Kjekk einebustad i etablert bustadfelt like ved Kalvåg sentrum

Vis i kart
Vesten 5
Kalvåg
Prisant. 1800000
Soverom 3
Bustadtype Einebustad
Eigarform Eigar (Sjølveigar)

Kjekk einebustad i etablert bustadfelt like ved Kalvåg sentrum

Eigedom
Vesten 5
6729 Kalvåg
Om eigedomen
Eigedomen ligg ca 600 m frå Kalvåg sentrum i eit attraktivt bustadområde med eldre og nyare bebyggelse. Eigedomen ligg i enden av ein blindveg så her er det roleg og triveleg. Kort veg til flott turterreng. Kalvåg har eit levande bygdemiljø og mykje aktivitetar å by på.
Innhald
Bustaden har to plan og inneheld i hovudetasjen stove, kjøkken, to soverom, bad/wc/vaskerom, gang og vindfang / entre. Underetasjen har kjøkken, eit soverom, innreia bruksrom, boder, mellomgang, bad / vaskerom / wc, gang og vindfang
Standard

Innvendige veggar har overflater av : i u.etg. : Malt panel i vindfang og gang / trapperom. Tapet på soverom.Tapet med brystningspanel på innreia bruksrom.Tapet med belegg over benkeplate kjøkken. Tapet og mur i matbod. Malt panel og mur i bod og mellomgang. Synlege lecablokker i sportsbod.
1.etg. : Tapet med malt brystningspanel i vindfang og entre. Tapet i stue/kjøkken med flisimiterte baderomsplater over benkeplate kjøkken. Malt panel i gang. Flisar på bad/wc/vaskerom. Tapet på soverom 1 og soverom 2.

Himlingar har overflater av : - i U.etg. : Betong i sportsbod. Panel ei bod. Malt panel ei bod. Malte plater imellomgang, bad/wc/vaskerom og kjøkken. Malte tak resten.
1.etg. : Hunton strukturplater i vindfang og entre. Malte plater på resten.

Golva har overflater av : i u.etg. : Flisar i vindfang og på bad / wc. Vinylbelegg på matbod. Betong på bod og sportsbod. Flytande laminatgolv på resten.
1.etg. : Flisar på bad / wc / vaskerom. Flytande laminatgolv på resten.
Nytt laminatgolv i stove/kjøkken i 2015.
Byggjemåte
Bustaden har ytterveggar i trestenderverk over grunnmur i Leca blokker ( på tre vegger ) som står på betongsåle på kultfylling til fjell. Ytterveggar har værhud av panel. Yttertak av betongtakstein. Stor altan mot søraust og sørvest. Bustaden har inngang frå nord og sør.

Med omsyn til den tekniske standarden på bygningane vert det elles vist til takst av Johnny Østerbø, datert 14012019 .

Kjøpar pliktar å gjere seg kjend med innhaldet i taksten og i eigenerklæring frå seljar som ligg ved salsoppgåva før det vert lagt inn bod på eigedommen. Meklar gjer elles merksam på kjøpar si undersøkingsplikt med heimel i avhendingslova.
Areal og fordeling per etasje
Primærrom: 147 kvm, Bruksareal: 164 kvm, Bruttoareal: 176 kvm
Alle rom er P-rom unnateke:

BRA pr. etasje:

1.Etasje: 86 m2
underetasjen: 78 m2

Areala er henta frå takst utført av autorisert takstmann og er i samsvar med NS 3940. Meklar har ikkje kontrollert areala.
Parkering
Ved eigedomen
Tomt
Areal: 885 kvm, Eierform: Eiet tomt
Opparbeidet hage med plen i vest og aust. Naturtomt med bratt skråning i nord.
Grusa i inngangsparti og langs austsida på bustaden. Singelbelagte betongheller langs bustaden si nordside.
Eiendommen er inngjerda med stakittgjerde i aust, vest og sør.
Regulering/offentleg godkjenning
Bustaden ligg i område som er avsett til bustader
Veg, vatn, avlaup
Offentleg vatn og avlaup via private stikkleidningar.
Energimerking
Oppvarmingskarakter Gul - Energikarakter E
Tilkomst
Tilkomst frå offentleg veg
Oppvarming
Termostatstyrte varmekabler på bad / wc , soverom, vindfang, gang og innreia bruksrom u.etg. og på bad / wc / vaskerom 1.etg.
Kommunale avgifter
Kr. 19 513 pr. år
Inkl. eigedomsskatt inkl. evt. eigedomsskatt.
Faste kostnader
Straum og nettleige etter eige forbruk.
Kommunale avgifter og eigedomskatt.
Forsikring er estimert til mellom 4 - 8 000,- pr. år og vil variere med kva tilbod ein har med sitt forsikringselskap.
Eigar må sjølv teikne fullverdi og innbuforsikring. Prisar på dette vil variere med om ein er totalkunde osv. hjå forsikringselskap.
Meklar gjer merksam på at desse utgiftene er knytt til dagens eigar og at desse vil kunne endre seg med omsyn til anna bruk av bustaden enn i dag eller andre avtalar med leverandørar.
Likningsverdi
Likningsverdi som primærbustad kr 304 768 per 31.12.17
Likningsverdi som sekundærbustad kr 1 097 165 per 31.12.17
Ferdigattest
Det føreligg Mellombels bruksløyve frå Bremanger kommune datert 13.12.1973 Denne ligg vedlagt.
Utviding av altan mot vest kan ein ikkje sjå er byggemeldt. Bustaden blei opprinneleg teikna med mindre altan.
Dette gjeld og for tilbygg over inngangsparti mot sør i underetasjen.
Konsesjon
Eigedomen er ikkje konsesjonspliktig.
Utleige
Eigedomen kan i sin heilhet leigast ut til bustadføremål.
Bustadseljarforsikring
Bustaden er seld utan bustadseljarforsikring.
Bustadkjøparforsikring
Eigedomsmekling Sogn og Fjordane AS formidlar bustadkjøparforsikring frå HELP Forsikring AS. Dette er ei rettshjelpsforsikring som gir tryggleik og profesjonell juridisk hjelp dersom det vart oppdaga uventa feil og manglar ved bustaden. Ta kontakt med meklar for meir informasjon eller les meir om forsikringa på www.help.no.
Finansiering
Interessentar som ønskjer tilbod om finansiering i Sparebanken Sogn og Fjordane kan kontakte meklar.
Kvitvasking
Eigedomsmekling Sogn og Fjordane AS er underlagt lov om kvitvasking og terrorfinansiering, og pliktar å rapportere til økokrim om mistenkjelege transaksjonar. Vidare er det strenge reglar om kontroll av legitimasjon frå alle partar og/eller reelle rettigheitshavarar i samband med handelen (seljar, kjøpar og fullmektigar for desse).
Bodgjeving
Alle bod skal gjevast skriftleg til meklar. Det første bodet skal gjevast på bodskjema påført bodgjevar sin signatur. I tillegg må bodgjevar ha legitimert seg. Seinare bod kan gjevast per e-post, SMS eller per faks til meklar. Bod kan også gjevast via bodgjevingsplattform på nett eller app. Veljast denne løysinga, er det ikkje krav til å sende det første bodet på bodskjema. Meklar skal så snart som muleg stadfeste skriftleg ovanfor bodgjevar at bod er motteke.

Bod som ikkje er skriftleg, eller som har kortare akseptfrist enn til kl. 12.00 dagen etter siste annonserte vising, vil ikkje bli formidla til seljar. Meklar vil heller ikkje formidle bod med atterhald om at bodet er hemmeleg for andre bodgjevarar. Eit bod er bindande for bodgjevar når bodet er blitt gjort kjent for seljar. Seljar står fritt til å akseptere eller forkaste eitkvart bod, og pliktar såleis ikkje å akseptere det høgste bodet på eigedomen.

Meklar skal, i den grad det er naudsynt og muleg, informere dei involverte i bodrunden skriftleg om status i bodgjevinga.
Meklar pliktar å leggje til rette for ei forsvarleg avvikling av bodrunden. For at boda skal kunne bli handsama og formidla vidare skriftlig til alle involverte partar, må eitkvart bod ha ein tilstrekkeleg lang akseptfrist, og uansett bør ikkje eit bod ha ein akseptfrist på mindre enn 30 minutt frå bodet vert gjeve. Seljar må skriftleg akseptere bodet før bodaksept kan formidlast til bodgjevar.
Ein gjer merksam på at bod som vert gjeve etter normal arbeidstid vert handsama/formidla påfølgjande arbeidsdag.

Seljar og kjøpar har krav på å få utlevert kopi av bodjournalen straks etter at handel er komt i stand. Alle som har gjeve bod på eigedomen kan på førespurnad få en kopi av anonymisert bodjournal etter at bodrunden er avslutta.
Ein syner elles til "Forbrukarinformasjon om bodgjeving", som er teke inn på baksida av bodskjema i salsoppgåva.
Overtaking
I løpet av mars månad
Seld "som den er"
Salet vert regulert av Lov om avhending av fast eigedom. Eigedomen vert seld i den stand den var under synfaring, jf. avhendingslova § 3-9, "som den er". Dette avtalepunktet medfører at avhendingslova sine reglar om når eigedomen har mangel vert fråvike til ugunst for kjøpar.

Eigedomen har likevel mangel i følgjande tilfelle:
Når kjøpar ikkje har fått opplysningar om forhold ved eigedomen som seljar kjende eller måtte kjenne til, og som kjøpar hadde grunn til å rekne med å få. Dette gjeld likevel berre dersom ein kan gå ut frå at det har verka inn på avtalen at opplysningane ikkje vart gitt.
Når seljar har gitt urette opplysningar om eigedomen. Det same gjeld dersom eigedomen ikkje er i samsvar med opplysningar som er gitt i annonse, salsprospekt eller ved anna marknadsføring på vegne av seljar. Dette gjeld likevel berre dersom ein kan gå ut frå at opplysningane har verka inn på avtalen, og ikkje har vorte retta i tide.
Når eigedomen er i vesentleg dårlegare stand enn kjøpar hadde grunn til å rekne med ut frå kjøpesummen og forholda elles.
Når tomta har vesentleg mindre areal enn opplyst av seljar.
Nøkkelinfo
Primærrom ? 147 m2
Bruksareal ? 164 m2
Bruttoareal ? 176 m2
Byggeår 1973
Tomte­areal 885 m2
Energi­merking ? E
Vising

Ta kontakt for å avtale vising.

Kontakt meklar
Bilete av Tordis  Russøy
Tordis Russøy
Eigedomsmeklar MNEF
Florø
Tilbake til bustadutlisting

Skal gje forbrukarane kunnskap om energiforbruket til bueininga. Alle bustader, fritidsbustader og yrkesbygg skal energimerkast ved sal og utleige. Sjå energimerking.no for meir informasjon.

P-rom vert målt frå innsida av yttervegg inkludert veggane mellom desse areala. Dette er innvendige areal av bustaden som vert brukt til kort- eller langvarig opphald (opphaldsrom), til dømes stove, kjøken, bad, soverom, vaskerom og gangareal mellom desse. Bodareal/areal for lagring/tekniske rom inngår ikkje i primærrom.

Arealet av bygingen målt frå utvendig vegg til utvendig vegg eller midt i skiljevegg mot anna brukseining eller fellesareal.

Bruksareal er summen av det arealet som ligg innanfor ytterveggane, og vert målt frå innsida av yttervegg til innsida av yttervegg. Alt areal av innvendige veggar er medrekna. Målbart areal skal ha takhøgd på 1,9 meter.

Vesten 5
Kalvåg
Prisant. 1800000
Soverom 3
Bustadtype Einebustad
Eigarform Eigar (Sjølveigar)
Nøkkelinfo
Primærrom ? 147 m2
Bruksareal ? 164 m2
Bruttoareal ? 176 m2
Byggeår 1973
Tomte­areal 885 m2
Energi­merking ? E
Vising

Ta kontakt for å avtale vising.

Kor mykje treng du låne?
Prøv Sparebanken Sogn og Fjordane sin lånekalkulator
I nærområdet