Kjekk leileghet med flott utsikt på Visnes

Vis i kart
Kipervegen 36C
Stryn
Prisant. 1200000
Soverom 1
Etasje 1
Bustadtype Andre
Eigarform Andel

Kjekk leileghet med flott utsikt på Visnes

Eigedom
Kipervegen 36C
6783 Stryn
1. etasje
Om eigedomen
Leileghet med sentral beliggenhet og fantastisk utsikt mot Stryn sentrum, Kreklingen, Hol og fjellheimen. Kjekk og rimeleg leileghet som passer for både et voksent par men og for ein førstegangskjøpar. Her har ein alt ein treng på ein etasje.
Innhald
Alt på ett plan: Vindfang, gang, soverom, bad, bod og stove/kjøkken.
Standard
Leilegheta framstår i hovudsak med standard frå byggeår. Godt vedlikehalds i følge takst med liten slitasje på synlege overflater. Noe høgdeforskjell på stovegolvet mot soverom.
Når ein kjem ned vegen til leilegheta har ein et overbygd inngangsparti som ein kan nytte som ei hyggeleg "hagestove". Når ein så kjem inn kjem ein fyrst inn i vindfanget før ein går inn i gangen som har dører inn til et soverom og badet. Videre kjem ein til stova og kjøkkenet. Frå kjøkkenet er det dør inn til ei romsleg bod. Like utafor stova har ein nå ein romsleg terrasse der ein kan sitte å nyte kveldsola.

Nb. på bildet av boda står det i dag ei seng men rommet er ikkje egna til opphaldsrom då det heller ikkje er vindauge.

Stova/kjøkkenet:
Stova har grei storleik med vindu og dør mot nord. Delvis åpa løysing til kjøkkenet så her har ein god plass til spisebord. Kjøkkeninnreiing har flis over benkeplate. Integrerte kvitevarer som komfyr, oppvaskmaskin, kjøl/fryseskåp. Laminat benkeplate.

Bad:
Romsleg og godt bad frå byggeår med unntak av flis som blei lagt i dusjsona. Ellers er det belegg på golv med varmekablar. Opplegg for vaskemaskin på bad medan varmtvannstanken står på boda.

Soverom:
Soverommet har vindu som vender mot nord, belegg på golv og garderobeskåp som følger med i salet.

Dagens eigar har budd her sia 2004 og har trivdes godt.
I 2007 blei det oppført ny terrasse på ca 20 m2 og installert markise.
I 2000 vart det lagt fliser i duskjen - dette vart gjort av fagfolk.
Dagens eigar har Riks TV og Telenor internett men det er planar om fiber opp til burettslaget.
Byggjemåte
Med omsyn til den tekniske standarden på bygningane vert det elles vist til takst av Jostein Vonheim, datert 04.02.2019


Kjøpar pliktar å gjere seg kjend med innhaldet i taksten og i eigenerklæring frå seljar som ligg ved salsoppgåva før det vert lagt inn bod på eigedommen. Meklar gjer elles merksam på kjøpar si undersøkingsplikt med heimel i avhendingslova.
Areal og fordeling per etasje
Primærrom: 56 kvm, Bruksareal: 61 kvm, Bruttoareal: 64 kvm
Alle rom er P-rom unnateke:

BRA pr. etasje:
U.Etasje: 61 m2

Areala er henta frå takst utført av autorisert takstmann og er i samsvar med NS 3940. Meklar har ikkje kontrollert areala.
Parkering
Det er berekna ein parkeringsplass. I tillegg er det gjesteparkeringsplasser.
Tomt
Areal: 6 801 kvm, Eierform: Fellestomt
Regulering/offentleg godkjenning
Eigedommen er i følge reguleringsplan for Visneslia, godkjent den 12.12. 1987, regulert til byggjeområde for bustader.
I følge NVE sitt faresonekart ligg eigedomen i eit område der største nominelle årlege sannsynlegheit er 1/100, dvs. Sikkerheitsklasse S1.
Veg, vatn, avlaup
Offentleg vatn.
Offentleg avløp tilknytt septiktank/synkekum. Fellestank: 7 m3 for 36 a, b, c og d.
Kommunal veg.
Energimerking
Oppvarmingskarakter Oransje - energikarakter E
Tilkomst
Bustaden ligg nær inntil kommunal veg, med kort gangveg ned til bustaden
Oppvarming
Vedovn i stova og varmekablar på bad. Ellers er det basert på elektrisk.
Tilsyn: 15.12.2014
Sist feia: 21.08.2017
Faste kostnader
Straum og nettleige etter eige forbruk.
Innbuforsikring.
Fellesutgifter
tv-internett
Renovasjon
Meklar gjer merksam på at faste laupande kostnader vil kunne variere med omsyn til bruk av bustaden og avtalar med leverandørar.
Likningsverdi
Likningsverdi som primærbustad kr 308 290 per 30.12.17
Likningsverdi som sekundærbustad kr 1 109 845 per 30.12.17
Ferdigattest
Det føreligg midlertidig brukstillatelse, datert 30.06.88
Opplysningar om burettslaget
Borettslag: Visneslia Burettslag, Orgnr.: 946958980
Andelsnr.: 17
Forretningsførar BOB BBL
Borettslagets revisor PWC
NB. Det er pliktig medlemskap i boligbyggerlaget.
Felleskostnader
4 451 pr. mnd. Vedklikehald, kommunale avgifter/eigedomsskatt, driftskostnader, renter lån, avdrag lån.

Felleskostnadane er fordelt slik:
Vedklikahald 22%
Kommunale avgifter/eiendomsskatt 20%
Driftskostnader 25%
Renter lån 1%
Avdrag 40%
Årsmelding/vedtekter
Kjøpar vert oppmoda til å setje seg inn i årsmelding, rekneskap, vedtekter og husordensreglar. Kjøpar godkjenner som bindande for seg burettslaget sine vedtekter og husordensreglar herunder evt. reglar om husdyrhald.
Forretningsførar
Visneslia Burettslag er tilslutta BOB.
Styrar burettslaget: Silje Vollan
Forkjøpsrett
Det er vedtektsfesta forkjøpsrett til bebuarane i burettslaget og deretter medlemmane i BOB på elles like vilkår.

Forkjøpsretten vert utlyst i etterkant av salet. Når seljar har akseptert eit bod vert forkjøpsretten lyst ut til medlemmane i BOB med ca 10-12 dagars frist for forkjøpsrettshavarar til å tre inn i avtalen. Ved bruk av forkjøpsretten vil det pålaupe gebyr stort kr. 7 063,- til BOB. Ta kontakt med BOB for meir informasjon om forkjøpsrett.
Godkjenning
Kjøpar må i følgje vedtekter godkjennast av styret i burettslaget. Godkjenning kan ikkje nektast utan sakleg grunn.
Sikringsfond/legalpant
Burettslaget er knytt til Boligbyggelagenes Sikringsfond mot tap av fellesutgifter.
Utleige
Andelseigaren kan ikkje, utan samtykke frå styret i burettslaget, overlate bruken av bustaden til andre utover det som følgjer av burettslagslova § 5-4 til 5-6.
Diverse
Det er noke skeivhet i stovegolv.
Ein har moglegheit til å skifte både varmtvannstank og kjøkkenvifte, når desse vert øydelagde, på burettslagets kostnad. Dette gjeld kun ein gang.
Ein må berekne noke dugnadsarbeid i burettslaget.
Alle oppfordres til å sette seg grundig inn i vedtekter, husordensreglar, årsmelding, rekneskap for burettslaget.
Bebuar kan berre halde husdyr dersom gode grunnar tilseier det og at det ikkje er til ulempe for dei andre bebuerane.
I utgangspunktet skal det vere ro i bustadane og på fellesområda frå kl. 23 til kl. 06:00 på kvardagar og fram til kl. 10:00 på helgedagar iflg. husordensreglar.
Bustadseljarforsikring
Bustaden er seld med bustadseljarforsikring.
Bustadkjøparforsikring
Eigedomsmekling Sogn og Fjordane AS formidlar bustadkjøparforsikring frå HELP Forsikring AS. Dette er ei rettshjelpsforsikring som gir tryggleik og profesjonell juridisk hjelp dersom det vart oppdaga uventa feil og manglar ved bustaden. Ta kontakt med meklar for meir informasjon eller les meir om forsikringa på www.help.no.
Finansiering
Interessentar som ønskjer tilbod om finansiering i Sparebanken Sogn og Fjordane kan kontakte meklar.
Kvitvasking
Eigedomsmekling Sogn og Fjordane AS er underlagt lov om kvitvasking og terrorfinansiering, og pliktar å rapportere til økokrim om mistenkjelege transaksjonar. Vidare er det strenge reglar om kontroll av legitimasjon frå alle partar og/eller reelle rettigheitshavarar i samband med handelen (seljar, kjøpar og fullmektigar for desse).
Bodgjeving
Alle bod skal gjevast skriftleg til meklar. Det første bodet skal gjevast på bodskjema påført bodgjevar sin signatur. I tillegg må bodgjevar ha legitimert seg. Seinare bod kan gjevast per e-post, SMS eller per faks til meklar. Bod kan også gjevast via bodgjevingsplattform på nett eller app. Veljast denne løysinga, er det ikkje krav til å sende det første bodet på bodskjema. Meklar skal så snart som muleg stadfeste skriftleg ovanfor bodgjevar at bod er motteke.

Bod som ikkje er skriftleg, eller som har kortare akseptfrist enn til kl. 12.00 dagen etter siste annonserte vising, vil ikkje bli formidla til seljar. Meklar vil heller ikkje formidle bod med atterhald om at bodet er hemmeleg for andre bodgjevarar. Eit bod er bindande for bodgjevar når bodet er blitt gjort kjent for seljar. Seljar står fritt til å akseptere eller forkaste eitkvart bod, og pliktar såleis ikkje å akseptere det høgste bodet på eigedomen.

Meklar skal, i den grad det er naudsynt og muleg, informere dei involverte i bodrunden skriftleg om status i bodgjevinga.
Meklar pliktar å leggje til rette for ei forsvarleg avvikling av bodrunden. For at boda skal kunne bli handsama og formidla vidare skriftlig til alle involverte partar, må eitkvart bod ha ein tilstrekkeleg lang akseptfrist, og uansett bør ikkje eit bod ha ein akseptfrist på mindre enn 30 minutt frå bodet vert gjeve. Seljar må skriftleg akseptere bodet før bodaksept kan formidlast til bodgjevar.
Ein gjer merksam på at bod som vert gjeve etter normal arbeidstid vert handsama/formidla påfølgjande arbeidsdag.

Seljar og kjøpar har krav på å få utlevert kopi av bodjournalen straks etter at handel er komt i stand. Alle som har gjeve bod på eigedomen kan på førespurnad få en kopi av anonymisert bodjournal etter at bodrunden er avslutta.
Ein syner elles til "Forbrukarinformasjon om bodgjeving", som er teke inn på baksida av bodskjema i salsoppgåva.
Overtaking
Etter avtale med seljar.
Seld "som den er"
Salet vert regulert av Lov om avhending av fast eigedom. Eigedomen vert seld i den stand den var under synfaring, jf. avhendingslova § 3-9, "som den er". Dette avtalepunktet medfører at avhendingslova sine reglar om når eigedomen har mangel vert fråvike til ugunst for kjøpar.

Eigedomen har likevel mangel i følgjande tilfelle:
Når kjøpar ikkje har fått opplysningar om forhold ved eigedomen som seljar kjende eller måtte kjenne til, og som kjøpar hadde grunn til å rekne med å få. Dette gjeld likevel berre dersom ein kan gå ut frå at det har verka inn på avtalen at opplysningane ikkje vart gitt.
Når seljar har gitt urette opplysningar om eigedomen. Det same gjeld dersom eigedomen ikkje er i samsvar med opplysningar som er gitt i annonse, salsprospekt eller ved anna marknadsføring på vegne av seljar. Dette gjeld likevel berre dersom ein kan gå ut frå at opplysningane har verka inn på avtalen, og ikkje har vorte retta i tide.
Når eigedomen er i vesentleg dårlegare stand enn kjøpar hadde grunn til å rekne med ut frå kjøpesummen og forholda elles.
Når tomta har vesentleg mindre areal enn opplyst av seljar.
Nøkkelinfo
Primærrom ? 56 m2
Bruksareal ? 61 m2
Bruttoareal ? 64 m2
Byggeår 1989
Tomte­areal 6801 m2
Eigarskifte­forsikring Ja
Energi­merking ? E
Vising
torsdag 21. februar, 17:00 – 18:00
Kontakt meklar
Bilete av Norunn  Aarnes
Norunn Aarnes
Eigedomsmeklar MNEF
Stryn
Tilbake til bustadutlisting

Skal gje forbrukarane kunnskap om energiforbruket til bueininga. Alle bustader, fritidsbustader og yrkesbygg skal energimerkast ved sal og utleige. Sjå energimerking.no for meir informasjon.

P-rom vert målt frå innsida av yttervegg inkludert veggane mellom desse areala. Dette er innvendige areal av bustaden som vert brukt til kort- eller langvarig opphald (opphaldsrom), til dømes stove, kjøken, bad, soverom, vaskerom og gangareal mellom desse. Bodareal/areal for lagring/tekniske rom inngår ikkje i primærrom.

Arealet av bygingen målt frå utvendig vegg til utvendig vegg eller midt i skiljevegg mot anna brukseining eller fellesareal.

Bruksareal er summen av det arealet som ligg innanfor ytterveggane, og vert målt frå innsida av yttervegg til innsida av yttervegg. Alt areal av innvendige veggar er medrekna. Målbart areal skal ha takhøgd på 1,9 meter.

Kipervegen 36C
Stryn
Prisant. 1200000
Soverom 1
Etasje 1
Bustadtype Andre
Eigarform Andel
Nøkkelinfo
Primærrom ? 56 m2
Bruksareal ? 61 m2
Bruttoareal ? 64 m2
Byggeår 1989
Tomte­areal 6801 m2
Eigarskifte­forsikring Ja
Energi­merking ? E
Vising
torsdag 21. februar, 17:00 – 18:00
Kor mykje treng du låne?
Prøv Sparebanken Sogn og Fjordane sin lånekalkulator
I nærområdet