Praktisk, lys og fin leilegheit på eitt plan

Vis i kart
Industrivegen 21A
Florø
Prisant. 2350000
Soverom 2
Etasje 1
Bustadtype Andre
Eigarform Eigar (Sjølveigar)

Praktisk, lys og fin leilegheit på eitt plan

Eigedom
Industrivegen 21A
6905 Florø
1. etasje
Om eigedomen
Eigedomen ligg ca 2 km frå Florø sentrum i eit solrikt og barnevenleg område med eldre og nyare bebyggelse rundt. Ca 150 m til sjøen der det og er mogleg å kjøpe seg båtplass i eit nyleg etablert bryggelag. Barnehage ca 500 m unna, kort veg til buss og god sykkel og gangveg til sentrum.
Innhald
Leilegheita er på eitt plan med inngang mot nord. Praktisk, lys og lett med stova og kjøkken i open løysing, to soverom, bad / wc , vaskerom og gang. Utvendig sportsbod.
Standard
Innvendige veggar har : - ein vegg utvendig kledning og tre vegger uisolert stenderverk i utv. bod.
Flisimiterte baderomsplater på bad/wc og vaskerom /teknisk rom. Sparkla og malte slette gipsveggar på resten.

Himlingar har : - synlege sperr og sutak i utv. sportsbod. Sparkla og malte slette gipsplate-tak i heile seksjonen
Normal brukslitasje med merker etter oppheng på veggane.

Golva har betonggolv i utv. bod. Flisar i vindfang og på bad / wc. Våtromsbelegg på vaskerom / teknisk rom. Flytande eikeparkett på resten.
Det er ikkje dør mellom vindfang og entre, men det er berre flisar i vindfangdelen og eikeparkett på resten.

Innlagt fiberkabel
Innstallert felles brannalarm, og kvar seksjon har seriekobla røykvarslarar.
Byggjemåte
Heile sameiget består av 3 stk. korsdelte 4 mannsboliger, horisontaldelt og vertikaldelt, to seksjoner i 1.etg. og to i 2.etasje.
Grunn og fundament er betongsole på kultfylling til fjell. 250 mm veggar, med 198 mm trestenderverk, påfora med 50 mm og isolert med 200 mm + 5+ mm min. ull. Asfaltplater, lekter og utv. liggande kledning. Innvendig diffusjonssperre og plater.
Valma tak med prefabrikerte takstolar, innvendig isolert over himlingsbjelkar. Utvendig sutak, rekter, lekter og betongstein.
2-lags energivindauge med fabrikkmålte karmar og foringar. Utvendige trapper og rekkverk i impregnert materialer.
Denne seksjonen ligger aust i 1.etg. på bygningen som ligger lengst mot nord .
Denne seksjonen har utvendig bod i 1.etg. sør-østre hjørnet på bygningen.

Det er laget en frittstående felles bod i vest, som inneholder felles skap for strømmålere, felles fiber-skap og brannsentral.
Med omsyn til den tekniske standarden på bygningane vert det elles vist til takst av Johnny Østerbø, datert18.02.2019 .

Kjøpar pliktar å gjere seg kjend med innhaldet i taksten og i eigenerklæring frå seljar som ligg ved salsoppgåva før det vert lagt inn bod på eigedommen. Meklar gjer elles merksam på kjøpar si undersøkingsplikt med heimel i avhendingslova.
Areal og fordeling per etasje
Primærrom: 78 kvm, Bruksareal: 78 kvm, Bruttoareal: 86 kvm
Alle rom er P-rom unnateke:

BRA pr. etasje:
1.Etasje: 78 m2

Areala er henta frå takst utført av autorisert takstmann og er i samsvar med NS 3940. Meklar har ikkje kontrollert areala.
Parkering
Parkering på fellesoppstillingsplass.
Tomt
Areal: 3 769 kvm, Eierform: Fellestomt
Fellestomt for alle seksjonseigarane. Tomta har asfaltert innkjørsel og parkeringsplass. Gruslagt rundt bustadane.
Regulering/offentleg godkjenning
Eigedomen ligg i område som er avsett til bustader.
Veg, vatn, avlaup
Offentleg vatn og avlaup via private stikkleidningar.
Energimerking
Oppvarmingskarakter Rød - Energikarakter D
Tilkomst
Tilkomst frå hovudveg via felles parkeringsplass
Oppvarming
Balansert ventilasjon med varmevekslar
Termostatstyrte varmekablar på bad / wc, vaskerom / teknisk rom og i vindfanget under flisane.
Kommunale avgifter
inkl. eigedomsskatt.
Faste kostnader
Felleskostnader
Straum og nettleige etter eige forbruk.
Innbuforsikring.
Kommunale avgifter og eigedomskatt.
Meklar gjer merksam på at faste laupande kostnader vil kunne variere med omsyn til bruk av bustaden og avtalar med leverandørar.
Formueverdi
Likningsverdi som primærbustad kr 626 204 per 31.12.17
Likningsverdi som sekundærbustad kr 2 254 334 per 31.12.17
Ferdigattest
Det føreligg ferdigattest frå Flora . kommune datert ......
Felleskostnader
1 000 pr. mnd.
Opplysningar om sameige.
Sameie: Sameige Industrivegen, Orgnr.: 912218813
Andel fellesgjeld: 14124, Total gjeld: 169486

Heile sameiget består av 3 stk. korsdelte 4 mannsboliger, horisontaldelt og vertikaldelt, to seksjoner i 1.etg. og to i 2.etasje.

Med eigarseksjon meinast sameigedel i bebygd eigedom med tilknytta einerett til bruk av ein av fleire bustader eller andre brukseiningar i eigedomen.
I følgje lov om eigarseksjonar kan ingen erverve meir enn to bustadseksjonar i sameige.
Rekneskap/vedtekter
Kjøpar vert oppmoda til å setje seg inn i rekneskap, vedtekter og evt. husordensreglar. Kjøpar godkjenner som bindande for seg sameiget sine vedtekter og husordensreglar herunder evt. reglar om husdyrhald.
Om det ikkje fins rekneskap skriv følgjande: Sameiget er enkelt organisert, og ikkje rekneskapspliktig (sjekk dette). Vi har difor ikkje motteke rekneskap, budsjett, ol og kan difor ikkje opplyse om slike forhold.
Godkjenning/forkjøpsrett
Sjeldan i sameige, men sjekk vedtektene.
Legalpant
Sameige har legalpant for inntil 2G for dekking av ubetalte felleskostnader.
Utleige
Seksjonen kan i sin heilheit leigast ut til bustadføremål.
Forsikring
Eigedomen er forsikra gjennom sameige og vert betalt som ein del av felleskostnadane. Kjøpar må teikne innbuforsikring frå overtakingsdato.

.
Bustadseljarforsikring
Bustaden er seld med bustadseljarforsikring.
Bustadkjøparforsikring
Eigedomsmekling Sogn og Fjordane AS formidlar bustadkjøparforsikring frå HELP Forsikring AS. Dette er ei rettshjelpsforsikring som gir tryggleik og profesjonell juridisk hjelp dersom det vart oppdaga uventa feil og manglar ved bustaden. Ta kontakt med meklar for meir informasjon eller les meir om forsikringa på www.help.no.
Finansiering
Interessentar som ønskjer tilbod om finansiering i Sparebanken Sogn og Fjordane kan kontakte meklar.
Kvitvasking
Eigedomsmekling Sogn og Fjordane AS er underlagt lov om kvitvasking og terrorfinansiering, og pliktar å rapportere til økokrim om mistenkjelege transaksjonar. Vidare er det strenge reglar om kontroll av legitimasjon frå alle partar og/eller reelle rettigheitshavarar i samband med handelen (seljar, kjøpar og fullmektigar for desse).
Bodgjeving
Alle bod skal gjevast skriftleg til meklar. Det første bodet skal gjevast på bodskjema påført bodgjevar sin signatur. I tillegg må bodgjevar ha legitimert seg. Seinare bod kan gjevast per e-post, SMS eller per faks til meklar. Bod kan også gjevast via bodgjevingsplattform på nett eller app. Veljast denne løysinga, er det ikkje krav til å sende det første bodet på bodskjema. Meklar skal så snart som muleg stadfeste skriftleg ovanfor bodgjevar at bod er motteke.

Bod som ikkje er skriftleg, eller som har kortare akseptfrist enn til kl. 12.00 dagen etter siste annonserte vising, vil ikkje bli formidla til seljar. Meklar vil heller ikkje formidle bod med atterhald om at bodet er hemmeleg for andre bodgjevarar. Eit bod er bindande for bodgjevar når bodet er blitt gjort kjent for seljar. Seljar står fritt til å akseptere eller forkaste eitkvart bod, og pliktar såleis ikkje å akseptere det høgste bodet på eigedomen.

Meklar skal, i den grad det er naudsynt og muleg, informere dei involverte i bodrunden skriftleg om status i bodgjevinga.
Meklar pliktar å leggje til rette for ei forsvarleg avvikling av bodrunden. For at boda skal kunne bli handsama og formidla vidare skriftlig til alle involverte partar, må eitkvart bod ha ein tilstrekkeleg lang akseptfrist, og uansett bør ikkje eit bod ha ein akseptfrist på mindre enn 30 minutt frå bodet vert gjeve. Seljar må skriftleg akseptere bodet før bodaksept kan formidlast til bodgjevar.
Ein gjer merksam på at bod som vert gjeve etter normal arbeidstid vert handsama/formidla påfølgjande arbeidsdag.

Seljar og kjøpar har krav på å få utlevert kopi av bodjournalen straks etter at handel er komt i stand. Alle som har gjeve bod på eigedomen kan på førespurnad få en kopi av anonymisert bodjournal etter at bodrunden er avslutta.
Ein syner elles til "Forbrukarinformasjon om bodgjeving", som er teke inn på baksida av bodskjema i salsoppgåva.
Overtaking
Etter avtale med seljar.
Seld "som den er"
Salet vert regulert av Lov om avhending av fast eigedom. Eigedomen vert seld i den stand den var under synfaring, jf. avhendingslova § 3-9, "som den er". Dette avtalepunktet medfører at avhendingslova sine reglar om når eigedomen har mangel vert fråvike til ugunst for kjøpar.

Eigedomen har likevel mangel i følgjande tilfelle:
Når kjøpar ikkje har fått opplysningar om forhold ved eigedomen som seljar kjende eller måtte kjenne til, og som kjøpar hadde grunn til å rekne med å få. Dette gjeld likevel berre dersom ein kan gå ut frå at det har verka inn på avtalen at opplysningane ikkje vart gitt.
Når seljar har gitt urette opplysningar om eigedomen. Det same gjeld dersom eigedomen ikkje er i samsvar med opplysningar som er gitt i annonse, salsprospekt eller ved anna marknadsføring på vegne av seljar. Dette gjeld likevel berre dersom ein kan gå ut frå at opplysningane har verka inn på avtalen, og ikkje har vorte retta i tide.
Når eigedomen er i vesentleg dårlegare stand enn kjøpar hadde grunn til å rekne med ut frå kjøpesummen og forholda elles.
Når tomta har vesentleg mindre areal enn opplyst av seljar.
Nøkkelinfo
Primærrom ? 78 m2
Bruksareal ? 78 m2
Bruttoareal ? 86 m2
Byggeår 2013
Tomte­areal 3769 m2
Eigarskifte­forsikring Ja
Energi­merking ? D
Vising

Ta kontakt for å avtale vising.

Kontakt meklar
Bilete av Tordis  Russøy
Tordis Russøy
Eigedomsmeklar MNEF
Florø
Tilbake til bustadutlisting

Skal gje forbrukarane kunnskap om energiforbruket til bueininga. Alle bustader, fritidsbustader og yrkesbygg skal energimerkast ved sal og utleige. Sjå energimerking.no for meir informasjon.

P-rom vert målt frå innsida av yttervegg inkludert veggane mellom desse areala. Dette er innvendige areal av bustaden som vert brukt til kort- eller langvarig opphald (opphaldsrom), til dømes stove, kjøken, bad, soverom, vaskerom og gangareal mellom desse. Bodareal/areal for lagring/tekniske rom inngår ikkje i primærrom.

Arealet av bygingen målt frå utvendig vegg til utvendig vegg eller midt i skiljevegg mot anna brukseining eller fellesareal.

Bruksareal er summen av det arealet som ligg innanfor ytterveggane, og vert målt frå innsida av yttervegg til innsida av yttervegg. Alt areal av innvendige veggar er medrekna. Målbart areal skal ha takhøgd på 1,9 meter.

Industrivegen 21A
Florø
Prisant. 2350000
Soverom 2
Etasje 1
Bustadtype Andre
Eigarform Eigar (Sjølveigar)
Nøkkelinfo
Primærrom ? 78 m2
Bruksareal ? 78 m2
Bruttoareal ? 86 m2
Byggeår 2013
Tomte­areal 3769 m2
Eigarskifte­forsikring Ja
Energi­merking ? D
Vising

Ta kontakt for å avtale vising.

Kor mykje treng du låne?
Prøv Sparebanken Sogn og Fjordane sin lånekalkulator
I nærområdet