Flott del av tomannsbustad med landleg plassering i Brandsøy

Vis i kart
Planteskulevegen 5B
Florø
Prisant. 3100000
Soverom 4
Bustadtype Tomannsbustad
Eigarform Eigar (Sjølveigar)

Flott del av tomannsbustad med landleg plassering i Brandsøy

Eigedom
Planteskulevegen 5B
6908 Florø
Om eigedomen
Del av tomannsbustad som ligg flott til på ei høgd på veg mot Planteskulen i Brandsøya. Herlege uteareal med stor usjenert hage og tillaga fine utearrangement med t.d badestamp og terrasse. Her bur du landleg og fint med kort veg til sjø, golfbane, ridebane, skule og barnehage. Bustaden ligg og i ein blindveg i eit stille og roleg område. Trygg veg til skulen og barmehage med flotte leikeplassar via undergang og gangveg.
Innhald
Bustaden er på to plan og har i hovudetasjen kjøkken og stove i open løysing, eit soverom, bad, vaskerom, gang / trapperom, ei bod uner trappa og vindfang.
Loftet har 3 soverom, bad, gang / trapperom og ei bod / kontor.
Utebod
Standard
Bustaden framstår som godt vedlikehold med mange gode løysingar. Moderne fargar og gode kvalitetar.

Innvendige veggar har overflater av : - malt panel, ferdigmalte plater, malt tapet, perle panelplater. slettmalt strie og slettmalt strie struktur.
Golva: - flis, flismønstra laminat, parkett, laminat i grå, lys laminat.
Himlingar har : - ferdigmalt plater 60x120, furu panel i tak og skråtak (bad oppe), malt panel.
Det fleste overflatene er tatt igjen og stue har moderne farger på vegger.
Byggjemåte
Bustaden har ytterveggar i bindingsverk med isolasjon
Endringar innvendig : - Innvendig blei vaskerom utvida 2015 / 16 med at ein tok ei tidlegare bod inn i vaskerom.
Loftet blei ombygd i 2015/16 ved at tidlegare loftsstove blei omgjort til soverom.
Kjøkkenvegg blei tatt ned og opna opp mot stova. Laga til bod under trapp.

Med omsyn til den tekniske standarden på bygningane vert det elles vist til takst av Stein Strømsnes, datert 08042019.

Kjøpar pliktar å gjere seg kjend med innhaldet i taksten og i eigenerklæring frå seljar som ligg ved salsoppgåva før det vert lagt inn bod på eigedommen. Meklar gjer elles merksam på kjøpar si undersøkingsplikt med heimel i avhendingslova.
Areal og fordeling per etasje
Primærrom: 138 kvm, Bruksareal: 153 kvm, Bruttoareal: 166 kvm
Alle rom er P-rom unnateke: Bodareal

BRA pr. etasje:
1.Etasje: 88 m2
2.Etasje: 55 m2

Areala er henta frå takst utført av autorisert takstmann og er i samsvar med NS 3940. Meklar har ikkje kontrollert areala.
Parkering
God parkeringsplass ved bustaden
Tomt
Areal: 1 460 kvm, Eierform: Fellestomt
Tomta har direkte avkøyring frå asfaltert veg til stor oppstillingsplass for fleire bilar. Tomta hallar mot nord. I sør på tomta er det planta hekk mot veg og mot nabo. Grøntareal med noke beplantning. Det er tillaga trapp til øverste delen av tomta der eit fin eit flott uteområde med platting og badestamp. Tomta er her usjenert og lun.
Det er laga grunnmur i Løkkebøstein mot tilkomstveg.
Tomta har eit samla areal på 1460 m2, denne delen av tomannsbustaden disponerer ca. 756 m2.

Meklar gjer merksam på at det i taksten blir henvist til garasje som seljar har fått teikna. Det er rett, seljar har planlagt og fått teikna garasje men denne er ikkje omsøkt i kommunen og det er pd ikkje noke byggeløyve til denne.
Teikninga til garasjen er det mogleg p få kjøpe hjå seljar.
Regulering/offentleg godkjenning
Eigedomen ligg i område som er avsett til bustader plan ID: 19980107
Veg, vatn, avlaup
Offentleg vatn og avlaup via private stikkleidningar.
Bustaden tilkopla offentleg annlegg for vatn og kloakk. Bustaden har pumpekum i lag med nabo og felles pumpe for kloakk. Felles vedlikehald.
Energimerking
Oppvarmingskarakter Gul - Energikarakter C
Tilkomst
Tilkomst frå hovudveg
Oppvarming
Set inn tekst-tekst manglar
Kommunale avgifter
Kr. 24 677 inkl. evt. eigedomsskatt.
Faste kostnader
Straum og nettleige etter eige forbruk.
Forsikring er estimert til mellom 4 - 8 000,- pr. år og vil variere med kva tilbod ein har med sitt forsikringselskap.
Kommunale avgifter og eigedomskatt.
Meklar gjer merksam på at desse utgiftene er knytt til dagens eigar og at desse vil kunne endre seg med omsyn til anna bruk av bustaden enn i dag eller andre avtalar med leverandørar.
Formueverdi
Likningsverdi som primærbustad kr 778 292 per 31.12.17
Likningsverdi som sekundærbustad kr 2 801 849 per 31.12.17
Ferdigattest
Det føreligg ferdigattest frå Flora kommune datert 18.10.2004.
Opprinneleg bod på loftet er laga til eit soverom og mindre bodareal er laga til mot aust. Det er ikkje søkt eller meldt bruksendring om dette.
Opplysningar om sameige.
Sameie: Ingen Navn Eller Org Nummer

Med eigarseksjon meinast sameigedel i bebygd eigedom med tilknytta einerett til bruk av ein av fleire bustader eller andre brukseiningar i eigedomen.
I følgje lov om eigarseksjonar kan ingen erverve meir enn to bustadseksjonar i sameige.
Rekneskap/vedtekter
Kjøpar vert oppmoda til å setje seg inn i rekneskap, vedtekter og evt. husordensreglar. Kjøpar godkjenner som bindande for seg sameiget sine vedtekter og husordensreglar herunder evt. reglar om husdyrhald.
Om det ikkje fins rekneskap skriv følgjande: Sameiget er enkelt organisert, og ikkje rekneskapspliktig (sjekk dette). Vi har difor ikkje motteke rekneskap, budsjett, ol og kan difor ikkje opplyse om slike forhold.
Godkjenning/forkjøpsrett
Sjeldan i sameige, men sjekk vedtektene.
Legalpant
Sameige har legalpant for inntil 2G for dekking av ubetalte felleskostnader.
Utleige
Seksjonen kan i sin heilheit leigast ut til bustadføremål. (sjekk mot vedtekter)
Diverse
Bustaden er del av ein tomannsbustad som er organisert som eit sameige med to seksjonar. Det er ikkje nokon fellesutgifter for sameige. Dei to seksjonane er saman om vedlikehald av felles pumpe for avlaupet.
Forsikring
Eigedomen er forsikra gjennom sameige og vert betalt som ein del av felleskostnadane. Kjøpar må teikne innbuforsikring frå overtakingsdato.

Eller: Eigedomen er forsikra av seljar. Kjøpar må teikne bygg og innbuforsikring frå og med overtakingsdato. Interessentar som ønskjer tilbod om forsikring kan kontakte meklar.
Bustadseljarforsikring
Bustaden er seld med bustadseljarforsikring.
Bustadkjøparforsikring
Eigedomsmekling Sogn og Fjordane AS formidlar bustadkjøparforsikring frå HELP Forsikring AS. Dette er ei rettshjelpsforsikring som gir tryggleik og profesjonell juridisk hjelp dersom det vart oppdaga uventa feil og manglar ved bustaden. Ta kontakt med meklar for meir informasjon eller les meir om forsikringa på www.help.no.
Finansiering
Interessentar som ønskjer tilbod om finansiering i Sparebanken Sogn og Fjordane kan kontakte meklar.
Kvitvasking
Eigedomsmekling Sogn og Fjordane AS er underlagt lov om kvitvasking og terrorfinansiering, og pliktar å rapportere til økokrim om mistenkjelege transaksjonar. Vidare er det strenge reglar om kontroll av legitimasjon frå alle partar og/eller reelle rettigheitshavarar i samband med handelen (seljar, kjøpar og fullmektigar for desse).
Bodgjeving
Alle bod skal gjevast skriftleg til meklar. Det første bodet skal gjevast på bodskjema påført bodgjevar sin signatur. I tillegg må bodgjevar ha legitimert seg. Seinare bod kan gjevast per e-post, SMS eller per faks til meklar. Bod kan også gjevast via bodgjevingsplattform på nett eller app. Veljast denne løysinga, er det ikkje krav til å sende det første bodet på bodskjema. Meklar skal så snart som muleg stadfeste skriftleg ovanfor bodgjevar at bod er motteke.

Bod som ikkje er skriftleg, eller som har kortare akseptfrist enn til kl. 12.00 dagen etter siste annonserte vising, vil ikkje bli formidla til seljar. Meklar vil heller ikkje formidle bod med atterhald om at bodet er hemmeleg for andre bodgjevarar. Eit bod er bindande for bodgjevar når bodet er blitt gjort kjent for seljar. Seljar står fritt til å akseptere eller forkaste eitkvart bod, og pliktar såleis ikkje å akseptere det høgste bodet på eigedomen.

Meklar skal, i den grad det er naudsynt og muleg, informere dei involverte i bodrunden skriftleg om status i bodgjevinga.
Meklar pliktar å leggje til rette for ei forsvarleg avvikling av bodrunden. For at boda skal kunne bli handsama og formidla vidare skriftlig til alle involverte partar, må eitkvart bod ha ein tilstrekkeleg lang akseptfrist, og uansett bør ikkje eit bod ha ein akseptfrist på mindre enn 30 minutt frå bodet vert gjeve. Seljar må skriftleg akseptere bodet før bodaksept kan formidlast til bodgjevar.
Ein gjer merksam på at bod som vert gjeve etter normal arbeidstid vert handsama/formidla påfølgjande arbeidsdag.

Seljar og kjøpar har krav på å få utlevert kopi av bodjournalen straks etter at handel er komt i stand. Alle som har gjeve bod på eigedomen kan på førespurnad få en kopi av anonymisert bodjournal etter at bodrunden er avslutta.
Ein syner elles til "Forbrukarinformasjon om bodgjeving", som er teke inn på baksida av bodskjema i salsoppgåva.
Overtaking
Etter avtale med seljar.
Seld "som den er"
Salet vert regulert av Lov om avhending av fast eigedom. Eigedomen vert seld i den stand den var under synfaring, jf. avhendingslova § 3-9, "som den er". Dette avtalepunktet medfører at avhendingslova sine reglar om når eigedomen har mangel vert fråvike til ugunst for kjøpar.

Eigedomen har likevel mangel i følgjande tilfelle:
Når kjøpar ikkje har fått opplysningar om forhold ved eigedomen som seljar kjende eller måtte kjenne til, og som kjøpar hadde grunn til å rekne med å få. Dette gjeld likevel berre dersom ein kan gå ut frå at det har verka inn på avtalen at opplysningane ikkje vart gitt.
Når seljar har gitt urette opplysningar om eigedomen. Det same gjeld dersom eigedomen ikkje er i samsvar med opplysningar som er gitt i annonse, salsprospekt eller ved anna marknadsføring på vegne av seljar. Dette gjeld likevel berre dersom ein kan gå ut frå at opplysningane har verka inn på avtalen, og ikkje har vorte retta i tide.
Når eigedomen er i vesentleg dårlegare stand enn kjøpar hadde grunn til å rekne med ut frå kjøpesummen og forholda elles.
Når tomta har vesentleg mindre areal enn opplyst av seljar.
Nøkkelinfo
Primærrom ? 138 m2
Bruksareal ? 153 m2
Bruttoareal ? 166 m2
Byggeår 2004
Tomte­areal 1460 m2
Eigarskifte­forsikring Ja
Energi­merking ? C
Vising
onsdag 24. april, 17:00 – 18:00
Kontakt meklar
Bilete av Tordis  Russøy
Tordis Russøy
Eigedomsmeklar MNEF
Florø
Tilbake til bustadutlisting

Skal gje forbrukarane kunnskap om energiforbruket til bueininga. Alle bustader, fritidsbustader og yrkesbygg skal energimerkast ved sal og utleige. Sjå energimerking.no for meir informasjon.

P-rom vert målt frå innsida av yttervegg inkludert veggane mellom desse areala. Dette er innvendige areal av bustaden som vert brukt til kort- eller langvarig opphald (opphaldsrom), til dømes stove, kjøken, bad, soverom, vaskerom og gangareal mellom desse. Bodareal/areal for lagring/tekniske rom inngår ikkje i primærrom.

Arealet av bygingen målt frå utvendig vegg til utvendig vegg eller midt i skiljevegg mot anna brukseining eller fellesareal.

Bruksareal er summen av det arealet som ligg innanfor ytterveggane, og vert målt frå innsida av yttervegg til innsida av yttervegg. Alt areal av innvendige veggar er medrekna. Målbart areal skal ha takhøgd på 1,9 meter.

Planteskulevegen 5B
Florø
Prisant. 3100000
Soverom 4
Bustadtype Tomannsbustad
Eigarform Eigar (Sjølveigar)
Nøkkelinfo
Primærrom ? 138 m2
Bruksareal ? 153 m2
Bruttoareal ? 166 m2
Byggeår 2004
Tomte­areal 1460 m2
Eigarskifte­forsikring Ja
Energi­merking ? C
Vising
onsdag 24. april, 17:00 – 18:00
Kor mykje treng du låne?
Prøv Sparebanken Sogn og Fjordane sin lånekalkulator
I nærområdet