Hyttetomt i flotte Breimslia

Vis i kart
Breimslia 53
Byrkjelo
Prisant. 380000
Bustadtype Hyttetomter

Hyttetomt i flotte Breimslia

Eigedom
Breimslia 53
6826 Byrkjelo
Om eigedomen
Tomta ligg fint til i Breimslia som er eit regulert hyttefelt som hittil er utbygd med ca 40 hytter. Hyttefeltet ligg ca 5 km frå Byrkjelo sentrum som har dei viktigaste service tilbod. Elles er det ca 20 km til Sandane sentrum, ca 48 km til Stryn. Nydelig utsikt mot Bergheimsvatnet og Eggenibba. Ved Breimslia hyttefelt er det flotte turmuligheter både sommer- og vinterhalvår. Kort avstand til Utvikfjellet med alpinanlegg og fine langrennsløyper.
Innhald
Naturtomt som er sydvendt med gode solforhold og fin utsikt.

Tomta har framlagt vatn, veg og kloakk til tomtegrense.

Tomteeigar pliktar å betale årleg avgift til Breimslia AS for vedlikehald og brøyting av veg frå byggjearbeidet tek til og årleg avgift for vatn og renovasjon frå hytta vert teken i bruk.

Brøyting og vedlikehald av veg: ca kr. 4000,- per år (varierer med snømengde). (Brøyting av privat innkjørsle kjem evt i tillegg).

Vassavgift: ca kr. 1.650,- per år (2017).

Renovasjon: 1300 per år (2017).

Privat kloakkanlegg i hyttefeltet som går over på det kommunale ved riksvegen. Det må betalast tilkoblingsavgift til Gloppen Kommune kr. 9.050,- (per April 2018) og årlig avløpsgebyr kr. 1.962 (per April 2018) til Gloppen Kommune når det vert oppført hytte på eigedommen.

Breimslia AS opplyser at det hittil ikkje har vore betalt årleg avgift for vedlikehald på den private delen av avløpsanlegget men at dette kan bli aktuelt fram i tid.
Parkering
Parkering på eiga tomt når den er opparbeida
Tomt
Areal: 875 kvm, Eierform: Eiet tomt
Regulering/offentleg godkjenning
Eigedommen er regulert til hytteføremål
Veg, vatn, avlaup
Det er privat veg, vatn og avlaup. Det må påreknast oppkoplingsavgift til Gloppen kommune på avlaup når hytta er ført opp.
Tilkomst
Det er privat veg til hyttefeltet
Kommunale avgifter
Kr. 96 dette er eigedomsskatt pt.
Faste kostnader
medlemsskap i hyttegrenda
Likningsverdi
Likningsverdi som primærbustad kr per
Konsesjon
Eigedomen er ikkje konsesjonspliktig, men kjøpar må fylle ut eigenerklæring om konsesjonsfridom då dette er ei ubebygd tomt.
Bustadseljarforsikring
Bustaden er seld utan bustadseljarforsikring.
Bustadkjøparforsikring
Eigedomsmekling Sogn og Fjordane AS formidlar bustadkjøparforsikring frå HELP Forsikring AS. Dette er ei rettshjelpsforsikring som gir tryggleik og profesjonell juridisk hjelp dersom det vart oppdaga uventa feil og manglar ved bustaden. Ta kontakt med meklar for meir informasjon eller les meir om forsikringa på www.help.no.
Finansiering
Interessentar som ønskjer tilbod om finansiering i Sparebanken Sogn og Fjordane kan kontakte meklar.
Kvitvasking
Eigedomsmekling Sogn og Fjordane AS er underlagt lov om kvitvasking og terrorfinansiering, og pliktar å rapportere til økokrim om mistenkjelege transaksjonar. Vidare er det strenge reglar om kontroll av legitimasjon frå alle partar og/eller reelle rettigheitshavarar i samband med handelen (seljar, kjøpar og fullmektigar for desse).
Bodgjeving
Alle bod skal gjevast skriftleg til meklar. Det første bodet skal gjevast på bodskjema påført bodgjevar sin signatur. I tillegg må bodgjevar ha legitimert seg. Seinare bod kan gjevast per e-post, SMS eller per faks til meklar. Bod kan også gjevast via bodgjevingsplattform på nett eller app. Veljast denne løysinga, er det ikkje krav til å sende det første bodet på bodskjema. Meklar skal så snart som muleg stadfeste skriftleg ovanfor bodgjevar at bod er motteke.

Bod som ikkje er skriftleg, eller som har kortare akseptfrist enn til kl. 12.00 dagen etter siste annonserte vising, vil ikkje bli formidla til seljar. Meklar vil heller ikkje formidle bod med atterhald om at bodet er hemmeleg for andre bodgjevarar. Eit bod er bindande for bodgjevar når bodet er blitt gjort kjent for seljar. Seljar står fritt til å akseptere eller forkaste eitkvart bod, og pliktar såleis ikkje å akseptere det høgste bodet på eigedomen.

Meklar skal, i den grad det er naudsynt og muleg, informere dei involverte i bodrunden skriftleg om status i bodgjevinga.
Meklar pliktar å leggje til rette for ei forsvarleg avvikling av bodrunden. For at boda skal kunne bli handsama og formidla vidare skriftlig til alle involverte partar, må eitkvart bod ha ein tilstrekkeleg lang akseptfrist, og uansett bør ikkje eit bod ha ein akseptfrist på mindre enn 30 minutt frå bodet vert gjeve. Seljar må skriftleg akseptere bodet før bodaksept kan formidlast til bodgjevar.
Ein gjer merksam på at bod som vert gjeve etter normal arbeidstid vert handsama/formidla påfølgjande arbeidsdag.

Seljar og kjøpar har krav på å få utlevert kopi av bodjournalen straks etter at handel er komt i stand. Alle som har gjeve bod på eigedomen kan på førespurnad få en kopi av anonymisert bodjournal etter at bodrunden er avslutta.
Ein syner elles til "Forbrukarinformasjon om bodgjeving", som er teke inn på baksida av bodskjema i salsoppgåva.
Overtaking
Etter avtale med seljar.
Seld "som den er"
Salet vert regulert av Lov om avhending av fast eigedom. Eigedomen vert seld i den stand den var under synfaring, jf. avhendingslova § 3-9, "som den er". Dette avtalepunktet medfører at avhendingslova sine reglar om når eigedomen har mangel vert fråvike til ugunst for kjøpar.

Eigedomen har likevel mangel i følgjande tilfelle:
Når kjøpar ikkje har fått opplysningar om forhold ved eigedomen som seljar kjende eller måtte kjenne til, og som kjøpar hadde grunn til å rekne med å få. Dette gjeld likevel berre dersom ein kan gå ut frå at det har verka inn på avtalen at opplysningane ikkje vart gitt.
Når seljar har gitt urette opplysningar om eigedomen. Det same gjeld dersom eigedomen ikkje er i samsvar med opplysningar som er gitt i annonse, salsprospekt eller ved anna marknadsføring på vegne av seljar. Dette gjeld likevel berre dersom ein kan gå ut frå at opplysningane har verka inn på avtalen, og ikkje har vorte retta i tide.
Når eigedomen er i vesentleg dårlegare stand enn kjøpar hadde grunn til å rekne med ut frå kjøpesummen og forholda elles.
Når tomta har vesentleg mindre areal enn opplyst av seljar.
Nøkkelinfo
Tomte­areal 875 m2
Vising

Ta kontakt for å avtale vising.

Kontakt meklar
Bilete av Sissel  Anett  Halnes
Sissel Anett Halnes
Eigedomsmeklar MNEF
Nordfjordeid
Tilbake til bustadutlisting

Skal gje forbrukarane kunnskap om energiforbruket til bueininga. Alle bustader, fritidsbustader og yrkesbygg skal energimerkast ved sal og utleige. Sjå energimerking.no for meir informasjon.

P-rom vert målt frå innsida av yttervegg inkludert veggane mellom desse areala. Dette er innvendige areal av bustaden som vert brukt til kort- eller langvarig opphald (opphaldsrom), til dømes stove, kjøken, bad, soverom, vaskerom og gangareal mellom desse. Bodareal/areal for lagring/tekniske rom inngår ikkje i primærrom.

Arealet av bygingen målt frå utvendig vegg til utvendig vegg eller midt i skiljevegg mot anna brukseining eller fellesareal.

Bruksareal er summen av det arealet som ligg innanfor ytterveggane, og vert målt frå innsida av yttervegg til innsida av yttervegg. Alt areal av innvendige veggar er medrekna. Målbart areal skal ha takhøgd på 1,9 meter.

Breimslia 53
Byrkjelo
Prisant. 380000
Bustadtype Hyttetomter
Nøkkelinfo
Tomte­areal 875 m2
Vising

Ta kontakt for å avtale vising.

Kor mykje treng du låne?
Prøv Sparebanken Sogn og Fjordane sin lånekalkulator
I nærområdet