Flott einebustad med panorama og utleigeleilegheit

Vis i kart
Haugavegen 25A
Gaupne
Prisant. 4200000
Soverom 5
Bustadtype Einebustad
Eigarform Eigar (Sjølveigar)

Flott einebustad med panorama og utleigeleilegheit

Eigedom
Haugavegen 25A
6868 Gaupne
Om eigedomen
Eigedomen ligg sentralt til i rolege og barnevennlege omgivelsar i Haugavegen like ved Gaupne sentrum. Området ligg fint til med gode
soltilhøve og flott utsikt over Gaupne. Gaupne er kommunesenter for Luster kommune og har eit variert arbeidsmarked, dei fleste servicetilbod og godt utbygd fritidstilbod. Området byr på rike naturopplevingar med kort avstand til fjord og fjell. Jotunheimen ligg innanfor 30 min. køyretid.
Innhald
Innhaldsrik einebustad med godkjend utleigedel i underetasje.
Bustaden er på 2 etasjar og inneheld:
Underteg: Vaskerom med utgang til hage (tilhøyrer 1.etg.), trappeoppgang til 1.etg. og bod. Utleige delen inneheld: Vindfang, 2 soverom, kjøken, romsleg stove, bad, bod og vaskerom.
1.etg: Vindfang, gang, kjøken, vaskerom med utgang til hage, stove, 3 soverom, bad og wc.

Utleigedelen er utleigd til 7 500,- pr mnd.

Eigedomen har innlagt fiber.
Standard
Bustaden er oppført i 1983 med den tids tekniske standard. Solid byggverk med materialar frå eigen skog.
Etter oppføring er det gjort løypande vedlikehald både ute og inne.
Hovuddelen er pussa opp og oppgradert med nye overflater den seinare tid. Baderom og kjøken er og skifta ut. Vindauge er og skifta i dei fleste rom i ulike omgangar. Nytt taktekke av Decra samt nye lekter, takrenner og nedløp i 2007.

Underetasje:
Det meste av utleigedelen vart fornya i 2009. Leilegheita har eigen straum- og vassmålar, og alle vindauger vart skifta i 2014. Varmepumpe vart montert i 2013. I stova er det plass til ete- og sittegrupper, og vedomn frå 2016 montert. Det er lagt nye røyr og veggplater til vedomn.
Badet har ny baderomsinnreiing frå 2013 og er innreia med toalett, dusjhjørne med skyedører, servant med underskåp og høgskåp. På vaskerom er det opplegg for vaskemaskin. Det er varmekablar på golv på vaskerom og bad. Kjøkenet er av eldre dato og har plass til etegruppe. God skåpplass og benkeflate. Etasjen har 2 soverom av ulik størrelse. Leilegheita har eigen inngang med uteplass, og eigen parkeringsplass.
Til hovudetasjen tilhøyrer nyoppussa vaskerom med utgang til hage, praktisk bod og gangareal med trappeoppgang til 1.etg.

1.etg:
Etasjen har 3 soverom innreia med garderobeskåp der det største rommet har utgang til veranda. Badet er innreia med boblebadekar, dusjhjørne med forheng, servant med under- og sideskåp. Nytt frå 2014/2015.
Etasjen har også eit wc innreia med toalett og servant med underskåp, og eit vaskerom med direkte utgang til hage. Stova er lys og romsleg med plass til både sitte- og etegrupper. Frå stova er det tilkomst til 2 verandaer av god størrelse med flott utsikt over Gaupne. Veranda med tilkomst frå stove og soverom har terrassebelegg og terrassebord, medan den andre er flisbelagt. I 2000 vart det montert nye vindauger og verandadører. I stova er det også oppført vedomn. Kjøkenet i 1.etg. er av nyare dato levert av Norema med kvite profilerte dører og innbygde kvitevarer. Her er det godt med skåpplass og benkeflate. Vaskerommet har varmekablar i golv og eigen inngang. Måla flater, ny vask og armatur + utespring.
Inngangsparti er flott opparbeida med skifer/heller.

Elles har bustaden:
- Skjult teknisk anlegg
- Vassrøyr av kopar, og avlaupsrøyr av plast
- Automatsikringar
- Nye varmtvasstankar i begge etasjar 2005
- Vassmålar i kvar etasje
- Villavent på loft som trekker opp luft frå begge etasjar
- Seriekopla røykvarslar
- Markiser for stoveglas i begge etasjane. Elektriske i 1.etg.
Byggjemåte
Bustaden er fundamentert på utsprengd tomt. Golv på grunn med grunnmur i betong. Mur har innvendig utfôring og frontvegg er av tre. Oppfora golv i underetg. Over underetg. ligg det trebjelkelag og lydbjelkar ved leilegheit. 1.etg. er plassbygd i isolert 6" bindingsverk med utvendig vindtetting og værhud av beisa trekledning. Taket består av plassbygd saltakkonstruksjon med undertak av plater og Decra tekking. Bustaden har 2-lags vindauge i trekarm. Desse er skifta i ulike bolkar etter oppføring.
Del av underetg. er bygd under altandekke. Generelt er dette risikokonstruksjon m.t.p. kondens og fuktskade.

Utvendig er det tilbygd altan med utgang frå hovedsoverom og stove. Denne er noko utvida i høve original storleik. I gavl ved stove er det overbygd altan. Takoverbygg ved inngang på 1.etg.

Innvendig er det nytta laminat, parkett og belegg på golv. Veggar er trekte/måla, noko med trepanel. Plankett i del av himling ellers kvit himling. Vaskerom i 1.etg. har belegg og baderomsplater. På bad er det flis på golv, baderomsplater og flis i dusjnisje. Oppgradert bad i underetg.

Garasje:
Grunnmur og golv på grunn. Over grunnmur er det plassbygd trekonstruksjon. Taket består av Decra taktekking.
Garasjen har utvida portopning, større og isolert garasjeport med motor. Nytt elektrisk anlegg i 2018 og ny garasjeport i 2019. Garasjen er på 33 kvm.

Med omsyn til den tekniske standarden på bygningane vert det elles vist til takst av Aslak Randmo, datert 02.04.2019.

Kjøpar pliktar å gjere seg kjend med innhaldet i taksten og i eigenerklæring frå seljar som ligg ved salsoppgåva før det vert lagt inn bod på eigedommen. Meklar gjer elles merksam på kjøpar si undersøkingsplikt med heimel i avhendingslova.
Areal og fordeling per etasje
Primærrom: 213 kvm, Bruksareal: 222 kvm
Alle rom er P-rom unnateke: Boder

BRA pr. etasje:
Underetasje: 119 kvm
1.Etasje: 103 kvm
Areala er henta frå takst utført av autorisert takstmann og er i samsvar med NS 3940. Meklar har ikkje kontrollert areala.
Parkering
Eigedomen har parkering i garasje og på tunet.
Utleigedelen har eigen parkering.
Tomt
Areal: 1 025 kvm, Eierform: Eiet tomt
Fint opparbeida tomt med flott hageanlegg og frittståande romsleg garasje.
Regulering/offentleg godkjenning
Eigedomen er regulert til bustadføremål. Reguleringsplan for Sandvik Nord er gjeldande for dette området. Kopi av planen kan tingast ved henvendelse til meklar.
Veg, vatn, avlaup
Tilknytta offentleg vatn og avlaup via private stikkleidning.
Det er montert vassmålar for begge bueiningane.
Energimerking
Oppvarmingskarakter Gul - Energikarakter F
Tilkomst
Tilkomst frå offentleg veg.
Oppvarming
- Vedomn i begge etasjar
- Varmepumpe luft til luft i begge etasjar
- Elektrisk oppvarming
Kommunale avgifter
Kr. 14 494 pr. år
Kommunale avgifter inkluderar feieavgift, renovasjon, eigedomsskatt og 2 abonnement på vass- og kloakkavgift. Forbuk jfr. vassmålar kjem i tillegg.
Faste kostnader
Straum og nettleige etter eige forbruk. ca. kr 16 500 - 18 000,- pr år. Utleigedelen har eigen straummålar.
Innbuforsikring.
Forsikring.
Kommunale avgifter og eigedomskatt.
Meklar gjer merksam på at faste laupande kostnader vil kunne variere med omsyn til bruk av bustaden og avtalar med leverandørar.
Formueverdi
Likningsverdi som primærbustad kr 697 797 per 31.12.17
Likningsverdi som sekundærbustad kr 2 512 070 per 31.12.17
Ferdigattest
Det føreligg ferdigattest frå Luster kommune datert 12.11.1984. Denne ligg vedlagt salsoppgåva.
Konsesjon
Eigedomen er ikkje konsesjonspliktig.
Utleige
Eigedomen kan i sin heilhet leigast ut til bustadføremål.
Eigen godkjent utleigeeining.
Bustadseljarforsikring
Bustaden er seld med bustadseljarforsikring.
Bustadkjøparforsikring
Eigedomsmekling Sogn og Fjordane AS formidlar bustadkjøparforsikring frå HELP Forsikring AS. Dette er ei rettshjelpsforsikring som gir tryggleik og profesjonell juridisk hjelp dersom det vart oppdaga uventa feil og manglar ved bustaden. Ta kontakt med meklar for meir informasjon eller les meir om forsikringa på www.help.no.
Finansiering
Interessentar som ønskjer tilbod om finansiering i Sparebanken Sogn og Fjordane kan kontakte meklar.
Kvitvasking
Eigedomsmekling Sogn og Fjordane AS er underlagt lov om kvitvasking og terrorfinansiering, og pliktar å rapportere til økokrim om mistenkjelege transaksjonar. Vidare er det strenge reglar om kontroll av legitimasjon frå alle partar og/eller reelle rettigheitshavarar i samband med handelen (seljar, kjøpar og fullmektigar for desse).
Bodgjeving
Alle bod skal gjevast skriftleg til meklar. Det første bodet skal gjevast på bodskjema påført bodgjevar sin signatur. I tillegg må bodgjevar ha legitimert seg. Seinare bod kan gjevast per e-post, SMS eller per faks til meklar. Bod kan også gjevast via bodgjevingsplattform på nett eller app. Veljast denne løysinga, er det ikkje krav til å sende det første bodet på bodskjema. Meklar skal så snart som muleg stadfeste skriftleg ovanfor bodgjevar at bod er motteke.

Bod som ikkje er skriftleg, eller som har kortare akseptfrist enn til kl. 12.00 dagen etter siste annonserte vising, vil ikkje bli formidla til seljar. Meklar vil heller ikkje formidle bod med atterhald om at bodet er hemmeleg for andre bodgjevarar. Eit bod er bindande for bodgjevar når bodet er blitt gjort kjent for seljar. Seljar står fritt til å akseptere eller forkaste eitkvart bod, og pliktar såleis ikkje å akseptere det høgste bodet på eigedomen.

Meklar skal, i den grad det er naudsynt og muleg, informere dei involverte i bodrunden skriftleg om status i bodgjevinga.
Meklar pliktar å leggje til rette for ei forsvarleg avvikling av bodrunden. For at boda skal kunne bli handsama og formidla vidare skriftlig til alle involverte partar, må eitkvart bod ha ein tilstrekkeleg lang akseptfrist, og uansett bør ikkje eit bod ha ein akseptfrist på mindre enn 30 minutt frå bodet vert gjeve. Seljar må skriftleg akseptere bodet før bodaksept kan formidlast til bodgjevar.
Ein gjer merksam på at bod som vert gjeve etter normal arbeidstid vert handsama/formidla påfølgjande arbeidsdag.

Seljar og kjøpar har krav på å få utlevert kopi av bodjournalen straks etter at handel er komt i stand. Alle som har gjeve bod på eigedomen kan på førespurnad få en kopi av anonymisert bodjournal etter at bodrunden er avslutta.
Ein syner elles til "Forbrukarinformasjon om bodgjeving", som er teke inn på baksida av bodskjema i salsoppgåva.
Overtaking
Etter avtale med seljar.
Seld "som den er"
Salet vert regulert av Lov om avhending av fast eigedom. Eigedomen vert seld i den stand den var under synfaring, jf. avhendingslova § 3-9, "som den er". Dette avtalepunktet medfører at avhendingslova sine reglar om når eigedomen har mangel vert fråvike til ugunst for kjøpar.

Eigedomen har likevel mangel i følgjande tilfelle:
Når kjøpar ikkje har fått opplysningar om forhold ved eigedomen som seljar kjende eller måtte kjenne til, og som kjøpar hadde grunn til å rekne med å få. Dette gjeld likevel berre dersom ein kan gå ut frå at det har verka inn på avtalen at opplysningane ikkje vart gitt.
Når seljar har gitt urette opplysningar om eigedomen. Det same gjeld dersom eigedomen ikkje er i samsvar med opplysningar som er gitt i annonse, salsprospekt eller ved anna marknadsføring på vegne av seljar. Dette gjeld likevel berre dersom ein kan gå ut frå at opplysningane har verka inn på avtalen, og ikkje har vorte retta i tide.
Når eigedomen er i vesentleg dårlegare stand enn kjøpar hadde grunn til å rekne med ut frå kjøpesummen og forholda elles.
Når tomta har vesentleg mindre areal enn opplyst av seljar.
Nøkkelinfo
Primærrom ? 213 m2
Bruksareal ? 222 m2
Byggeår 1983
Tomte­areal 1025 m2
Eigarskifte­forsikring Ja
Energi­merking ? F
Vising

Ta kontakt for å avtale vising.

Kontakt meklar
Bilete av Jan  Rune  Årøy
Jan Rune Årøy
Eigedomsmeklar MNEF
Sogndal
Tilbake til bustadutlisting

Skal gje forbrukarane kunnskap om energiforbruket til bueininga. Alle bustader, fritidsbustader og yrkesbygg skal energimerkast ved sal og utleige. Sjå energimerking.no for meir informasjon.

P-rom vert målt frå innsida av yttervegg inkludert veggane mellom desse areala. Dette er innvendige areal av bustaden som vert brukt til kort- eller langvarig opphald (opphaldsrom), til dømes stove, kjøken, bad, soverom, vaskerom og gangareal mellom desse. Bodareal/areal for lagring/tekniske rom inngår ikkje i primærrom.

Arealet av bygingen målt frå utvendig vegg til utvendig vegg eller midt i skiljevegg mot anna brukseining eller fellesareal.

Bruksareal er summen av det arealet som ligg innanfor ytterveggane, og vert målt frå innsida av yttervegg til innsida av yttervegg. Alt areal av innvendige veggar er medrekna. Målbart areal skal ha takhøgd på 1,9 meter.

Haugavegen 25A
Gaupne
Prisant. 4200000
Soverom 5
Bustadtype Einebustad
Eigarform Eigar (Sjølveigar)
Nøkkelinfo
Primærrom ? 213 m2
Bruksareal ? 222 m2
Byggeår 1983
Tomte­areal 1025 m2
Eigarskifte­forsikring Ja
Energi­merking ? F
Vising

Ta kontakt for å avtale vising.

Kor mykje treng du låne?
Prøv Sparebanken Sogn og Fjordane sin lånekalkulator
I nærområdet