Fin, sentrumsnær eigedom på Ytre Hafstad! Bustadhus m/leilegheit, dobbelgarasje. Stor, fint opparbeidd utsiktstomt.

Vis i kart
Gamlestøylsvegen 39
Førde
Prisant. 5050000
Soverom 4
Bustadtype Einebustad
Eigarform Eigar (Sjølveigar)

Fin, sentrumsnær eigedom på Ytre Hafstad! Bustadhus m/leilegheit, dobbelgarasje. Stor, fint opparbeidd utsiktstomt.

Eigedom
Gamlestøylsvegen 39
6814 Førde

Einebustad over to plan med utleigeeining i delar av underetasje og frittståande dobbel garasje.
Om eigedomen
Bustaden ligg fint til i attraktivt bustadområde med kort gangavstand til barnehage, barne- og ungdomsskule og Førde sentrum med alt av servicefunksjonar.
Innhald
Bustaden går over to plan med følgande innhald:
Hovudhusværet:
Underetasje: Gang med trapp, soverom, wc, bod og utebod.
Hovudetasje: Stove med trapperom, kjøkken, to soverom, bad og vaskerom med utgang til hage.

Leilegheit i underetasje:
Gang, kombinert stove og kjøkken, soverom, bad/vaskerom og bod.
Standard
HOVUDHUSVÆRET

Underetasje:
Romsleg hall med flislagt golv med varmekabel, måla profilerte plater på veggane og måla panel i taket.
Frå hallen er det trapp til hovudetasjen, og tilkomst til stove/kjøkken i leilegheita.

Soverommet har laminat på golvet, måla miljøtapet på veggane og takess i himlinga. Rommet er innreia med garderobeskåp.

WC med belegg på golvet, måla tapet på veggane og takess i himlinga. WC er innreia med servant i underskåp, spegel, lys og klosett. Det er varmekablar i golvet.

Praktisk bod med god stableplass. Golvet har belegg, måla veggar og takess i himlinga.

Hovudetasje:
Frå underetasje kjem ein direkte opp i romsleg stove med god plass til å møbelere med fleire sitjegrupper. Store vindauge gjev godt med lysinnslepp og flott utsikt. Det er montert peisinnsats.
Golvflatene har parkett, veggane måla miljøtapet og måla panel. I himlinga er det beisa overflater med innfelte spottar.
Frå stova er det utgang til delvis overbygd platting og veranda med vidare tilkomst til hage.

Stort, praktisk kjøkken på heile 20 m2 avdelt med ei halvøy. Golvfaltene har laminat, måla tapet og måla panel på veggane, målte plater i himlinga. Kjøkkeninnreiinga i furu med måla overflater og godt med skåp og benkeplass, laminert benkeplate, stål oppvaskkum og opplegg for oppvaskmaskin. Kjølehjørnet er defekt og blir i dag brukt som skåp. Elles i innreiinga er det integrert steikeomn, induksjon platetopp og ventilatorhette. På veggen mellom benkeplate og overskåp er det lagt flisar.
God plass til spisebord ved vindaugekarnappen der ein kan nyte kaffikkoppen og flott utsikt.

Gang med parkett på golvet, tapet på veggane og takess i himlinga.

Dei to soveromma har begge laminat på golva og takess i himlina. Veggane med måla tapet og måla strie. I hovudsoverommet er det skyvedørsgarderobe, garderobeskåp i det andre.
Frå houvdsoverommet er det luke til kaldlofet. Det er ikkje lagt golv på loftet.

Fint flislagt bad med varmekablar i golvet, innreia med servant i underskåp, overskåp, høgskåp, spegel, lysarmatur dusjhjørne og klosett. Baderomsinnreiinga er nyleg måla.

Vaskerom med belegg på golvet, måla strie på veggane og takess i himlinga. Rommet er innreia med benkeplate med nedfelt skyllekar og hylle på vegg. Direkte utgang frå vaskerommet til platting og hage.

LEILEGHEIT I UNDERETASJE:
Entrè/gang med belegg på golvet, måla tapet på veggane og måla plater i himlinga.

Stove og kjøkken i opa løysing med laminat på golvet, måla tapet og måla panel på veggane, måla plater i himlinga.
Kjøkkeninnreiinga har glatte frontar av finer, laminert benkeplate, stål oppvaskkum og opplegg for oppvaskmaskin. Ventilator er montert i ventilatorskåp.

Romselg soverommet har belegg på golvet, måla tapet på veggane og måla plater i himlinga. Det er montert garderobeskåp.

Kombinert bad og vaskerom har måla betonggolv med varmekablar, måla tapet på veggane og måla plater i himlinga. Innreiinga består av servant i underskåp, spegel, lysarmatur, dusjhjørne, klosett, stål skyljekar og tilkopling for vaskemaskin.

Bod med god lagrinsplass. Golvflater med måla betong, måla tapet på veggane og måla plater i himlinga.

Ved inngangspartiet er det i tillegg ei utebod.

Diverse modermiseringar av bustaden:
2012: Nytt klosett og servant i wc.
2014: Installering av luft til luft varmepumpe.
2014: Modernisering av gang med trapp til underetasje.
2014: Maling av veggar i vaskerommet.
2016: Nytt laminatgolv i stove/kjøkken i leilegheita.
2017: Maling av frontane på kjøkkeninnreiinga i hovudetasje.
2017: Ny drifsteining for balansert ventilasjonsanlegg.
2018: Maling av utvendig bordkledning.
2018: Maling av vegar i fleire rom og maling av innvendige dører.
2018: Maling av baderomsinnreiinga i hovudetasje.
Steikeomnen og induksjonstoppen er av nyare dato.
Byggjemåte
Isolert betongplate på mark.
Grunnmuren er av betongsteinmur, utvendig med slemmet overflater og innvendig med utlekta trepanel/platekledning.
Etasjeskilje av isolert trebjelkelag.
Ytterveggane over grunnmuren er oppført i 6" isolert bindingsverk med utvendig bordkledning av trepanel.
Takkonstruksjonen er oppført som valmtak med taktekking av betongtakstein med undertak av trefberplater.
Himlinga mot kaldtloftet er isolert med 20 cm matter.
Stigetreinn for tilkomst til pipa. Takerenner og nedløpsrør med standard frå byggeåret.
Vindauge med 2-lags glas i trekarm med standard frå byggeåret. Ytterdør for hovddelen med vindaugefelt og med sidefelt av blyinnfatning.
I vaskerommet er det ytterdør med vindaugefelt og med katteluke.
Ytterdør med vindaugefelt i leilegheita. Ytterdør i trevirke i uteboda og verandadør i stova.

Frå stova er det tilkomst til beisa treplatting/verada med malt rekkverk. Overbygg over delar av treplattinga/verandaen.
Under ein midre del av verandaen er det eit enkelt lagerrom med stålplater i underkant av verandabjelkane for å lede bort regnvatn.
I underetasjen er det inntrekk med inngangsparti i fasade mot nordvest.
Overbygg over inngangspartiet til leilegheita i fasade mot nordaust.

Det elektriske anlegget har skjult installasjon og fordelingstavler med automatsikringar.
Det er ei eiga fordelingstavle med automatsikringar i leilegheita.
Det er montert utelamper og stikkontakt.
Sentralstøvsugar for hovuddelen.

Sanitæranlegget har standard frå byggeåret med vassrør som rør i rør og avløpsrør av plast. Varmtvasstanken har standard frå byggeåret.
Det er vassutkastar for tilkopling av hageslange.

Garasje:
Garasjen vart oppført i 2000 og har støypt plate på mark.
Ringmur av betongblokkstein.
Ytterveggane er oppført i 4" bindingsverk med utvendig bordkledning av trepanel.
Takkonstruksjonen er oppført som valmtak med taktekking av betongtakstein og med undertak av trefiberplater.
Malt ytterdør i trevirke.
Stål leddport med el-drift.
2-lags glas i trekarm.
Elektrisk anlegg er installert.

Med omsyn til den tekniske standarden på bygningane vert det elles vist til takst av Trond Gjesdal, datert 05.12.2018.

Kjøpar pliktar å gjere seg kjend med innhaldet i taksten og i eigenerklæring frå seljar som ligg ved salsoppgåva før det vert lagt inn bod på eigedommen. Meklar gjer elles merksam på kjøpar si undersøkingsplikt med heimel i avhendingslova.
Areal og fordeling per etasje
Primærrom: 179 kvm, Bruksareal: 194 kvm, Bruttoareal: 219 kvm
Alle rom er P-rom unnateke: Bodareal

BRA pr. etasje:
Underetasje: 93 m2
Hovudetasje: 101 m2
Areala er henta frå takst utført av autorisert takstmann og er i samsvar med NS 3940. Meklar har ikkje kontrollert areala.
Parkering
Parkering i dobbel garasje.
Tomt
Areal: 805 kvm, Eierform: Eiet tomt

Tomta er fint opparbeida med veg og tun av belegningsstein, støttemurar i betong, betongsteinsblokk og lecablokk, treplattingar, trapp i betongkonstruksjon og i trevirke, flislagt platting ved inngangspartiet, rekkverk i trevirke og hage med grøntareal og plantar.
Regulering/offentleg godkjenning
Eigedomen er regulert til bustadøremål jmf. Førde kommune, planid: 19910007.,
Veg, vatn, avlaup
Tilkomst frå kommunal veg.
Eigedomen er knytt til kommunalt vatn- og avlaupsanlegg via private stikkleidningar.
Energimerking
Oppvarmingskarakter Gul - Energikarakter D
Tilkomst
Enkel tilkomst til eigedomen via kommunal veg. Sjå ev. kart www.finn.no, eller kontakt meklar for nærare opplysningar.
Oppvarming
- Peisinnsats i stova.
- Varmekabel i gang med trapp, wc, alle våtromma og gang i leilegheita.
- Luft til luft varmepumpe i trappeoppgangen.
- Balansert venilasjonsanlegg med varmegjenvinning i hovudhusværet.
Kommunale avgifter
Kr. 16 370 pr. år inkl. eigedomsskatt.
Faste kostnader
Straumforbruk ca. 22 000 kWh pr. år.
Forsikring kr. 4 200,- pr. år
Meklar gjer merksam på at desse utgiftene er knytt til dagens eigar og at desse vil kunne endre seg med omsyn til anna bruk av bustaden enn i dag eller andre avtalar med leverandørar.
Likningsverdi
Likningsverdi som primærbustad kr 1 163 949 per 31.12.17
Likningsverdi som sekundærbustad kr 4 190 216 per 31.12.17
Ferdigattest
Det føreligg ferdigattest frå Førde kommune datert 19.02.1997. Denne ligg vedlagt.
Konsesjon
Eigedomen er ikkje konsesjonspliktig.
Utleige
Eigedomen kan i sin heilhet leigast ut til bustadføremål.
Bustadseljarforsikring
Bustaden er seld med bustadseljarforsikring.
Bustadkjøparforsikring
Eigedomsmekling Sogn og Fjordane AS formidlar bustadkjøparforsikring frå HELP Forsikring AS. Dette er ei rettshjelpsforsikring som gir tryggleik og profesjonell juridisk hjelp dersom det vart oppdaga uventa feil og manglar ved bustaden. Ta kontakt med meklar for meir informasjon eller les meir om forsikringa på www.help.no.
Finansiering
Interessentar som ønskjer tilbod om finansiering i Sparebanken Sogn og Fjordane kan kontakte meklar.
Kvitvasking
Lov av 6. mars 2009 nr. 11 om tiltak mot kvitvasking og terrorfinansiering pålegg eigedomsmeklarar å gjennomføre legitimasjonskontroll og risikovurdering av alle kundar og/eller eventuelle reelle rettigheitshavarar. Dersom kunden ikkje oppfyller krava etter lova eller eigedomsmeklar har mistankar om at transaksjonar har tilknyting til utbyte frå straffbare handlingar eller forhold som rammast av straffelova §§ 131-136 a, kan eigedomsmeklaren stoppe gjennomføringa av transaksjonen eller eigedomshandelen. Eigedomsmeklaren kan ikkje haldast ansvarleg for dei konsekvensane dette vil kunne få for partane eller andre som har interesser i eigedomshandelen.
Bodgjeving
Alle bod skal gjevast skriftleg til meklar. Det første bodet skal gjevast på bodskjema påført bodgjevar sin signatur. I tillegg må bodgjevar ha legitimert seg. Seinare bod kan gjevast per e-post, SMS eller per faks til meklar. Bod kan også gjevast via bodgjevingsplattform på nett eller app. Veljast denne løysinga, er det ikkje krav til å sende det første bodet på bodskjema. Meklar skal så snart som muleg stadfeste skriftleg ovanfor bodgjevar at bod er motteke.

Bod som ikkje er skriftleg, eller som har kortare akseptfrist enn til kl. 12.00 dagen etter siste annonserte vising, vil ikkje bli formidla til seljar. Meklar vil heller ikkje formidle bod med atterhald om at bodet er hemmeleg for andre bodgjevarar. Eit bod er bindande for bodgjevar når bodet er blitt gjort kjent for seljar. Seljar står fritt til å akseptere eller forkaste eitkvart bod, og pliktar såleis ikkje å akseptere det høgste bodet på eigedomen.

Meklar skal, i den grad det er naudsynt og muleg, informere dei involverte i bodrunden skriftleg om status i bodgjevinga.
Meklar pliktar å leggje til rette for ei forsvarleg avvikling av bodrunden. For at boda skal kunne bli handsama og formidla vidare skriftlig til alle involverte partar, må eitkvart bod ha ein tilstrekkeleg lang akseptfrist, og uansett bør ikkje eit bod ha ein akseptfrist på mindre enn 30 minutt frå bodet vert gjeve. Seljar må skriftleg akseptere bodet før bodaksept kan formidlast til bodgjevar.
Ein gjer merksam på at bod som vert gjeve etter normal arbeidstid vert handsama/formidla påfølgjande arbeidsdag.

Seljar og kjøpar har krav på å få utlevert kopi av bodjournalen straks etter at handel er komt i stand. Alle som har gjeve bod på eigedomen kan på førespurnad få en kopi av anonymisert bodjournal etter at bodrunden er avslutta.
Ein syner elles til "Forbrukarinformasjon om bodgjeving", som er teke inn på baksida av bodskjema i salsoppgåva.
Overtaking
Etter avtale med seljar.
Seld "som den er"
Salet vert regulert av Lov om avhending av fast eigedom. Eigedomen vert seld i den stand den var under synfaring, jf. avhendingslova § 3-9, "som den er". Dette avtalepunktet medfører at avhendingslova sine reglar om når eigedomen har mangel vert fråvike til ugunst for kjøpar.

Eigedomen har likevel mangel i følgjande tilfelle:
Når kjøpar ikkje har fått opplysningar om forhold ved eigedomen som seljar kjende eller måtte kjenne til, og som kjøpar hadde grunn til å rekne med å få. Dette gjeld likevel berre dersom ein kan gå ut frå at det har verka inn på avtalen at opplysningane ikkje vart gitt.
Når seljar har gitt urette opplysningar om eigedomen. Det same gjeld dersom eigedomen ikkje er i samsvar med opplysningar som er gitt i annonse, salsprospekt eller ved anna marknadsføring på vegne av seljar. Dette gjeld likevel berre dersom ein kan gå ut frå at opplysningane har verka inn på avtalen, og ikkje har vorte retta i tide.
Når eigedomen er i vesentleg dårlegare stand enn kjøpar hadde grunn til å rekne med ut frå kjøpesummen og forholda elles.
Når tomta har vesentleg mindre areal enn opplyst av seljar.
Nøkkelinfo
Primærrom ? 179 m2
Bruksareal ? 194 m2
Bruttoareal ? 219 m2
Byggeår 1994
Tomte­areal 805 m2
Eigarskifte­forsikring Ja
Energi­merking ? D
Vising
måndag 25. februar, 16:30 – 17:30
Kontakt meklar
Bilete av Randi  Vigdal
Randi Vigdal
Eigedomsmeklar MNEF
Førde
Tilbake til bustadutlisting

Skal gje forbrukarane kunnskap om energiforbruket til bueininga. Alle bustader, fritidsbustader og yrkesbygg skal energimerkast ved sal og utleige. Sjå energimerking.no for meir informasjon.

P-rom vert målt frå innsida av yttervegg inkludert veggane mellom desse areala. Dette er innvendige areal av bustaden som vert brukt til kort- eller langvarig opphald (opphaldsrom), til dømes stove, kjøken, bad, soverom, vaskerom og gangareal mellom desse. Bodareal/areal for lagring/tekniske rom inngår ikkje i primærrom.

Arealet av bygingen målt frå utvendig vegg til utvendig vegg eller midt i skiljevegg mot anna brukseining eller fellesareal.

Bruksareal er summen av det arealet som ligg innanfor ytterveggane, og vert målt frå innsida av yttervegg til innsida av yttervegg. Alt areal av innvendige veggar er medrekna. Målbart areal skal ha takhøgd på 1,9 meter.

Gamlestøylsvegen 39
Førde
Prisant. 5050000
Soverom 4
Bustadtype Einebustad
Eigarform Eigar (Sjølveigar)
Nøkkelinfo
Primærrom ? 179 m2
Bruksareal ? 194 m2
Bruttoareal ? 219 m2
Byggeår 1994
Tomte­areal 805 m2
Eigarskifte­forsikring Ja
Energi­merking ? D
Vising
måndag 25. februar, 16:30 – 17:30
Kor mykje treng du låne?
Prøv Sparebanken Sogn og Fjordane sin lånekalkulator
I nærområdet