Flott oppgradert hytte med mange sengeplassar.

Vis i kart
Hodlekve
Sogndal
Prisant. 2750000
Soverom 3
Bustadtype Fritid
Eigarform Eigar (Sjølveigar)

Flott oppgradert hytte med mange sengeplassar.

Eigedom
Hodlekve
6856 Sogndal
Om eigedomen
Eigedomen ligg ved det regulerte hytteområdet i Hodlekve. Området er under utbygging, noko ekstra trafikk må ein såleis pårekna dei kommande åra.
Frå hytta er det kort avstand til utfartsområdet i Hodlekve som er godt utbygd for vintersport med skiheis, lysløype og gode turmoglegheiter i
høgfjellet. Det er også kort avstand til Dalavatnet med gode moglegheiter for aurefiske. Området ligg fint til med utsikt over delar av Sogndalsdalen og har forholdsvis gode soltilhøve.
Innhald
Flott hytte med moderne løysingar og kvalitetar. Lyse fine overflater og god planløysing.
Hytta inneheld følgjande:
Vindfang, stove og kjøken i opa løysing med utgang til uteplass, trapp opp til hems, bad/vaskerom, 3 soverom og ei utvendig bod av god størrelse.

Stor plen og platting i forkant av hytta
Standard
Hytta vart oppført i 1981-82 med tradisjonell hyttestandard. Bygningen vart oppgradert og utvida i 2016 av dagens eigarar. Hytta er normalt godt vedlikehaldt. I stove er det fuktrender ved mønedragar. I samband med ombygging/utviding er spennvidde på dragar i takkonstruksjonen auka. Det er ikkje framlagd statiske berekningar som syner at dragar er dimensjonert for dette. Grunnmur i leca er dels utan puss. Det er ikkje ventilar i kjellar.

Hytta har romsleg vindfang med god plass til oppbevaring av sko og utekle. Det er flis på golv, og panel i himling og på veggar.
Stove og kjøken er i opa løysing med god takhøgd over stovedelen. Kjøkendelen har godt med skåpplass og benkeflate. Kvite møbelfrontar og integrerte kvitevarer. Det er plass til både sitte og etegruppe, montert vedomn i rommet og direkte utgang til uteplass med stor platting. Tilkomst til hems via trapp frå kjøken. På hems er det plass til fleire liggeplassar og praktiske knekott.
Badet er innreia med toalett, dusjhjørne med glasdører, dobbel servant med skuff, og overskåp med spegel. Opplegg for vaskemaskin. Det er nytta flis på golv og baderomsplater på veggar. Hytta har til samen 3 soverom, og ei praktisk bod av god størrelse med mulegheit for oppbevaring av skiutstyr, utemøblar o.l.

Elles har hytta:
- Komplett nytt elektrisk anlegg 2016
- Skjult teknisk anlegg
Byggjemåte
Hytta er fundamentert på myrgrunn som er opplyst å vera steinsett. Fundament i betong/leca ringmur. Under del av hytta er det ein mindre kjellar, denne har låg takhøgde og er ikkje målverdig. Over ringmur ligg det isolert bjelkelag. Plassbygd 4" bindingsverk med utvendig værhud av trekledning.
I samband med utviding av hytta er det lagt ny kledning på heile bygningen. Hytta har plassbygd takkonstruksjon av sperr og dragar. Tekka med stålplater. Vindauga er kobla 2- lags vindauge i trekarmar frå 2016.

Innvendig er det furugolv og panel/måla plater på vegg og himling.
Bad/vaskerom har flis på golv og baderomsplater på veggar.

Uthus:
Byggeår: 2018
Boda er bygd på dispensasjon, ved utviding av Hodlekvevegen og det kjem i konflikt med boda må den rivast for eigar sin kostnad.

Med omsyn til den tekniske standarden på bygningane vert det elles vist til takst av Aslak Randmo, datert 02.04.2019.

Kjøpar pliktar å gjere seg kjend med innhaldet i taksten og i eigenerklæring frå seljar som ligg ved salsoppgåva før det vert lagt inn bod på eigedommen. Meklar gjer elles merksam på kjøpar si undersøkingsplikt med heimel i avhendingslova.
Areal og fordeling per etasje
Primærrom: 66 kvm, Bruksareal: 66 kvm
Alle rom er P-rom unnateke: Bod

BRA pr. etasje:
1.Etasje: 66 kvm

Uthus:
BRA pr. etasje:
1.Etasje: 16 kvm

Det er hems over delar av 1. etg. med eit soverom, arealet er ikkje målverdig. Krypkjellar/bod under del av hytta.
Areala er henta frå takst utført av autorisert takstmann og er i samsvar med NS 3940. Meklar har ikkje kontrollert areala.
Parkering
Det er gode parkeringstilhøve på eigedomen.
Tomt
Areal: 495 kvm, Eierform: Festet tomt, Utløpsår feste: 2030, Festeavgift: 8000 Tomtearealet er henta frå kommunekart.com og er såleis rettleiande.
Opparbeida tomt med plen og planert uteområde. Hytta er inngjerda.
Regulering/offentleg godkjenning
Eigedomen er uregulert, men området er avsett til fritidsføremål i arealdelplanen til kommunen.
Det er kommunens arealdelplan 2013 - 2023 som gjeldande for området.
Det er framtidige planar for utviding av Hodlekvevegen som vil omfatte denne eigedomen. Sjå punkt om uthus under "Byggemåte".
Veg, vatn, avlaup
Eigedomen har privat vassforsyning og privat avlaupsanlegg felles med naboar.
Energimerking
Oppvarmingskarakter Oransje - Energikarakter E
Tilkomst
Eigedomen har tilkomst frå kommunal veg.
Oppvarming
- Peisomn med stålpipe
- Golvvarme på bad og i vindfang
- Øvrig oppvarming er el.basert
Kommunale avgifter
Kr. 6 416 pr. år inkl. eigedomsskatt.
Gebyr avløp gjeld tilsyn privat avløpsanlegg (nytt frå 2018). Gbnr.64/5/39 deler anlegg med gbnr. 54/41 og 54/46/0/1. Årleg gebyr blir kr. 490/3.
Renovasjon fritid m / felles container.
Faste kostnader
Straum og nettleige etter eige forbruk. Ca kr 10-15 000 pr år.
Festeavgift kr 8 000,- pr år.
Hytteforsikring ca kr 3 000,- pr år
Frivillig avtale med Agila (for å halde mus vekke) kr 1 800,- pr kvartal
Meklar gjer merksam på at faste laupande kostnader vil kunne variere med omsyn til bruk av bustaden og avtalar med leverandørar.
Formueverdi
Likningsverdi som primærbustad kr 226 200 per 31.12.2017.
Ferdigattest
Det føreligg ikkje ferdigattest eller bruksløyve frå Sogndal kommune.
Konsesjon
Eigedomen er ikkje konsesjonspliktig.
Utleige
Eigedomen kan i sin heilhet leigast ut til fritidsføremål.
Diverse
Det har vore spor av mus, men Agila har jamleg kontroll. Ingen problem med skadedyr.
Bustadseljarforsikring
Bustaden er seld med bustadseljarforsikring.
Bustadkjøparforsikring
Eigedomsmekling Sogn og Fjordane AS formidlar bustadkjøparforsikring frå HELP Forsikring AS. Dette er ei rettshjelpsforsikring som gir tryggleik og profesjonell juridisk hjelp dersom det vart oppdaga uventa feil og manglar ved bustaden. Ta kontakt med meklar for meir informasjon eller les meir om forsikringa på www.help.no.
Finansiering
Interessentar som ønskjer tilbod om finansiering i Sparebanken Sogn og Fjordane kan kontakte meklar.
Kvitvasking
Eigedomsmekling Sogn og Fjordane AS er underlagt lov om kvitvasking og terrorfinansiering, og pliktar å rapportere til økokrim om mistenkjelege transaksjonar. Vidare er det strenge reglar om kontroll av legitimasjon frå alle partar og/eller reelle rettigheitshavarar i samband med handelen (seljar, kjøpar og fullmektigar for desse).
Bodgjeving
Alle bod skal gjevast skriftleg til meklar. Det første bodet skal gjevast på bodskjema påført bodgjevar sin signatur. I tillegg må bodgjevar ha legitimert seg. Seinare bod kan gjevast per e-post, SMS eller per faks til meklar. Bod kan også gjevast via bodgjevingsplattform på nett eller app. Veljast denne løysinga, er det ikkje krav til å sende det første bodet på bodskjema. Meklar skal så snart som muleg stadfeste skriftleg ovanfor bodgjevar at bod er motteke.

Bod som ikkje er skriftleg, eller som har kortare akseptfrist enn til kl. 12.00 dagen etter siste annonserte vising, vil ikkje bli formidla til seljar. Meklar vil heller ikkje formidle bod med atterhald om at bodet er hemmeleg for andre bodgjevarar. Eit bod er bindande for bodgjevar når bodet er blitt gjort kjent for seljar. Seljar står fritt til å akseptere eller forkaste eitkvart bod, og pliktar såleis ikkje å akseptere det høgste bodet på eigedomen.

Meklar skal, i den grad det er naudsynt og muleg, informere dei involverte i bodrunden skriftleg om status i bodgjevinga.
Meklar pliktar å leggje til rette for ei forsvarleg avvikling av bodrunden. For at boda skal kunne bli handsama og formidla vidare skriftlig til alle involverte partar, må eitkvart bod ha ein tilstrekkeleg lang akseptfrist, og uansett bør ikkje eit bod ha ein akseptfrist på mindre enn 30 minutt frå bodet vert gjeve. Seljar må skriftleg akseptere bodet før bodaksept kan formidlast til bodgjevar.
Ein gjer merksam på at bod som vert gjeve etter normal arbeidstid vert handsama/formidla påfølgjande arbeidsdag.

Seljar og kjøpar har krav på å få utlevert kopi av bodjournalen straks etter at handel er komt i stand. Alle som har gjeve bod på eigedomen kan på førespurnad få en kopi av anonymisert bodjournal etter at bodrunden er avslutta.
Ein syner elles til "Forbrukarinformasjon om bodgjeving", som er teke inn på baksida av bodskjema i salsoppgåva.
Overtaking
Etter avtale med seljar.
Seld "som den er"
Salet vert regulert av Lov om avhending av fast eigedom. Eigedomen vert seld i den stand den var under synfaring, jf. avhendingslova § 3-9, "som den er". Dette avtalepunktet medfører at avhendingslova sine reglar om når eigedomen har mangel vert fråvike til ugunst for kjøpar.

Eigedomen har likevel mangel i følgjande tilfelle:
Når kjøpar ikkje har fått opplysningar om forhold ved eigedomen som seljar kjende eller måtte kjenne til, og som kjøpar hadde grunn til å rekne med å få. Dette gjeld likevel berre dersom ein kan gå ut frå at det har verka inn på avtalen at opplysningane ikkje vart gitt.
Når seljar har gitt urette opplysningar om eigedomen. Det same gjeld dersom eigedomen ikkje er i samsvar med opplysningar som er gitt i annonse, salsprospekt eller ved anna marknadsføring på vegne av seljar. Dette gjeld likevel berre dersom ein kan gå ut frå at opplysningane har verka inn på avtalen, og ikkje har vorte retta i tide.
Når eigedomen er i vesentleg dårlegare stand enn kjøpar hadde grunn til å rekne med ut frå kjøpesummen og forholda elles.
Når tomta har vesentleg mindre areal enn opplyst av seljar.
Nøkkelinfo
Primærrom ? 66 m2
Bruksareal ? 66 m2
Rom 4
Byggeår 1981
Tomte­areal 495 m2
Energi­merking ? E
Vising

Ta kontakt for å avtale vising.

Kontakt meklar
Bilete av Jan  Rune  Årøy
Jan Rune Årøy
Eigedomsmeklar MNEF
Sogndal
Tilbake til bustadutlisting

Skal gje forbrukarane kunnskap om energiforbruket til bueininga. Alle bustader, fritidsbustader og yrkesbygg skal energimerkast ved sal og utleige. Sjå energimerking.no for meir informasjon.

P-rom vert målt frå innsida av yttervegg inkludert veggane mellom desse areala. Dette er innvendige areal av bustaden som vert brukt til kort- eller langvarig opphald (opphaldsrom), til dømes stove, kjøken, bad, soverom, vaskerom og gangareal mellom desse. Bodareal/areal for lagring/tekniske rom inngår ikkje i primærrom.

Arealet av bygingen målt frå utvendig vegg til utvendig vegg eller midt i skiljevegg mot anna brukseining eller fellesareal.

Bruksareal er summen av det arealet som ligg innanfor ytterveggane, og vert målt frå innsida av yttervegg til innsida av yttervegg. Alt areal av innvendige veggar er medrekna. Målbart areal skal ha takhøgd på 1,9 meter.

Hodlekve
Sogndal
Prisant. 2750000
Soverom 3
Bustadtype Fritid
Eigarform Eigar (Sjølveigar)
Nøkkelinfo
Primærrom ? 66 m2
Bruksareal ? 66 m2
Rom 4
Byggeår 1981
Tomte­areal 495 m2
Energi­merking ? E
Vising

Ta kontakt for å avtale vising.

Kor mykje treng du låne?
Prøv Sparebanken Sogn og Fjordane sin lånekalkulator
I nærområdet