til "Forbrukarinformasjon om bodgjeving", som er teke inn på baksida av bodskjema i salsoppgåva.
Overtaking
Etter avtale med seljar.
Seld "som den er"
Salet vert regulert av Lov om avhending av fast eigedom. Eigedomen vert seld i den stand den var under synfaring, jf. avhendingslova § 3-9, "som den er". Dette avtalepunktet medfører at avhendingslova sine reglar om når eigedomen har mangel vert fråvike til ugunst for kjøpar.

Eigedomen har likevel mangel i følgjande tilfelle:
Når kjøpar ikkje har fått opplysningar om forhold ved eigedomen som seljar kjende eller måtte kjenne til, og som kjøpar hadde grunn til å rekne med å få. Dette gjeld likevel berre dersom ein kan gå ut frå at det har verka inn på avtalen at opplysningane ikkje vart gitt.
Når seljar har gitt urette opplysningar om eigedomen. Det same gjeld dersom eigedomen ikkje er i samsvar med opplysningar som er gitt i annonse, salsprospekt eller ved anna marknadsføring på vegne av seljar. Dette gjeld likevel berre dersom ein kan gå ut frå at opplysningane har verka inn på avtalen, og ikkje har vorte retta i tide.
Når eigedomen er i vesentleg dårlegare stand enn kjøpar hadde grunn til å rekne med ut frå kjøpesummen og forholda elles.
Når tomta har vesentleg mindre areal enn opplyst av seljar.
Nøkkelinfo
Primærrom ? 90 m2
Bruksareal ? 94 m2
Rom 4
Byggeår 2017
Tomte­areal 10869 m2
Energi­merking ? B
Vising
måndag 21. januar, 16:30 – 17:30
Kontakt meklar
Bilete av Trond  Bakke
Trond Bakke
Eigedomsmeklarfullmektig MNEF
Førde
Tilbake til bustadutlisting

Skal gje forbrukarane kunnskap om energiforbruket til bueininga. Alle bustader, fritidsbustader og yrkesbygg skal energimerkast ved sal og utleige. Sjå energimerking.no for meir informasjon.

P-rom vert målt frå innsida av yttervegg inkludert veggane mellom desse areala. Dette er innvendige areal av bustaden som vert brukt til kort- eller langvarig opphald (opphaldsrom), til dømes stove, kjøken, bad, soverom, vaskerom og gangareal mellom desse. Bodareal/areal for lagring/tekniske rom inngår ikkje i primærrom.

Arealet av bygingen målt frå utvendig vegg til utvendig vegg eller midt i skiljevegg mot anna brukseining eller fellesareal.

Bruksareal er summen av det arealet som ligg innanfor ytterveggane, og vert målt frå innsida av yttervegg til innsida av yttervegg. Alt areal av innvendige veggar er medrekna. Målbart areal skal ha takhøgd på 1,9 meter.

Rennebakkane 1
Førde
Prisant. 4500000
Soverom 3
Bustadtype Leilegheit
Eigarform Eigar (Sjølveigar)
Nøkkelinfo
Primærrom ? 90 m2
Bruksareal ? 94 m2
Rom 4
Byggeår 2017
Tomte­areal 10869 m2
Energi­merking ? B
Vising
måndag 21. januar, 16:30 – 17:30
Kor mykje treng du låne?
Prøv Sparebanken Sogn og Fjordane sin lånekalkulator
I nærområdet