Flott og velhalden tre- roms sjølveigarleilegheit med god plassering på solrike Vie

Vis i kart
Gardsstølsvegen 14
Førde
Prisant. 3750000
Soverom 2
Etasje 3
Bustadtype Leilegheit
Eigarform Eigar (Sjølveigar)

Flott og velhalden tre- roms sjølveigarleilegheit med god plassering på solrike Vie

Eigedom
Gardsstølsvegen 14
6812 Førde
3. etasje
Om eigedomen
Fin og velhalden sørvestvendt tre- roms leilegheit med parkering i felles, lukka garasjeanlegg i kjellar, i roleg buområde på solrike Vie i Førde.
Leilegheita har ei praktisk og romsleg planløysing, og ligg i øvste etasje i roleg og stabilt nabolag.

Via godt opparbeidde gangvegar har ein gåavstand til alt ein treng. Barnehagar(Viebøen barnehage ligg like ved), Slåtten skule, høgskulen, butikkar og Sentralsjukehuset i Førde for å nemne nokon.
Det er ca. 3 km til Førde sentrum, med gang- og sykkelsti heile vegen. Godt bussamband med haldeplassar for ringbuss i kort avstand til husværet.

Nærområdet har mange flotte turstiar og rekreasjonsområder. Nemneverdig er innandørs sandvolleyballbane i Sandhallen på Vie, stall- og innandørs ridebane, linepark, frisbee-park, fotballbaner, volleyballbaner, fleire leikeplassar og skogspark med hytter og bålpanne.
Viefjellet er eit populært turmål med fleire stiar ein kan gå utan å måtte setje seg i bilen. Ein kan gå direkte frå leilegheita, via nyleg opparbeidd veg frå vieåsen. Ein annan populær veg er frå Soleide der skogsstien startar ca. 2 km på asfalt og grusveg innover Vie.
Innhald
Vindfang, gang, kombinert stove og kjøkken med utgang til altan, to soverom, bad/vaskerom og bod.
Standard
Leilegheita framstår som lys og triveleg med gode kvalitetar. Alle golvflatene har parkett, med unntak av bad/vaskerom som er flislagt.
Veggar og himlingar har tidlause, slette overflater og listefrie overgang.

Tilkomst til vindfang og gang via felles, overbygd inngangsparti.

Frå gangareal kjem ein inn i romsleg kombinert stove og kjøkken med god plass til å møbelere med sofa- og spisegruppe. Det er montert gasspeis.
Skyvedør frå stove/kjøkken til flislagt, delvis overbygd veranda med gode solforhold og fin utsikt.

Sigdal kjøkkeninnreiing med kvite profilerte frontar, laminatbankeplate og integrert Whirlpool oppvaskmaskin. Dei andre kvitevarene er frittståande.
Mellom benkeplate og overskåp er det laminat veggplater.

Kombinert bad/vaskerom har flislagt golv med varmekabalar og våtromspanel på veggane. Rommet er innreia med servant i underskåp, spegel med innfelt lys, veggmontert dusj med svingdører, vegghengt toalett, benkeskåp med skyllekum, opplegg for vaskemaskin og varmtvasstank.
I himlinga er det innfelte spottar.

Det er to gode soverom i leielegheita, begge innreia med garderobskåp.

Innvendig bod har god plass til oppbevaring. Elles har leilegheita eiga sportsbod i garasjekjellar.
Byggjemåte
Bygningen er oppført i betong-, stål- og trekonstruksjon med heis og garasjeanlegg.
Etasjeskilje av betongdekke.
Ytterveggane delvis av isolerte betongelement med måla overflater og delvis av isolert trekonstruksjon med utvendig kledning av trepanel og fasadeplater.
Skiljeveggar mellom seksjonane av betong.
Takkonstruksjon med flatt tak med taktekking av membran.
Vindauge med trekarmar med måla oveflater og 2-lags glas.
Skyvedør til altan i trekarm med måla overflater og 2-lags glas.
Ytterdør i treverk med måla overflater.

Altan i fasade sørvest, ca 10 m2, med flislagt betongplate og rekkverk av galvansisert stål.
Frå inngangen er det svalgang til heis og trapperom.

Sanitæranlegg med vassrør montert som rør i rør, avløpsrør av plast og 200 liter varmtvasstank.
Det er sprinkelanlegg i bygget. Brannslange i kjøkkenbenken.

Elektrisk anlegg med skjult installasjon, downlights i badet og fordelingsskåp med automatsikringar
Det er montert dørtelefon.

GARASJE:
Garasjen er lukka med ledda el.port og dør.
Golvet er av asfaltert dekke, konstruksjonen er elles av betong.
Det er skinne for eventuell montering av ladeboks for el.bil.
Postkassane er plassert i garasjen.

Eksklusiv bruksrett til bod i fellesarealet i kjellaren. Bodene er avdelt med gitterveggar.

Med omsyn til den tekniske standarden på bygningane vert det elles vist til takst av Bjarte Roska, datert 27.02.2019.

Kjøpar pliktar å gjere seg kjend med innhaldet i taksten og i eigenerklæring frå seljar som ligg ved salsoppgåva før det vert lagt inn bod på eigedommen. Meklar gjer elles merksam på kjøpar si undersøkingsplikt med heimel i avhendingslova.
Areal og fordeling per etasje
Primærrom: 77 kvm, Bruksareal: 81 kvm, Bruttoareal: 88 kvm
Alle rom er P-rom unnateke: Bodareal.

BRA : 81 m2
Areala er henta frå takst utført av autorisert takstmann og er i samsvar med NS 3940. Meklar har ikkje kontrollert areala.
Parkering
Ein eksklusiv bruksrett til parkeringsplass i fellesgarasje i kjellaren.
Tomt
Areal: 17 064 kvm, Eierform: Fellestomt

Sameiget sitt tomteareal er fint og velhalde. Opparbeida med grøntareal og plantar, leikeplassar, parkeringsareal og asfalterte gang- og trafikkareal.
Regulering/offentleg godkjenning
Eigedomen ligg i regulert, tett utbygd bustadområde.
Veg, vatn, avlaup
Lett tilkomst frå kommunal veg og frå sameiget sitt fellesareal.
Kommunalt vass- og avløpsanlegg via sameiget sine private stikkleidningar.
Energimerking
Oppvarmingskarakter Rød - Energikarakter D
__
Tilkomst
Til Vieåsen svingar ein av til venstre like etter krysset. Ta så like til høgre å køyr rett fram til blokka som ligg i midten. Leilegheita ligg i tredje etasje.
Sjå elles kart eller kontakt meklar for vegbeskrivelse. Til annonsert vising vert det skilta. Leilegheita vil også verte merka med "Til Sals"- plakat.
Oppvarming
- Gasspeis i stove/kjøkken.
- Varmekablar i bad/vaskerom.
- Balansert ventilasjonsanlegg med varmegjenvinning.
- Panleomnar.
Kommunale avgifter
Kr. 5 249 pr. år inkl. eigedomsskatt.
Vatn og kloakk er inkludert i mnd. felleskostnadar.
Faste kostnader
Straumkostnad ca. kr. 1000,- pr. mnd.
Formueverdi
Likningsverdi som primærbustad kr 483 105 per 31.12.17
Likningsverdi som sekundærbustad kr 1 739 177 per 31.12.17
Ferdigattest
Det føreligg ferdigattest frå Førde kommune datert 14.01.2016. Denne ligg vedlagt.
Felleskostnader
1 748 pr. mnd. Felleskostnadane dekker forsikring bygningsmasse, straum på fellesareal, kommunale avgifter (vatn- og avløpsgebyr), vedlikehald heis, vedlikehaldsfond, trappevask, snømåking, grasklipping, styre- og revisjonskostnader.
Opplysningar om sameige.


Sameiget er utbygd med sju lågblokker og nokre felles mindre bygg for sykkelboder og bossrom.

Med eigarseksjon meinast sameigedel i bebygd eigedom med tilknytta einerett til bruk av ein av fleire bustader eller andre brukseiningar i eigedomen.
I følgje lov om eigarseksjonar kan ingen erverve meir enn to bustadseksjonar i sameige.
Rekneskap/vedtekter
Kjøpar vert oppmoda til å setje seg inn i rekneskap, vedtekter og evt. husordensreglar. Kjøpar godkjenner som bindande for seg sameiget sine vedtekter og husordensreglar herunder evt. reglar om husdyrhald.
Forretningsførar/rekneskapsførar
BOB.
Godkjenning/forkjøpsrett
Kjøpar av seksjon må meldast til styret for godkjenning, og det er kjøpar sitt ansvar å søkje om slik godkjenning samt at kjøpar ber risikoen for å få slik godkjenning. Godkjenning kan berre nektast i det enkelte tilfelle når det ligg føre sakleg grunn til det. Dersom godkjenning vert nekta er det kjøpar sitt ansvar å prøve dette rettsleg. Kjøpar må uansett tiltre avtalen, men har ikkje rett til å ta bustaden i bruk før slik godkjenning ligg føre. Eventuelt vidaresal av eigedomen skjer for kjøpar si rekning og risiko.
Legalpant
Sameige har legalpant for inntil 2G for dekking av ubetalte felleskostnader.
Utleige
Seksjonen kan i sin heilheit leigast ut til bustadføremål.
Diverse
Alle lamper og garderobeskåp føl med ved sal, med unntak av lampe over spisegruppe på kjøkken.
Forsikring
Eigedomen er forsikra gjennom sameige og vert betalt som ein del av felleskostnadane. Kjøpar må teikne innbuforsikring frå overtakingsdato.
Bustadseljarforsikring
Bustaden er seld utan bustadseljarforsikring.
Bustadkjøparforsikring
Eigedomsmekling Sogn og Fjordane AS formidlar bustadkjøparforsikring frå HELP Forsikring AS. Dette er ei rettshjelpsforsikring som gir tryggleik og profesjonell juridisk hjelp dersom det vart oppdaga uventa feil og manglar ved bustaden. Ta kontakt med meklar for meir informasjon eller les meir om forsikringa på www.help.no.
Finansiering
Interessentar som ønskjer tilbod om finansiering i Sparebanken Sogn og Fjordane kan kontakte meklar.
Kvitvasking
Eigedomsmekling Sogn og Fjordane AS er underlagt lov om kvitvasking og terrorfinansiering, og pliktar å rapportere til økokrim om mistenkjelege transaksjonar. Vidare er det strenge reglar om kontroll av legitimasjon frå alle partar og/eller reelle rettigheitshavarar i samband med handelen (seljar, kjøpar og fullmektigar for desse).
Bodgjeving
Alle bod skal gjevast skriftleg til meklar. Det første bodet skal gjevast på bodskjema påført bodgjevar sin signatur. I tillegg må bodgjevar ha legitimert seg. Seinare bod kan gjevast per e-post, SMS eller per faks til meklar. Bod kan også gjevast via bodgjevingsplattform på nett eller app. Veljast denne løysinga, er det ikkje krav til å sende det første bodet på bodskjema. Meklar skal så snart som muleg stadfeste skriftleg ovanfor bodgjevar at bod er motteke.

Bod som ikkje er skriftleg, eller som har kortare akseptfrist enn til kl. 12.00 dagen etter siste annonserte vising, vil ikkje bli formidla til seljar. Meklar vil heller ikkje formidle bod med atterhald om at bodet er hemmeleg for andre bodgjevarar. Eit bod er bindande for bodgjevar når bodet er blitt gjort kjent for seljar. Seljar står fritt til å akseptere eller forkaste eitkvart bod, og pliktar såleis ikkje å akseptere det høgste bodet på eigedomen.

Meklar skal, i den grad det er naudsynt og muleg, informere dei involverte i bodrunden skriftleg om status i bodgjevinga.
Meklar pliktar å leggje til rette for ei forsvarleg avvikling av bodrunden. For at boda skal kunne bli handsama og formidla vidare skriftlig til alle involverte partar, må eitkvart bod ha ein tilstrekkeleg lang akseptfrist, og uansett bør ikkje eit bod ha ein akseptfrist på mindre enn 30 minutt frå bodet vert gjeve. Seljar må skriftleg akseptere bodet før bodaksept kan formidlast til bodgjevar.
Ein gjer merksam på at bod som vert gjeve etter normal arbeidstid vert handsama/formidla påfølgjande arbeidsdag.

Seljar og kjøpar har krav på å få utlevert kopi av bodjournalen straks etter at handel er komt i stand. Alle som har gjeve bod på eigedomen kan på førespurnad få en kopi av anonymisert bodjournal etter at bodrunden er avslutta.
Ein syner elles til "Forbrukarinformasjon om bodgjeving", som er teke inn på baksida av bodskjema i salsoppgåva.
Overtaking
Etter avtale med seljar.
Seld "som den er"
Salet vert regulert av Lov om avhending av fast eigedom. Eigedomen vert seld i den stand den var under synfaring, jf. avhendingslova § 3-9, "som den er". Dette avtalepunktet medfører at avhendingslova sine reglar om når eigedomen har mangel vert fråvike til ugunst for kjøpar.

Eigedomen har likevel mangel i følgjande tilfelle:
Når kjøpar ikkje har fått opplysningar om forhold ved eigedomen som seljar kjende eller måtte kjenne til, og som kjøpar hadde grunn til å rekne med å få. Dette gjeld likevel berre dersom ein kan gå ut frå at det har verka inn på avtalen at opplysningane ikkje vart gitt.
Når seljar har gitt urette opplysningar om eigedomen. Det same gjeld dersom eigedomen ikkje er i samsvar med opplysningar som er gitt i annonse, salsprospekt eller ved anna marknadsføring på vegne av seljar. Dette gjeld likevel berre dersom ein kan gå ut frå at opplysningane har verka inn på avtalen, og ikkje har vorte retta i tide.
Når eigedomen er i vesentleg dårlegare stand enn kjøpar hadde grunn til å rekne med ut frå kjøpesummen og forholda elles.
Når tomta har vesentleg mindre areal enn opplyst av seljar.
Nøkkelinfo
Primærrom ? 77 m2
Bruksareal ? 81 m2
Bruttoareal ? 88 m2
Byggeår 2012
Tomte­areal 17064 m2
Energi­merking ? D
Vising
tysdag 26. mars, 17:00 – 18:00
Kontakt meklar
Bilete av Camilla  Kaland  Olset
Camilla Kaland Olset
Eigedomsmeklar MNEF
Førde
Tilbake til bustadutlisting

Skal gje forbrukarane kunnskap om energiforbruket til bueininga. Alle bustader, fritidsbustader og yrkesbygg skal energimerkast ved sal og utleige. Sjå energimerking.no for meir informasjon.

P-rom vert målt frå innsida av yttervegg inkludert veggane mellom desse areala. Dette er innvendige areal av bustaden som vert brukt til kort- eller langvarig opphald (opphaldsrom), til dømes stove, kjøken, bad, soverom, vaskerom og gangareal mellom desse. Bodareal/areal for lagring/tekniske rom inngår ikkje i primærrom.

Arealet av bygingen målt frå utvendig vegg til utvendig vegg eller midt i skiljevegg mot anna brukseining eller fellesareal.

Bruksareal er summen av det arealet som ligg innanfor ytterveggane, og vert målt frå innsida av yttervegg til innsida av yttervegg. Alt areal av innvendige veggar er medrekna. Målbart areal skal ha takhøgd på 1,9 meter.

Gardsstølsvegen 14
Førde
Prisant. 3750000
Soverom 2
Etasje 3
Bustadtype Leilegheit
Eigarform Eigar (Sjølveigar)
Nøkkelinfo
Primærrom ? 77 m2
Bruksareal ? 81 m2
Bruttoareal ? 88 m2
Byggeår 2012
Tomte­areal 17064 m2
Energi­merking ? D
Vising
tysdag 26. mars, 17:00 – 18:00
Kor mykje treng du låne?
Prøv Sparebanken Sogn og Fjordane sin lånekalkulator
I nærområdet