Vising tysdag 26.03 kl. 17.00. Toppleilegheit i Byporten - stor vestvendt terrasse med fantastisk utsikt. Garasjeplass.

Vis i kart
Strandgata 45
Florø
Prisant. 3300000
Soverom 1
Etasje 5
Bustadtype Leilegheit
Eigarform Eigar (Sjølveigar)

Vising tysdag 26.03 kl. 17.00. Toppleilegheit i Byporten - stor vestvendt terrasse med fantastisk utsikt. Garasjeplass.

Eigedom
Strandgata 45
6905 Florø
5. etasje
Om eigedomen
Lettvint og lekkert i Byporten. Grip sjansen til å bu med havet som næraste nabo og det meste av servicetilbod rett utanfor døra.
Toppleilegheita som berre er 2 år gammal ligg midt i Florø sentrum. Leilegheita har ein fantastisk plassering med utsikt over byen, Florøvika og øyane i vest. På den romslege vestvendte terrassen som er på 15,9 m2 kan man nyte sola frå formiddag til langt på kveld.
Byporten er eit stilig og moderne bygg med gode fellesfunkjsonar. Eigedomen har eit flott inngangsparti og trapp mot sjøen. Det er heis frå garasjeanlegget til 5. etasje der leilegheita ligg like ved, og det er porttelefon ved inngangspartiet.
Bygget innheld næringsdel på bakkeplan med bakeri, bank, eigedomsmekling og advokat. Amfi-senteret ligg like ved.
Innhald
Bustaden ligg i 5. etasje i vestblokka og inneheld:
gang, stove og kjøkken med open løysing, bad/vaskerom, bod og 1 soverom. Terrasse på 15,9 m2. Romsleg bod og parkeringsplass i kjellar.
Standard
Heile bustaden har ein god standard. Bustaden er oppgradert samanlikna med opphavleg standard. Det er listefrie overgangen mellom vegg/himling.
Gangen har Tarkett Long Boards 932 Snow Oak golv, veggar er gipsplater/betong, sparkla og måla slett strie. Sparkla gipsplater med innfelt belysning i himling.
Stova ligg med flott utsikt vestover mot byen og havet. Dei store vindauge mot vest gir mykje lys i leilegheita. Stove/kjøkken har Tarkett Long Boards 932 Snow Oak golv. På veggar er det gipsplater/betong, sparkla med slett måla strie. I himling er det sparkla og måla gipsplater med innfelt belysning.
Kjøkkeninnreiinga er kvit HTH kjøkken med kvitevarer. Overflater på kjøkken som stove.
Bad/vaskerom har flislagt golv og baderomsplater på veggar. Sparkla og måla gipsplater med innfelt belysning i himling. Baderomsinnreiing med vask, dusjhjørne med innfellbare dører og veggfesta wc. Skap og benkeplate med stålvask ved vaskeromsdel.
Soverommet har Tarkett Long Boards 932 Snow Oak golv. På veggar er det gipsplater/betong, sparkla med slett måla strie. I himling er det sparkla og måla gipsplater. Innebod har golvbelegg, målagipsplater på veggar.
Byggjemåte
Sameige Byporten er oppført i 2016.
Bygningen er utført med bærekonstruksjon i betong og stål. Etasjeskilje i betong eller betongelement med 36 mm trinnlydsplater og laminat/parkett over. Takkonstruksjon er utført med holdekke med isolasjon og folietekking. Skråtak på austblokka er opbygt med treverk og plater oppå hol-dekke og isolasjon med folietekking over (evt. lett-tak element). Fasadane er bygde som isolert bindingsverk, i hovudsak kled utvendig med trekledning og fasadeplater. Innvendige veggar består av stålstendere eller trestenderar, kledd med gipsplater. Leilegheitsskilleveggar er i betong eller dobbel bindingsverk med fire lag med gips. Nokre veggar har overflater i betong, til dømes mot trapperom og heissjakt.

Det er ikkje tatt takst på eigedomen. Det ligg føre FDV dokumentasjon som vil følgje bustaden ved sal.

Meklar gjer særleg merksam på at seljar ikkje har bebudd eigedomen som leggjast ut for sal. Seljar har difor ikkje spesifikk kunnskap om eigedomen, og har i avgrensa grad kunne supplere og/eller kontrollere opplysningane i denne salsoppgåva. Det kan i denne samanheng eksistere feil og skader på eigedomen som ikkje er spesifikt opplyst. Kjøpar oppmodast til å foreta ei særleg grundig synfaring, helst med bistand av teknisk sakkyndig.

Kjøpar pliktar å gjere seg kjend med innhaldet i salsoppgåva før det vert lagt inn bod på eigedommen. Meklar gjer elles merksam på kjøpar si undersøkingsplikt med heimel i avhendingslova.
Areal og fordeling per etasje
Primærrom: 57 kvm, Bruksareal: 61 kvm. Alle rom er P-rom unnateke: innebod. Terrasse, bod i kjellar og garasjeplass er ikkje med i arealet.

Areala er henta frå arkitet og er i samsvar med NS 3940. Meklar har ikkje kontrollert areala.
Parkering
1 romsleg parkeringsplass i kjellar.
Tomt
Eigarform: Festa fellestomt/sjølveigartomt.
Gnr. 202. bnr. 275, sjølveigartomt areal: 1934,9 m2
Gnr. 202, bnr. 438, festa tomt areal: 344,7 m2
Regulering/offentleg godkjenning
Eigedomen ligg i område som er regulert til sentrumsføremål i kommunedelplan for Florø sentrum, PlanID 20170002.
Veg, vatn, avlaup
Offentleg vatn og avlaup via private stikkleidningar.
Energimerking
Oppvarmingskarakter Grønn - Energikarakter C
Tilkomst
Tilkomst til bustaden via heis eller trapper.
Oppvarming
Oppvarming er vassboren golvvarme i gang, stove og kjøkken. Det er varmekablar på bad.
Oppvarming med vassboren varme og varmt vatn er inkludert i felleskostnadane. Eige straumabbonement for lys/elektrisitet i bustaden. Det er balansert ventilasjon med eige aggregat i bustaden.
Kommunale avgifter
Kommunale avgifter er inkludert i felleskostnadane. Eigedomskatt er friteke dei 3 første åra.
Faste kostnader
Straum og nettleige etter eige forbruk. Tv/internett etter eige val. Det er innlagt fiberkabel.
Formueverdi
Likningsverdi som primærbustad kr 483 105 og
Likningsverdi som sekundærbustad kr 1 739 177 per 2017.
Ferdigattest
Det føreligg ferdigattest frå Flora kommune datert 19.10.2017. Denne ligg vedlagt.
Felleskostnader
kr. 1 704 pr. mnd.
Fellskostnader inkluderer forsikring på bygget, drift og vedlikehald, festeavgift, kommunale avgifter, oppvarming med vassboren varme i golv, varmt vatn, fellesstraum, reingjering av fellesareal, drift og vedlikehald av heis, forretningsfører og revisjon.
Opplysningar om sameige.
Sameie: Byporten Sameige, Orgnr.: 818021372
Sameige består av 3 næringsseksjonar og 23 bustadseksjonar.

Med eigarseksjon meinast sameigedel i bebygd eigedom med tilknytta einerett til bruk av ein av fleire bustader eller andre brukseiningar i eigedomen.
I følgje lov om eigarseksjonar kan ingen erverve meir enn to bustadseksjonar i sameige.
Rekneskap/vedtekter
Kjøpar vert oppmoda til å setje seg inn i rekneskap, vedtekter og evt. husordensreglar. Kjøpar godkjenner som bindande for seg sameiget sine vedtekter og husordensreglar herunder evt. reglar om husdyrhald.
Forretningsførar/rekneskapsførar
BOB
Godkjenning/forkjøpsrett
Overdraging av seksjon og utleige av seksjon må meldast styret for godkjenning. Godkjenning kan berre nektast i det einskilde tilfelle når det ligg føre sakleg grunn til det. Det er ikkje forkjøpsrett i sameige.
Legalpant
Sameige har legalpant for inntil 2G for dekking av ubetalte felleskostnader.
Utleige
Overdraging av seksjon og utleige av seksjon må meldast styret for godkjenning. Godkjenning kan berre nektast i det einskilde tilfelle når det ligg føre sakleg grunn til det.
Forsikring
Eigedomen er forsikra gjennom sameige og vert betalt som ein del av felleskostnadane. Kjøpar må teikne innbuforsikring frå overtakingsdato.
Bustadseljarforsikring
Bustaden er seld utan bustadseljarforsikring.
Bustadkjøparforsikring
Eigedomsmekling Sogn og Fjordane AS formidlar bustadkjøparforsikring frå HELP Forsikring AS. Dette er ei rettshjelpsforsikring som gir tryggleik og profesjonell juridisk hjelp dersom det vart oppdaga uventa feil og manglar ved bustaden. Ta kontakt med meklar for meir informasjon eller les meir om forsikringa på www.help.no.
Finansiering
Interessentar som ønskjer tilbod om finansiering i Sparebanken Sogn og Fjordane kan kontakte meklar.
Kvitvasking
Eigedomsmekling Sogn og Fjordane AS er underlagt lov om kvitvasking og terrorfinansiering, og pliktar å rapportere til økokrim om mistenkjelege transaksjonar. Vidare er det strenge reglar om kontroll av legitimasjon frå alle partar og/eller reelle rettigheitshavarar i samband med handelen (seljar, kjøpar og fullmektigar for desse).
Bodgjeving
Alle bod skal gjevast skriftleg til meklar. Det første bodet skal gjevast på bodskjema påført bodgjevar sin signatur. I tillegg må bodgjevar ha legitimert seg. Seinare bod kan gjevast per e-post, SMS eller per faks til meklar. Bod kan også gjevast via bodgjevingsplattform på nett eller app. Veljast denne løysinga, er det ikkje krav til å sende det første bodet på bodskjema. Meklar skal så snart som muleg stadfeste skriftleg ovanfor bodgjevar at bod er motteke.

Bod som ikkje er skriftleg, eller som har kortare akseptfrist enn til kl. 12.00 dagen etter siste annonserte vising, vil ikkje bli formidla til seljar. Meklar vil heller ikkje formidle bod med atterhald om at bodet er hemmeleg for andre bodgjevarar. Eit bod er bindande for bodgjevar når bodet er blitt gjort kjent for seljar. Seljar står fritt til å akseptere eller forkaste eitkvart bod, og pliktar såleis ikkje å akseptere det høgste bodet på eigedomen.

Meklar skal, i den grad det er naudsynt og muleg, informere dei involverte i bodrunden skriftleg om status i bodgjevinga.
Meklar pliktar å leggje til rette for ei forsvarleg avvikling av bodrunden. For at boda skal kunne bli handsama og formidla vidare skriftlig til alle involverte partar, må eitkvart bod ha ein tilstrekkeleg lang akseptfrist, og uansett bør ikkje eit bod ha ein akseptfrist på mindre enn 30 minutt frå bodet vert gjeve. Seljar må skriftleg akseptere bodet før bodaksept kan formidlast til bodgjevar.
Ein gjer merksam på at bod som vert gjeve etter normal arbeidstid vert handsama/formidla påfølgjande arbeidsdag.

Seljar og kjøpar har krav på å få utlevert kopi av bodjournalen straks etter at handel er komt i stand. Alle som har gjeve bod på eigedomen kan på førespurnad få en kopi av anonymisert bodjournal etter at bodrunden er avslutta.
Ein syner elles til "Forbrukarinformasjon om bodgjeving", som er teke inn på baksida av bodskjema i salsoppgåva.
Overtaking
Etter avtale med seljar.
Seld "som den er"
Salet vert regulert av Lov om avhending av fast eigedom. Eigedomen vert seld i den stand den var under synfaring, jf. avhendingslova § 3-9, "som den er". Dette avtalepunktet medfører at avhendingslova sine reglar om når eigedomen har mangel vert fråvike til ugunst for kjøpar.

Eigedomen har likevel mangel i følgjande tilfelle:
Når kjøpar ikkje har fått opplysningar om forhold ved eigedomen som seljar kjende eller måtte kjenne til, og som kjøpar hadde grunn til å rekne med å få. Dette gjeld likevel berre dersom ein kan gå ut frå at det har verka inn på avtalen at opplysningane ikkje vart gitt.
Når seljar har gitt urette opplysningar om eigedomen. Det same gjeld dersom eigedomen ikkje er i samsvar med opplysningar som er gitt i annonse, salsprospekt eller ved anna marknadsføring på vegne av seljar. Dette gjeld likevel berre dersom ein kan gå ut frå at opplysningane har verka inn på avtalen, og ikkje har vorte retta i tide.
Når eigedomen er i vesentleg dårlegare stand enn kjøpar hadde grunn til å rekne med ut frå kjøpesummen og forholda elles.
Når tomta har vesentleg mindre areal enn opplyst av seljar.
Nøkkelinfo
Primærrom ? 57 m2
Bruksareal ? 61 m2
Byggeår 2016
Tomte­areal 2279 m2
Energi­merking ? C
Vising
tysdag 26. mars, 17:00 – 18:00
Kontakt meklar
Bilete av Greta  Halvorsen
Greta Halvorsen
Eigedomsmeklar MNEF
Florø
Tilbake til bustadutlisting

Skal gje forbrukarane kunnskap om energiforbruket til bueininga. Alle bustader, fritidsbustader og yrkesbygg skal energimerkast ved sal og utleige. Sjå energimerking.no for meir informasjon.

P-rom vert målt frå innsida av yttervegg inkludert veggane mellom desse areala. Dette er innvendige areal av bustaden som vert brukt til kort- eller langvarig opphald (opphaldsrom), til dømes stove, kjøken, bad, soverom, vaskerom og gangareal mellom desse. Bodareal/areal for lagring/tekniske rom inngår ikkje i primærrom.

Arealet av bygingen målt frå utvendig vegg til utvendig vegg eller midt i skiljevegg mot anna brukseining eller fellesareal.

Bruksareal er summen av det arealet som ligg innanfor ytterveggane, og vert målt frå innsida av yttervegg til innsida av yttervegg. Alt areal av innvendige veggar er medrekna. Målbart areal skal ha takhøgd på 1,9 meter.

Strandgata 45
Florø
Prisant. 3300000
Soverom 1
Etasje 5
Bustadtype Leilegheit
Eigarform Eigar (Sjølveigar)
Nøkkelinfo
Primærrom ? 57 m2
Bruksareal ? 61 m2
Byggeår 2016
Tomte­areal 2279 m2
Energi­merking ? C
Vising
tysdag 26. mars, 17:00 – 18:00
Kor mykje treng du låne?
Prøv Sparebanken Sogn og Fjordane sin lånekalkulator
I nærområdet