Kjekk bustad med utleige i flotte Havreneset

Vis i kart
Havrenesvegen 54
Florø
Prisant. 3500000
Soverom 5
Bustadtype Einebustad
Eigarform Eigar (Sjølveigar)

Kjekk bustad med utleige i flotte Havreneset

Eigedom
Havrenesvegen 54
6905 Florø
Om eigedomen
Eigedomen ligg fint plassert i Havrenesvegen med utsikt mot vest til øyane utforbi. På austtsida grensar eigedomen til Knapstadmarka med tursti til Storåsen like ved. Butikk like bortanfor og kort veg til busstopp. Bustaden ligg ca 1,3 km frå Florø sentrum og det er god sykkel og gangveg heilt inn. Sørvendt , solrikt og barnevenleg.
Innhald
Bustaden er på tre plan og har i hovudetasjen , kjøkken , stove, gang med trapp til loft, bad / wc og vindfang.
Loftet har tre soverom, omkledningsrom, bad / wc / vaskerom og gang / trapperom.
Kjellar har vindfang / gang, bad / vaskerom / wc, stove / kjøkken og to soverom.
Standard
Innvendige veggar har overflater av : - i kjellar : - betong i bod / teknisk rom. Flisimiterte baderomsplater på bad / wc / vaskerom. Heilsparkla og malte gipsplater på resten.
Overflater på vegg i hovudetasjen : målt panel i vindfang. Panel i bod under trapp. Våtromstapet på bad / wc. Heilsparkla og malte gipsplater med "Kitchen board" over benkeplate kjøkken. Heilsparkla og malte gipsplater på resten.
Loftet har :- flisimiterte baderomsplater på bad / wc / vaskerom. Fabrikkmalte MDF plater på soverom 1. Hel sparkla og malte
gipsplater resten.
Nye vegger og overflater i kjeller 2014. Rehabiliterte alle innvendige vegger og isolert de i 1.etg. og loft, unntatt på bad/
wc ,vindfang og bod u/trapp 1.etg

Himlingar har : i kjellar : - betong i bod / teknisk rom. Fabrikkmalte MDF bord type "Symfoni" på bad / wc / vaskerom. Heilsparkla og malte
gipsplater resten.
Hovudetasje. : Malte plater i vindfang. Panel og underside trapp i bod u/trapp. Fabrikkmalte MDF-bord resten.
Loft : Fabrikkmalte MDF-bord alle rom.
Nye overflater med mdf i 2014/18.
Gjenstår noen taklister på omkledningsrom.

Golva har overflater av : - kjellar : - betong i bod / teknisk rom. Flisar på bad / wc / vaskerom. Flytande laminatgolv på resten.
1.etg. : Flisar på bad / wc. Tregolv i bod u/trapp. Flytande laminatgolv på resten.
Loft : Flisar på bad / wc / vaskerom. Flytande laminatgolv på resten.
Nye overflater med flisar og laminatgolv, renoverte golv på våtromma i 2014/18.
Gjenstår nokre golvlister på omkledningsrom, samt små detaljar med avslutning av laminatgolv ved trapp i 1.etg. og ved dør
soverom 2.

Bustaden er meir eller mindre renovert / oppussa i perioden 2014 / 2015.

Rør i rør system , nytt opplegg i 2014/16.
Nytt elektrisk annlegg i heile bustaden i 2014/16
Innlagt fiberkabel
Byggjemåte
Bustaden er sett opp med grunnmur / ytterveggar for kjellaretasjen i prosentsteinsmur som er pussa utvendig over betonggolv på kultfylling til fjell. Det er iflg. eigar lagt radonsperre under. Veggar i hovudetasjen er det 150mm isolerte veggar med værhud av panel. Yttertak har tekking av betongstein. På tilbygg i nord er det shingel. Trapp til inngangsdør og altan mot aust.
Med omsyn til den tekniske standarden på bygningane vert det elles vist til takst av Johnny Østerbø, datert 22.03.2019 .

Kjøpar pliktar å gjere seg kjend med innhaldet i taksten og i eigenerklæring frå seljar som ligg ved salsoppgåva før det vert lagt inn bod på eigedommen. Meklar gjer elles merksam på kjøpar si undersøkingsplikt med heimel i avhendingslova.
Areal og fordeling per etasje
Primærrom: 184 kvm, Bruksareal: 192 kvm, Bruttoareal: 212 kvm
Alle rom er P-rom unnateke:

BRA pr. etasje:
Kjellar : 63 m2
Hovudtasje: 71 m2
Loft: 58 m2
Areala er henta frå takst utført av autorisert takstmann og er i samsvar med NS 3940. Meklar har ikkje kontrollert areala.
Parkering
Parkering på eigedomen
Tomt
Areal: 723 kvm, Eierform: Eiet tomt
Tomta framstår noke uferdig opparbeidd. Singel på terrenget rundt bustaden og i oppkjørsel. Tomta er inngjerda i nord og sør. To innkjørslar frå Havrenesvegen. Den lengst sør er midlertidig og ikkje godkjend.
Ny drenering i 2014.
Regulering/offentleg godkjenning
Tomta grensar i aust til Knapstadmarka som det i reguleringsplan med PlanId: 20130101 er planlagt til bustader, skule og barnehage.
Veg, vatn, avlaup
Det er laga ekstra innkøyring til eigedomen i dag. Denne er ikkje godkjent av vegvesenet men det er og mogleg å nytte innkøyring mot nord med nokre utbetringar.
Offentleg vatn og avlaup via private stikkleidningar.
Energimerking
Oppvarmingskarakter Rød - Energikarakter G
Tilkomst
Tilkomst frå Havrenesvegen.
Oppvarming
Installert Flexit balansert ventilasjon i kjeller. Aggregatet er kjøkkenhette over platetopp kjøkkenet.
Installert balansert ventilasjon med varmeveksler for 1.etg. og loft. Aggregat på kaldt loft.
Termostatstyrte varmekablar på bad / wc 1 etg. og på bad / wc / vaskerom på loftet
Kommunale avgifter
Kr. 27 507 pr. år inkl. evt. eigedomsskatt.
Faste kostnader
Straum og nettleige etter eige forbruk.
Forsikring er estimert til mellom 4 - 8 000,- pr. år og vil variere med kva tilbod ein har med sitt forsikringselskap.
Kommunale avgifter og eigedomskatt.
Meklar gjer merksam på at faste laupande kostnader vil kunne variere med omsyn til bruk av bustaden og avtalar med leverandørar.
Formueverdi
Likningsverdi som primærbustad kr 1 003 548 per 31.12.17
Likningsverdi som sekundærbustad kr 3 612 772 per 31.12.17
Ferdigattest
Det føreligg ikkje ferdigattest eller bruksløyve frå Flora kommune.
Konsesjon
Eigedomen er ikkje konsesjonspliktig.
Utleige
Eigedomen kan i sin heilhet leigast ut til bustadføremål.
Bustadseljarforsikring
Bustaden er seld med bustadseljarforsikring.
Bustadkjøparforsikring
Eigedomsmekling Sogn og Fjordane AS formidlar bustadkjøparforsikring frå HELP Forsikring AS. Dette er ei rettshjelpsforsikring som gir tryggleik og profesjonell juridisk hjelp dersom det vart oppdaga uventa feil og manglar ved bustaden. Ta kontakt med meklar for meir informasjon eller les meir om forsikringa på www.help.no.
Finansiering
Interessentar som ønskjer tilbod om finansiering i Sparebanken Sogn og Fjordane kan kontakte meklar.
Kvitvasking
Eigedomsmekling Sogn og Fjordane AS er underlagt lov om kvitvasking og terrorfinansiering, og pliktar å rapportere til økokrim om mistenkjelege transaksjonar. Vidare er det strenge reglar om kontroll av legitimasjon frå alle partar og/eller reelle rettigheitshavarar i samband med handelen (seljar, kjøpar og fullmektigar for desse).
Bodgjeving
Alle bod skal gjevast skriftleg til meklar. Det første bodet skal gjevast på bodskjema påført bodgjevar sin signatur. I tillegg må bodgjevar ha legitimert seg. Seinare bod kan gjevast per e-post, SMS eller per faks til meklar. Bod kan også gjevast via bodgjevingsplattform på nett eller app. Veljast denne løysinga, er det ikkje krav til å sende det første bodet på bodskjema. Meklar skal så snart som muleg stadfeste skriftleg ovanfor bodgjevar at bod er motteke.

Bod som ikkje er skriftleg, eller som har kortare akseptfrist enn til kl. 12.00 dagen etter siste annonserte vising, vil ikkje bli formidla til seljar. Meklar vil heller ikkje formidle bod med atterhald om at bodet er hemmeleg for andre bodgjevarar. Eit bod er bindande for bodgjevar når bodet er blitt gjort kjent for seljar. Seljar står fritt til å akseptere eller forkaste eitkvart bod, og pliktar såleis ikkje å akseptere det høgste bodet på eigedomen.

Meklar skal, i den grad det er naudsynt og muleg, informere dei involverte i bodrunden skriftleg om status i bodgjevinga.
Meklar pliktar å leggje til rette for ei forsvarleg avvikling av bodrunden. For at boda skal kunne bli handsama og formidla vidare skriftlig til alle involverte partar, må eitkvart bod ha ein tilstrekkeleg lang akseptfrist, og uansett bør ikkje eit bod ha ein akseptfrist på mindre enn 30 minutt frå bodet vert gjeve. Seljar må skriftleg akseptere bodet før bodaksept kan formidlast til bodgjevar.
Ein gjer merksam på at bod som vert gjeve etter normal arbeidstid vert handsama/formidla påfølgjande arbeidsdag.

Seljar og kjøpar har krav på å få utlevert kopi av bodjournalen straks etter at handel er komt i stand. Alle som har gjeve bod på eigedomen kan på førespurnad få en kopi av anonymisert bodjournal etter at bodrunden er avslutta.
Ein syner elles til "Forbrukarinformasjon om bodgjeving", som er teke inn på baksida av bodskjema i salsoppgåva.
Overtaking
Etter avtale med seljar.
Seld "som den er"
Salet vert regulert av Lov om avhending av fast eigedom. Eigedomen vert seld i den stand den var under synfaring, jf. avhendingslova § 3-9, "som den er". Dette avtalepunktet medfører at avhendingslova sine reglar om når eigedomen har mangel vert fråvike til ugunst for kjøpar.

Eigedomen har likevel mangel i følgjande tilfelle:
Når kjøpar ikkje har fått opplysningar om forhold ved eigedomen som seljar kjende eller måtte kjenne til, og som kjøpar hadde grunn til å rekne med å få. Dette gjeld likevel berre dersom ein kan gå ut frå at det har verka inn på avtalen at opplysningane ikkje vart gitt.
Når seljar har gitt urette opplysningar om eigedomen. Det same gjeld dersom eigedomen ikkje er i samsvar med opplysningar som er gitt i annonse, salsprospekt eller ved anna marknadsføring på vegne av seljar. Dette gjeld likevel berre dersom ein kan gå ut frå at opplysningane har verka inn på avtalen, og ikkje har vorte retta i tide.
Når eigedomen er i vesentleg dårlegare stand enn kjøpar hadde grunn til å rekne med ut frå kjøpesummen og forholda elles.
Når tomta har vesentleg mindre areal enn opplyst av seljar.
Nøkkelinfo
Primærrom ? 184 m2
Bruksareal ? 192 m2
Bruttoareal ? 212 m2
Byggeår 1953
Tomte­areal 723 m2
Eigarskifte­forsikring Ja
Energi­merking ? G
Vising

Ta kontakt for å avtale vising.

Kontakt meklar
Bilete av Tordis  Russøy
Tordis Russøy
Eigedomsmeklar MNEF
Florø
Tilbake til bustadutlisting

Skal gje forbrukarane kunnskap om energiforbruket til bueininga. Alle bustader, fritidsbustader og yrkesbygg skal energimerkast ved sal og utleige. Sjå energimerking.no for meir informasjon.

P-rom vert målt frå innsida av yttervegg inkludert veggane mellom desse areala. Dette er innvendige areal av bustaden som vert brukt til kort- eller langvarig opphald (opphaldsrom), til dømes stove, kjøken, bad, soverom, vaskerom og gangareal mellom desse. Bodareal/areal for lagring/tekniske rom inngår ikkje i primærrom.

Arealet av bygingen målt frå utvendig vegg til utvendig vegg eller midt i skiljevegg mot anna brukseining eller fellesareal.

Bruksareal er summen av det arealet som ligg innanfor ytterveggane, og vert målt frå innsida av yttervegg til innsida av yttervegg. Alt areal av innvendige veggar er medrekna. Målbart areal skal ha takhøgd på 1,9 meter.

Havrenesvegen 54
Florø
Prisant. 3500000
Soverom 5
Bustadtype Einebustad
Eigarform Eigar (Sjølveigar)
Nøkkelinfo
Primærrom ? 184 m2
Bruksareal ? 192 m2
Bruttoareal ? 212 m2
Byggeår 1953
Tomte­areal 723 m2
Eigarskifte­forsikring Ja
Energi­merking ? G
Vising

Ta kontakt for å avtale vising.

Kor mykje treng du låne?
Prøv Sparebanken Sogn og Fjordane sin lånekalkulator
I nærområdet