Triveleg rekkehus med veranda og hage. Velkommen til vising 26. mars kl. 16.30

Vis i kart
Storehaugvegen 132
Askvoll
Prisant. 800000
Soverom 1
Bustadtype Rekkehus
Eigarform Andel

Triveleg rekkehus med veranda og hage. Velkommen til vising 26. mars kl. 16.30

Eigedom
Storehaugvegen 132
6980 Askvoll

Del av vertikaldelt rekkehus i Tipphaugen burettslag.
Om eigedomen
Leilegheita ligg fritt og fint til, i roleg bustadområdet. Gangavstand til barnehage, barne- og ungdomsskule og til Askvoll sentrum med ulike servicetilbod.
Burettslaget ligg sørvendt med fin utsikt. Nærområdet byr på mange fine turområder både sommar og vinter.
Innhald
Leileigheita går over to plan med følgande innhald:
Hovudetasje: Vindfang, gang med trapp til loft, kombinert stove og kjøkken, soverom, bad/vaskerom og kott under trapp.
Loft: Loftstove med trapp til hovudetasje.
Standard
Leilegheita i har i hovudsak standard frå byggeåret med unntak av innreiing av loft og utviding av inngangspartiet i 1995.
Det er varmekablar i gang, bad og i stove/kjøkken.
Fiber, Enivest er innlagt.

Tilkomst til romsleg vindfang med belegg på golvet og panel på veggar og i himlinga. Det er plass til å innreie vindfanget med garderobeskåp.

Gangen har belegg på golvet, måla plater på veggar og takess i himlinga. Trapp frå gangen til loftstove. Kott under trappa.

Stove og kjøkken er i opa løysing og har plass til fleire sitjegrupper. Golvareal har belegg, veggar med måla strie og takess i himlinga. Det er moglegheit å sette inn vedomn.
Frå stova er det utgang til veranda på ca. 12 m2. Det er levegg mot nabo, og trapp frå veranda til grøntareal/hage.

Praktisk kjøkkeninnreiing med frontar av finer, laminert benkeplate, stål oppvaskkum og oppvaskemaskin. Oppvaskmaskina følgjer med i salet.
Flexit ventilator er montert i ventilatorskåp. Plass til spisebord ved kjøkkenet.

Kombinert bad/vaskerom med belegg på golvet, baderomsplater på veggane og takess i himlinga. Rommet er innreia med servant i underskåp, spegelskåp, dusjhjørne, intravask, toalett, opplegg for vaskemaskin og ny varmtvasstank.

Loftstova er romsleg og har eit takhøgde på ca. 2,1 m. Golvarealet har belegg, panel på veggar og i himling. Loftsstova er innreia av seljar i 1995, omdisponeringa av arealet er ikkje omsøkt. Tilkomst til knekott med god lagringsplass.
Byggjemåte
Ringmur i betong. Isolert betongplate på mark.
Ytterveggane over ringmuren er oppført i 6" isolert bindingsverk med utvendig bordkledning av trepanel.
Skiljeveggane mellom leilegheitene er av brann- og lydisolert bindingsverk med platekledning.
Takkonstruksjonen er oppført som saltak med taktekking av betongtakstein og undertak av trefiberplater. Himlinga mellom hovudetasje og loftsetasjen er isolert med 20 cm matter. Isolert skråtak med 15 cm matter. Takvindauge i loftstova.
Mala ytterdør i trevirke.
Verandadør i stove/kjøkken.
Vindauge med 2-lags glas i terkarm med standard frå byggeåret.
Frå stova er det tilkomst til veranda i trekonstruksjon. Levegg og rekkverk i trevirke. Arealet på verandaen er på ca. 12 m2.

Det elektriske anlegget har skjult installasjon og fordelingstavle med automatsikringar.
Flexit ventilasjonsanlegg i kjøkken med avtrekk i bad/vaskerom, ventilasjonen er elles basert på naturleg ventilering.
Driftseininga for mekanisk avtrekk er plassert på kaldloftet.

Sanitæranlegget har standard frå byggåret med vassrør av kopar og avløpsrør av plast.
Stoppekrane er plassert i bad/vaskerom.
Varmtvasstank på 194 liter frå 2004.

Med omsyn til den tekniske standarden på bygningane vert det elles vist til takst av Trond Gjesdal, datert 01.03.2019.

Kjøpar pliktar å gjere seg kjend med innhaldet i taksten og i eigenerklæring frå seljar som ligg ved salsoppgåva før det vert lagt inn bod på eigedommen. Meklar gjer elles merksam på kjøpar si undersøkingsplikt med heimel i avhendingslova.
Areal og fordeling per etasje
Primærrom: 76 kvm, Bruksareal: 77 kvm, Bruttoareal: 83 kvm
Alle rom er P-rom unnateke: Bodareal.

BRA pr. etasje:
Hovudetasje: 61 m2
Loft: 16 m2
Areala er henta frå takst utført av autorisert takstmann og er i samsvar med NS 3940. Meklar har ikkje kontrollert areala.
Parkering
Parkering like ved inngangen.
Tomt
Areal: 4 908 kvm, Eierform: Fellestomt

Tomta er opparbeida med asfaltert gang- og trafikkareal, grøntareal og forstøtningsmurar av naturstein.
Regulering/offentleg godkjenning
Burettslaget ligg på uregulert grunn.
Veg, vatn, avlaup
Offtentleg veg til tomtegrensa. Privat veg i burettslaget.
Kommunal vass- og avløpsanlegg via burettslaget sine private leidningar.
Energimerking
Oppvarmingskarakter Rød - Energikarakter E
Tilkomst
Lett tilkomst frå offentleg veg. Sjå ev. kart www.finn.no, eller kontakt meklar for nærare opplysningar.
Oppvarming
Varmekablar i stove/kjøkken, gang med trapp og i bad/vaskerom.
Anna oppvarming er basert på elektriske varmeomnar.
Faste kostnader
Straum og nettleige etter eige forbruk.
Formueverdi
Likningsverdi som primærbustad kr 339 495 per 31.12.17
Likningsverdi som sekundærbustad kr 1 222 181 per 31.12.17
Ferdigattest
Det føreligg mellombels bruksløyve frå Askvoll kommune datert 05.07.1990. Denne ligg vedlagt salsoppgåva.
Opplysningar om burettslaget
Borettslag: Tipphaugen Burettslag, Orgnr.: 955700295
Andelsnr.: 3
Andel fellesgjeld: 34505, Total gjeld: 477900

Burettslaget er utbygd med to vertikaldelte firemannsbustadar i rekkehus og to vertikaldelte tomannsbustadar oppført i 1990.

Fellesgjeld:
Den Norske Stats Husbank:
Serielån, 2 terminar pr. år.
Rentesats pr. 19.02.2019: 1,41%
Saldo pr. 19.02.2019: kr. 477 990,-
Andel av saldo: kr. 34 505,-
Første termin: 30.12.1990. Første avdrag: 30.06.2000 (siste termin 30.06.2020).
Felleskostnader
4 303 pr. mnd. Inkluderar kommunale avgifter, avdrag og rente fellesgjeld, vedlikehald, fiber og driftskostnadar.

Felleskostnadane fordeler seg slik:
Vedlikehald: kr. 172,-
Kommunale avgifter: kr. 1 205,-
Drifskostnadar: kr. 1 076,-
Renter: kr. 43,-
Avdrag: kr. 1 936,-
- dekning underskot oppsparte midlar: kr. - 129,-
Årsmelding/vedtekter
Kjøpar vert oppmoda til å setje seg inn i årsmelding, rekneskap, vedtekter og husordensreglar. Kjøpar godkjenner som bindande for seg burettslaget sine vedtekter og husordensreglar herunder evt. reglar om husdyrhald.
Forretningsførar
BOB.
Forkjøpsrett
Andelseigarane i burettslaget, og deretter dei øvrige andelseigarane i BOB har forkjøpsrett til andelen på elles like vilkår. Når seljar har akseptert eit bod vert forkjøpsretten lyst ut til medlemmane i BOB med ca 10-12 dagars frist for forkjøpsrettshavarar til å tre inn i avtalen.
Godkjenning
Kjøpar må i følgje vedtekter godkjennast av styret i burettslaget. Godkjenning kan ikkje nektast utan sakleg grunn.
Sikringsfond/legalpant
Burettslaget har legalpant for inntil 2G for dekking av ubetalte felleskostnader. Burettslaget er knytt til Boligbyggelagenes Sikringsfond mot tap av felleskostnader.
Utleige
Andelseigaren kan ikkje, utan samtykke frå styret i burettslaget, overlate bruken av bustaden til andre utover det som følgjer av burettslagslova § 5-4 til 5-6.
Diverse
Sølvkre?_____________

Kvar andelseigar må være medlem i BOB. Innmelding kostar kr. 800,-, og årleg kontigent er kr. 300,-. Man kan melde seg inn på www.bob.no.
Bustadseljarforsikring
Bustaden er seld med bustadseljarforsikring.
Bustadkjøparforsikring
Eigedomsmekling Sogn og Fjordane AS formidlar bustadkjøparforsikring frå HELP Forsikring AS. Dette er ei rettshjelpsforsikring som gir tryggleik og profesjonell juridisk hjelp dersom det vart oppdaga uventa feil og manglar ved bustaden. Ta kontakt med meklar for meir informasjon eller les meir om forsikringa på www.help.no.
Finansiering
Interessentar som ønskjer tilbod om finansiering i Sparebanken Sogn og Fjordane kan kontakte meklar.
Kvitvasking
Eigedomsmekling Sogn og Fjordane AS er underlagt lov om kvitvasking og terrorfinansiering, og pliktar å rapportere til økokrim om mistenkjelege transaksjonar. Vidare er det strenge reglar om kontroll av legitimasjon frå alle partar og/eller reelle rettigheitshavarar i samband med handelen (seljar, kjøpar og fullmektigar for desse).
Bodgjeving
Alle bod skal gjevast skriftleg til meklar. Det første bodet skal gjevast på bodskjema påført bodgjevar sin signatur. I tillegg må bodgjevar ha legitimert seg. Seinare bod kan gjevast per e-post, SMS eller per faks til meklar. Bod kan også gjevast via bodgjevingsplattform på nett eller app. Veljast denne løysinga, er det ikkje krav til å sende det første bodet på bodskjema. Meklar skal så snart som muleg stadfeste skriftleg ovanfor bodgjevar at bod er motteke.

Bod som ikkje er skriftleg, eller som har kortare akseptfrist enn til kl. 12.00 dagen etter siste annonserte vising, vil ikkje bli formidla til seljar. Meklar vil heller ikkje formidle bod med atterhald om at bodet er hemmeleg for andre bodgjevarar. Eit bod er bindande for bodgjevar når bodet er blitt gjort kjent for seljar. Seljar står fritt til å akseptere eller forkaste eitkvart bod, og pliktar såleis ikkje å akseptere det høgste bodet på eigedomen.

Meklar skal, i den grad det er naudsynt og muleg, informere dei involverte i bodrunden skriftleg om status i bodgjevinga.
Meklar pliktar å leggje til rette for ei forsvarleg avvikling av bodrunden. For at boda skal kunne bli handsama og formidla vidare skriftlig til alle involverte partar, må eitkvart bod ha ein tilstrekkeleg lang akseptfrist, og uansett bør ikkje eit bod ha ein akseptfrist på mindre enn 30 minutt frå bodet vert gjeve. Seljar må skriftleg akseptere bodet før bodaksept kan formidlast til bodgjevar.
Ein gjer merksam på at bod som vert gjeve etter normal arbeidstid vert handsama/formidla påfølgjande arbeidsdag.

Seljar og kjøpar har krav på å få utlevert kopi av bodjournalen straks etter at handel er komt i stand. Alle som har gjeve bod på eigedomen kan på førespurnad få en kopi av anonymisert bodjournal etter at bodrunden er avslutta.
Ein syner elles til "Forbrukarinformasjon om bodgjeving", som er teke inn på baksida av bodskjema i salsoppgåva.
Overtaking
Etter avtale med seljar.
Seld "som den er"
Salet vert regulert av Lov om avhending av fast eigedom. Eigedomen vert seld i den stand den var under synfaring, jf. avhendingslova § 3-9, "som den er". Dette avtalepunktet medfører at avhendingslova sine reglar om når eigedomen har mangel vert fråvike til ugunst for kjøpar.

Eigedomen har likevel mangel i følgjande tilfelle:
Når kjøpar ikkje har fått opplysningar om forhold ved eigedomen som seljar kjende eller måtte kjenne til, og som kjøpar hadde grunn til å rekne med å få. Dette gjeld likevel berre dersom ein kan gå ut frå at det har verka inn på avtalen at opplysningane ikkje vart gitt.
Når seljar har gitt urette opplysningar om eigedomen. Det same gjeld dersom eigedomen ikkje er i samsvar med opplysningar som er gitt i annonse, salsprospekt eller ved anna marknadsføring på vegne av seljar. Dette gjeld likevel berre dersom ein kan gå ut frå at opplysningane har verka inn på avtalen, og ikkje har vorte retta i tide.
Når eigedomen er i vesentleg dårlegare stand enn kjøpar hadde grunn til å rekne med ut frå kjøpesummen og forholda elles.
Når tomta har vesentleg mindre areal enn opplyst av seljar.
Nøkkelinfo
Primærrom ? 76 m2
Bruksareal ? 77 m2
Bruttoareal ? 83 m2
Byggeår 1990
Tomte­areal 4908 m2
Eigarskifte­forsikring Ja
Energi­merking ? E
Vising
tysdag 26. mars, 16:30 – 17:30
Kontakt meklar
Bilete av Randi  Vigdal
Randi Vigdal
Eigedomsmeklar MNEF
Førde
Tilbake til bustadutlisting

Skal gje forbrukarane kunnskap om energiforbruket til bueininga. Alle bustader, fritidsbustader og yrkesbygg skal energimerkast ved sal og utleige. Sjå energimerking.no for meir informasjon.

P-rom vert målt frå innsida av yttervegg inkludert veggane mellom desse areala. Dette er innvendige areal av bustaden som vert brukt til kort- eller langvarig opphald (opphaldsrom), til dømes stove, kjøken, bad, soverom, vaskerom og gangareal mellom desse. Bodareal/areal for lagring/tekniske rom inngår ikkje i primærrom.

Arealet av bygingen målt frå utvendig vegg til utvendig vegg eller midt i skiljevegg mot anna brukseining eller fellesareal.

Bruksareal er summen av det arealet som ligg innanfor ytterveggane, og vert målt frå innsida av yttervegg til innsida av yttervegg. Alt areal av innvendige veggar er medrekna. Målbart areal skal ha takhøgd på 1,9 meter.

Storehaugvegen 132
Askvoll
Prisant. 800000
Soverom 1
Bustadtype Rekkehus
Eigarform Andel
Nøkkelinfo
Primærrom ? 76 m2
Bruksareal ? 77 m2
Bruttoareal ? 83 m2
Byggeår 1990
Tomte­areal 4908 m2
Eigarskifte­forsikring Ja
Energi­merking ? E
Vising
tysdag 26. mars, 16:30 – 17:30
Kor mykje treng du låne?
Prøv Sparebanken Sogn og Fjordane sin lånekalkulator
I nærområdet