Flott eigarleilegheit i Sagaparken Panorama! VISNING TYSDAG 11.6 kl 15.30 - 16.15

Vis i kart
Sjøgata 31 - Sagaparken Panorama
Nordfjordeid
Prisant. 3750000
Soverom 1
Etasje 4
Bustadtype Leilegheit
Eigarform Eigar (Sjølveigar)

Flott eigarleilegheit i Sagaparken Panorama! VISNING TYSDAG 11.6 kl 15.30 - 16.15

Eigedom
Sjøgata 31 - Sagaparken Panorama
6770 Nordfjordeid
4. etasje
Om eigedomen
Leilegheita ligg veldig gunstig til. Det er berre å ta heisen ned i garasjedelen og herifrå går ein tørrskodd rett til Amfi Nordfjord.

Det er rett ut til Sagaparken med badeområde og grill/samlingsplass. Meget kort veg til alt av sentrumsfasilitetar. Elles er også barnehagar, skular, idrettshallar og mykje til innan gåavstand.

Her kan ein bu enkelt og bruke tida si på akkurat det ein har mest lyst til. Om det er ski, reising, naturopplevingar, venner eller berre vere for seg sjølv har ein eit meir enn godt utgangspunkt i Sagaparken Panorama.
Innhald
Leilegheita er over eit plan og inneheld:
Disponibelt rom/bod, bad, vaskerom, eit soverom, kjøkken/stove. Elles er det garasjeplass i underetasje, her finn ein også ei bod.
Standard
Leilegheita er gjennomgåande lys, luftig og særs trivleg. Det er nydeleg utsikt frå omlag alle rom og særleg frå inntrukken altan med glasrekkverk. På altan er det flisdekke og fleire mulighetar for sitjegrupper.
Kjøkken frå Fossline er bra utbygd med skap og benkeplass. Det er integrerte stål-kvitevarer og innreiinga går heilt i taket.
I stova/kjøkken er det godt med plass for spisebord og sofagruppe.

Badet er heilflisa med dusjhjørne, her er også opplegg for vaskemaskin.

Det er vassboren golvvarme i alle rom og balansert ventilasjon med varmegjenvinning.

Meklar har tilgjengeleg FDV dokumentasjon dersom ein ønskjer å lese gjennom dette.

Ein har også mulighet gjennom sameiget til å leige ei lita leilegheit (504) i toppetasjen for evt besøk om ein skulle ønske det. Dette må klarerast med styre, dei har også informasjon om prisar på å få låne denne leilegheita.

Meklar gjer særleg merksam på at seljar ikkje har bebudd eigedomen som vert lagt ut for sal, den har kunn i få og kortare periodar vert nytta som fritidsbustad. Seljar har difor ikkje spesifikk kunnskap om eigedomen, og har i avgrensa grad kunne supplere og/eller kontrollere opplysningane i denne salsoppgåva. Det kan i denne samanheng eksistere feil og skader på eigedomen som ikkje er spesifikt opplyst. Kjøpar vert oppmoda til å føreta ei særleg grundig synfaring, helst med bistand av teknisk sakkyndig.
Byggjemåte
Frå prospekt utarbeidd av Dvergsdal og Sunde for prosjektet:
Bygningen blir oppført med berekonstruksjon i plasstøypt betong, betongelement, stål og tre. Etasjeskille blir utført med holdekke/støypt plate og
nødvendig isolasjon for lyd og branngjennomgang, med løysingar etter TEK10. Påstøyp på våtrom for å sikre fall mot sluk etter forskrift.
Ytterveggane blir utført i ein kombinasjon av betong, stål og trekonstruksjonar. Med hovedsaklig overflate av Kebony kledning og innslag av betong.
Skilleveggar for leilegheiter i plan 2 til 4 utført i betong som blir sparkla, stria, og målt. Plan 5 utført som bindingsverkskonstruksjon som blir plata, stria og målt. Takkonstruksjon blir bygd som kompakte takelement av typen Lett-tak.
Nedsenka himling av gipsplater i alle rom. Innvendige lettvegger er isolerte, og har stål/tre- stendarar og er kledd med gipsplater, sparkla, stria og malt. I bad, gang og andre begrensa områder kan takhøgde vere senka pga. røyrføringar. Himling i leil. blir utført med nedsenka himlingskonstruksjon, med gipsplater til overflate. Himling i fellesgang/trapperom blir utført med nedsenka systemhimling.
Balkong leverast med rekkverk i glas, med stål/alu konstruksjon. Balkongdekke av ubehandla betong. Altanar og andre konstruksjonar i betong er å sjå som utvendig konstruksjon, og mindre ansamlingar av vatn vil kunne oppstå på overflater og i renner etter regnver. Svinnsprekker i betong vil kunne oppstå

Med omsyn til den tekniske standarden på bygningane vert det elles vist til FDV dokumentasjon frå dei ulike leverandørar.

Kjøpar pliktar å gjere seg kjend med innhaldet i taksten og i eigenerklæring frå seljar som ligg ved salsoppgåva før det vert lagt inn bod på eigedommen. Meklar gjer elles merksam på kjøpar si undersøkingsplikt med heimel i avhendingslova.
Areal og fordeling per etasje
Primærrom: 70 kvm, Bruksareal: 70 kvm
Alle rom er P-rom unnateke:

BRA pr. etasje:
4.Etasje: 70 kvm

Areala er henta frå prospekt utarbeidd av Dvergsdal og Sunde. Meklar har ikkje kontrollert areala.
Parkering
Det er parkering i parkeringskjellar. Elles på oppstillingsplassar ved bygget.
Tomt
Areal: 1 004 kvm, Eierform: Fellestomt
Tomta er for det meste asfaltert. Her vil vere byggeaktivitet i tida framover.
Regulering/offentleg godkjenning
Eigedomen er i detaljreguleringsplan for Moengården Vest - PlanID 2015002 - regulert til bustad/forretnign/kontor. Plankart, føresegner og andre dokument som vedkjem planen finn du i kommunen sitt digitale planregister: http://webhotel2.gisline.no/GISLINEWebplan_1443/gl_planarkiv.aspx?knr=1443&planid=2015002
Veg, vatn, avlaup
Det er offentleg vatn, avlaup og veg via private stikkledningar.
Tilkomst
Det er svært enkel adkomst til Sagaparken Panorama.
Oppvarming
Det er golvvarme i alle golv. Elles er det balansert ventilasjon og elektrisk oppvarming.
Kommunale avgifter
Kr. 13 400 pr. år inkl. evt. eigedomsskatt.
Faste kostnader
Meklar gjer merksam på at faste laupande kostnader vil kunne variere med omsyn til bruk av bustaden og avtalar med leverandørar.
Eigar må sjølv teikne fullverdi og innbuforsikring. Prisar på dette vil variere med om ein er totalkunde osv. hjå forsikringselskap.

Vassboren varme til golv betalast gjennom fellesutgifter pr mnd. Det er eit a-kontobeløp slik at det gjerast ei avrekning ved årsslutt der det kjem fram om ein får tilbake eller skyldar nokre kroner for golvvarmen.
Elles er det straumkostnad til anna elektronikk i leilegheita som vil komme i tillegg.
Formueverdi
Likningsverdi som primærbustad kr 439 943 per 31.12.17
Likningsverdi som sekundærbustad kr 1 583 794 per 31.12.17
Ferdigattest
Det føreligg ferdigattest frå Eid kommune datert 11.10.2017. Denne ligg ikkje vedlagt, men er etterspurt hjå Eid kommune.
Felleskostnader
1 850 pr. mnd. forsikring, straum i fellesareal, felles vedlikehald, vaktmeistertenester, forretningsfører.
Akonto beløp til betaling av vassboren varme på kr 500,- er lagt til i felleskostnad.
2 310 pr. mnd. forsikring, straum i fellesareal, felles vedlikehald, vaktmeistertenester, forretningsfører.
Akonto beløp til straum på kr 500,- er lagt til i felleskostnad.
Opplysningar om sameige.
Sameie: Sagaparken Panorama, Orgnr.: 919263075

Med eigarseksjon meinast sameigedel i bebygd eigedom med tilknytta einerett til bruk av ein av fleire bustader eller andre brukseiningar i eigedomen.
I følgje lov om eigarseksjonar kan ingen erverve meir enn to bustadseksjonar i sameige.
Rekneskap/vedtekter
Kjøpar vert oppmoda til å setje seg inn i rekneskap, vedtekter og evt. husordensreglar. Kjøpar godkjenner som bindande for seg sameiget sine vedtekter og husordensreglar herunder evt. reglar om husdyrhald.
Om det ikkje fins rekneskap skriv følgjande: Sameiget er enkelt organisert, og ikkje rekneskapspliktig (sjekk dette). Vi har difor ikkje motteke rekneskap, budsjett, ol og kan difor ikkje opplyse om slike forhold.
Forretningsførar/rekneskapsførar
BOB
Godkjenning/forkjøpsrett
Styret i sameiget skal godkjenne nye eigarar. Det er ikkje bestemmingar om forkjøpsrett.
Legalpant
Sameige har legalpant for inntil 2G for dekking av ubetalte felleskostnader.
Utleige
Seksjonen kan i sin heilheit leigast ut til bustadføremål.
Forsikring
Eigedomen er forsikra gjennom sameige og vert betalt som ein del av felleskostnadane. Kjøpar må teikne innbuforsikring frå overtakingsdato.
Bustadseljarforsikring
Bustaden er seld utan bustadseljarforsikring. Det er entreprenørgaranti gjeldande til juli 2022.
Bustadkjøparforsikring
Eigedomsmekling Sogn og Fjordane AS formidlar bustadkjøparforsikring frå HELP Forsikring AS. Dette er ei rettshjelpsforsikring som gir tryggleik og profesjonell juridisk hjelp dersom det vart oppdaga uventa feil og manglar ved bustaden. Ta kontakt med meklar for meir informasjon eller les meir om forsikringa på www.help.no.
Finansiering
Interessentar som ønskjer tilbod om finansiering i Sparebanken Sogn og Fjordane kan kontakte meklar.
Kvitvasking
Eigedomsmekling Sogn og Fjordane AS er underlagt lov om kvitvasking og terrorfinansiering, og pliktar å rapportere til økokrim om mistenkjelege transaksjonar. Vidare er det strenge reglar om kontroll av legitimasjon frå alle partar og/eller reelle rettigheitshavarar i samband med handelen (seljar, kjøpar og fullmektigar for desse).
Bodgjeving
Alle bod skal gjevast skriftleg til meklar. Det første bodet skal gjevast på bodskjema påført bodgjevar sin signatur. I tillegg må bodgjevar ha legitimert seg. Seinare bod kan gjevast per e-post, SMS eller per faks til meklar. Bod kan også gjevast via bodgjevingsplattform på nett eller app. Veljast denne løysinga, er det ikkje krav til å sende det første bodet på bodskjema. Meklar skal så snart som muleg stadfeste skriftleg ovanfor bodgjevar at bod er motteke.

Bod som ikkje er skriftleg, eller som har kortare akseptfrist enn til kl. 12.00 dagen etter siste annonserte vising, vil ikkje bli formidla til seljar. Meklar vil heller ikkje formidle bod med atterhald om at bodet er hemmeleg for andre bodgjevarar. Eit bod er bindande for bodgjevar når bodet er blitt gjort kjent for seljar. Seljar står fritt til å akseptere eller forkaste eitkvart bod, og pliktar såleis ikkje å akseptere det høgste bodet på eigedomen.

Meklar skal, i den grad det er naudsynt og muleg, informere dei involverte i bodrunden skriftleg om status i bodgjevinga.
Meklar pliktar å leggje til rette for ei forsvarleg avvikling av bodrunden. For at boda skal kunne bli handsama og formidla vidare skriftlig til alle involverte partar, må eitkvart bod ha ein tilstrekkeleg lang akseptfrist, og uansett bør ikkje eit bod ha ein akseptfrist på mindre enn 30 minutt frå bodet vert gjeve. Seljar må skriftleg akseptere bodet før bodaksept kan formidlast til bodgjevar.
Ein gjer merksam på at bod som vert gjeve etter normal arbeidstid vert handsama/formidla påfølgjande arbeidsdag.

Seljar og kjøpar har krav på å få utlevert kopi av bodjournalen straks etter at handel er komt i stand. Alle som har gjeve bod på eigedomen kan på førespurnad få en kopi av anonymisert bodjournal etter at bodrunden er avslutta.
Ein syner elles til "Forbrukarinformasjon om bodgjeving", som er teke inn på baksida av bodskjema i salsoppgåva.
Overtaking
Etter avtale med seljar. Leilegheita er ledig for kjøpar.
Seld "som den er"
Salet vert regulert av Lov om avhending av fast eigedom. Eigedomen vert seld i den stand den var under synfaring, jf. avhendingslova § 3-9, "som den er". Dette avtalepunktet medfører at avhendingslova sine reglar om når eigedomen har mangel vert fråvike til ugunst for kjøpar.

Eigedomen har likevel mangel i følgjande tilfelle:
Når kjøpar ikkje har fått opplysningar om forhold ved eigedomen som seljar kjende eller måtte kjenne til, og som kjøpar hadde grunn til å rekne med å få. Dette gjeld likevel berre dersom ein kan gå ut frå at det har verka inn på avtalen at opplysningane ikkje vart gitt.
Når seljar har gitt urette opplysningar om eigedomen. Det same gjeld dersom eigedomen ikkje er i samsvar med opplysningar som er gitt i annonse, salsprospekt eller ved anna marknadsføring på vegne av seljar. Dette gjeld likevel berre dersom ein kan gå ut frå at opplysningane har verka inn på avtalen, og ikkje har vorte retta i tide.
Når eigedomen er i vesentleg dårlegare stand enn kjøpar hadde grunn til å rekne med ut frå kjøpesummen og forholda elles.
Når tomta har vesentleg mindre areal enn opplyst av seljar.
Nøkkelinfo
Primærrom ? 70 m2
Bruksareal ? 70 m2
Byggeår 2016
Tomte­areal 1004 m2
Vising

Ta kontakt for å avtale vising.

Kontakt meklar
Bilete av Sissel  Anett  Halnes
Sissel Anett Halnes
Eigedomsmeklar MNEF
Nordfjordeid
Tilbake til bustadutlisting

Skal gje forbrukarane kunnskap om energiforbruket til bueininga. Alle bustader, fritidsbustader og yrkesbygg skal energimerkast ved sal og utleige. Sjå energimerking.no for meir informasjon.

P-rom vert målt frå innsida av yttervegg inkludert veggane mellom desse areala. Dette er innvendige areal av bustaden som vert brukt til kort- eller langvarig opphald (opphaldsrom), til dømes stove, kjøken, bad, soverom, vaskerom og gangareal mellom desse. Bodareal/areal for lagring/tekniske rom inngår ikkje i primærrom.

Arealet av bygingen målt frå utvendig vegg til utvendig vegg eller midt i skiljevegg mot anna brukseining eller fellesareal.

Bruksareal er summen av det arealet som ligg innanfor ytterveggane, og vert målt frå innsida av yttervegg til innsida av yttervegg. Alt areal av innvendige veggar er medrekna. Målbart areal skal ha takhøgd på 1,9 meter.

Sjøgata 31 - Sagaparken Panorama
Nordfjordeid
Prisant. 3750000
Soverom 1
Etasje 4
Bustadtype Leilegheit
Eigarform Eigar (Sjølveigar)
Nøkkelinfo
Primærrom ? 70 m2
Bruksareal ? 70 m2
Byggeår 2016
Tomte­areal 1004 m2
Vising

Ta kontakt for å avtale vising.

Kor mykje treng du låne?
Prøv Sparebanken Sogn og Fjordane sin lånekalkulator
I nærområdet