Flott beliggande bustad med utleige og herleg utsikt

Vis i kart
Breivikvegen 2
Florø
Prisant. 3900000
Soverom 4
Bustadtype Einebustad
Eigarform Eigar (Sjølveigar)

Flott beliggande bustad med utleige og herleg utsikt

Eigedom
Breivikvegen 2
6905 Florø
Om eigedomen
Flott utsikt mot fjorden i vest og Stabben samt øyane utforbi . Her kan du trille kajakken ned til sjøkanten og ta trimturen i skjærgarden eller snu mot aust og gå i flotte turløyper i Storåsen som ligg like ved.
Her har du eigentleg ein sjeldan moglegheit til å få alt dette samtidig som du bur nær sentrum og får nyte det flotte lyset og solnedgangen i vest. Til sentrum går ein på kort tid på trygge og gode gang og sykkelvegar
Innhald
Kjekk bustad på tre plan. Utleigeeininga har stove og kjøkken i open løysing , eit soverom, bad,gang og vindfang. Eigen inngang .
Underetasjen til bustaden har vindfang, gang/ trapperom, wc, vaskerom og to boder.
Hovudetasjen har trapperom/ gang, 3 soverom, bad, kjøkken og stove med utgang til stor altan.
Loftet har loftsstove og stor bod.
Standard
Kjøkken av typen heiltre furu, målt kvitt i 2014.
Golva har : - Berry Aloc laminatgulv type København eik. I leiligheita er det laminatgolv og golvbelegg.
Veggar har : - Malt panel, panel, strie, malt, tapet, smart panel ny i leilighet.
Taka har : - Malt panel, takess 60x120.
Byggjemåte
Bustaden har ytterveggar i tradisjonelt bindingsverk over grunnmur av typen Multimur med utvendig puss. Grunnmur er fundamentert på fullmasser over fjellgrunn. Kjellargolv av betong. Ytterveggar har værhud av panel og yttertak har tekking av Decratak som var nytt i 2009.
Med omsyn til den tekniske standarden på bygningane vert det elles vist til takst av Stein Strømsnes, datert 08022019.

Kjøpar pliktar å gjere seg kjend med innhaldet i taksten og i eigenerklæring frå seljar som ligg ved salsoppgåva før det vert lagt inn bod på eigedommen. Meklar gjer elles merksam på kjøpar si undersøkingsplikt med heimel i avhendingslova.
Areal og fordeling per etasje
Primærrom: 182 kvm, Bruksareal: 213 kvm, Bruttoareal: 231 kvm
Alle rom er P-rom unnateke:

BRA pr. etasje:

Underetasje: Leilegheit 54 m2 , til hovudbustad 26 m2
Hovudetasje: 89 m2
Loft: 44 m2

Areala er henta frå takst utført av autorisert takstmann og er i samsvar med NS 3940. Meklar har ikkje kontrollert areala.
Parkering
Parkering på eigedomen
Tomt
Areal: 830 kvm, Eierform: Eiet tomt
Regulering/offentleg godkjenning
Eigedomen ligg i område som er avsett til bustader. Reg plan ID - 19890106
Veg, vatn, avlaup
Offentleg vatn og avlaup via private stikkleidningar. Tidligere eier og nåværende eier har hatt problem med tilbakeslag på kloakken (ikke inn i boligen), dette er ordnet med at septik-tank blir tømt hvert år.
Energimerking
Oppvarmingskarakter Oransje - Energikarakter D
Tilkomst
Tilkomst frå offentleg veg
Oppvarming
Varmepumpe av typen Panasonic
Eswa i golvet på delar av kjøkkenet.
Varmekablar på bad og i delar av underetasjen.
Kommunale avgifter
Kr. 21 364 pr. år inkl. evt. eigedomsskatt.
Faste kostnader
Forsikring er estimert til mellom 4 - 8 000,- pr. år og vil variere med kva tilbod ein har med sitt forsikringselskap.
Straum og nettleige etter eige forbruk.
Kommunale avgifter og eigedomskatt.
Eigar må sjølv teikne fullverdi og innbuforsikring. Prisar på dette vil variere med om ein er totalkunde osv. hjå forsikringselskap.
Meklar gjer merksam på at desse utgiftene er knytt til dagens eigar og at desse vil kunne endre seg med omsyn til anna bruk av bustaden enn i dag eller andre avtalar med leverandørar.
Formueverdi
Likningsverdi som primærbustad kr 1 184 954 per 31.12.17
Likningsverdi som sekundærbustad kr 4 265 834 per 31.12.17
Ferdigattest
Det føreligg ferdigattest frå Flora kommune datert 11.10.1990. Denne ligg vedlagt.
Konsesjon
Eigedomen er ikkje konsesjonspliktig.
Utleige
Eigedomen kan i sin heilhet leigast ut til bustadføremål.
Bustadseljarforsikring
Bustaden er seld med bustadseljarforsikring.
Bustadkjøparforsikring
Eigedomsmekling Sogn og Fjordane AS formidlar bustadkjøparforsikring frå HELP Forsikring AS. Dette er ei rettshjelpsforsikring som gir tryggleik og profesjonell juridisk hjelp dersom det vart oppdaga uventa feil og manglar ved bustaden. Ta kontakt med meklar for meir informasjon eller les meir om forsikringa på www.help.no.
Finansiering
Interessentar som ønskjer tilbod om finansiering i Sparebanken Sogn og Fjordane kan kontakte meklar.
Kvitvasking
Eigedomsmekling Sogn og Fjordane AS er underlagt lov om kvitvasking og terrorfinansiering, og pliktar å rapportere til økokrim om mistenkjelege transaksjonar. Vidare er det strenge reglar om kontroll av legitimasjon frå alle partar og/eller reelle rettigheitshavarar i samband med handelen (seljar, kjøpar og fullmektigar for desse).
Bodgjeving
Alle bod skal gjevast skriftleg til meklar. Det første bodet skal gjevast på bodskjema påført bodgjevar sin signatur. I tillegg må bodgjevar ha legitimert seg. Seinare bod kan gjevast per e-post, SMS eller per faks til meklar. Bod kan også gjevast via bodgjevingsplattform på nett eller app. Veljast denne løysinga, er det ikkje krav til å sende det første bodet på bodskjema. Meklar skal så snart som muleg stadfeste skriftleg ovanfor bodgjevar at bod er motteke.

Bod som ikkje er skriftleg, eller som har kortare akseptfrist enn til kl. 12.00 dagen etter siste annonserte vising, vil ikkje bli formidla til seljar. Meklar vil heller ikkje formidle bod med atterhald om at bodet er hemmeleg for andre bodgjevarar. Eit bod er bindande for bodgjevar når bodet er blitt gjort kjent for seljar. Seljar står fritt til å akseptere eller forkaste eitkvart bod, og pliktar såleis ikkje å akseptere det høgste bodet på eigedomen.

Meklar skal, i den grad det er naudsynt og muleg, informere dei involverte i bodrunden skriftleg om status i bodgjevinga.
Meklar pliktar å leggje til rette for ei forsvarleg avvikling av bodrunden. For at boda skal kunne bli handsama og formidla vidare skriftlig til alle involverte partar, må eitkvart bod ha ein tilstrekkeleg lang akseptfrist, og uansett bør ikkje eit bod ha ein akseptfrist på mindre enn 30 minutt frå bodet vert gjeve. Seljar må skriftleg akseptere bodet før bodaksept kan formidlast til bodgjevar.
Ein gjer merksam på at bod som vert gjeve etter normal arbeidstid vert handsama/formidla påfølgjande arbeidsdag.

Seljar og kjøpar har krav på å få utlevert kopi av bodjournalen straks etter at handel er komt i stand. Alle som har gjeve bod på eigedomen kan på førespurnad få en kopi av anonymisert bodjournal etter at bodrunden er avslutta.
Ein syner elles til "Forbrukarinformasjon om bodgjeving", som er teke inn på baksida av bodskjema i salsoppgåva.
Overtaking
Etter avtale med seljar.
Seld "som den er"
Salet vert regulert av Lov om avhending av fast eigedom. Eigedomen vert seld i den stand den var under synfaring, jf. avhendingslova § 3-9, "som den er". Dette avtalepunktet medfører at avhendingslova sine reglar om når eigedomen har mangel vert fråvike til ugunst for kjøpar.

Eigedomen har likevel mangel i følgjande tilfelle:
Når kjøpar ikkje har fått opplysningar om forhold ved eigedomen som seljar kjende eller måtte kjenne til, og som kjøpar hadde grunn til å rekne med å få. Dette gjeld likevel berre dersom ein kan gå ut frå at det har verka inn på avtalen at opplysningane ikkje vart gitt.
Når seljar har gitt urette opplysningar om eigedomen. Det same gjeld dersom eigedomen ikkje er i samsvar med opplysningar som er gitt i annonse, salsprospekt eller ved anna marknadsføring på vegne av seljar. Dette gjeld likevel berre dersom ein kan gå ut frå at opplysningane har verka inn på avtalen, og ikkje har vorte retta i tide.
Når eigedomen er i vesentleg dårlegare stand enn kjøpar hadde grunn til å rekne med ut frå kjøpesummen og forholda elles.
Når tomta har vesentleg mindre areal enn opplyst av seljar.
Nøkkelinfo
Primærrom ? 182 m2
Bruksareal ? 213 m2
Bruttoareal ? 231 m2
Byggeår 1990
Tomte­areal 830 m2
Eigarskifte­forsikring Ja
Energi­merking ? D
Vising
tysdag 26. mars, 17:00 – 18:00
Kontakt meklar
Bilete av Tordis  Russøy
Tordis Russøy
Eigedomsmeklar MNEF
Florø
Tilbake til bustadutlisting

Skal gje forbrukarane kunnskap om energiforbruket til bueininga. Alle bustader, fritidsbustader og yrkesbygg skal energimerkast ved sal og utleige. Sjå energimerking.no for meir informasjon.

P-rom vert målt frå innsida av yttervegg inkludert veggane mellom desse areala. Dette er innvendige areal av bustaden som vert brukt til kort- eller langvarig opphald (opphaldsrom), til dømes stove, kjøken, bad, soverom, vaskerom og gangareal mellom desse. Bodareal/areal for lagring/tekniske rom inngår ikkje i primærrom.

Arealet av bygingen målt frå utvendig vegg til utvendig vegg eller midt i skiljevegg mot anna brukseining eller fellesareal.

Bruksareal er summen av det arealet som ligg innanfor ytterveggane, og vert målt frå innsida av yttervegg til innsida av yttervegg. Alt areal av innvendige veggar er medrekna. Målbart areal skal ha takhøgd på 1,9 meter.

Breivikvegen 2
Florø
Prisant. 3900000
Soverom 4
Bustadtype Einebustad
Eigarform Eigar (Sjølveigar)
Nøkkelinfo
Primærrom ? 182 m2
Bruksareal ? 213 m2
Bruttoareal ? 231 m2
Byggeår 1990
Tomte­areal 830 m2
Eigarskifte­forsikring Ja
Energi­merking ? D
Vising
tysdag 26. mars, 17:00 – 18:00
Kor mykje treng du låne?
Prøv Sparebanken Sogn og Fjordane sin lånekalkulator
I nærområdet