Rimelig einebustad med alt på eit plan. Enkel garasje.

Vis i kart
Hilde
Innvik
Prisant. 1780000
Soverom 1
Bustadtype Einebustad
Eigarform Eigar (Sjølveigar)

Rimelig einebustad med alt på eit plan. Enkel garasje.

Eigedom
Hilde
6793 Innvik
Om eigedomen
Kjekk eiendom som ligger fint til i eit hyggeleg tun i Innvik.
Bustaden er spesielt tilpassa personar med nedsett funksjonsevne og eldre og uføretrygda vil bli prioritert ved sal ved ellers like vilkår.
Innhald
Bustaden er på ein etasje og inneheld: Gang, bad/vaskerom, soverom, stor bod som i dag og nyttes som soverom, stue/kjøkken, bod og garasje.
Standard
Bustaden ligg i eit koseleg tun med fleire einebustader og aldersheimen like ovafor. Alt er tilrettelagt for at bustaden og skal passe for de med nedsett funksjonsevne. Det er derfor ein praktiskt bustad med alt på eit plas. Lett tilkomst til både garasje og bod. Ellers er tomta flat og lett og halde vedlike. Utvendig veggmonterte lyspunkt og el.kontaktar. Mekanisk avtrekk med avtrekksvifte på badet og ventilator over steikesjona på kjøkkenet, ellers er ventilering basert på naturlig avtrekk. Vassrør av plast rør-i-rør system med rørskåp på badet. Avløpsrør av plast. Flexit sentralstøvsuger med motor og uttak i garasjerommet om med uttak i stova.

Ein kjem først til eit overbygd inngangsparti der det er lagt flis og der ein og har dør inn til garasjen i tillegg til garasjeport. Like innafor døra kjem ein til ein romsleg gang med fliser på golv og ferdigmåla plater på veggene. Inn frå gangen har ein dør inn til ein liten gang før ein kjem til stova og kjøkkenet. Inn frå gangen har ein dør inn til eit romsleg soverom, ei bod (som i dag nyttes som gjesterom) og til eit bad.

Stova:
Kjekk stove med ferdigmåla plater på veggene og belegg på golv. Flere vindu som vender mot vest og ellers har en skyvedør ut til terrassen og hagen mot nord. Det er varme i golvet på stova. I stova har ein pipe så her har ein og mulegheit for å sette seg opp ein vedovn dersom ein ønsker det.

Kjøkken:
Fint kjøkken frå Kvalsvik med laminat skrog, lakkerte eikefrontar og laminat benkeplate. Det er veggflis over benk. Kjøkkenet har integrert 60 cm topp med 4 plater og ellers komfyr og oppvaskmaskin. Kjøkkenet er et godt utbygd og moderne kjøkken med plass til et lite kjøkkenbord.

Bad:
Stort og godt bad som og nyttes som vaskerom. Badet har dusj med dusjvegger som kan svinges inn. Ellers er det veggmontert toalett og enkel vask med spegel over. Varmtvannstank står på badet og det er ellers god plass til både vaskemaskin og tørketrommel.

Soverom:
Romsleg og godt soverom med belegg på golv og ferdigmåla plater på veggene. Soveormmet har god plass til garderobeskåp.

Bod:
Stor og god bod som har belegg på golv og ferdigmåla plater på veggene. Boda har vindu og brukes i dag til eit gjesterom.

Gang:
Kjekk og romsleg gang med flis på golv. Gangen har og varmekblar i golvet.
Her har ein god plass til å henge frå seg yttertøy.


I følge takst er det gjort følgande merknader med blant anna at isolasjonen/raftepappen ligg dels rett mot undertaket utan luftespalt. på badet er rørskåp ikkje besiktiga pga fast dør. Veggmontert klosett utan drenering i underkant vegg/veggkasse. Se ellers taksten som ligg som vedlegg til prospekt.
Byggjemåte
Grunnforhold av grus og aurmasser. Ukjent utførelse av drenering og fuktsikring. Fundamentert med ringmur av betong/leca med utvendig synleg betongpuss. Golv på grunn av betong over isopor. Yttervegger av 15 cm isolert bindingsverk med ytterkledning av dobbeltfalsa trekledning. Tilbygd garasje med yttervegger og skillevegg mot bustade av leca med utvendig ubehandla betongpuss. Saltakkonstruksjon me prefabrikert W- takstolar med 25 cm isolasjon mot underliggande rom og tregolv i bredde på ca 2 m langs midten av mørkeloftet. Taktekking av betongtakstein. Vindu med 2-lags glasruter i trekarm med i hovudsak utvendige sprosser.

Med omsyn til den tekniske standarden på bygningane vert det elles vist til takst av Kristen Eikenæs, datert 08.03.2019

Kjøpar pliktar å gjere seg kjend med innhaldet i taksten og i eigenerklæring frå seljar som ligg ved salsoppgåva før det vert lagt inn bod på eigedommen. Meklar gjer elles merksam på kjøpar si undersøkingsplikt med heimel i avhendingslova.
Areal og fordeling per etasje
Primærrom: 68 kvm, Bruksareal: 100 kvm, Bruttoareal: 108 kvm
Alle rom er P-rom unnateke: Garasjerom og bod

BRA pr. etasje:
1.Etasje: 100 m2

Areala er henta frå takst utført av autorisert takstmann og er i samsvar med NS 3940. Meklar har ikkje kontrollert areala.
Parkering
Enkel garasje.
Tomt
Areal: 595 kvm, Eierform: Eiet tomt
Regulering/offentleg godkjenning
Eigedommen ligg i uregulert område, vist som byggjeområde for bustad i komm.delplan.
Veg, vatn, avlaup
Offentleg veg
Avløp til 4 m3 septiktank med overløp tilknytta kommunalt avløpsnett
Eigedommen er tilknytt Innvik vassverk, felles privat vassverk.
Energimerking
Oppvarmingskarakter Rød - Energikarakter D
Tilkomst
Adkomst frå kommunal veg med stort asfaltert tun.
Det vil bli sett opp visningsskilt til fellesvisning.
Oppvarming
Golvvarme med varmekablar i alle rom med unntak av garasjerom og bod, ellers er eventuell tilleggsoppvarming basert på elektrisitet.
Pipe av lettklinkerbetong med måla betongpuss og feiieluke i stova, utvendig tekka med pipehatt.
Kommunale avgifter
Kr. 10 567 pr. år
Kloakkavgift kr. 3272, eiendomsskatt kr. 1765, renovasjon kr. 3742, vann (Innvik vassverk) kr. 1788 inkl. evt. eigedomsskatt.
Faste kostnader
Straum og nettleige etter eige forbruk.
Innbuforsikring.
Forsikring.
Kommunale avgifter og eigedomskatt.
Tv- og internett
Meklar gjer merksam på at faste laupande kostnader vil kunne variere med omsyn til bruk av bustaden og avtalar med leverandørar.
Formueverdi
Likningsverdi som primærbustad kr 523 493 per 31.12.17
Likningsverdi som sekundærbustad kr 1 884 575 per 31.12.17
Ferdigattest
Det føreligg ferdigattest frå Stryn kommune, datert 12.07.05
Konsesjon
Eigedomen er ikkje konsesjonspliktig.
Utleige
Eigedomen kan i sin heilhet leigast ut til bustad
Diverse
Eiendommen kan kun selges til alders- eller uførepensjonister.
Bustadseljarforsikring
Bustaden er seld utan bustadseljarforsikring.
Bustadkjøparforsikring
Eigedomsmekling Sogn og Fjordane AS formidlar bustadkjøparforsikring frå HELP Forsikring AS. Dette er ei rettshjelpsforsikring som gir tryggleik og profesjonell juridisk hjelp dersom det vart oppdaga uventa feil og manglar ved bustaden. Ta kontakt med meklar for meir informasjon eller les meir om forsikringa på www.help.no.
Finansiering
Interessentar som ønskjer tilbod om finansiering i Sparebanken Sogn og Fjordane kan kontakte meklar.
Kvitvasking
Eigedomsmekling Sogn og Fjordane AS er underlagt lov om kvitvasking og terrorfinansiering, og pliktar å rapportere til økokrim om mistenkjelege transaksjonar. Vidare er det strenge reglar om kontroll av legitimasjon frå alle partar og/eller reelle rettigheitshavarar i samband med handelen (seljar, kjøpar og fullmektigar for desse).
Bodgjeving
Alle bod skal gjevast skriftleg til meklar. Det første bodet skal gjevast på bodskjema påført bodgjevar sin signatur. I tillegg må bodgjevar ha legitimert seg. Seinare bod kan gjevast per e-post, SMS eller per faks til meklar. Bod kan også gjevast via bodgjevingsplattform på nett eller app. Veljast denne løysinga, er det ikkje krav til å sende det første bodet på bodskjema. Meklar skal så snart som muleg stadfeste skriftleg ovanfor bodgjevar at bod er motteke.

Bod som ikkje er skriftleg, eller som har kortare akseptfrist enn til kl. 12.00 dagen etter siste annonserte vising, vil ikkje bli formidla til seljar. Meklar vil heller ikkje formidle bod med atterhald om at bodet er hemmeleg for andre bodgjevarar. Eit bod er bindande for bodgjevar når bodet er blitt gjort kjent for seljar. Seljar står fritt til å akseptere eller forkaste eitkvart bod, og pliktar såleis ikkje å akseptere det høgste bodet på eigedomen.

Meklar skal, i den grad det er naudsynt og muleg, informere dei involverte i bodrunden skriftleg om status i bodgjevinga.
Meklar pliktar å leggje til rette for ei forsvarleg avvikling av bodrunden. For at boda skal kunne bli handsama og formidla vidare skriftlig til alle involverte partar, må eitkvart bod ha ein tilstrekkeleg lang akseptfrist, og uansett bør ikkje eit bod ha ein akseptfrist på mindre enn 30 minutt frå bodet vert gjeve. Seljar må skriftleg akseptere bodet før bodaksept kan formidlast til bodgjevar.
Ein gjer merksam på at bod som vert gjeve etter normal arbeidstid vert handsama/formidla påfølgjande arbeidsdag.

Seljar og kjøpar har krav på å få utlevert kopi av bodjournalen straks etter at handel er komt i stand. Alle som har gjeve bod på eigedomen kan på førespurnad få en kopi av anonymisert bodjournal etter at bodrunden er avslutta.
Ein syner elles til "Forbrukarinformasjon om bodgjeving", som er teke inn på baksida av bodskjema i salsoppgåva.
Overtaking
Etter avtale med seljar.
Seld "som den er"
Salet vert regulert av Lov om avhending av fast eigedom. Eigedomen vert seld i den stand den var under synfaring, jf. avhendingslova § 3-9, "som den er". Dette avtalepunktet medfører at avhendingslova sine reglar om når eigedomen har mangel vert fråvike til ugunst for kjøpar.

Eigedomen har likevel mangel i følgjande tilfelle:
Når kjøpar ikkje har fått opplysningar om forhold ved eigedomen som seljar kjende eller måtte kjenne til, og som kjøpar hadde grunn til å rekne med å få. Dette gjeld likevel berre dersom ein kan gå ut frå at det har verka inn på avtalen at opplysningane ikkje vart gitt.
Når seljar har gitt urette opplysningar om eigedomen. Det same gjeld dersom eigedomen ikkje er i samsvar med opplysningar som er gitt i annonse, salsprospekt eller ved anna marknadsføring på vegne av seljar. Dette gjeld likevel berre dersom ein kan gå ut frå at opplysningane har verka inn på avtalen, og ikkje har vorte retta i tide.
Når eigedomen er i vesentleg dårlegare stand enn kjøpar hadde grunn til å rekne med ut frå kjøpesummen og forholda elles.
Når tomta har vesentleg mindre areal enn opplyst av seljar.
Nøkkelinfo
Primærrom ? 68 m2
Bruksareal ? 100 m2
Bruttoareal ? 108 m2
Byggeår 2005
Tomte­areal 595 m2
Energi­merking ? D
Vising
tysdag 26. mars, 17:00 – 18:00
Kontakt meklar
Bilete av Norunn  Aarnes
Norunn Aarnes
Eigedomsmeklar MNEF
Stryn
Tilbake til bustadutlisting

Skal gje forbrukarane kunnskap om energiforbruket til bueininga. Alle bustader, fritidsbustader og yrkesbygg skal energimerkast ved sal og utleige. Sjå energimerking.no for meir informasjon.

P-rom vert målt frå innsida av yttervegg inkludert veggane mellom desse areala. Dette er innvendige areal av bustaden som vert brukt til kort- eller langvarig opphald (opphaldsrom), til dømes stove, kjøken, bad, soverom, vaskerom og gangareal mellom desse. Bodareal/areal for lagring/tekniske rom inngår ikkje i primærrom.

Arealet av bygingen målt frå utvendig vegg til utvendig vegg eller midt i skiljevegg mot anna brukseining eller fellesareal.

Bruksareal er summen av det arealet som ligg innanfor ytterveggane, og vert målt frå innsida av yttervegg til innsida av yttervegg. Alt areal av innvendige veggar er medrekna. Målbart areal skal ha takhøgd på 1,9 meter.

Hilde
Innvik
Prisant. 1780000
Soverom 1
Bustadtype Einebustad
Eigarform Eigar (Sjølveigar)
Nøkkelinfo
Primærrom ? 68 m2
Bruksareal ? 100 m2
Bruttoareal ? 108 m2
Byggeår 2005
Tomte­areal 595 m2
Energi­merking ? D
Vising
tysdag 26. mars, 17:00 – 18:00
Kor mykje treng du låne?
Prøv Sparebanken Sogn og Fjordane sin lånekalkulator
I nærområdet