Romsleg bustad med store gode uteplassar

Vis i kart
Gaddevegen 7B
Florø
Prisant. 2600000
Soverom 3
Etasje 1
Bustadtype Tomannsbustad
Eigarform Eigar (Sjølveigar)

Romsleg bustad med store gode uteplassar

Eigedom
Tua -aust for Florø sentrum
Om eigedomen
Bustaden ligg på Tua, i eit eldre etablert bustadområde. Kort veg til alle fasilitetar i Florø sentrum og kort veg til flotte turområde. Herfrå går du til sentrum, barnehage og skule. Ein attraktiv plass å bu med alle tilbod kort veg unna.
Innhald
Bustaden er på fire plan og hovudetasjen har kjøkken og stove i open løysing samt gang og vindfang. Tredje etasje har to soverom , bad , gang og inngang til loftetasjen med balkong mot sør. Øverste loft har eit stort rom som i dag er nytta til soverom. Kjellar har eit stort kjellarrom med trapp, bod, vaskekjellar og badstove.
Standard
Innvendige veggar har : - kjellar : Malt mur i vaskekjellar. Panel i badstove. Ein vegg malt panel, ein vegg mdf og to veggar malt mur i kjellerrom med trapp. Ein vegg gips, noke ubehandla sponplater og resten malt betong i bod.
1.etg. :Fabrikkmalte MDF-plater i vindfang. Tapet i gang / trapperom. Sparkla gipsplater, trukke med duk og malt Flisar over benkeplatepå kjøkken. Sparkla gipsplater, trukke med duk og malt i stove.
2.etg. : Panel med høg flisbrystning + flisar i dusjhjørne på bad / wc. Malt glassfiberstrie på soverom 1. Malt glassfiberstrie + ein vegg sparkla og malt gips på soverom 2. Fabrikkmalte MDF-plater resten.
Loft : Tapet på gavlveggar mot nabo, sparkla gipsplater, trukke med duk og malt på gavlvegg aust, og malt panel på kneveggar.

Himlingar har - kjellar : Ubehandla gipsplater i bod, malt panel i vaskekjellar. Panel på resten.
1.etg. : Panel vindfang. Malt tak gang / trapperom. Panelbeisa panel resten.
2.etg. : Panelbeisa panel i gang / trapperom 1. Malt strietapet bad / wc. Malte tak resten.
Loft : Sparkla og malt gips, med synlige beisa sperr.

Golva har - kjellar : Flisar i vaskekjeller og badstove. Betong på resten.
1.etg. : Flisar i vindfang. Parkett i gang. Flytande laminatgolv resten.
2.etg. : Flisar på bad/wc. Flytande laminatgolv resten.
Loft : Flytande laminatgolv.
Nye overflater i vaskekjeller og badstove, og nytt betonggolv i bod 2017.

Bustaden var nymåla i 2017

Ikkje innlagt fiber
Byggjemåte
Bustaden har ytterveggar i bindingsverk over grunnmur i prosentsteinsmur med utvendig puss på betongsåle på kultfylling til fjell. Ytterveggar har værhud av panel. Yttertak har tekking av Decra takplater. Stor altan mot nord og aust på på hovudplan og utanfor kjellaren og balkong mot sør med utgang frå andre etasje .
Terrasse med overbygg er nyleg sett opp på sørsida.
Med omsyn til den tekniske standarden på bygningane vert det elles vist til takst av Johnny Østerbø,
datert 27022019.

Garasjen på sørsida har eit BTA på ca 17 m2 og er sett opp i 1960. Enkel bygning med vippeport.

Kjøpar pliktar å gjere seg kjend med innhaldet i taksten og i eigenerklæring frå seljar som ligg ved salsoppgåva før det vert lagt inn bod på eigedommen. Meklar gjer elles merksam på kjøpar si undersøkingsplikt med heimel i avhendingslova.
Areal og fordeling per etasje
Primærrom: 113 kvm, Bruksareal: 154 kvm, Bruttoareal: 162 kvm

Alle rom er P-rom unnateke:

BRA pr. etasje:
Kjellar: 41 m2
1.Etasje: 46 m2
2.Etasje: 44 m2
Loft: 23m2
Areala er henta frå takst utført av autorisert takstmann og er i samsvar med NS 3940. Meklar har ikkje kontrollert areala.
Parkering
På eigedomen
Tomt
Terrenget på tomta er skrånande mot nord. Det er singel på oppstillingsplass og nedkjørsel.Tujahekk mot veg i sør og nabo i vest. Opparbeidd hage med beplantning og plen . Ny drenering i nedkjørsel og framfor inngangsparti.
Tomta var opprinneleg 941,8 m2 men delar av denne er idag oppmålt og er planlagt utskilt frå denne eigedomen. Størrelsen på denne tomta som er for sal blir på ca 556 m2. ( Meklar gjer merksam på at det er oppgitt 10m2 feil i taksten )
Regulering/offentleg godkjenning
Bustaden ligg i område som etter Kommunedelplanen for Florø sentrum 2018 - 2022 er avsett til bustader.
Veg, vatn, avlaup
Offentleg vatn og avlaup via private stikkleidningar.
Tilkomst
God tilkomst frå offentleg veg.
Oppvarming
Vedovn i stova
Innstallert varmepumpe luft til luft på kjøkken
Varmekablar i golv på vaskekjellar (gjenstår å koble dei til ) , varmekablar i vindfang og bad / wc.
Kommunale avgifter
Kr. 14 675 pr. år inkl. evt. eigedomsskatt.
Faste kostnader
Straum og nettleige etter eige forbruk.
Forsikring er estimert til mellom 4 - 8 000,- pr. år og vil variere med kva tilbod ein har med sitt forsikringselskap.
Kommunale avgifter og eigedomskatt.
Meklar gjer merksam på at desse utgiftene er knytt til dagens eigar og at desse vil kunne endre seg med omsyn til anna bruk av bustaden enn i dag eller andre avtalar med leverandørar.
Formueverdi
Likningsverdi som primærbustad kr 593 214 per 31.12.17
Likningsverdi som sekundærbustad kr 2 135 570 per 31.12.17
Ferdigattest
Det føreligg ikkje ferdigattest eller bruksløyve frå Flora kommune på bustaden. Det føreligg ferdigattest frå Flora kommune på uthuset datert 230680
Vi har ikkje opprinnelege planteikningar slik at vi kan sei noke om endring av bruken eller om det har vore endringar i denne i forhold til sånn som bustaden framstår i dag. Ein kan nok rekne med at loftet har vorte endra men det er ikkje meldt nokon bruksendring for dette.
Konsesjon
Eigedomen er ikkje konsesjonspliktig.
Utleige
Eigedomen kan i sin heilhet leigast ut til bustadføremål.
Diverse
Det er tinglyst bruksrett og rett til utskilt tomt. Rettigheitshavar er Anne og Kenneth Bjørbæk Standal
Dette gjeld ca 357 m2 i nordre del av tomta. Rettigheitshavarane disponerer og eit garasjebygg som står på denne delen.
Bustadseljarforsikring
Bustaden er seld med bustadseljarforsikring.
Bustadkjøparforsikring
Eigedomsmekling Sogn og Fjordane AS formidlar bustadkjøparforsikring frå HELP Forsikring AS. Dette er ei rettshjelpsforsikring som gir tryggleik og profesjonell juridisk hjelp dersom det vart oppdaga uventa feil og manglar ved bustaden. Ta kontakt med meklar for meir informasjon eller les meir om forsikringa på www.help.no.
Finansiering
Interessentar som ønskjer tilbod om finansiering i Sparebanken Sogn og Fjordane kan kontakte meklar.
Kvitvasking
Eigedomsmekling Sogn og Fjordane AS er underlagt lov om kvitvasking og terrorfinansiering, og pliktar å rapportere til økokrim om mistenkjelege transaksjonar. Vidare er det strenge reglar om kontroll av legitimasjon frå alle partar og/eller reelle rettigheitshavarar i samband med handelen (seljar, kjøpar og fullmektigar for desse).
Bodgjeving
Alle bod skal gjevast skriftleg til meklar. Det første bodet skal gjevast på bodskjema påført bodgjevar sin signatur. I tillegg må bodgjevar ha legitimert seg. Seinare bod kan gjevast per e-post, SMS eller per faks til meklar. Bod kan også gjevast via bodgjevingsplattform på nett eller app. Veljast denne løysinga, er det ikkje krav til å sende det første bodet på bodskjema. Meklar skal så snart som muleg stadfeste skriftleg ovanfor bodgjevar at bod er motteke.

Bod som ikkje er skriftleg, eller som har kortare akseptfrist enn til kl. 12.00 dagen etter siste annonserte vising, vil ikkje bli formidla til seljar. Meklar vil heller ikkje formidle bod med atterhald om at bodet er hemmeleg for andre bodgjevarar. Eit bod er bindande for bodgjevar når bodet er blitt gjort kjent for seljar. Seljar står fritt til å akseptere eller forkaste eitkvart bod, og pliktar såleis ikkje å akseptere det høgste bodet på eigedomen.

Meklar skal, i den grad det er naudsynt og muleg, informere dei involverte i bodrunden skriftleg om status i bodgjevinga.
Meklar pliktar å leggje til rette for ei forsvarleg avvikling av bodrunden. For at boda skal kunne bli handsama og formidla vidare skriftlig til alle involverte partar, må eitkvart bod ha ein tilstrekkeleg lang akseptfrist, og uansett bør ikkje eit bod ha ein akseptfrist på mindre enn 30 minutt frå bodet vert gjeve. Seljar må skriftleg akseptere bodet før bodaksept kan formidlast til bodgjevar.
Ein gjer merksam på at bod som vert gjeve etter normal arbeidstid vert handsama/formidla påfølgjande arbeidsdag.

Seljar og kjøpar har krav på å få utlevert kopi av bodjournalen straks etter at handel er komt i stand. Alle som har gjeve bod på eigedomen kan på førespurnad få en kopi av anonymisert bodjournal etter at bodrunden er avslutta.
Ein syner elles til "Forbrukarinformasjon om bodgjeving", som er teke inn på baksida av bodskjema i salsoppgåva.
Overtaking
Etter avtale med seljar.
Seld "som den er"
Salet vert regulert av Lov om avhending av fast eigedom. Eigedomen vert seld i den stand den var under synfaring, jf. avhendingslova § 3-9, "som den er". Dette avtalepunktet medfører at avhendingslova sine reglar om når eigedomen har mangel vert fråvike til ugunst for kjøpar.

Eigedomen har likevel mangel i følgjande tilfelle:
Når kjøpar ikkje har fått opplysningar om forhold ved eigedomen som seljar kjende eller måtte kjenne til, og som kjøpar hadde grunn til å rekne med å få. Dette gjeld likevel berre dersom ein kan gå ut frå at det har verka inn på avtalen at opplysningane ikkje vart gitt.
Når seljar har gitt urette opplysningar om eigedomen. Det same gjeld dersom eigedomen ikkje er i samsvar med opplysningar som er gitt i annonse, salsprospekt eller ved anna marknadsføring på vegne av seljar. Dette gjeld likevel berre dersom ein kan gå ut frå at opplysningane har verka inn på avtalen, og ikkje har vorte retta i tide.
Når eigedomen er i vesentleg dårlegare stand enn kjøpar hadde grunn til å rekne med ut frå kjøpesummen og forholda elles.
Når tomta har vesentleg mindre areal enn opplyst av seljar.
Nøkkelinfo
Primærrom ? 113 m2
Bruksareal ? 154 m2
Bruttoareal ? 162 m2
Byggeår 1952
Tomte­areal 556 m2
Eigarskifte­forsikring Ja
Vising

Ta kontakt for å avtale vising.

Kontakt meklar
Bilete av Tordis  Russøy
Tordis Russøy
Eigedomsmeklar MNEF
Florø
Tilbake til bustadutlisting

Skal gje forbrukarane kunnskap om energiforbruket til bueininga. Alle bustader, fritidsbustader og yrkesbygg skal energimerkast ved sal og utleige. Sjå energimerking.no for meir informasjon.

P-rom vert målt frå innsida av yttervegg inkludert veggane mellom desse areala. Dette er innvendige areal av bustaden som vert brukt til kort- eller langvarig opphald (opphaldsrom), til dømes stove, kjøken, bad, soverom, vaskerom og gangareal mellom desse. Bodareal/areal for lagring/tekniske rom inngår ikkje i primærrom.

Arealet av bygingen målt frå utvendig vegg til utvendig vegg eller midt i skiljevegg mot anna brukseining eller fellesareal.

Bruksareal er summen av det arealet som ligg innanfor ytterveggane, og vert målt frå innsida av yttervegg til innsida av yttervegg. Alt areal av innvendige veggar er medrekna. Målbart areal skal ha takhøgd på 1,9 meter.

Gaddevegen 7B
Florø
Prisant. 2600000
Soverom 3
Etasje 1
Bustadtype Tomannsbustad
Eigarform Eigar (Sjølveigar)
Nøkkelinfo
Primærrom ? 113 m2
Bruksareal ? 154 m2
Bruttoareal ? 162 m2
Byggeår 1952
Tomte­areal 556 m2
Eigarskifte­forsikring Ja
Vising

Ta kontakt for å avtale vising.

Kor mykje treng du låne?
Prøv Sparebanken Sogn og Fjordane sin lånekalkulator
I nærområdet