Sjølveigarleilegheiter

Vis i kart
Jacob Sandeveg 1
Florø
Prisant. 3280000
Soverom 2
Etasje 1

Sjølveigarleilegheiter

Tilbake til prosjekt
Overskrift (valfri)
Nye sjølveigarleilegheiter i attraktivt område
Prosjektet
Vi gleder oss til å starte salet her i Jacob Sandeveg nr 1. Her sel vi no 6 sjølveigande lekre leilegheiter fordelt på to etasjar. Sørvendte balkongar og terrassar gjev deg ein flott privat plass samtidig som du bur attraktivt og får ein ny flott bustad. Skule, barnehage og butikk er det like ved. Du når flotte turstiar i Brandsøyåsen på kort tid og til Florø sentrum går du og syklar på god sykkel og gangveg.
Her i Jacob Sandeveg 1 ønskjer vi deg velkommen til eit spennande nytt bumiljø. Når du kjem tidleg med i prosessen vil du og kunne få sette ditt eige preg på leilegheita.

Og det er fleire fordelar med å kjøpe nytt: Vi nemner mellom anna :

-Låg dokumentavgift
- Fast pris
- Låge straumutgifter grunna høg byggteknisk standard
- Du unngår uforutsette utgifter på eigedomen i lengre tid
- Du kan nyte fritida utan å måtte tenke på vedlikehald
- Du set sjølv den første stiften / skruen i veggen
Innhald
Bygningen er på to etasjar og har tre leilegheiter i kvar etasje. Kvar etasje er lik. Det vil verte sportsbod ute til kvar leilegheit og parkering på felles plass vest for bustaden.
Standard
Det vert vist til romskjema for generell behandling av innvendige overflater, samt standard produktbeskriving.

Det er slette veggar på alle rom med unntak av bad , listefri overgang mellom veggar og himling. Himlingar har sparkla og målte gipsplater.
På bad / vaskerom blir det Fibo baderomspanel på veggar og sparkla og målte gipsplater i himling.
Ein kan velje farge på veggane

Som standard golv i alle opphaldsrom ( utanom bad / vaskerom ) leverast laminatgolv, Berry Alloc Original Eik København. Det vert levert flisar på golvet på bad / vaskerom. Ein kan velje farge og format innanfor det som er nevnt i romskjema.
Golv blir levert frå Berry Alloc, og ein kan velje golv blant heile sortimentet til Original kolleksjon, det må då vere same type i alle rom.

Kjøkken
Kjøkkeninnreiinga er teikna for kvart husvære og leverast av Sigdal og er av typen Scala Palett som gjev moglegheiter for å velje farge.
Det blir takhøgt og leverast med følgande kvitevarer.:

Ventillator av typen Crystall 1160/1180,
Siemens rammelaus induksjonstopp iQ100, 60 cm,
Siemens steikeovn
Siemens integrert kombiskåp.
Siemens oppvaskmaskin

Garderobe blir levert skyvedørsgarderobe på kvart soverom

Bad / Vaskerom
På badet vert det 120 cm innreiing frå Viking bad type ELI med ADA thin porselensservant . Det vert speil med integrert ledlys og Eira servantbatteri med klikkventil frå Vikingbad. Rett dusjhjørne frå Vikingbad str 90X90 med herda glas og sølvprofilar. I tillegg høgskåp str 35X35X88
Badet har flislagt golv der ein kan velje størrelse og format innan det som er nevnt i romskjema.
Oppvarming
Det blir varmekablar i alle golv med unntak av bod i leilegheitene i fyrste etasje.
Lavtbyggande varmegolv i vindfang, varmekablar på bad / vaskerom i leilegheitene i andre etasje.
Parkering/bod
Parkering på felles parkeringsplass på vestsida av bustaden
Adkomst
Adkomst frå offentleg veg
Tomt
Tomta blir opparbeidd med asfaltert område mot vest. Singel mot nord og aust. Grøntområde mot sør, Det blir noke beplantning. Leikeplassen som er vist på situasjonsplan i søraustre hjørnet vil bli flytta til nordaustre hjørnet av tomta.
Bygning
Bygningen vil verte stilrein i mørk beisa panel og ha kvite vindaugslister. Bygningen vil vere på to etasjar med tre leilegheiter i kvar etasje. Altanar og terrassar mot sør.
Byggjemåte
Bygningen vert sett opp med veggar i stenderverk med værhud av dobbelfalsa royalimpregnert panel. Utvendig panel vil vere i farge R25 Setersvart. Beslag over / under vindauga blir i kvit utføring. Yttertak vil ha tekking av betongtakstein. Etasjeskilje melom 1 og 2. etasje vil vere lydbjelkelag med himlingsplater og golv etter romskjema.
Energimerking

Opplysningar frå utbyggar : Energiklasse minst C , B i leilegheitene i midten.
Veg, vatn, kloakk
Offentleg vatn og avlaup via private stikkleidningar.
Sameige
Ifølgje lov om eigarseksjonar, § 22, tredje ledd, kan ingen erverve meir enn 2 bustadseksjonar i eit sameige.

Sameige har legalpant for inntil 2G for dekking av ubetalte felleskostnader.
Felleskostnader
Storleiken på felleskostnadene er ikkje fastsett, men stipulerte felleskostnader skal dekkje sameige sine ordinære driftskostnader. Kjøparane må rekne med å delta i felleskostander ut frå sameigebrøken. Kor store kostnadene blir, vil avhenge av kor mange ytingar sameiga rekvirerer. Felleskostnadane vil normalt dekkje forsikring på bygget og drift av fellesareal. Desse er stipulert til kr. XXXXXX pr. mnd. Kommunale avgifter og eigedomskatt vert i tillegg fakturert direkte frå kommunen til den einskilde sameigar/seksjon. Endeleg fastsetting av første års driftsbudsjett og felleskostnader vert vedteke på sameige sitt konstituerande sameigemøte.
Sameige er ikkje tilknytt sikkerheitsordninga for tap av felleskostnader. Sameigarane vil hefte for felleskostnadene etter sameigebrøken. Ein vil dermed ikkje hefte for andre sameigarar sine ubetalte felleskostnadar, men ein kan likviditetsmessig måtte leggje ut for naudsynte kostnader som sameige pådreg seg for å oppretthalde forsvarleg drift. Slike utlegg vil i så fall vere sikra med 1. prioritet pant i den seksjonen som ikkje har betalt sin del av fellesutgiftene.
Det er ikkje fastsett nokon faste kostnader for sameiget enno men det vil m.a blir felles målar for lys ute over dørene og ved bodene. Felles forsikring . Det blir lagt opp til at det kan monterast ladestasjon for el-bil og det ser ein for seg at sameiget i lag tek kostnadane for.
Formueverdi
Likningsverdien er førebels ikkje fastsett. Denne vert fastsett av Skatteetaten etter overtaking, og vil normalt vere 25-30% av første gangs kjøpesum.
Finansiering
Meklar kan formidle kontakt med Sparebanken Sogn og Fjordane for rask avklaring av finansiering ved kjøp i prosjektet. Meklar mottek ikkje godtgjerdsle for dette.
Ferdigstilling
Forventa ferdigstilling er xxxxxx. Kjøpar er uansett plikta å overta 4 veker etter at seljar har varsla om dato for at bustadane er ferdigstilt, sjølv om dette er tidlegare enn stipulert ferdigstilling. Ved overtaking skal det liggje føre ferdigattest. I særskilte tilfelle kan seljar krevje overtaking mot mellombels bruksløyve. Dette kan vere aktuelt dersom det ikkje let seg gjere å ferdigstille utomhus område grunna tele i bakken, at kommunen krev at alle bygg er ferdigstilt før ferdigattest vert gjeve og liknande. Kjøpar pliktar i så tilfelle å overta mot mellombels bruksløyve. I slike tilfelle har kjøpar krav på å halde attende ein forholdsmessig del av vederlaget til sikkerheit for at ferdigattest vert gjeve. Alternativt kan seljar stille §47 garanti som sikkerheit for dette høvet. Seljar tek atterhald om å kunne stille slik garanti. Overtaking mot mellombels bruksløyve medfører at ein har teke over eigedomen og ikkje har krav på dagmulkt etter overtaking.
Ved overtaking vil kjøpar få tildelt FDV-dokumentasjon som syner kva material, produkt og fargeval som er nytta, og i tillegg adresselister med oversikt over kontaktpersonar/firma som er ansvarleg for dei forskjellige arbeid og vedlikehald.
Ferdigstilt ca 7 mnd etter byggestart.( Det kan bli noke endring grunna ferieavvikling )
Lovverk
Bustadane vert selde i samsvar med lov om bustadoppføring av 13. juni 1997 nr. 43 (bustadoppføringslova). I tillegg gjeld lov om eigarseksjonar av 23. mai 1997 nr. 31 (eigarseksjonslova) for sameiga og drifta av dette.
Garantiar
Seljar pliktar å stille bankgaranti til kjøpar i samsvar med Bustadoppføringslova §12. Denne garantien skal stillast umiddelbart etter bodaksept og skal tilsvare 3% av kontraktsummen i perioden fram til overtaking, og 5% av kontraktsummen i 5 år etter overtaking. Det skal ikkje betalast inn noko del av kjøpesummen før denne garantien er stilt.
Ved innbetaling av forskot stiller også utbyggar forskotsgaranti etter §47 tilsvarande dei til ei kvar tid innbetalte forskot fram til overtaking. Overføring av innbetalt forskot til meklar til seljar er avhengig av at seljar har stilt garanti i samsvar med bustadoppføringslova §47
Regulering
Eigedomen ligg i område som er avsett til bustader
Eigedom
Jacob Sandeveg 1
6908 Florø
1. etasje
Eigarform tomt og areal
Eierform: Eiet tomt
Eigarform bustad
Sjølveigande
Areal opplysningar
Viser til prisliste og planteikningar når det gjeld arealopplysingar for kvar leilegheit.
Areal oppgitt i prospektet er gitt i bruksareal (BRA) som er leilegheita sine mål innvendig, medrekna innvendige boder og veggar, men er ikkje medrekna yttervegg.
I tillegg vert oppgitt P-rom som er leilegheita sitt BRA-areal fråtrekt innvendige boder og veggane til desse.
Då prosjektet ikkje er oppført, er oppgjevne areal vere basert på arkitekten sine arealutrekningar. Avvik kan førekomme. Sjå vedlagde planteikningar for meir opplysingar om areal i leilegheitene.
Om eigedomen
Set inn tekst-tekst manglar
Betalingsplan
30% ved underteikning av kontrakt
50 % halvvegs i byggjeperioden (evt. ved tett hus osb)
20 % ved overtaking
Eigedomsskatt
Nyoppførte bustader er friteke frå eigedomsskatt dei 3 første åra.
Seksjonering
Eigarseksjonane vil tilhøyre eit sameige. Seksjonsnummer vert bestemt i samband med seksjonering. Det er total 6 seksjonar i sameiga..
Kjøpar får skøyte på sin seksjon som inneheld eksklusiv bruks- og disposisjonsrett til eigen bustad. Kvar seksjon vil få ein sameigebrøk tilsvarande sitt areal i forhold til samla areal.
Seljar tek atterhald om at seksjoneringa vert godkjent av Flora kommune
Faste kostnader
Straum og nettleige etter eige forbruk.
Kommunale avgifter og eigedomskatt.
Fellesutgifter til sameiget.
Meklar gjer merksam på at faste laupande kostnader vil kunne variere med omsyn til bruk av bustaden og avtalar med leverandørar.
Innbuforsikring.
Vedtekter
Det er utarbeidd vedtekter for sameige, desse ligg vedlagt i salsoppgåva. Vedtektene vert gjeldande fram til sameigemøte evt. vedtek endring. For å endre vedtekter er det krav om 2/3 fleirtal.

Iflg, vedtektene skal overdraging og utleige av seksjon meldast styret for godkjenning. Godkjenning kan berre nektast når det ligg føre sakleg grunn til det.
Forretningsførar
Det er ikkje valt forretningsførar for sameige. Dette vert velt av sameige etter at det er etablert.
Endringsarbeid
Ved tilval og endringsarbeid gjer ein merksam på at kjøpar vil bli kalla inn til endringsmøte av utbyggjar/entreprenør, der kjøpar og entreprenør går gjennom leveransebeskrivinga. For endring av standard leveranse vert det skriven ein endringsavtale direkte mellom entreprenør og kjøpar.

Avbestillingskostnader:
Dersom kjøpar avbestiller heile eller deler av seljars yting, har seljar krav på erstatning for sitt økonomiske tap som følgje av avbestillinga, jfr. buofl. § 53. Dette vil blant anna omfatte meirkostnader som følgje av seljars meirarbeid i samband med avbestillinga og nytt sal, eventuelt tap på forteneste ved nytt sal, og anna tap/meirkostnader som følgje av utsett overtaking av bustaden. Vidaresal er ikkje å sjå på som avbestilling.
Atterhald

Utbyggjar tek atterhald om at minst 50% av prosjektverdien ( 3 leilegheiter ) må vere seld for at prosjektet skal kunne gjennomførast; herunder byggjestart vert sett i gang. Søknad om igangsetjingsløyve vert ikkje fremja før slikt tilstrekkeleg sal er oppnådd. Det vert vidare sett som føresetnad at det vert gjeve offentlege godkjenningar. Forskyvingar i forhold til opplysningar om anteke byggjestart/ferdigstilling og liknande som følgje av manglande avklaringar av atterhalda som er nemnde her, gir ikkje grunnlag for å gjere seljar ansvarleg for dagmulkt eller andre krav. Utbyggjar vil varsle kjøpar når bygginga vert igangsett (byggjestart). Arbeid med og på eigedomen som vert gjort før slikt varsel ligg føre er ikkje å rekne som byggjestart i forhold til kontrakten.

Seljar har frist til å få avklart atterhalda til . Dersom ikkje byggjestart har skjedd innan kan begge partar etter denne dato ved skriftleg varsel til den andre parten, gå frå avtalen utan at det fører til noko form for kompensasjon for nokon av partane. Delinnbetaling/forskot vert betalt tilbake til kjøpar med tillegg av opptente renter. ( Blir kontraktsfesta )

Etter faktisk igangsetjing kan ein ikkje gå frå avtalen. Utbyggjar har likevel mulegheit til å starte byggjearbeida sjølv om kravet til førehandssal ikkje er innfridd. I slike tilfelle vil kjøpar motta ei skriftleg melding om at byggjearbeida er sett i gang.
Det vert teke atterhald om at det vert gjeve ramme- og igangsetjingsløyve for gjennomføringa av prosjektet.

Dersom atterhald for prosjektet ikkje er avklara innan xx.xx.xxxx, har kjøpar og seljar rett til skriftleg å annulere kontrakten. Kjøpar skal i såtilfelle få tilbakebetalt delinnbetaling, inklusiv renter, med rentesats som for ordinære bankinnskot frå seljar/meklar. Utover dette har seljar ikkje noko ansvar ovanfor kjøpar. ( Blir kontraktsfesta )

I nye bygg vil det normalt oppstå svinnriss, sprekkar i tapet, maling og så vidare ved skøyter og samanføyingar, dels på grunn av uttørking av materialer. Det vert påkeika spesielt at sprekkar i materialovergangar og mellom tak og vegg og i hjørner ikkje kan bli forlanga utbetra, så lenge desse ikkje inneber avvik frå god handverksmessig standard.

Med dagens tette bustader og miljøvennlege målingstypar kan det vere fare for heksesot inne i bustadene. Alle bustader bør difor ventilerast godt den første vinteren/året, og ein bør vere forsiktig med gassbruk og levande lys innvendig.

Sal av kontraktsposisjon er berre tillate etter godkjenning frå seljar. Seljar kan utan nærmare grunngjeving nekte ei slik godkjenning. Ervervet vil etter slik godkjenning kunne tinglysast direkte til tredjemann, men seljar vil i høve til oppgjer og kontraktsvilkår elles berre halde seg til kjøpar. Ved eventuell transport/vidaresal av kjøpekontrakt før overtakinga vert det krevd eit gebyr stort kr. 35 000,- inkludert mva. Ny kjøpar vil vere bunden av eventuelle tingingar av tilval som er gjort av kjøpar. Transport av garantiar til ny kjøpar krev samtykkje frå garantist. Eventuelle gebyr for slik transport skal dekkjast av kjøpar.

Kjøpar er kjend med at utomhusarbeid, avhengig av årstid, vil kunne bli ferdigstilt og overtakingsforretning for desse halde etter at forbrukaren har teke over bustaden.

Seljar kan gjere naudsynte og/eller hensiktsmessige endringar i spesifikasjonane, til dømes som følgje av offentlegrettslege krav, manglande tilgjengelegheit eller prisendringar, så lenge dette ikkje reduserer føresett standard på bustaden. Dette gjeld også for endringar/tilval. Slike endringar utgjer ikkje ein mangel, og gir ikkje kjøpar rett til prisavslag eller andre sanksjonar.

Prosjektet er på eit tidleg stadie og kjøpar må akseptere eit mindre vesentleg avvik i areal for bustaden. Dette gjeld også plassering av bygget, høgde samt at det kan bli gjort endringar som følgje av pålegg i samband med byggjeløyvet, optimalisering av sjakter, kanalar og fellesanlegg og liknande. Kjøpar kan ikkje krevje prisavslag/erstatning dersom det skulle kome avvik i høve det framfornemde så sant dette ikkje forringar bustaden sin verdi.

Seljar kan gjere naudsynte og/eller hensiktsmessige endringar i spesifikasjonane, til dømes som følgje av offentlegrettslege krav, manglande tilgjengelegheit eller prisendringar, så lenge dette ikkje reduserer føresett standard på bustaden. Dette gjeld også for endringar/tilval. Slike endringar utgjer ikkje ein mangel, og gir ikkje kjøpar rett til prisavslag eller andre sanksjonar.

Teikningar og illustrasjonar i prosjektet og teikningsmaterialet er kun av illustrativ karakter. Ved eventuelt avvik gjeld leveransebeskrivinga framfor prospektet og teikningar.

Innkassing av tekniske installasjonar som ikkje går fram av kontraktsteikningane kan førekome.

Seljar informerer om at det kan forekome, og kjøpar må akseptere, mindre endringar i forhold til arkitektteikningar og byggjebeskrivingar. Kjøpar pliktar likevel ikkje å akseptere endringar som reduserer verdien av bustaden.

Det er eit vilkår for oppgjer at eigedomen er seksjonert, at det ligg føre § 12 garanti, det ligg føre mellombels bruksløyve og at bustaden er skjøtt over samt at andre kontraktsforhold er avklara.

Ved overtaking har kommuen stilt som vilkår for å utstede ferdigattest/mellombels bruksløyve at delar av resten av fellesområde i byggjefeltet er ferdigstilt etter krava i reguleringsplanen for dei enkelte tomtene. Dersom slike areal ikkje er ferdigstilte vil kjøpar kunne halde attende midlar til sikkerheit for ferdigstilling, eventuelt at det vert stilt § 47 garanti for høvet.

Den einskilde seksjonseigar disponerer og vedlikeheld utomhusarealet som naturleg ligg til sin seksjon.

Ved kjøp av eigarseksjon vert overtaking av fellesareal gjort med styret i sameiget.

Seljar leverer ikkje; innreiingar, lamper, andre lyskjelder/-utstyr, markiser/solavskjerming, tepper, møblar og anna tilhøyr, dersom dette ikkje går tydeleg fram av denne prosjektbeskrivinga.

Ved besøk på byggjeplass før overtaking skal kundar alltid vere i følgje med ein representant for seljar. All anna ferdsel på byggjeplassen i anleggsperioden er med høg grad av risiko og er forbudt.

Kjøpar er kjend med at det vil føregå byggjeaktivitet over lenger tid. Dette kan i periodar medføre noko støy og endringar.
Det vert gjort merksamt på at 3D og 2D-teikningar er illustrasjonar og at både uteareal og innvendig areal berre er illustrert og ikkje på nokon måte dannar grunnlaget for avtalen eller er bindande for seljar. Data som dannar grunnlaget for avtalen er leveransebeskriving . Leikeplass på situasjonsplan vil verte flytta til nordaust og ikkje slik den viser på illustrasjonen mot søraust.

Dersom kjøpar unnlater å møte til synfaring og overtaking utan gyldig grunn, kan seljar halde denne aleine. Kjøpar har ikkje rett til å nekte overtaking ved å ikkje måte opp på overtakingsforretning.
Kvitvasking
Eigedomsmekling Sogn og Fjordane AS er underlagt lov om kvitvasking og terrorfinansiering, og pliktar å rapportere til økokrim om mistenkjelege transaksjonar. Vidare er det strenge reglar om kontroll av legitimasjon frå alle partar og/eller reelle rettigheitshavarar i samband med handelen (seljar, kjøpar og fullmektigar for desse).
Nøkkelinfo
Primærrom ? 79.3 m2
Bruksareal ? 84.5 m2
Vising

Ta kontakt for å avtale vising.

Kontakt meklar
Bilete av Tordis  Russøy
Tordis Russøy
Eigedomsmeklar MNEF
Florø
Tilbake til bustadutlisting

Skal gje forbrukarane kunnskap om energiforbruket til bueininga. Alle bustader, fritidsbustader og yrkesbygg skal energimerkast ved sal og utleige. Sjå energimerking.no for meir informasjon.

P-rom vert målt frå innsida av yttervegg inkludert veggane mellom desse areala. Dette er innvendige areal av bustaden som vert brukt til kort- eller langvarig opphald (opphaldsrom), til dømes stove, kjøken, bad, soverom, vaskerom og gangareal mellom desse. Bodareal/areal for lagring/tekniske rom inngår ikkje i primærrom.

Arealet av bygingen målt frå utvendig vegg til utvendig vegg eller midt i skiljevegg mot anna brukseining eller fellesareal.

Bruksareal er summen av det arealet som ligg innanfor ytterveggane, og vert målt frå innsida av yttervegg til innsida av yttervegg. Alt areal av innvendige veggar er medrekna. Målbart areal skal ha takhøgd på 1,9 meter.

Dersom sal til prisframlegg.

Reknestykket legg til grunn at det berre vert tinglyst ein låneobligasjon og at eigedomen vert seld til prisframlegg.

Vanlege kostnader ved kjøp er:

  • dokumentavgift (2,5% av kjøpesum)
  • tinglysingsgebyr for skøyte (kr. 525,-)
  • tinglysingsgebyr for pantedokument (kr. 525,-)
  • panteattest (kr. 172,-).

Reknestykket legg til grunn at det berre vert tinglyst ein låneobligasjon og at eigedomen vert seld til prisframlegg.

Vanlege kostnader ved kjøp er:

  • tinglysingsgebyr for skøyte (kr. 430,-)
  • tinglysingsgebyr for pantedokument (kr. 430,-)
  • panteattest (kr. 172,-).

I tillegg kan det kome eigarskiftegebyr.

Reknestykket legg til grunn at det berre vert tinglyst ein låneobligasjon og at eigedomen vert seld til prisframlegg.

Vanlege kostnader ved kjøp er:

  • noteringsgebyr
  • transportgebyr
  • eigarskiftegebyr
  • medlemskapsgebyr
Jacob Sandeveg 1
Florø
Prisant. 3280000
Soverom 2
Etasje 1
Nøkkelinfo
Primærrom ? 79.3 m2
Bruksareal ? 84.5 m2
Vising

Ta kontakt for å avtale vising.

Kor mykje treng du låne?
Prøv Sparebanken Sogn og Fjordane sin lånekalkulator