Rekkehus med carport - nyare kjøkken og bad.

Vis i kart
Jakob Sandeveg 46
Florø
Prisant. 2400000
Soverom 3
Bustadtype Rekkehus
Eigarform Eigar (Sjølveigar)

Rekkehus med carport - nyare kjøkken og bad.

Eigedom
Jakob Sandeveg 46
6907 Florø
Om eigedomen
Eigedomen ligg i barnevennleg område med kort gangavstand til barnehagar, skule/skulefritidsordning og butikkane på Krokane. Flott turterreng i nærleiken. Det er ca. 2,5 km til sentrum.
Bustaden har ein solrik altan mot sør i tillegg til hage og platting.
Innhald
Sjølveigarbustad på to plan som inneheld:
Plan 1: vindfang, gang, bad/wc, 2 soverom, vaskerom og bod.
Plan 2: Stove, kjøkken og 1 soverom.
Utvendig bod. Carport.
Standard
Bustaden er oppgradert med nyare kjøkken og bad.
Vindfang og gang har flislagt golv. Det er 2 soverom på plan 1. Desse har overflater av belegg, tapet og takess. Skyvedørsgarderobe på det eine soverommet.
Badet er totalrenovert i 2015 med nye varmekablar og røyr i røyr. Det føreligg dokumentasjon på dette.
Badet har baderomsinnreiing, dusjkabinett og veggfesta wc. Det er flislagt golv og baderomspanel på veggar. Takess i himling.
Vaskerommet har teraflex på golv, måla veggar og takess i himling.
Plan 2 inneheld ei romsleg stove med utgang til sørvendt altan. Stova har golvbelegg, ståande måla panel på veggar/måla plater og takess i himling.
Det er installert ny kjøkkeninnreiing type Epoq i 2016. Kvitevarer som er ved visning følgjer med i salet. Overflater kjøkken er oppgradert og har eik parkett på golv, ståande måla panel, ferdigmåla plater i himling. Kitchenboard mellom over- og underskåp.
Sikringsskåp med skrusikringar.
Byggjemåte
Bustaden er oppført i 1983, rekke på 4 stk. Bustaden er nr 2 frå aust. Grunn og fundament er betongplate og betongfundament over steinmasse på fjellgrunn. Kjellargolv av betong. Ytterveggar er bindingsverk av 4" isolasjon 10 cm, vindplater, papp, lekter og kledning. Kledning og vindauge mot sør vart skifta 2007, og kledning mot vest er skifta seinare (siste åra) , trykkimpregnert materiale, bør overflatebehandlast. Yttertak er skifta i 2014. Vindauga i andre etasje mot sør er skifta, elles er vindauga frå byggeår.
Med omsyn til den tekniske standarden på bygningane vert det elles vist til takst av Stein Strømsnes, datert 06.09.2019.

Kjøpar pliktar å gjere seg kjend med innhaldet i taksten og i eigenerklæring frå seljar som ligg ved salsoppgåva før det vert lagt inn bod på eigedommen. Meklar gjer elles merksam på kjøpar si undersøkingsplikt med heimel i avhendingslova.
Areal og fordeling per etasje
Primærrom: 114 kvm, Bruksareal: 127 kvm
Alle rom er P-rom unnateke: innvendig bod og utvendig bod.

BRA pr. etasje:
1.Etasje: 67 m2
2.Etasje: 60 m2
Areala er henta frå takst utført av autorisert takstmann og er i samsvar med NS 3940. Meklar har ikkje kontrollert areala.
Parkering
Parkering i felles carportanlegg. Eigedomen har parkeringsplass nr. 2 frå nord (venstre).
Tomt
Areal: 201 kvm, Eigarform: sjølveigartomt. I tillegg eig ein del i gnr/bnr: 26/356 - garasje og tilkomst/fellesareal.
Regulering/offentleg godkjenning
Ligg i område som er regulert til bustad. Planid: 19820106. Plan - rv 5
Veg, vatn, avlaup
Offentleg vatn og avlaup via private stikkleidningar.
Energimerking
Oppvarmingskarakter Oransje - Energikarakter F
Tilkomst
Tilkomst frå offentleg veg. Tilkomstvegen ved carporten er felles.
Oppvarming
Det er varmekablar på bad, vaskerom og gang (ikkje vindfang).
Det er vedomn i stove.
Kommunale avgifter
Kr. 15 596 pr. år inkl. evt. eigedomsskatt.
Faste kostnader
Straum og nettleige etter eige forbruk.
Formueverdi
Likningsverdi som primærbustad kr 700 153 per 31.12.17
Likningsverdi som sekundærbustad kr 2 520 549 per 31.12.17
Ferdigattest
Det føreligg ferdigattest frå Flora kommune datert 07.09.1983. Denne ligg vedlagt.
Konsesjon
Eigedomen er ikkje konsesjonspliktig.
Utleige
Eigedomen kan i sin heilhet leigast ut til bustadføremål.
Bustadseljarforsikring
Bustaden er seld med bustadseljarforsikring.
Bustadkjøparforsikring
Eigedomsmekling Sogn og Fjordane AS formidlar bustadkjøparforsikring frå HELP Forsikring AS. Dette er ei rettshjelpsforsikring som gir tryggleik og profesjonell juridisk hjelp dersom det vart oppdaga uventa feil og manglar ved bustaden. Ta kontakt med meklar for meir informasjon eller les meir om forsikringa på www.help.no.
Finansiering
Interessentar som ønskjer tilbod om finansiering i Sparebanken Sogn og Fjordane kan kontakte meklar.
Kvitvasking
Eigedomsmekling Sogn og Fjordane AS er underlagt lov om kvitvasking og terrorfinansiering, og pliktar å rapportere til økokrim om mistenkjelege transaksjonar. Vidare er det strenge reglar om kontroll av legitimasjon frå alle partar og/eller reelle rettigheitshavarar i samband med handelen (seljar, kjøpar og fullmektigar for desse).
Bodgjeving
Alle bod skal gjevast skriftleg til meklar. Det første bodet skal gjevast på bodskjema påført bodgjevar sin signatur. I tillegg må bodgjevar ha legitimert seg. Seinare bod kan gjevast per e-post, SMS eller per faks til meklar. Bod kan også gjevast via bodgjevingsplattform på nett eller app. Veljast denne løysinga, er det ikkje krav til å sende det første bodet på bodskjema. Meklar skal så snart som muleg stadfeste skriftleg ovanfor bodgjevar at bod er motteke.

Bod som ikkje er skriftleg, eller som har kortare akseptfrist enn til kl. 12.00 dagen etter siste annonserte vising, vil ikkje bli formidla til seljar. Meklar vil heller ikkje formidle bod med atterhald om at bodet er hemmeleg for andre bodgjevarar. Eit bod er bindande for bodgjevar når bodet er blitt gjort kjent for seljar. Seljar står fritt til å akseptere eller forkaste eitkvart bod, og pliktar såleis ikkje å akseptere det høgste bodet på eigedomen.

Meklar skal, i den grad det er naudsynt og muleg, informere dei involverte i bodrunden skriftleg om status i bodgjevinga.
Meklar pliktar å leggje til rette for ei forsvarleg avvikling av bodrunden. For at boda skal kunne bli handsama og formidla vidare skriftlig til alle involverte partar, må eitkvart bod ha ein tilstrekkeleg lang akseptfrist, og uansett bør ikkje eit bod ha ein akseptfrist på mindre enn 30 minutt frå bodet vert gjeve. Seljar må skriftleg akseptere bodet før bodaksept kan formidlast til bodgjevar.
Ein gjer merksam på at bod som vert gjeve etter normal arbeidstid vert handsama/formidla påfølgjande arbeidsdag.

Seljar og kjøpar har krav på å få utlevert kopi av bodjournalen straks etter at handel er komt i stand. Alle som har gjeve bod på eigedomen kan på førespurnad få en kopi av anonymisert bodjournal etter at bodrunden er avslutta.
Ein syner elles til "Forbrukarinformasjon om bodgjeving", som er teke inn på baksida av bodskjema i salsoppgåva.
Overtaking
Etter avtale med seljar.
Seld "som den er"
Salet vert regulert av Lov om avhending av fast eigedom. Eigedomen vert seld i den stand den var under synfaring, jf. avhendingslova § 3-9, "som den er". Dette avtalepunktet medfører at avhendingslova sine reglar om når eigedomen har mangel vert fråvike til ugunst for kjøpar.

Eigedomen har likevel mangel i følgjande tilfelle:
Når kjøpar ikkje har fått opplysningar om forhold ved eigedomen som seljar kjende eller måtte kjenne til, og som kjøpar hadde grunn til å rekne med å få. Dette gjeld likevel berre dersom ein kan gå ut frå at det har verka inn på avtalen at opplysningane ikkje vart gitt.
Når seljar har gitt urette opplysningar om eigedomen. Det same gjeld dersom eigedomen ikkje er i samsvar med opplysningar som er gitt i annonse, salsprospekt eller ved anna marknadsføring på vegne av seljar. Dette gjeld likevel berre dersom ein kan gå ut frå at opplysningane har verka inn på avtalen, og ikkje har vorte retta i tide.
Når eigedomen er i vesentleg dårlegare stand enn kjøpar hadde grunn til å rekne med ut frå kjøpesummen og forholda elles.
Når tomta har vesentleg mindre areal enn opplyst av seljar.
Nøkkelinfo
Primærrom ? 114 m2
Bruksareal ? 127 m2
Byggeår 1983
Tomte­areal 201 m2
Eigarskifte­forsikring Ja
Energi­merking ? F
Vising

Ta kontakt for å avtale vising.

Kontakt meklar
Bilete av Greta  Halvorsen
Greta Halvorsen
Eigedomsmeklar MNEF
Florø
Tilbake til bustadutlisting

Skal gje forbrukarane kunnskap om energiforbruket til bueininga. Alle bustader, fritidsbustader og yrkesbygg skal energimerkast ved sal og utleige. Sjå energimerking.no for meir informasjon.

P-rom vert målt frå innsida av yttervegg inkludert veggane mellom desse areala. Dette er innvendige areal av bustaden som vert brukt til kort- eller langvarig opphald (opphaldsrom), til dømes stove, kjøken, bad, soverom, vaskerom og gangareal mellom desse. Bodareal/areal for lagring/tekniske rom inngår ikkje i primærrom.

Arealet av bygingen målt frå utvendig vegg til utvendig vegg eller midt i skiljevegg mot anna brukseining eller fellesareal.

Bruksareal er summen av det arealet som ligg innanfor ytterveggane, og vert målt frå innsida av yttervegg til innsida av yttervegg. Alt areal av innvendige veggar er medrekna. Målbart areal skal ha takhøgd på 1,9 meter.

Jakob Sandeveg 46
Florø
Prisant. 2400000
Soverom 3
Bustadtype Rekkehus
Eigarform Eigar (Sjølveigar)
Nøkkelinfo
Primærrom ? 114 m2
Bruksareal ? 127 m2
Byggeår 1983
Tomte­areal 201 m2
Eigarskifte­forsikring Ja
Energi­merking ? F
Vising

Ta kontakt for å avtale vising.

Kor mykje treng du låne?
Prøv Sparebanken Sogn og Fjordane sin lånekalkulator
I nærområdet