Byggjeklar hyttetomt i fantastiske Hodlekve med ski in/out. Tomta er ferdig opparbeida.

Vis i kart
Hyttetomt Kambagjerdet
Sogndal
Prisant. 1350000
Bustadtype Hyttetomter

Byggjeklar hyttetomt i fantastiske Hodlekve med ski in/out. Tomta er ferdig opparbeida.

Eigedom
Hyttetomt Kambagjerdet
6856 Sogndal
Om eigedomen
Solrik hyttetomt like ved Sogndal Skisenter i Hodlekve i Sogndalsdalen, ca 10 km frå Sogndal sentrum. Både ski-in og ski-out til alpinbakken og flott turløypenett nærme tomta. Sogndal skisenter Hodlekve er kjend for flotte pudderforhald, offpistkøyring og god snøsikkerheit. Skianlegget består av 4 skitrekk av varierande lengde. 400m i høgdeforskjell og ein heiskapasistet på 700 personar i timen. I tillegg har anlegget 2,5 km preparerte nedfartar og 10 km preparerte langrennsløyper. Hodlekve er kjend for å vere eit av dei mest snørike områda i landet. Den flotte naturen byr på fantastiske opplevingar både sommar og vinter. Sommarstid er det god tilgang til fiskevatn oppe ved Fagereggi og i Dalavatnet i Sogndalsdalen.
Innhald
Endetomt med god beliggenheit i attraktivt område i Hodlekve. Denne tomta er ein av dei som ligg nærmast lys- og langrennsløypa. Ypparleg for dei som likar å gå på langrenn. At tomta ligg på enden, gir også ein stor fordel når ein skal kvitte seg med snø frå tomta. Det vil heller ikkje kome nye hytter på eine sida eller nedanfor tomta. Det går ei transportløype på nedsida av tomta som tek deg til Silhytta og Hodlekveheisen, samt er det lett tilkomst til lysløpya og dei flott preppa langrennsløypene der. Transportløypa går i frå Rindabotn og den nye Dalaloven, så det er lettvindt å stå på ski heim til hytta.

Med hyttetomta føl det godkjende byggeteikningar frå Saltdalshytta, type Aurora Smart. Kjøparar som ikkje ynskjer å bygge denne type hytte, må søke kommunen på nytt med nye hytteteikningar.

Tomta er ferdig opparbeida/oppfylt med steinmasser som er valsa/komprimerte. Vass- og kloakkleidningar er lagde inn på tomta, slik at alt er klart til å byrje å støype grunnmur. Her er det berre å velje ut si draumehytte.
Byggjemåte
Henta frå detaljreguleringsplan for Hodlekve-Fosskammen:
3.3 Utforming av bygningar:
3.3.1 Bygningsstyresmakta skal ved handsaming av byggemeldingar sikre at busetnaden får ei god form tilpassa tomta og god utvendig farge-/materialbruk. Det er ikkje høve til å nytta reflekterande materiale.
3.3.2 Fasaden på bygningane skal det nyttast naturlege materialar som tre og naturstein. Fargane skal vere mørke tjøre- eller jordfargar som ikkje skil seg ut i landskapet. Det skal opplysast om fargeval ved søknad om byggeløyve. Hovudhytta og uthus/anneks/garasje/carport skal ha form og farge som harmonerer.
3.3.3 Taktekking på hovudhytte og sideeining skal vere mørk og matt, til dømes skifer eller torv. Metallplater er ikkje tillate.
3.3.4 Bygningane skal ha saltak med takvinkel mellom 27 og 40 grader. For hytter med oppstove kan hovudtakflate tillatast ned til 22 grader for å unngå at møne kjem i konflikt med gesims på oppstove. Ut frå ei grunngjeven utgreiing i utomhusplan for korleis hytta er tilpassa terrenget, kan terrasserte hytter med einsidig fall på takflatene godkjennast på tomtar med gjennomsnittleg fall 1:3 eller meir.
3.3.5 På bygningar kan det godkjennast ark eller oppstove under følgjande føresetnader:
- Oppstove er eit takoppløft vinkelrett på hovudmøne og skal vere plassert inne på takflata.
- Ark eller oppstove skal ikkje overstiga 1/3 av lengda på takflata som ark eller oppstove er ein del av.
- Samla breidde på arker skal ikkje overstige 1/3 av lengda på takflata som arkene er ein del av.
- Lengd takflate vert rekna ved gesims av takflata som oppstove eller ark er ein del av.
3.3.6 Hyttene si møneretning skal vere parallell med hovudkoteretning i terrenget og er definert i plankartet. Det kan gjerast mindre justeringar i møneretning dersom det gir ei betre terrengtilpassing.

3.4 Grad av utnytting/ høgder:
3.4.1 Hovudhytte skal ha BYA maks 120 m². Sideeining skal ha BYA maks 30 m², anten som uthus/anneks/garasje eller carport. Avstanden mellom hovudeining og sideeining skal ikkje overstige 4 meter.
3.4.2 Bygningar skal ha grunnmur maks 0,5 meter over terreng. Bygningar bør ikkje ha planeringsflate høgare enn l meter over naturleg terreng.
3.4.3 Hovudeining skal ha ei mønehøgd på maksimalt 6,0 meter over grunnmur. Det er tillate med ark eller oppstove. Sideeining skal ha ei mønehøgd på maksimalt 4,5 meter over grunnmur.

Sjå vedlagt reguleringsplan for fleire bestemmelsar.

Meklar gjer elles merksam på kjøpar si undersøkingsplikt med heimel i avhendingslova.
Parkering
Det skal være minst 2 biloppstillingsplassar pr hytte på eiga tomt.
Hefter/servituttar
- Det er plikt for eigar av eigedomen å være medlem av hytteeierlaget, Hodlekve Sogndal Hytteeierlag (under stifting)
- Det er plikt for eigar å knyte seg til kommunalt anlegg for vass og avlaup til hytteområdet samt å dekkje alle kostnader i tilknytning til dette, herunder årlege avgifter. Eigar av eigedomen har åleine alt ansvar for anlegg for vass,- og avlaupp frå eigen eigedom til kommunalt anlegg.
- Det er plikt for eigar av eigedomen å kjøpe minimum to - 2 - årskort kvart år i alpinanlegget, Sogndal Skisenter Drift AS.
- Leverandør av straum, kabel og IKT anlegg har rett til vederlagsfritt å anlegge og vedlikeholde leidningar, kabelanlegg på eigedomen samt ved behov å montere fordelingsskap for straum og telefoni/breiband, mot å sette areala i orden etterpå.
- Sognefjorden Utvikling AS, eller den som overtek fellesareal/-anlegg til drift og vedlikehold, har rett til vederlagsfritt å legge hoved-, side og stikkledninger for vass, kloakk, overvatn, kablar og trekkrøyr med tilhøyrande kummer, kabelskap og fordelerskap over og på eigedomen. Retten omfatter også rett til tilkomst mv. ifb. med arbeidene, under forutsetning av at arealene blir satt i orden etterpå.
- Sogndal kommunen har 1. prioritets pant i eigedomen for krav mot eigar av eigedomen som følger av pkt. 1 og 2 ovanfor. Pantekravet kan ikkje overstige 45.000 kr.

Punkta som er nemnt ovanfor vil bli tinglyst som heftelse på tomtene i forbindelse ved overskøyting til kjøpar
Tomt
Areal: 818 kvm, Eierform: Eiet tomt
Hytteeigarane har gjerdeplikt i den grad det er naudsynt for å halde husdyr unna. Gjerdet skal tilpassast hytta i form og farge. Gjerde skal avgrensast til å gjelde uteområda kring hytta og ikkje heile tomta.
Regulering/offentleg godkjenning
Eigedomen er regulert til fritidsføremål. Reguleringsplan for Holdkve-Fosskammen er gjeldande for dette området. Kopi av planen er vedlagt salsoppgåva.
Veg, vatn, avlaup
Offentleg vatn og avlaup via private stikkleidningar.
Tilkomst
- Lett tilkomst frå grusveg.
Kommunale avgifter
Renovasjon og eigedomsskatt er ikkje fastsett. Taksering er avhenging av type hytte oppført på eigedomen.
Faste kostnader
Årleg vedlikehald av veg sommar og vinter ca kr 4 000,-
Velforeining.
Avgift hytteiegarlaget.
Kommunale avgifter og eigedomskatt.
Minimum 2 årskort kvart år i alpinanlegget.
Formueverdi
Likningsverdi som sekundærbustad kr 954 110 per 31.12.17
Ferdigattest
Det føreligg ikkje ferdigattest eller bruksløyve frå Sogndal kommune.
Konsesjon
Eigedomen er ikkje konsesjonspliktig, men det må fyllast ut eigenfåsegn om konsesjonsfridom ved kjøp av tomt.
Utleige
Eigedomen kan i sin heilhet leigast ut til fritidsføremål.
Bustadseljarforsikring
Bustaden er seld utan bustadseljarforsikring.
Bustadkjøparforsikring
Eigedomsmekling Sogn og Fjordane AS formidlar bustadkjøparforsikring frå HELP Forsikring AS. Dette er ei rettshjelpsforsikring som gir tryggleik og profesjonell juridisk hjelp dersom det vart oppdaga uventa feil og manglar ved bustaden. Ta kontakt med meklar for meir informasjon eller les meir om forsikringa på www.help.no.
Finansiering
Interessentar som ønskjer tilbod om finansiering i Sparebanken Sogn og Fjordane kan kontakte meklar.
Kvitvasking
Eigedomsmekling Sogn og Fjordane AS er underlagt lov om kvitvasking og terrorfinansiering, og pliktar å rapportere til økokrim om mistenkjelege transaksjonar. Vidare er det strenge reglar om kontroll av legitimasjon frå alle partar og/eller reelle rettigheitshavarar i samband med handelen (seljar, kjøpar og fullmektigar for desse).
Bodgjeving
Alle bod skal gjevast skriftleg til meklar. Det første bodet skal gjevast på bodskjema påført bodgjevar sin signatur. I tillegg må bodgjevar ha legitimert seg. Seinare bod kan gjevast per e-post, SMS eller per faks til meklar. Bod kan også gjevast via bodgjevingsplattform på nett eller app. Veljast denne løysinga, er det ikkje krav til å sende det første bodet på bodskjema. Meklar skal så snart som muleg stadfeste skriftleg ovanfor bodgjevar at bod er motteke.

Bod som ikkje er skriftleg, eller som har kortare akseptfrist enn til kl. 12.00 dagen etter siste annonserte vising, vil ikkje bli formidla til seljar. Meklar vil heller ikkje formidle bod med atterhald om at bodet er hemmeleg for andre bodgjevarar. Eit bod er bindande for bodgjevar når bodet er blitt gjort kjent for seljar. Seljar står fritt til å akseptere eller forkaste eitkvart bod, og pliktar såleis ikkje å akseptere det høgste bodet på eigedomen.

Meklar skal, i den grad det er naudsynt og muleg, informere dei involverte i bodrunden skriftleg om status i bodgjevinga.
Meklar pliktar å leggje til rette for ei forsvarleg avvikling av bodrunden. For at boda skal kunne bli handsama og formidla vidare skriftlig til alle involverte partar, må eitkvart bod ha ein tilstrekkeleg lang akseptfrist, og uansett bør ikkje eit bod ha ein akseptfrist på mindre enn 30 minutt frå bodet vert gjeve. Seljar må skriftleg akseptere bodet før bodaksept kan formidlast til bodgjevar.
Ein gjer merksam på at bod som vert gjeve etter normal arbeidstid vert handsama/formidla påfølgjande arbeidsdag.

Seljar og kjøpar har krav på å få utlevert kopi av bodjournalen straks etter at handel er komt i stand. Alle som har gjeve bod på eigedomen kan på førespurnad få en kopi av anonymisert bodjournal etter at bodrunden er avslutta.
Ein syner elles til "Forbrukarinformasjon om bodgjeving", som er teke inn på baksida av bodskjema i salsoppgåva.
Overtaking
Etter avtale med seljar.
Seld "som den er"
Salet vert regulert av Lov om avhending av fast eigedom. Eigedomen vert seld i den stand den var under synfaring, jf. avhendingslova § 3-9, "som den er". Dette avtalepunktet medfører at avhendingslova sine reglar om når eigedomen har mangel vert fråvike til ugunst for kjøpar.

Eigedomen har likevel mangel i følgjande tilfelle:
Når kjøpar ikkje har fått opplysningar om forhold ved eigedomen som seljar kjende eller måtte kjenne til, og som kjøpar hadde grunn til å rekne med å få. Dette gjeld likevel berre dersom ein kan gå ut frå at det har verka inn på avtalen at opplysningane ikkje vart gitt.
Når seljar har gitt urette opplysningar om eigedomen. Det same gjeld dersom eigedomen ikkje er i samsvar med opplysningar som er gitt i annonse, salsprospekt eller ved anna marknadsføring på vegne av seljar. Dette gjeld likevel berre dersom ein kan gå ut frå at opplysningane har verka inn på avtalen, og ikkje har vorte retta i tide.
Når eigedomen er i vesentleg dårlegare stand enn kjøpar hadde grunn til å rekne med ut frå kjøpesummen og forholda elles.
Når tomta har vesentleg mindre areal enn opplyst av seljar.
Nøkkelinfo
Tomte­areal 818 m2
Vising

Ta kontakt for å avtale vising.

Kontakt meklar
Bilete av Olav  Skjeldestad
Olav Skjeldestad
Eigedomsmeklar MNEF
Sogndal
Tilbake til bustadutlisting

Skal gje forbrukarane kunnskap om energiforbruket til bueininga. Alle bustader, fritidsbustader og yrkesbygg skal energimerkast ved sal og utleige. Sjå energimerking.no for meir informasjon.

P-rom vert målt frå innsida av yttervegg inkludert veggane mellom desse areala. Dette er innvendige areal av bustaden som vert brukt til kort- eller langvarig opphald (opphaldsrom), til dømes stove, kjøken, bad, soverom, vaskerom og gangareal mellom desse. Bodareal/areal for lagring/tekniske rom inngår ikkje i primærrom.

Arealet av bygingen målt frå utvendig vegg til utvendig vegg eller midt i skiljevegg mot anna brukseining eller fellesareal.

Bruksareal er summen av det arealet som ligg innanfor ytterveggane, og vert målt frå innsida av yttervegg til innsida av yttervegg. Alt areal av innvendige veggar er medrekna. Målbart areal skal ha takhøgd på 1,9 meter.

Dersom sal til prisframlegg.

Reknestykket legg til grunn at det berre vert tinglyst ein låneobligasjon og at eigedomen vert seld til prisframlegg.

Vanlege kostnader ved kjøp er:

  • dokumentavgift (2,5% av kjøpesum)
  • tinglysingsgebyr for skøyte (kr. 525,-)
  • tinglysingsgebyr for pantedokument (kr. 525,-)
  • panteattest (kr. 172,-).

Reknestykket legg til grunn at det berre vert tinglyst ein låneobligasjon og at eigedomen vert seld til prisframlegg.

Vanlege kostnader ved kjøp er:

  • tinglysingsgebyr for skøyte (kr. 430,-)
  • tinglysingsgebyr for pantedokument (kr. 430,-)
  • panteattest (kr. 172,-).

I tillegg kan det kome eigarskiftegebyr.

Reknestykket legg til grunn at det berre vert tinglyst ein låneobligasjon og at eigedomen vert seld til prisframlegg.

Vanlege kostnader ved kjøp er:

  • noteringsgebyr
  • transportgebyr
  • eigarskiftegebyr
  • medlemskapsgebyr
Hyttetomt Kambagjerdet
Sogndal
Prisant. 1350000
Bustadtype Hyttetomter
Nøkkelinfo
Tomte­areal 818 m2
Vising

Ta kontakt for å avtale vising.

Kor mykje treng du låne?
Prøv Sparebanken Sogn og Fjordane sin lånekalkulator
I nærområdet