Treroms eigarleilegheit i Øvre Hovden! VISING TYSDAG 22.1 kl 16 - 16.30

Vis i kart
Øvre Hovden 7
Breim
Prisant. 1270000
Soverom 2
Etasje 1
Bustadtype Andre
Eigarform Eigar (Sjølveigar)

Treroms eigarleilegheit i Øvre Hovden! VISING TYSDAG 22.1 kl 16 - 16.30

Eigedom
Øvre Hovden 7
6827 Breim
1. etasje
Om eigedomen
Leiligheta ligg romsleg og flott til i byggjefeltet på Reed/Hovden. Det er flott utsikt mot Breimsvatnet, Skjorta og elles landskapet rundt.

Reed var tidlegare det naturlege senteret på Breim, blandt anna "Den Trondhjemske postvei" gikk her.
Breim finn du i Gloppen kommune, i Nordfjord. Bygda ligg midt i Sogn og Fjordane med kun ca. 1 time med bil til Førde, Stryn, Florø og Nordfjordeid. Kvar sommar blomstrar bygda og det blant anna Norsk Contrytreff, der ein i år mellom anna kan få med seg Rotlaus og Emmylou Harris. På vinterstid kan bygda tilby vinteraktivitetar med då Breimsbygda Skisenter med flotte turløyper og skitrekk for liten og stor.

Det er ca 10 minutt til kommunesenteret Sandane, her finn ein mellom anna Trivselshagen, diverse kulturtilbod, kino, bad, idrett og Bibliotek.
Innhald
Leilgheita er over eit plan og inneheld:
to soverom, bad/vaskerom, kjøkken, stove, gang, vindfang og bod.
Standard
Standard er i hovudsak frå byggjeår. Det er god, praktiske romløysing og mange mulighetar for den som ønskjer det.
Enkel kjøkkeninnredning med lakkerte finerte frontar, laminat skog og benkeplate og med opplegg for oppvaskemaskin.
På badet er her enkel kvit baderomsinnredning samt kvitt garderobeskåp, det er dusjkabinett og plass for vaskemaskin.
Soverom av bra storleik, med garderobeskåp på begge soverom.
Stor og praktisk bod med fastmonterte hyller og garderobeskåp.

Overflater generelt:
Himlingsbekledning; Måla sparkla betongdekke.
Veggbekledning; I hovedsak måla veggplater og målingsstrie. Noko måla betongpuss i vindfang,
bod og på eine soverommet.
Golvbekledning; Golvbelegg.
Bad med himling som måla sparkla betongdekke, målingsstrie på veggane og belegg på golvet.
Innerdører som måla glatte dører.
Byggjemåte
Grunnforhold antatt som grus og utskota fjelltomt. Fuktsikring med synlege knotteplast samt antatt med dreneringsrør. Fundamentert med såle og golv på grunn av betong. Ytterveggar i hovedsak som grunnmur med utvendig måling og innvendige isolerte framforingar. Ytterveggar elles som 15 cm isolert bindingverk med ytterkledning av liggande dobbeltfalsa trekledning. Skillevegg av betong mot tilstøtande leilegheit. Saltakkonstruksjon med taktekking av betongtakstein og alu. takrenner og nedløprør. Vindauger med 2-lags glas i trekarm med gjennomgåande sprossar. Etasjeskille av betong mot leilegheita i 1.etg.
Med omsyn til den tekniske standarden på bygningane vert det elles vist til takst av Kristen Eikenæs, datert 12.11.2018.

Kjøpar pliktar å gjere seg kjend med innhaldet i taksten og i eigenerklæring frå seljar som ligg ved salsoppgåva før det vert lagt inn bod på eigedommen. Meklar gjer elles merksam på kjøpar si undersøkingsplikt med heimel i avhendingslova.
Areal og fordeling per etasje
Primærrom: 79 kvm, Bruksareal: 87 kvm, Bruttoareal: 95 kvm
Alle rom er P-rom unnateke:

BRA pr. etasje:
1.Etasje:89 kvm

Areala er henta frå takst utført av autorisert takstmann og er i samsvar med NS 3940. Meklar har ikkje kontrollert areala.
Parkering
Det er parkering i tilknyting til seksjonen på fellestomt.
Tomt
Areal: 985 kvm, Eierform: Fellestomt
Flat og sør-søraustvendt opparbeidt fellestomt med plen og enkel beplantning. Det er parkering på fellestomt.
Regulering/offentleg godkjenning
Eigedommen ligg i område regluert for bustad.
Det er i samband med byggesak gitt dispensasjon for å kunne nytte friområde aust for tomta som tilkomst til bakre del.
Veg, vatn, avlaup
Eigedommen er tilknytt offentleg veg, vatn og avlaup via private stikkledningar.
Energimerking
Oppvarmingskarakter Oransje - Energikarakter E
Tilkomst
Det er enkel tilkomst til eigedommen. Det vil bli skilta ved fellesvising.
Oppvarming
Det er golvvarme/varmekablar i fleire golv, ikkje på soverm, bod og rundt vedomn i stova. Elles er det basert på elektrisk oppvarming med td. panelomn.
Kommunale avgifter
Kr. 8 850 pr. år
Renovasjonsavgift til NoMil vil komme i tillegg. Denne er på ca 3.800,- per år. inkl. evt. eigedomsskatt.
Faste kostnader
Felleskostnad pr mnd 400,-
Straum og nettleige etter eige forbruk.
Eigar må sjølv teikne fullverdi og innbuforsikring. Prisar på dette vil variere med om ein er totalkunde osv. hjå forsikringselskap.
Meklar gjer merksam på at desse utgiftene er knytt til dagens eigar og at desse vil kunne endre seg med omsyn til anna bruk av bustaden enn i dag eller andre avtalar med leverandørar.

Det er ikkje innlagt fiber.
Likningsverdi
Likningsverdi som primærbustad kr 338 393 per 31.12.17
Likningsverdi som sekundærbustad kr 1 218 216 per 31.12.17
Ferdigattest
Det føreligg mellombels bruksløyve frå Gloppen kommune datert 31.1.1992. Dette ligg vedlagt.
Felleskostnader
400 pr. mnd.
Denne dekker felles forsikring og resterande går til oppsparing til felles vedlikehold blant anna.
Opplysningar om sameige.


Med eigarseksjon meinast sameigedel i bebygd eigedom med tilknytta einerett til bruk av ein av fleire bustader eller andre brukseiningar i eigedomen.
I følgje lov om eigarseksjonar kan ingen erverve meir enn to bustadseksjonar i sameige.
Rekneskap/vedtekter
Sameiget er enkelt organisert, og ikkje rekneskapspliktig. Vi har difor ikkje motteke rekneskap, budsjett, ol og kan difor ikkje opplyse om slike forhold.
Formann opplyser om at det ikkje er fastsatt vedtekter eller husordensreglar i sameiget.
Forretningsførar/rekneskapsførar
Sameiget er enkelt organisert og det er ikkje valt formann. Kasserar i sameiget er Odd-Stian Reed.
Godkjenning/forkjøpsrett
Det er ikkje behov for styregodkjenning for ny eigar.
Legalpant
Sameige har legalpant for inntil 2G for dekking av ubetalte felleskostnader.
Utleige
Seksjonen kan i sin heilheit leigast ut til bustadføremål.
Diverse
Det er ikkje opplyst noko som kan auke fellesutgifter.
Vedlikehald går på den enkelte seksjon.
Forsikring
Eigedomen er forsikra gjennom sameige og vert betalt som ein del av felleskostnadane. Kjøpar må teikne innbuforsikring frå overtakingsdato.
Bustadseljarforsikring
Bustaden er seld med bustadseljarforsikring.
Bustadkjøparforsikring
Eigedomsmekling Sogn og Fjordane AS formidlar bustadkjøparforsikring frå HELP Forsikring AS. Dette er ei rettshjelpsforsikring som gir tryggleik og profesjonell juridisk hjelp dersom det vart oppdaga uventa feil og manglar ved bustaden. Ta kontakt med meklar for meir informasjon eller les meir om forsikringa på www.help.no.
Finansiering
Interessentar som ønskjer tilbod om finansiering i Sparebanken Sogn og Fjordane kan kontakte meklar.
Kvitvasking
Lov av 6. mars 2009 nr. 11 om tiltak mot kvitvasking og terrorfinansiering pålegg eigedomsmeklarar å gjennomføre legitimasjonskontroll og risikovurdering av alle kundar og/eller eventuelle reelle rettigheitshavarar. Dersom kunden ikkje oppfyller krava etter lova eller eigedomsmeklar har mistankar om at transaksjonar har tilknyting til utbyte frå straffbare handlingar eller forhold som rammast av straffelova §§ 131-136 a, kan eigedomsmeklaren stoppe gjennomføringa av transaksjonen eller eigedomshandelen. Eigedomsmeklaren kan ikkje haldast ansvarleg for dei konsekvensane dette vil kunne få for partane eller andre som har interesser i eigedomshandelen.
Bodgjeving
Alle bod skal gjevast skriftleg til meklar. Det første bodet skal gjevast på bodskjema påført bodgjevar sin signatur. I tillegg må bodgjevar ha legitimert seg. Seinare bod kan gjevast per e-post, SMS eller per faks til meklar. Bod kan også gjevast via bodgjevingsplattform på nett eller app. Veljast denne løysinga, er det ikkje krav til å sende det første bodet på bodskjema. Meklar skal så snart som muleg stadfeste skriftleg ovanfor bodgjevar at bod er motteke.

Bod som ikkje er skriftleg, eller som har kortare akseptfrist enn til kl. 12.00 dagen etter siste annonserte vising, vil ikkje bli formidla til seljar. Meklar vil heller ikkje formidle bod med atterhald om at bodet er hemmeleg for andre bodgjevarar. Eit bod er bindande for bodgjevar når bodet er blitt gjort kjent for seljar. Seljar står fritt til å akseptere eller forkaste eitkvart bod, og pliktar såleis ikkje å akseptere det høgste bodet på eigedomen.

Meklar skal, i den grad det er naudsynt og muleg, informere dei involverte i bodrunden skriftleg om status i bodgjevinga.
Meklar pliktar å leggje til rette for ei forsvarleg avvikling av bodrunden. For at boda skal kunne bli handsama og formidla vidare skriftlig til alle involverte partar, må eitkvart bod ha ein tilstrekkeleg lang akseptfrist, og uansett bør ikkje eit bod ha ein akseptfrist på mindre enn 30 minutt frå bodet vert gjeve. Seljar må skriftleg akseptere bodet før bodaksept kan formidlast til bodgjevar.
Ein gjer merksam på at bod som vert gjeve etter normal arbeidstid vert handsama/formidla påfølgjande arbeidsdag.

Seljar og kjøpar har krav på å få utlevert kopi av bodjournalen straks etter at handel er komt i stand. Alle som har gjeve bod på eigedomen kan på førespurnad få en kopi av anonymisert bodjournal etter at bodrunden er avslutta.
Ein syner elles til "Forbrukarinformasjon om bodgjeving", som er teke inn på baksida av bodskjema i salsoppgåva.
Overtaking
Etter avtale med seljar. Leilegheita er ledig for kjøpar.
Seld "som den er"
Salet vert regulert av Lov om avhending av fast eigedom. Eigedomen vert seld i den stand den var under synfaring, jf. avhendingslova § 3-9, "som den er". Dette avtalepunktet medfører at avhendingslova sine reglar om når eigedomen har mangel vert fråvike til ugunst for kjøpar.

Eigedomen har likevel mangel i følgjande tilfelle:
Når kjøpar ikkje har fått opplysningar om forhold ved eigedomen som seljar kjende eller måtte kjenne til, og som kjøpar hadde grunn til å rekne med å få. Dette gjeld likevel berre dersom ein kan gå ut frå at det har verka inn på avtalen at opplysningane ikkje vart gitt.
Når seljar har gitt urette opplysningar om eigedomen. Det same gjeld dersom eigedomen ikkje er i samsvar med opplysningar som er gitt i annonse, salsprospekt eller ved anna marknadsføring på vegne av seljar. Dette gjeld likevel berre dersom ein kan gå ut frå at opplysningane har verka inn på avtalen, og ikkje har vorte retta i tide.
Når eigedomen er i vesentleg dårlegare stand enn kjøpar hadde grunn til å rekne med ut frå kjøpesummen og forholda elles.
Når tomta har vesentleg mindre areal enn opplyst av seljar.
Nøkkelinfo
Primærrom ? 79 m2
Bruksareal ? 87 m2
Bruttoareal ? 95 m2
Byggeår 1991
Tomte­areal 985 m2
Eigarskifte­forsikring Ja
Energi­merking ? E
Vising

Ta kontakt for å avtale vising.

Kontakt meklar
Bilete av Sissel  Anett  Halnes
Sissel Anett Halnes
Eigedomsmeklar MNEF
Nordfjordeid
Tilbake til bustadutlisting

Skal gje forbrukarane kunnskap om energiforbruket til bueininga. Alle bustader, fritidsbustader og yrkesbygg skal energimerkast ved sal og utleige. Sjå energimerking.no for meir informasjon.

P-rom vert målt frå innsida av yttervegg inkludert veggane mellom desse areala. Dette er innvendige areal av bustaden som vert brukt til kort- eller langvarig opphald (opphaldsrom), til dømes stove, kjøken, bad, soverom, vaskerom og gangareal mellom desse. Bodareal/areal for lagring/tekniske rom inngår ikkje i primærrom.

Arealet av bygingen målt frå utvendig vegg til utvendig vegg eller midt i skiljevegg mot anna brukseining eller fellesareal.

Bruksareal er summen av det arealet som ligg innanfor ytterveggane, og vert målt frå innsida av yttervegg til innsida av yttervegg. Alt areal av innvendige veggar er medrekna. Målbart areal skal ha takhøgd på 1,9 meter.

Øvre Hovden 7
Breim
Prisant. 1270000
Soverom 2
Etasje 1
Bustadtype Andre
Eigarform Eigar (Sjølveigar)
Nøkkelinfo
Primærrom ? 79 m2
Bruksareal ? 87 m2
Bruttoareal ? 95 m2
Byggeår 1991
Tomte­areal 985 m2
Eigarskifte­forsikring Ja
Energi­merking ? E
Vising

Ta kontakt for å avtale vising.

Kor mykje treng du låne?
Prøv Sparebanken Sogn og Fjordane sin lånekalkulator
I nærområdet