Vestvendt tre- roms leilegheit med oppgradert standard i populært bumiljø på Vie. Carport.

Vis i kart
Råkane 30
Førde
Prisant. 3100000
Soverom 2
Etasje 2
Bustadtype Leilegheit
Eigarform Eigar (Sjølveigar)

Vestvendt tre- roms leilegheit med oppgradert standard i populært bumiljø på Vie. Carport.

Eigedom
Råkane 30
6812 Førde
2. etasje

Oppgradert, vestvendt tre- roms leilegheit med carport i godt bumiljø på solrike Vie i Førde.
Leilegheita har ei praktisk planløysing, og svært god takhøgde i stove/kjøkken for luftige opphaldsrom. Desse ligg vestvendt med utgang til overbygd veranda der ein har gode tilhøve for ettermiddagssol til ca. kl. 22, sommartid.
Om eigedomen
Vestvendt tre-roms leilegheit i populært sameige i Råkane på Vie i Førde.
Leilegheita har effektive 62 kvm, med si gode planløysing og sine luftige opphaldsrom.

Via godt opparbeidde gangvegar har ein gåavstand til alt ein treng, og litt til. Barnehagar(Viebøen barnehage ligg like ved), Slåtten skule, høgskulen, butikkar og Sentralsjukehuset i Førde for å nemne nokon.
Gjeldande leilegheit ligg vestvendt i bilfritt tun med utsikt mot felles tunplass.
Det er ca. 3 km til Førde sentrum, med gang- og sykkelsti heile vegen. Godt bussamband med haldeplassar for ringbuss like ved.

Nærområdet har mange flotte turstiar og rekreasjonsområder. Nemneverdig er innandørs sandvolleyballbane i Sandhallen på Vie, stall- og innandørs ridebane, linepark, frisbee-park, fotballbaner, volleyballbaner, fleire leikeplassar og skogspark med hytter og bålpanne.

Viefjellet er eit populært turmål med fleire stiar ein kan gå utan å måtte setje seg i bilen. Ein kan gå direkte frå leilegheita, via nyleg opparbeidd veg frå vieåsen. Ein annan populær veg er frå Soleide der skogsstien startar ca. 2 km på asfalt og grusveg innover Vie.
Innhald
Ligg i 2.etasje med overbygd, enkel trappetilkomst. Leilegheita inneheld entrè, gangareal, bod, to soverom, bad/vaskerom, kjøkken og stove i opa løysing og med utgang til overbygd vestvendt veranda på ca. 7 kvm.

Leilegheita har eksklusiv parkeringsplass i felles carportanlegg like ved.
Standard
Leilegheita har gjennomgåande høg standard, og vart oppgradert frå standardleveranse ved kjøp.

Golv:
I entrè/vindfang og på bad/vaskerom er det flislagde golv. Det er parkett på dei andre golva, med unntak av bod som har belegg.
Veggar:
Bad/vaskerom har fliser på veggane. Elles har innvendige veggar måla overflater på underlag av slette plater.
Himlingar:
I himlingane er det måla overflater på underlag av plater i samtlege rom.

Kjøkken: Innreiing frå JKE Design med frontar i kvit høgglans i kombinasjon av skuffer og skåp. Det er laminat benkeplater og lyse fliser mellom denne og overskåp. Integrert induksjonstopp, komfyr og oppvaskmaskin, alt frå AEG. Frittståande kjøleskåp m/frys føl også med ved sal.
Arealet på kjøkkenet er på ca. 9,2 kvm og er i opa løysing med stovearealet.

Entrè/vindfang. Areal på 1,9 kvm m flislagt golv og dør inn til gangareal i opa løysing med stove/kjøkken.

Stove: Romsleg stove med svært god takhøgde i opa løysing med gangareal og kjøkken. Det er montert Lotus vedomn med stålpipe.
Det er utgang til overbygd vestvendt veranda på 7 kvm der ein kan nyte kveldssola til ca. kl. 22.00.

Soverom: Det er to soverom i leilegheita, desse har iflg. teikningar areal på 10,8 kvm og 6,4 kvm. Det største soverommet har godt med skåpplass i form av kombi skåpinnreiing. Det minste soverommet har dobbelt kombiskåp og direkte tilkomst til bod.

Bad/ vaskerom: Rommet er iflg. teikningar på ca. 5,1 kvm. Her er det innreiing med 3x skåp, vegghengd klosett, spegelskåp med integrert lys, og samanleggbare dusjveggar i glasutførelse. Klesvaskemaskin føl med ved sal.

Bod: Leilegheita her ei innvendig bod på ca. 3 kvm med tilkomst frå det eine soverommet, samt ei utvendig bod på ca. 5 kvm like ved trappeoppgangen. Den innvendige boda er innreiia med hyller som føl med ved sal. Sikringsskåp og varmtvassberedar er plassert her.

Tekniske installasjonar:
- Det er varmekablar i golv i entrè/vindfang og på bad/vaskerom
- Balansert ventilasjonsanlegg med varmegjenvinning. Siste filterskift vart utført 01.02.2019.
- Sanitæranlegg med vassrøyr montert som røyr i røyr med fordelarskåp på bad/vaskerom, avlaupsrøyr i plast og 200 l varmtvassberedar som er plassert i bod.
- Elektrisk anlegg med skjult installasjon og fordelingsskåp med automatsikringar
- Det er installert fiberkabel frå Telenor og Enivest
Byggjemåte
Fundamentering av betong. Golv i 1. etasje av isolert betongplate på grunn.
Etasjeskilje mellom bustadane av betong.
Ytterveggar av 8" isolert bindingsverk med utvendig kledning av trepanel og Cemberit fasadeplater.
Tak med pulttakform, oppbygd av trekonstruksjon med 30 cm isolasjonsmatter.
Taktekking av PVC folie.
Vindauge med trekarmar og 2- og 3-lags energiglas.
Ytterdør i treverk med måla overflater.
Altandør i treverk med måla overflater og 2-lags glas.

Inngang frå ope trappehus med takoverbygg.
Frå stova er det utgang til 7 m2 vestvendt altan med takoverbygg.

Sanitæranlegg med rør i rør og avløpsrør av plast.
200 liter varmtvasstank.
Elektrisk anlegg med skjult installasjon og fordelingsskåp med automatsikringar.
Fiberkabel er installert.

Carport:
Bygningen står på ringmur av betrong og planert asfaltert dekke.
Ytterveggar av 4" bindingsverk med utvendig kledning av trepanel.
Takkonstruksjon med pulttakform med taktekking av membran.
El. anlegg er installert.

Med omsyn til den tekniske standarden på bygningane vert det elles vist til takst av Bjarte Roska, datert 30.01.2019.

Kjøpar pliktar å gjere seg kjend med innhaldet i taksten og i eigenerklæring frå seljar som ligg ved salsoppgåva før det vert lagt inn bod på eigedommen. Meklar gjer elles merksam på kjøpar si undersøkingsplikt med heimel i avhendingslova.
Areal og fordeling per etasje
Primærrom: 59 kvm, Bruksareal: 62 kvm, Bruttoareal: 69 kvm
Alle rom er P-rom unnateke: Bod.

BRA pr. etasje:
1.Etasje: 62 m2

Areala er henta frå takst utført av autorisert takstmann og er i samsvar med NS 3940. Meklar har ikkje kontrollert areala.
Parkering
Eksklusiv bruksrett til ein parkeringsplass i carport.
Elles er det felles gjesteparkering på fleire områder i sameiget.
Tomt
Areal: 14 086 kvm, Eierform: Fellestomt

Mot vest er det felles tunplass med belegningsstein. Sameiget sitt fellesareal er fint opparbeida med grøntareal, leikeplassar, asfalterte parkeringsplassar og gang- og trafikkareal.
Regulering/offentleg godkjenning
Eigedomen ligg i område som er regulert til konsentrert småhusbegyggelse.
Veg, vatn, avlaup
Lett tilkomst frå kommunal veg og frå sameiget sitt fellesareal. Frå tunet er det overbygd ope trappehus til inngangen i 2. etasje.
Kommunal vass- og avløpsanlegg via sameiget sine private stikkleidningar.
Energimerking
Oppvarmingskarakter Oransje - Energikarakter C
Tilkomst
Ta til venstre inn mot Vie frå Hafstadflata. Køyr rett fram, og sving så av til venstre mot Vieåsen, og ta 1. innkøyring til venstre att. Sving inn på 2.avkøyring. Gå så inn gangvegen til sameiget å ta til høgre. Leilegheita kjem som nr. tre på høgre hand, og er merka med blå "Til sals-plakat".
Sjå elles www.finn.no for kart, eller kontakt meklar for vegbeskrivelse.
Oppvarming
Vedomn i stova.
Varmekablar i golva i vindfanget og i bad/vaskerom.
Balansert ventilasjon med varmegjenvinning.
Kommunale avgifter
Kr. 9 920 pr. år
Beløpet inkluderar årleg eigedomsskatt
Faste kostnader
Straum har iflg. eigar låge på gjenomsnitlleg kr. 1200,- pr mnd. Straum og nettleige vert etter eige forbruk
Seksjonen har felles forsikring saman med seksjonen under. Denne vert betalt ein gang årleg, og ligg på ca. kr. 2 800,-.
Forsikring på carport inngår i fellesutgiftene som er på kr. 2 238,- pr. år.
Likningsverdi
Likningsverdi som primærbustad kr 583 799 per 31.12.17
Likningsverdi som sekundærbustad kr 2 101 676 per 31.12.17
Ferdigattest
Det føreligg ferdigattest frå Førde kommune datert 13.05.2014. Denne ligg vedlagt.
Felleskostnader
186 pr. mnd. Snøbrøyting, vedlikehald av fellesarealet, felles utstyr m.m.
Opplysningar om sameige.
Sameie: Råkane Sameige

Med eigarseksjon meinast sameigedel i bebygd eigedom med tilknytta einerett til bruk av ein av fleire bustader eller andre brukseiningar i eigedomen.
I følgje lov om eigarseksjonar kan ingen erverve meir enn to bustadseksjonar i sameige.
Rekneskap/vedtekter
Kjøpar vert oppmoda til å setje seg inn i rekneskap, vedtekter og evt. husordensreglar. Kjøpar godkjenner som bindande for seg sameiget sine vedtekter og husordensreglar herunder evt. reglar om husdyrhald.
Forretningsførar/rekneskapsførar
Jostein Angedal
Godkjenning/forkjøpsrett
Det er ingen krav om styregodkjenning i sameiget. Meklar vidareformidlar informasjon om ny kjøpar til styret ved sal.
Det er ingen forkjøpsrett i sameiget.
Legalpant
Sameige har legalpant for inntil 2G for dekking av ubetalte felleskostnader.
Utleige
Seksjonen kan i sin heilheit leigast ut til bustadføremål.
Forsikring
Eigedomen er forsikra av seljar saman med dei andre seksjonane i gjeldande rekkje.
Kjøpar må teikne bygg og innbuforsikring frå og med overtakingsdato. Interessentar som ønskjer tilbod om forsikring kan kontakte meklar.
Bustadseljarforsikring
Bustaden er seld med bustadseljarforsikring.
Bustadkjøparforsikring
Eigedomsmekling Sogn og Fjordane AS formidlar bustadkjøparforsikring frå HELP Forsikring AS. Dette er ei rettshjelpsforsikring som gir tryggleik og profesjonell juridisk hjelp dersom det vart oppdaga uventa feil og manglar ved bustaden. Ta kontakt med meklar for meir informasjon eller les meir om forsikringa på www.help.no.
Finansiering
Interessentar som ønskjer tilbod om finansiering i Sparebanken Sogn og Fjordane kan kontakte meklar.
Kvitvasking
Eigedomsmekling Sogn og Fjordane AS er underlagt lov om kvitvasking og terrorfinansiering, og pliktar å rapportere til økokrim om mistenkjelege transaksjonar. Vidare er det strenge reglar om kontroll av legitimasjon frå alle partar og/eller reelle rettigheitshavarar i samband med handelen (seljar, kjøpar og fullmektigar for desse).
Bodgjeving
Alle bod skal gjevast skriftleg til meklar. Det første bodet skal gjevast på bodskjema påført bodgjevar sin signatur. I tillegg må bodgjevar ha legitimert seg. Seinare bod kan gjevast per e-post, SMS eller per faks til meklar. Bod kan også gjevast via bodgjevingsplattform på nett eller app. Veljast denne løysinga, er det ikkje krav til å sende det første bodet på bodskjema. Meklar skal så snart som muleg stadfeste skriftleg ovanfor bodgjevar at bod er motteke.

Bod som ikkje er skriftleg, eller som har kortare akseptfrist enn til kl. 12.00 dagen etter siste annonserte vising, vil ikkje bli formidla til seljar. Meklar vil heller ikkje formidle bod med atterhald om at bodet er hemmeleg for andre bodgjevarar. Eit bod er bindande for bodgjevar når bodet er blitt gjort kjent for seljar. Seljar står fritt til å akseptere eller forkaste eitkvart bod, og pliktar såleis ikkje å akseptere det høgste bodet på eigedomen.

Meklar skal, i den grad det er naudsynt og muleg, informere dei involverte i bodrunden skriftleg om status i bodgjevinga.
Meklar pliktar å leggje til rette for ei forsvarleg avvikling av bodrunden. For at boda skal kunne bli handsama og formidla vidare skriftlig til alle involverte partar, må eitkvart bod ha ein tilstrekkeleg lang akseptfrist, og uansett bør ikkje eit bod ha ein akseptfrist på mindre enn 30 minutt frå bodet vert gjeve. Seljar må skriftleg akseptere bodet før bodaksept kan formidlast til bodgjevar.
Ein gjer merksam på at bod som vert gjeve etter normal arbeidstid vert handsama/formidla påfølgjande arbeidsdag.

Seljar og kjøpar har krav på å få utlevert kopi av bodjournalen straks etter at handel er komt i stand. Alle som har gjeve bod på eigedomen kan på førespurnad få en kopi av anonymisert bodjournal etter at bodrunden er avslutta.
Ein syner elles til "Forbrukarinformasjon om bodgjeving", som er teke inn på baksida av bodskjema i salsoppgåva.
Overtaking
Etter avtale med seljar.
Seld "som den er"
Salet vert regulert av Lov om avhending av fast eigedom. Eigedomen vert seld i den stand den var under synfaring, jf. avhendingslova § 3-9, "som den er". Dette avtalepunktet medfører at avhendingslova sine reglar om når eigedomen har mangel vert fråvike til ugunst for kjøpar.

Eigedomen har likevel mangel i følgjande tilfelle:
Når kjøpar ikkje har fått opplysningar om forhold ved eigedomen som seljar kjende eller måtte kjenne til, og som kjøpar hadde grunn til å rekne med å få. Dette gjeld likevel berre dersom ein kan gå ut frå at det har verka inn på avtalen at opplysningane ikkje vart gitt.
Når seljar har gitt urette opplysningar om eigedomen. Det same gjeld dersom eigedomen ikkje er i samsvar med opplysningar som er gitt i annonse, salsprospekt eller ved anna marknadsføring på vegne av seljar. Dette gjeld likevel berre dersom ein kan gå ut frå at opplysningane har verka inn på avtalen, og ikkje har vorte retta i tide.
Når eigedomen er i vesentleg dårlegare stand enn kjøpar hadde grunn til å rekne med ut frå kjøpesummen og forholda elles.
Når tomta har vesentleg mindre areal enn opplyst av seljar.
Nøkkelinfo
Primærrom ? 59 m2
Bruksareal ? 62 m2
Bruttoareal ? 69 m2
Byggeår 2011
Tomte­areal 14086 m2
Eigarskifte­forsikring Ja
Energi­merking ? C
Vising
tysdag 19. februar, 17:00 – 18:00
Kontakt meklar
Bilete av Camilla  Kaland  Olset
Camilla Kaland Olset
Eigedomsmeklar MNEF
Førde
Tilbake til bustadutlisting

Skal gje forbrukarane kunnskap om energiforbruket til bueininga. Alle bustader, fritidsbustader og yrkesbygg skal energimerkast ved sal og utleige. Sjå energimerking.no for meir informasjon.

P-rom vert målt frå innsida av yttervegg inkludert veggane mellom desse areala. Dette er innvendige areal av bustaden som vert brukt til kort- eller langvarig opphald (opphaldsrom), til dømes stove, kjøken, bad, soverom, vaskerom og gangareal mellom desse. Bodareal/areal for lagring/tekniske rom inngår ikkje i primærrom.

Arealet av bygingen målt frå utvendig vegg til utvendig vegg eller midt i skiljevegg mot anna brukseining eller fellesareal.

Bruksareal er summen av det arealet som ligg innanfor ytterveggane, og vert målt frå innsida av yttervegg til innsida av yttervegg. Alt areal av innvendige veggar er medrekna. Målbart areal skal ha takhøgd på 1,9 meter.

Råkane 30
Førde
Prisant. 3100000
Soverom 2
Etasje 2
Bustadtype Leilegheit
Eigarform Eigar (Sjølveigar)
Nøkkelinfo
Primærrom ? 59 m2
Bruksareal ? 62 m2
Bruttoareal ? 69 m2
Byggeår 2011
Tomte­areal 14086 m2
Eigarskifte­forsikring Ja
Energi­merking ? C
Vising
tysdag 19. februar, 17:00 – 18:00
Kor mykje treng du låne?
Prøv Sparebanken Sogn og Fjordane sin lånekalkulator
I nærområdet