Næringsseksjon med gunstig plassering i Eid sentrum!

Vis i kart
Sjøgata 4C
Nordfjordeid
Prisant. 3990000
Bustadtype Produksjon/Industri
Eigarform Eigar (Sjølveigar)

Næringsseksjon med gunstig plassering i Eid sentrum!

Eigedom
Sjøgata 4C
6770 Nordfjordeid
Innhald
Lokalet er på bakkeplan og inneheld pr idag møterom, kjøkken/kantine, garderobe med tre toalett - eit av toaletta er HC, gang/vindfang, teknisk rom.
Standard
Næringslokale med gunstig plassering og mange mulighetar. Det ligg på bakkeplan og vil eigne seg godt både til kontor, butikk og mykje anna, sjølvsagt med nødvendige tilpasningar.

Innerveggar er lettveggar. I all hovudsak er det malt strie på veggplater.

Golv
På golv er det vinylbelegg i gangareale og på toalett. Det er lagt teppefliser i kontor- og kjøkkenområde. Inngangspartiet er det lagt fliser.
Det er lagt inn golvvarme frå Fjordvarme.

Himling
Her er det dels takess, dels systemhimling og dels betongdekke.

Ventilasjon
Balansert ventilasjonsanlegg med varmegjenvinning. Denne går kun på 1.etasje. Straumen som driftar dette går på fellesareale, eigar vil betale sin andel gjennom felleskostnad.

Det er også sentralstøvsugar og brannvarslingsanlegg med sentral.
Byggjemåte
Bygning er oppført på betongfundament med betongveggar og innvendig påforing og isolering.
Etasjeskilje er prefabrikerte betongelement og yttertak i prefabrikerte takstolar og stålkonstruksjon tekt med betongstein. Isolerglas med aluminiumskarmar.

Det opplysast også at seljar har god kjennskap til heile seksjonen/bygget og kan vere behjelpleg med informasjon dersom det er ønskelig.

Kjøpar pliktar å gjere seg kjend med innhaldet i taksten og i eigenerklæring frå seljar som ligg ved salsoppgåva før det vert lagt inn bod på eigedommen. Meklar gjer elles merksam på kjøpar si undersøkingsplikt med heimel i avhendingslova.
Med omsyn til den tekniske standarden på bygningane vert det elles vist til takst av Arne Hool, datert 6.10.2008.

Kjøpar pliktar å gjere seg kjend med innhaldet i taksten og i eigenerklæring frå seljar som ligg ved salsoppgåva før det vert lagt inn bod på eigedommen. Meklar gjer elles merksam på kjøpar si undersøkingsplikt med heimel i avhendingslova.
Areal og fordeling per etasje
Bruksareal: 216 kvm

BRA pr. etasje:
1.Etasje: 216 kvm
Areala er henta frå takst utført av autorisert takstmann og er i samsvar med NS 3940. Meklar har ikkje kontrollert areala.
Parkering
Det er godt med parkering rett ved denne delen av seksjon som no seljast. Denne seksjonen disponerar ein del av parkeringsplassane mot sør.
Tomt
Areal: 740 kvm, Eierform: Fellestomt
Eigedommen er for det meste asfaltert rundt bygget. Noko enkel beplanting.
Regulering/offentleg godkjenning
Eigedomen er i privat reguleringsendring Nordfjordeid sentrum - Gnr. 45 bnr. 40, Fabrikken, med planID 2005001 regulert til bustad/forretning/kontor.
Veg, vatn, avlaup
Det er privat til offentleg veg, vatn og avlaup
Energimerking

Det er ikkje føretatt energimerking av næringslokalet. Seljar er ansvarleg for å få bygget energimerka dersom kjøpar krev det.
Tilkomst
Det er svært enkel adkomst til denne seksjonen
Oppvarming
Det er golvvarme i alle golv og balansert ventilasjonsanlegg med varmegjenvinning.
Kommunale avgifter

Kommunale avgifter og avgifter til renovasjon (NoMil) blir fakturert sameiget og betalast gjennom felleskostnad.
Faste kostnader
Det betalast månedlege fellesutgifter. P.t. er desse på ca. kr 6.100,- til sameiget pr. mnd.

Dei månedlege kostnadane er med på å dekke utgifter til felles vedlikehald, straum til fellesareal, fjordvarme, alarmsentral, kommunale avgifter, renovasjon, forsikring, ventilasjon.

Kvart år overfører sameiget ca kr 29.000,- til eigen konto for framtidig vedlikehald, for denne seksjonen utgjer dette ca 400 i mnd - dette er inkludert i fellesutgiftene på 6.100 pr mnd.
Ferdigattest
Det føreligg ferdigattest frå Eid kommune datert 6.4.2009 Denne ligg vedlagt.
Felleskostnader
6 100 pr. mnd. Dei månedlege kostnadane er med på å dekke utgifter til kommunale avgifter, strøm til oppvarming og varmevatn til alle seksjoner, drift og veldikehold av bygg og felles areal i sameiget.

Det er i desse kostnadane tatt med ei 10& auke grunna høgare kostnadar til td straum
Opplysningar om sameige.


Med eigarseksjon meinast sameigedel i bebygd eigedom med tilknytta einerett til bruk av ein av fleire bustader eller andre brukseiningar i eigedomen.
I følgje lov om eigarseksjonar kan ingen erverve meir enn to bustadseksjonar i sameige.
Rekneskap/vedtekter
Kjøpar vert oppmoda til å setje seg inn i rekneskap, vedtekter og evt. husordensreglar. Kjøpar godkjenner som bindande for seg sameiget sine vedtekter og husordensreglar herunder evt. reglar om husdyrhald.

Rekneskap kan sjåast hjå Eigedomsmeklar.
Forretningsførar/rekneskapsførar
Vekstra Reknskap.
Godkjenning/forkjøpsrett
Frå vedtekter i sameiget: Sal eller bortfeste av heile eller delar av eigedommen, samt vedtak som medfører vesentlege endringar i sameige sin karakter, krev tilslutning frå samtlege sameigarar.
Legalpant
Sameige har legalpant for inntil 2G for dekking av ubetalte felleskostnader.
Utleige
Seksjonen kan i sin heilheit leigast ut til bustad/næringsføremål. Det er seksjonert som næring, og må evt reseksjonerast og ombyggast for å kunne nyttast som bustad.
Diverse
Eigedomsmeklar ber intressentar setje seg inn i vedtekter og rekneskap samt anna informasjon ang sameiget.
Noverande leigetakar har sagt opp si leigekontrakt.

Seksjon 1 skal betale inn sin andel av driftskapital kr 16.166,- til Sameiget Fabrikken.
Forsikring
Eigedomen er forsikra gjennom sameige og vert betalt som ein del av felleskostnadane. Kjøpar må teikne innbuforsikring frå overtakingsdato.
Bustadseljarforsikring
Bustaden er seld utan bustadseljarforsikring.
Bustadkjøparforsikring
Eigedomsmekling Sogn og Fjordane AS formidlar bustadkjøparforsikring frå HELP Forsikring AS. Dette er ei rettshjelpsforsikring som gir tryggleik og profesjonell juridisk hjelp dersom det vart oppdaga uventa feil og manglar ved bustaden. Ta kontakt med meklar for meir informasjon eller les meir om forsikringa på www.help.no.
Finansiering
Interessentar som ønskjer tilbod om finansiering i Sparebanken Sogn og Fjordane kan kontakte meklar.
Kvitvasking
Lov av 6. mars 2009 nr. 11 om tiltak mot kvitvasking og terrorfinansiering pålegg eigedomsmeklarar å gjennomføre legitimasjonskontroll og risikovurdering av alle kundar og/eller eventuelle reelle rettigheitshavarar. Dersom kunden ikkje oppfyller krava etter lova eller eigedomsmeklar har mistankar om at transaksjonar har tilknyting til utbyte frå straffbare handlingar eller forhold som rammast av straffelova §§ 131-136 a, kan eigedomsmeklaren stoppe gjennomføringa av transaksjonen eller eigedomshandelen. Eigedomsmeklaren kan ikkje haldast ansvarleg for dei konsekvensane dette vil kunne få for partane eller andre som har interesser i eigedomshandelen.
Bodgjeving
Alle bod skal gjevast skriftleg til meklar. Det første bodet skal gjevast på bodskjema påført bodgjevar sin signatur. I tillegg må bodgjevar ha legitimert seg. Seinare bod kan gjevast per e-post, SMS eller per faks til meklar. Bod kan også gjevast via bodgjevingsplattform på nett eller app. Veljast denne løysinga, er det ikkje krav til å sende det første bodet på bodskjema. Meklar skal så snart som muleg stadfeste skriftleg ovanfor bodgjevar at bod er motteke.

Bod som ikkje er skriftleg, eller som har kortare akseptfrist enn til kl. 12.00 dagen etter siste annonserte vising, vil ikkje bli formidla til seljar. Meklar vil heller ikkje formidle bod med atterhald om at bodet er hemmeleg for andre bodgjevarar. Eit bod er bindande for bodgjevar når bodet er blitt gjort kjent for seljar. Seljar står fritt til å akseptere eller forkaste eitkvart bod, og pliktar såleis ikkje å akseptere det høgste bodet på eigedomen.

Meklar skal, i den grad det er naudsynt og muleg, informere dei involverte i bodrunden skriftleg om status i bodgjevinga.
Meklar pliktar å leggje til rette for ei forsvarleg avvikling av bodrunden. For at boda skal kunne bli handsama og formidla vidare skriftlig til alle involverte partar, må eitkvart bod ha ein tilstrekkeleg lang akseptfrist, og uansett bør ikkje eit bod ha ein akseptfrist på mindre enn 30 minutt frå bodet vert gjeve. Seljar må skriftleg akseptere bodet før bodaksept kan formidlast til bodgjevar.
Ein gjer merksam på at bod som vert gjeve etter normal arbeidstid vert handsama/formidla påfølgjande arbeidsdag.

Seljar og kjøpar har krav på å få utlevert kopi av bodjournalen straks etter at handel er komt i stand. Alle som har gjeve bod på eigedomen kan på førespurnad få en kopi av anonymisert bodjournal etter at bodrunden er avslutta.
Ein syner elles til "Forbrukarinformasjon om bodgjeving", som er teke inn på baksida av bodskjema i salsoppgåva.
Overtaking
Etter avtale med seljar.
Seld "som den er"
Salet vert regulert av Lov om avhending av fast eigedom. Eigedomen vert seld i den stand den var under synfaring, jf. avhendingslova § 3-9, "som den er". Dette avtalepunktet medfører at avhendingslova sine reglar om når eigedomen har mangel vert fråvike til ugunst for kjøpar.

Eigedomen har likevel mangel i følgjande tilfelle:
Når kjøpar ikkje har fått opplysningar om forhold ved eigedomen som seljar kjende eller måtte kjenne til, og som kjøpar hadde grunn til å rekne med å få. Dette gjeld likevel berre dersom ein kan gå ut frå at det har verka inn på avtalen at opplysningane ikkje vart gitt.
Når seljar har gitt urette opplysningar om eigedomen. Det same gjeld dersom eigedomen ikkje er i samsvar med opplysningar som er gitt i annonse, salsprospekt eller ved anna marknadsføring på vegne av seljar. Dette gjeld likevel berre dersom ein kan gå ut frå at opplysningane har verka inn på avtalen, og ikkje har vorte retta i tide.
Når eigedomen er i vesentleg dårlegare stand enn kjøpar hadde grunn til å rekne med ut frå kjøpesummen og forholda elles.
Når tomta har vesentleg mindre areal enn opplyst av seljar.

Lokalet fekk større skader under orkanen Dagmar slik ar vatnet sto langt opp veggen.
Nøkkelinfo
Bruksareal frå 216 m2
til 216 m2
Bruksareal ? 216 m2
Byggeår 2007
Tomte­areal 740 m2
Eigarskifte­forsikring Nei
Vising

Ta kontakt for å avtale vising.

Kontakt meklar
Bilete av Sissel  Anett  Halnes
Sissel Anett Halnes
Eigedomsmeklar MNEF
Nordfjordeid
Tilbake til bustadutlisting

Skal gje forbrukarane kunnskap om energiforbruket til bueininga. Alle bustader, fritidsbustader og yrkesbygg skal energimerkast ved sal og utleige. Sjå energimerking.no for meir informasjon.

P-rom vert målt frå innsida av yttervegg inkludert veggane mellom desse areala. Dette er innvendige areal av bustaden som vert brukt til kort- eller langvarig opphald (opphaldsrom), til dømes stove, kjøken, bad, soverom, vaskerom og gangareal mellom desse. Bodareal/areal for lagring/tekniske rom inngår ikkje i primærrom.

Arealet av bygingen målt frå utvendig vegg til utvendig vegg eller midt i skiljevegg mot anna brukseining eller fellesareal.

Bruksareal er summen av det arealet som ligg innanfor ytterveggane, og vert målt frå innsida av yttervegg til innsida av yttervegg. Alt areal av innvendige veggar er medrekna. Målbart areal skal ha takhøgd på 1,9 meter.

Sjøgata 4C
Nordfjordeid
Prisant. 3990000
Bustadtype Produksjon/Industri
Eigarform Eigar (Sjølveigar)
Nøkkelinfo
Bruksareal frå 216 m2
til 216 m2
Bruksareal ? 216 m2
Byggeår 2007
Tomte­areal 740 m2
Eigarskifte­forsikring Nei
Vising

Ta kontakt for å avtale vising.

Kor mykje treng du låne?
Prøv Sparebanken Sogn og Fjordane sin lånekalkulator
I nærområdet