Nedlagt småbruk i idylliske omgjevnader NB! NY PRIS

Vis i kart
Seljadalsvegen 367
Vik i Sogn
Prisant. 1090000
Soverom 3
Bustadtype Fritid
Eigarform Eigar (Sjølveigar)

Nedlagt småbruk i idylliske omgjevnader NB! NY PRIS

Eigedom
Seljadalsvegen 367
6893 Vik i sogn
Om eiendommen
Garden Fosse ligg i Vik kommune, der dalføre delar seg i Ovridsdalen og Seljedalen. Det er 4 km til kommunesenteret Vikøyri, 50 km til regionsenteret Sogndal og 68 km til det ferjefrie alternativet Voss. Eigedomen ligg i rolige og naturskjønne omgivelsar med flott utsikt nedover dalen og fjorden. Jorda er i dag vekkleigd til naboar som driv grasprodksjon. Nabobruka driv enten med sauehald eller mjølk og kjøttproduksjon på storfe.
Innhald
Småbruk i idylliske omgivelsar. Eigedomen består av våningshus og to driftsbygningar beskrive som "gamal" og "ny" fjøs, med tilhøyrande jord og beite, skog/utmark, rettigheitar til jakt og fiske og andel i Seljadalen vassverk.

Våningshuset er på 2 plan og inneheld:
1.etg: Gang, bad, stove, kjøken og bod.
2.etg: 3 soverom, gang og bod.
I tillegg har bustaden uinnreia jordkjellar og loft.

"Gammal" fjøs: Lite hinsiktsmessig til noko anna enn lager.

"Ny" fjøs: Mjølkerom, garderobe, toalett, husdyrrom med 21 båser til storfe, husdyrrom for framfòring av oksar og siloar.

Dei 6 gardane på Fosse har tilsaman 2 hjorteløyver.

Garden har ein andel på 1/12 i Seljedalen vassverk, som er eit privat vassverk der Vik kommune har overteke drifta. Det betalast difor ikkje vassavgift. Kommunen brukar det som reservevasskilde og betalar difor for vedlikehald og ein årsleige.

Eigedomen oppfyller ikkje dagens arealkrav i Odelsloven mfr. Odelslovens § 2.
Ut frå kartgrunnlaget meiner takstmann det ikkje er buplikt,men kommunen kan vedta buplikt etter Konsesjonsloven sin § 11 i samband med handsaming av konsesjonssøknaden. Jorda er underlagt driveplikt.
Garden har ikkje mjølekvote. Jorda vert i dag vekkleigd til naboar som haustar gras og beitar sauer.
Standard
Våningshus:
Bustad oppført i 1925 med den tids tekniske standard. Huset er ikkje isolert.
Flott kjøkeninnreiing frå 2005, med integrert steikeomn, platetopp og oppvaskmaskin. Børsta alluminiumsplate mellom benkeflate og overskap. Parkett av bjørk på golv, måla plater på vegg og takess i himling.
Badet er frå 70-talet og er innreia med badekar med dusj, servant og oppplegg for badekar. Flisar på golv, baderomsplater på vegg og takess i himling.
Stove måla i lyse fargar med store vindaugsflater. Her har ein flott utsikt over nærområde samt utover dalen og ned mot Vik og fjorden. God plass til fleire sittegrupper.
Det er 3 soverom av noko varierande størrelse i 2.etasje, alle måla i lyse fargar med plass til seng og garderobeskap.
Huset har sikringsskåp med skrusikringar.

Innvendige overflater
Golv: parkett av bjørk, golvbelegg og måla tregolv.
Vegg: måla plater og måla panel.
Tak: maskinpapp og takess.

Bustaden har i seinare år blitt benytta som fritidsbustad.
Ynskjer ein å oppnå dagens krav til bruksstandard krevs det omfattande oppgraderingar.

"Gammal" fjøs:
Bygning frå 1924, som er påbygt i fleire omgangar. Bygningen har mange rom, tilpassa husdyrhald i ei anna tid og er lite hensiktsmessig til anna enn lager. Taket har lekkasjar fleire stadar, sidan nokre av skiferhellene er komme ut av stilling eller har ramla ned.

"Ny" fjøs:
Utgangspunktet er ein driftsbygning til mjølkeproduskjon frå midten av 70-talet. Husdyrrommet inneheld 21 båsar til storfe og 2 mindre bingar.
Bygningen kan med små grep huse storfe eller sau. Arealgrunnlaget er per idag ikkje tilstrekkeleg for full utnytting av driftsbygningen og ein må derfor supplere med leigejord eller kjøp av grovfor. Deler av fjøsen treng vedlikehald innan få år. Bygningen er framleis tilkobla straum og vatn. Sikringsskåpet består av både automat- og skursikringar. Bygningen kan truleg brukast til både lager og verkstad etter at kommunen har godkjend eventuell søknad om bruksendring.
Byggjemåte
Våningshus med gråsteinsmurar. Uinnreiajordkjellar. Noko av golvet er av betong. lkkje måleverdig areal. Hovudvassinntak og varmtvannstank er plassert her. Vegger i lafta tømmer. Huset er ifølgje eigar, ikkje isolert. Liggande bordkledning, som er noko måtingsslitt. Alle vindauger forutan i arken, vart skifta på siste halvdel av 70-talet til isolerglas. Dørar i heiltre. Sperr,sutak av bord og yttertak av dråpeskifer. Frå jordkjellaren og opp til 2. etasje vart pipa skifta til lecapipe på siste halvdel av 70-talet. Det er vedfyring i stova og på det største soverommet på loftet. Vedovnen i stova er frå 2005. Hust treng omfattande vedlikehald om ein skal få det opp til dagens krav til bruksstandard. Vindauger bør skiftast, huset bør etterisolerast og få ny bordkledning. Innvendig vil det og vere naudsynt med omfattande oppgradering av t.d. bad samt overflater i stove/soverom.

Driftsbygning frå 1924, men påbygt i fleire omgangar. Mellom anna ein betongsilo og bingar til sau frå 60-talet. Den opprinnelege bygningen har gråsteinsmurar i gjødselkjellar og forbi fjøs. Deretter er det bindingsverk og bordkledning. Takkonstruksjonen er av sperr og yttertaket er lag med firkantskifer utan undertak. Bygningen har mange rom, tilpassa husdyrhald i ei heilt anna tid og er lite hensiktsmessig til anna enn lager. Takhøgden er låg og golvarealet har mange høgdenivå. Taket har lekkasjar fleire stader, sidan nokre av skiferhellene er komne ut av stilling eller har ramla ned.
Det er heilt naudsynt å få tett tak snarast råd.

Driftsbygning frå 1976. Utgangspunktet er ein driftsbygning til mjølkeproduksjon frp midten av 70-tallet. Grunnmur i betong, bindingsverk og isolert etter byggetida sine krav. utvendig er det ståande bordkledning, som er noko målingslitt. I 1993 vart det påbygt eit husdyrrom for framfòring av oksar. Satt opp i bindingsverk og kledd med stålplater. Tkastolar og stålplater som yttertak. I tillegg inneheld bygningen to tårnsiloar av kreosotbehandla treverk(Larviksiloar). Delar av fjøsen treng vedlikehald innan få år.

Med omsyn til den tekniske standarden på bygningane vert det elles vist til takst av Svein Arve Ruud, datert 04.04.2019

Kjøpar pliktar å gjere seg kjend med innhaldet i taksten og i eigenerklæring frå seljar som ligg ved salsoppgåva før det vert lagt inn bod på eigedommen. Meklar gjer elles merksam på kjøpar si undersøkingsplikt med heimel i avhendingslova.
Areal og fordeling per etasje
Primærrom: 96 kvm, Bruksareal: 108 kvm
Alle rom er P-rom unnateke: Bod

BRA pr. etasje:
1.Etasje: 61 kvm
2.Etasje: 47 kvm

Bruttoareal:
"Gammal" fjøs: 200 kvm
"Ny" fjøs: 474 kvm

Areala er henta frå takst utført av autorisert takstmann og er i samsvar med NS 3940. Meklar har ikkje kontrollert areala.
Parkering
Eigedomen har parkering på eiga tomt.
Tomt
Areal: 51 800 kvm, Eierform: Eiet tomt
For nærare beskriving av eigedomens tomteareal sjå takst.
Ifølgje tidlegare landbrukssjef Arne Skeie i Vik kommune skal garden ha eit skogareal i felles utmark (Fosslia). Arealet er ikkje kartfesta, men skal ifølgje Skeie vere på omlag 55 da produktiv skog.
Regulering/offentleg godkjenning
Eigedomen ligg i sin heilskap i eit område som i gjeldande kommuneplan er avsett til LNF (landbruk, natur og friluft).
Veg, vatn, avlaup
Eigedomen har privat septiktank med spreiegrøfter etter byggetida sine krav.
Vatn frå privat vassverk.
Energimerking
Oppvarmingskarakter Gul - Energikarakter G
Tilkomst
Eigedomen har tilkomst via Fylkesveg.
Oppvarming
- Varmepumpe
- Vedomn i stove og på det største soverommet på loftet
- Elektrisk oppvarming
Kommunale avgifter
Kr. 7 762 pr. år inkl. eigedomsskatt.
Faste kostnader
Straum, nettleige etter eige forbruk.
Forsikring.
Kommunale avgifter og eigedomskatt.
Det betalast ikkje vassavgift då eigedomen er ein av 12 eigedomar som eiger eige vassverk gjennom heile Seljedalen ca 5 km. Kommunen brukar det som reservevasskilde og betalar difor for vedlikehald og ein årsleige.
Formueverdi
Likningsverdi som primærbustad kr 495 000 per 31.12.17.
Ferdigattest
Det føreligg ikkje ferdigattest eller bruksløyve frå Vik kommune.
Konsesjon
Eigedomen er ikkje konsesjonspliktig.
Utleige
Eigedomen kan i sin heilhet leigast ut til bustad/næringsføremål.
Radonmåling
Alle som leiger ut bustad må ha gjennomført radonmåling samt leggje fram dokumentasjon på at radonnivåa er forsvarlege. Dette kravet gjeld for alle typar utleigebustader samt leilegheiter og hyblar i tilknytning til eigen bustad.
Bustadseljarforsikring
Bustaden er seld med bustadseljarforsikring.
Bustadkjøparforsikring
Eigedomsmekling Sogn og Fjordane AS formidlar bustadkjøparforsikring frå HELP Forsikring AS. Dette er ei rettshjelpsforsikring som gir tryggleik og profesjonell juridisk hjelp dersom det vart oppdaga uventa feil og manglar ved bustaden. Ta kontakt med meklar for meir informasjon eller les meir om forsikringa på www.help.no.
Finansiering
Interessentar som ønskjer tilbod om finansiering i Sparebanken Sogn og Fjordane kan kontakte meklar.
Kvitvasking
Eigedomsmekling Sogn og Fjordane AS er underlagt lov om kvitvasking og terrorfinansiering, og pliktar å rapportere til økokrim om mistenkjelege transaksjonar. Vidare er det strenge reglar om kontroll av legitimasjon frå alle partar og/eller reelle rettigheitshavarar i samband med handelen (seljar, kjøpar og fullmektigar for desse).
Bodgjeving
Alle bod skal gjevast skriftleg til meklar. Det første bodet skal gjevast på bodskjema påført bodgjevar sin signatur. I tillegg må bodgjevar ha legitimert seg. Seinare bod kan gjevast per e-post, SMS eller per faks til meklar. Bod kan også gjevast via bodgjevingsplattform på nett eller app. Veljast denne løysinga, er det ikkje krav til å sende det første bodet på bodskjema. Meklar skal så snart som muleg stadfeste skriftleg ovanfor bodgjevar at bod er motteke.

Bod som ikkje er skriftleg, eller som har kortare akseptfrist enn til kl. 12.00 dagen etter siste annonserte vising, vil ikkje bli formidla til seljar. Meklar vil heller ikkje formidle bod med atterhald om at bodet er hemmeleg for andre bodgjevarar. Eit bod er bindande for bodgjevar når bodet er blitt gjort kjent for seljar. Seljar står fritt til å akseptere eller forkaste eitkvart bod, og pliktar såleis ikkje å akseptere det høgste bodet på eigedomen.

Meklar skal, i den grad det er naudsynt og muleg, informere dei involverte i bodrunden skriftleg om status i bodgjevinga.
Meklar pliktar å leggje til rette for ei forsvarleg avvikling av bodrunden. For at boda skal kunne bli handsama og formidla vidare skriftlig til alle involverte partar, må eitkvart bod ha ein tilstrekkeleg lang akseptfrist, og uansett bør ikkje eit bod ha ein akseptfrist på mindre enn 30 minutt frå bodet vert gjeve. Seljar må skriftleg akseptere bodet før bodaksept kan formidlast til bodgjevar.
Ein gjer merksam på at bod som vert gjeve etter normal arbeidstid vert handsama/formidla påfølgjande arbeidsdag.

Seljar og kjøpar har krav på å få utlevert kopi av bodjournalen straks etter at handel er komt i stand. Alle som har gjeve bod på eigedomen kan på førespurnad få en kopi av anonymisert bodjournal etter at bodrunden er avslutta.
Ein syner elles til "Forbrukarinformasjon om bodgjeving", som er teke inn på baksida av bodskjema i salsoppgåva.
Overtaking
Etter avtale med seljar.
Seld "som den er"
Salet vert regulert av Lov om avhending av fast eigedom. Eigedomen vert seld i den stand den var under synfaring, jf. avhendingslova § 3-9, "som den er". Dette avtalepunktet medfører at avhendingslova sine reglar om når eigedomen har mangel vert fråvike til ugunst for kjøpar.

Eigedomen har likevel mangel i følgjande tilfelle:
Når kjøpar ikkje har fått opplysningar om forhold ved eigedomen som seljar kjende eller måtte kjenne til, og som kjøpar hadde grunn til å rekne med å få. Dette gjeld likevel berre dersom ein kan gå ut frå at det har verka inn på avtalen at opplysningane ikkje vart gitt.
Når seljar har gitt urette opplysningar om eigedomen. Det same gjeld dersom eigedomen ikkje er i samsvar med opplysningar som er gitt i annonse, salsprospekt eller ved anna marknadsføring på vegne av seljar. Dette gjeld likevel berre dersom ein kan gå ut frå at opplysningane har verka inn på avtalen, og ikkje har vorte retta i tide.
Når eigedomen er i vesentleg dårlegare stand enn kjøpar hadde grunn til å rekne med ut frå kjøpesummen og forholda elles.
Når tomta har vesentleg mindre areal enn opplyst av seljar.
Nøkkelinfo
Primærrom ? 96 m2
Bruksareal ? 108 m2
Byggeår 1925
Tomte­areal 51800 m2
Eigarskifte­forsikring Ja
Energi­merking ? G
Vising

Ta kontakt for å avtale vising.

Kontakt meklar
Bilete av Jan  Rune  Årøy
Jan Rune Årøy
Eigedomsmeklar MNEF
Sogndal
Tilbake til bustadutlisting

Skal gje forbrukarane kunnskap om energiforbruket til bueininga. Alle bustader, fritidsbustader og yrkesbygg skal energimerkast ved sal og utleige. Sjå energimerking.no for meir informasjon.

P-rom vert målt frå innsida av yttervegg inkludert veggane mellom desse areala. Dette er innvendige areal av bustaden som vert brukt til kort- eller langvarig opphald (opphaldsrom), til dømes stove, kjøken, bad, soverom, vaskerom og gangareal mellom desse. Bodareal/areal for lagring/tekniske rom inngår ikkje i primærrom.

Arealet av bygingen målt frå utvendig vegg til utvendig vegg eller midt i skiljevegg mot anna brukseining eller fellesareal.

Bruksareal er summen av det arealet som ligg innanfor ytterveggane, og vert målt frå innsida av yttervegg til innsida av yttervegg. Alt areal av innvendige veggar er medrekna. Målbart areal skal ha takhøgd på 1,9 meter.

Seljadalsvegen 367
Vik i Sogn
Prisant. 1090000
Soverom 3
Bustadtype Fritid
Eigarform Eigar (Sjølveigar)
Nøkkelinfo
Primærrom ? 96 m2
Bruksareal ? 108 m2
Byggeår 1925
Tomte­areal 51800 m2
Eigarskifte­forsikring Ja
Energi­merking ? G
Vising

Ta kontakt for å avtale vising.

Kor mykje treng du låne?
Prøv Sparebanken Sogn og Fjordane sin lånekalkulator
I nærområdet