Nyt sommaren på eigen stor terrasse med flott utsikt og fin hage

Vis i kart
Brendøyvegen 26
Florø
Prisant. 3950000
Bustadtype Einebustad
Eigarform Eigar (Sjølveigar)

Nyt sommaren på eigen stor terrasse med flott utsikt og fin hage

Eigedom
Brendøyvegen 26
6906 Florø
Om eigedomen
Fin bustad med flott beliggenheit ca 1,5 km frå Florø sentrum i attraktive Brendøyvegen. Bustadområdet er etablert og ligg nær flotte Sørstrand familiepark og Sørtrand barnehage. Kystmuseumet med flotte turstiar rundt er like ved.
Barnevenleg og solrik eigedom.
Innhald
Bustaden er på to plan og inneheld i hovudetasjen stove med vindeltrapp til peisstova, kjøkken, mellomgang, bad / wc og to soverom.
Underetasjen har vindfang, wc, hobbyrom, vaskerom, bod, kjølerom, peisstove, hybel, mellomgang, bad /wc /vaskerom og kjøkken.
Standard
Bustadhus , bygd for 45 år siden , og forventa bygd etter datidens byggemetodar og føreskrifter.

Innvendige veggar har overflater av : - i underetasje i hovuddel.: - furupanel i vindfang, peisstove og kjølerom. 3 veggar panel + ein vegg pussa og malt leca i hobbyrom og vaskerom. Panel og leca i bod 1. Malt puss i bod 2.

Utleigedel:Panel på hybel. Malte plater i mellomgang. Flisimiterte baderomsplater på bad / wc / vaskerom. Ein vegg "Koreaplater" + 3 veggar strietapet og med flisar over benkeplate på kjøkken.
1.etg. : Strietapet i stove og mellomgang. Malt glasfiberstrie med flisar over benkeplate kjøkken. Flisimiterte baderomsplater på bad / wc. Malte plater på soverom 1 og soverom 2.

Himlingar har overflater av : U.etg. : H.del. : Furupanel i vindfang. malt gips i hobbyrom og wc. Hunton strukturplater i kjellerstove. Panel i kjølerom.
Ubehandla gipsplater på resten.
Utleiedel: Panel på kjøkken. Agnes takessplater resten.
1.etg. : Agnes takessplater på kjøkken og bad/wc. helsparkla og malt gips resten.

Heilsparkla og malt tak i stove i 2015.
Nye plater i garasjetak i 2015

Golva har overfalter av : U.etg. : H.del. : Skifer i vindfang, wc og peisstove. Flisar i hobbyrom og vaskerom. Tregolv i kjølerom. Vinylbelegg i bod 1 og bod 2.
Utleiedel: Flytande laminatgolv i hybel. Vinylbelegg på kjøkken. Flisar i mellomgang og bad / wc / vaskerom.
1.etg. : Flytande eikeparkett i stova, mellomgang og soverom 2. Flytande laminatgolv i kjøkken og soverom 1. Flisar på bad / wc.

Generell normal brukslitasje, det bør påregnes noe oppussing/påkostning.

Innlagt fiberkabel
Byggjemåte
Bustaden er sett opp på betongsåle på kultfylling til fjell. U.etg. : 3 sider med 250mm LECA blokker , innvendig påfora og isolert i bustaddel + ein vegg med 100mm isolert trestenderverk, vindsperre og utvendig værhud med Steniplater.
1.etg. : 100mm isolert trestenderverk, vindsperre og værhud av panel. Innvendig difusjonssperre og platekledning.
Yttertak har tekking av Decraplater. Terrassar mot sør og aust.

Garasjen er delvis bygget sammen med boligens terrassedekke med en åpen bod under. Garasjen har ringmurer i betong og støypt golv. 3 veggar er uisolert stenderverk, innvendig kledd med gipsplater, utvendig kledning. Ein vegg mot boden er murt med 250 mm lecablokker. Pultak med tresperr, sutaksplater, rekter, lekter og Decra stålplatetak, innvendig kledd under undergurtene med vannfaste gipsplater. Innlagt straum. 1 stk. malt vippeport.
Nytt platetak i 2015.

Med omsyn til den tekniske standarden på bygningane vert det elles vist til takst av Johnny Østerbø, datert 23.11.2019.

Kjøpar pliktar å gjere seg kjend med innhaldet i taksten og i eigenerklæring frå seljar som ligg ved salsoppgåva før det vert lagt inn bod på eigedommen. Meklar gjer elles merksam på kjøpar si undersøkingsplikt med heimel i avhendingslova.
Areal og fordeling per etasje
Primærrom: 195 kvm, Bruksareal: 202 kvm, Bruttoareal: 214 kvm
Alle rom er P-rom unnateke:

BRA pr. etasje:

1.Etasje: 107m2
Underetasje : 95 m2

Areala er henta frå takst utført av autorisert takstmann og er i samsvar med NS 3940. Meklar har ikkje kontrollert areala.
Parkering
På eigedomen og i garasje
Tomt
Areal: 1 122 kvm, Eierform: Eiet tomt
Grusa oppkjørsel til garasje og bustad. Forstøtningsmur mot veg i nord og forstøtningsmur i sør mot opparbeidd plen som grensar til friareal. Opparbeidd hage med plen i sør, beplantning i vest og nordvest. Eigedomen er inngjerda mot nabo i vest. Tomta går midt ut i vegen på nordsida og er gjerne difor noke mindre enn oppgitt mål.
Regulering/offentleg godkjenning
Eigedomen ligg i område som i arealdelplanen er sett av til bustader.
Veg, vatn, avlaup
Offentleg vatn og avlaup via private stikkleidningar.
Energimerking
Oppvarmingskarakter Oransje - Energikarakter F
Tilkomst
Tilkomst frå offentleg veg
Oppvarming
Open peis i peisstove og lukka peis i hovudetasje. Termostatstyrte varmekablar i peisstove i underetasjen og på bad / wc /vaskerom på hybel og på bad /wc i hovudetasjen.
NB! - Varmepumpa som er montert i stova i dag vil verte tatt ut av bustaden.
Kommunale avgifter
Kr. 23 059 pr. år inkl. evt. eigedomsskatt.
Faste kostnader
Straum og nettleige etter eige forbruk.
Forsikring er estimert til mellom 4 - 8 000,- pr. år og vil variere med kva tilbod ein har med sitt forsikringselskap.
Eigar må sjølv teikne fullverdi og innbuforsikring. Prisar på dette vil variere med om ein er totalkunde osv. hjå forsikringselskap.
Kommunale avgifter og eigedomskatt.
Meklar gjer merksam på at faste laupande kostnader vil kunne variere med omsyn til bruk av bustaden og avtalar med leverandørar.
Formueverdi
Likningsverdi som primærbustad kr 892 689 per 31.12.17
Likningsverdi som sekundærbustad kr 3 213 681 per 31.12.17
Ferdigattest
Det føreligg ikkje ferdigattest eller bruksløyve frå Flora kommune.
Konsesjon
Eigedomen er ikkje konsesjonspliktig.
Utleige
Eigedomen kan i sin heilhet leigast ut til bustadføremål.
Diverse
Kvitevarer på hybel og møblane som er der inne kan overtakst / kjøpast etter avtale med seljar
Det er i dag leigekontrakt med Flora Kommune på hybelen
Leigekontrakta har gjensidig 1 mnd oppseiing
Bustadseljarforsikring
Bustaden er seld med bustadseljarforsikring.
Bustadkjøparforsikring
Eigedomsmekling Sogn og Fjordane AS formidlar bustadkjøparforsikring frå HELP Forsikring AS. Dette er ei rettshjelpsforsikring som gir tryggleik og profesjonell juridisk hjelp dersom det vart oppdaga uventa feil og manglar ved bustaden. Ta kontakt med meklar for meir informasjon eller les meir om forsikringa på www.help.no.
Finansiering
Interessentar som ønskjer tilbod om finansiering i Sparebanken Sogn og Fjordane kan kontakte meklar.
Kvitvasking
Lov av 6. mars 2009 nr. 11 om tiltak mot kvitvasking og terrorfinansiering pålegg eigedomsmeklarar å gjennomføre legitimasjonskontroll og risikovurdering av alle kundar og/eller eventuelle reelle rettigheitshavarar. Dersom kunden ikkje oppfyller krava etter lova eller eigedomsmeklar har mistankar om at transaksjonar har tilknyting til utbyte frå straffbare handlingar eller forhold som rammast av straffelova §§ 131-136 a, kan eigedomsmeklaren stoppe gjennomføringa av transaksjonen eller eigedomshandelen. Eigedomsmeklaren kan ikkje haldast ansvarleg for dei konsekvensane dette vil kunne få for partane eller andre som har interesser i eigedomshandelen.
Bodgjeving
Alle bod skal gjevast skriftleg til meklar. Det første bodet skal gjevast på bodskjema påført bodgjevar sin signatur. I tillegg må bodgjevar ha legitimert seg. Seinare bod kan gjevast per e-post, SMS eller per faks til meklar. Bod kan også gjevast via bodgjevingsplattform på nett eller app. Veljast denne løysinga, er det ikkje krav til å sende det første bodet på bodskjema. Meklar skal så snart som muleg stadfeste skriftleg ovanfor bodgjevar at bod er motteke.

Bod som ikkje er skriftleg, eller som har kortare akseptfrist enn til kl. 12.00 dagen etter siste annonserte vising, vil ikkje bli formidla til seljar. Meklar vil heller ikkje formidle bod med atterhald om at bodet er hemmeleg for andre bodgjevarar. Eit bod er bindande for bodgjevar når bodet er blitt gjort kjent for seljar. Seljar står fritt til å akseptere eller forkaste eitkvart bod, og pliktar såleis ikkje å akseptere det høgste bodet på eigedomen.

Meklar skal, i den grad det er naudsynt og muleg, informere dei involverte i bodrunden skriftleg om status i bodgjevinga.
Meklar pliktar å leggje til rette for ei forsvarleg avvikling av bodrunden. For at boda skal kunne bli handsama og formidla vidare skriftlig til alle involverte partar, må eitkvart bod ha ein tilstrekkeleg lang akseptfrist, og uansett bør ikkje eit bod ha ein akseptfrist på mindre enn 30 minutt frå bodet vert gjeve. Seljar må skriftleg akseptere bodet før bodaksept kan formidlast til bodgjevar.
Ein gjer merksam på at bod som vert gjeve etter normal arbeidstid vert handsama/formidla påfølgjande arbeidsdag.

Seljar og kjøpar har krav på å få utlevert kopi av bodjournalen straks etter at handel er komt i stand. Alle som har gjeve bod på eigedomen kan på førespurnad få en kopi av anonymisert bodjournal etter at bodrunden er avslutta.
Ein syner elles til "Forbrukarinformasjon om bodgjeving", som er teke inn på baksida av bodskjema i salsoppgåva.
Overtaking
Overtaking aug. 2019
Anna overtakingstid er mogleg å diskutere med seljar
Seld "som den er"
Salet vert regulert av Lov om avhending av fast eigedom. Eigedomen vert seld i den stand den var under synfaring, jf. avhendingslova § 3-9, "som den er". Dette avtalepunktet medfører at avhendingslova sine reglar om når eigedomen har mangel vert fråvike til ugunst for kjøpar.

Eigedomen har likevel mangel i følgjande tilfelle:
Når kjøpar ikkje har fått opplysningar om forhold ved eigedomen som seljar kjende eller måtte kjenne til, og som kjøpar hadde grunn til å rekne med å få. Dette gjeld likevel berre dersom ein kan gå ut frå at det har verka inn på avtalen at opplysningane ikkje vart gitt.
Når seljar har gitt urette opplysningar om eigedomen. Det same gjeld dersom eigedomen ikkje er i samsvar med opplysningar som er gitt i annonse, salsprospekt eller ved anna marknadsføring på vegne av seljar. Dette gjeld likevel berre dersom ein kan gå ut frå at opplysningane har verka inn på avtalen, og ikkje har vorte retta i tide.
Når eigedomen er i vesentleg dårlegare stand enn kjøpar hadde grunn til å rekne med ut frå kjøpesummen og forholda elles.
Når tomta har vesentleg mindre areal enn opplyst av seljar.
Nøkkelinfo
Primærrom ? 195 m2
Bruksareal ? 202 m2
Bruttoareal ? 214 m2
Byggeår 1973
Tomte­areal 1122 m2
Eigarskifte­forsikring Ja
Energi­merking ? F
Vising

Ta kontakt for å avtale vising.

Kontakt meklar
Bilete av Tordis  Russøy
Tordis Russøy
Eigedomsmeklar MNEF
Florø
Tilbake til bustadutlisting

Skal gje forbrukarane kunnskap om energiforbruket til bueininga. Alle bustader, fritidsbustader og yrkesbygg skal energimerkast ved sal og utleige. Sjå energimerking.no for meir informasjon.

P-rom vert målt frå innsida av yttervegg inkludert veggane mellom desse areala. Dette er innvendige areal av bustaden som vert brukt til kort- eller langvarig opphald (opphaldsrom), til dømes stove, kjøken, bad, soverom, vaskerom og gangareal mellom desse. Bodareal/areal for lagring/tekniske rom inngår ikkje i primærrom.

Arealet av bygingen målt frå utvendig vegg til utvendig vegg eller midt i skiljevegg mot anna brukseining eller fellesareal.

Bruksareal er summen av det arealet som ligg innanfor ytterveggane, og vert målt frå innsida av yttervegg til innsida av yttervegg. Alt areal av innvendige veggar er medrekna. Målbart areal skal ha takhøgd på 1,9 meter.

Brendøyvegen 26
Florø
Prisant. 3950000
Bustadtype Einebustad
Eigarform Eigar (Sjølveigar)
Nøkkelinfo
Primærrom ? 195 m2
Bruksareal ? 202 m2
Bruttoareal ? 214 m2
Byggeår 1973
Tomte­areal 1122 m2
Eigarskifte­forsikring Ja
Energi­merking ? F
Vising

Ta kontakt for å avtale vising.

Kor mykje treng du låne?
Prøv Sparebanken Sogn og Fjordane sin lånekalkulator
I nærområdet