Lekker, praktisk leilegheit i Kinnvegen med to parkeringsplassar og heis

Vis i kart
Kinnvegen 51
Florø
Prisant. 3680000
Soverom 3
Etasje 2
Bustadtype Leilegheit
Eigarform Eigar (Sjølveigar)

Lekker, praktisk leilegheit i Kinnvegen med to parkeringsplassar og heis

Eigedom
Kinnvegen 51
6906 Florø
2. etasje
Om eigedomen
Lekker leilegheit på to plan i Kinnvegen sameige. Bustaden er romsleg og har ei praktisk planløysing og god tilgjengelegheit med heis frå det store garasjeannlegget der ein har to parkeringsplassar. Solrike balkongar i begge etasjar. Eigedomen ligg sørvendt og solrikt til. Det er ca 2,1 km til sentrum. Kort gangavstand til det flotte friluftsområder på Sørstrand, barnehage og flyplassen. Storåsen med sine gode turmoglegheiter ligg like ved.
Innhald
Bustaden er på to plan og hovudetasjen har kjøkken og stove i open løysing, eit soverom, bad / wc,bod, vaskerom, entre / gang med trapp til loft.
Andre etasje har loftsstove med luke til kaldloft, to soverom, bad / wc og klesbod.
Utgang til balkong frå begge etasjar.
Standard
Leilegheita framstår lys, lekker og moderne med gode kvalitetar og standard.

Gulv: 2 stavparkett, fliser (inngang, boder), parkett, laminat.
Innvendige veggar har overflater av : - robust gips med slettmalt papirstrie og ferdigmalte plater.
Himlingar har : - takess, slettmalte flater og ferdigmalt panel.
Balansert ventilasjon av typen Niland Hedensted
Sentralstøvesugar
Innlagt fiber
Eigar har oppgradert el- anlegg for styring av straum og lys
Rør i rør
Montert waterstopp
Byggjemåte
Bustaden er oppført i 2009 i fleirfamiliehus på tilsaman 6 bustader. Bustaden går over to plan i 2. og 3. etasje med garasje i underetasjen. Det er heis i bygget.
Ytterveggar er plasstøypte betongveggar i underetasjen. Resterande ytterveggar er 148 mm isolerte trestenderverk. Gipsplater, lekter og utvendig glattpussa Aquapanelplater. Innvendig diffusjonssperre og plater.
Takkonstruksjon har sperretak i tre. Prefabrikerte A-takstolar, isolert med 350 mm min. ull, lufting, sutaksbord, papp, sløyfer, lekter og betongtakstein. Innvendig diffusjonsperre og takessplater. 2-lags superenergiglass.
Med omsyn til den tekniske standarden på bygningane vert det elles vist til takst av Stein Strømsnes, datert 03.04.2019.

Kjøpar pliktar å gjere seg kjend med innhaldet i taksten og i eigenerklæring frå seljar som ligg ved salsoppgåva før det vert lagt inn bod på eigedommen. Meklar gjer elles merksam på kjøpar si undersøkingsplikt med heimel i avhendingslova.
Areal og fordeling per etasje
Primærrom: 144 kvm, Bruksareal: 155 kvm, Bruttoareal: 171 kvm
Alle rom er P-rom unnateke: Boder

BRA pr. etasje:
2.Etasje: 88 kvm
3.Etasje: 67 kvm

Areala er henta frå takst utført av autorisert takstmann og er i samsvar med NS 3940. Meklar har ikkje kontrollert areala.
Parkering
Det følgjer med 2 parkeringsplasser i garasjeanlegg. I tillegg er det gjesteparkering utvendig.
Tomt
Areal: 7 521 kvm, Eierform: Fellestomt
Tomta er flat mot sør og hallar mot nord. Asfalterte gangvegar til bustadane og grusa gjesteparkering.
Regulering/offentleg godkjenning
Ligg i område regulert til bustad. Grense til LNF område
Det er planlagt bustader i mindre bustadblokker i området vest for eigedomen.
Veg, vatn, avlaup
Offentleg vatn og avlaup via private stikkleidningar
Energimerking
Oppvarmingskarakter Rød - Energikarakter D
Tilkomst
Tilkomst til leilegheita anten via heis frå garasjeanlegget, eller via trapp og svalgang.
Oppvarming
Oppvarming med gasspeis i stove (naturgass frå Ewos). Eigen målar pr. bustad for gassforbruk.
Termostatstyrte varmekablar i gang, bod, vaskerom og på begge bad.
Kommunale avgifter
Kr. 25 603 pr. år inkl. eigedomsskatt.
Faste kostnader
Innbuforsikring.
Kommunale avgifter og eigedomskatt.
Fellesutgifter til sameiget.
Det er felles innkjøp av strøm i laget. Àkonto strøm faktureres på giro for felleskostnader.
Meklar gjer merksam på at faste laupande kostnader vil kunne variere med omsyn til bruk av bustaden og avtalar med leverandørar.
Formueverdi
Likningsverdi som primærbustad kr 970 309 per 31.12.17
Likningsverdi som sekundærbustad kr 3 493 112 per 31.12.17
Ferdigattest
Det føreligg ferdigattest frå Flora kommune datert 24.09.2015. Denne ligg vedlagt.
Felleskostnader
4 366 pr. mnd.

Felleskostnadene inkluderer felles straum, drift og vedlikehald av heis, forsikring av bygget, drift og vedlikehald i sameige, forretningsførar og revisjon.

Felleskostnadane fordeler seg slik:
Bredbånd Canal Digital kr 489
Vedlikehald: kr 73
Drift: kr 1.663
Strøm kr 2.050

Det er felles innkjøp av strøm i laget. Àkonto strøm faktureres på giro for felleskostnader. Selger må evt ta initiativ til å melde avlesing til ansvarlig i laget.
Opplysningar om sameige.
Sameie: Sameige Kinnvegen, Orgnr.: 994337211

Sameige består av 32 seksjonar. Det er felles garasjeannlegg, felles teknisk rom og felles rom med bossdunkar m.m. Alle leilegheitene har gasspeis og uttak for gass på altan. Forsyninga av gass kjem via røyr frå Ewos slik at det ikkje er nokon gasstank på eigedomen.



Med eigarseksjon meinast sameigedel i bebygd eigedom med tilknytta einerett til bruk av ein av fleire bustader eller andre brukseiningar i eigedomen.
I følgje lov om eigarseksjonar kan ingen erverve meir enn to bustadseksjonar i sameige.
Rekneskap/vedtekter
Kjøpar vert oppmoda til å setje seg inn i rekneskap, vedtekter og evt. husordensreglar. Kjøpar godkjenner som bindande for seg sameiget sine vedtekter og husordensreglar herunder evt. reglar om husdyrhald.
Forretningsførar/rekneskapsførar
BOB BBL
Godkjenning/forkjøpsrett
Overdraging/utleige av seksjon skal meldast styret for godkjenning.
Legalpant
Sameige har legalpant for inntil 2G for dekking av ubetalte felleskostnader.
Utleige
Seksjonen kan i sin heilheit leigast ut til bustadføremål.
Forsikring
Eigedomen er forsikra gjennom sameige og vert betalt som ein del av felleskostnadane. Kjøpar må teikne innbuforsikring frå overtakingsdato.
Bustadseljarforsikring
Bustaden er seld med bustadseljarforsikring.
Bustadkjøparforsikring
Eigedomsmekling Sogn og Fjordane AS formidlar bustadkjøparforsikring frå HELP Forsikring AS. Dette er ei rettshjelpsforsikring som gir tryggleik og profesjonell juridisk hjelp dersom det vart oppdaga uventa feil og manglar ved bustaden. Ta kontakt med meklar for meir informasjon eller les meir om forsikringa på www.help.no.
Finansiering
Interessentar som ønskjer tilbod om finansiering i Sparebanken Sogn og Fjordane kan kontakte meklar.
Kvitvasking
Eigedomsmekling Sogn og Fjordane AS er underlagt lov om kvitvasking og terrorfinansiering, og pliktar å rapportere til økokrim om mistenkjelege transaksjonar. Vidare er det strenge reglar om kontroll av legitimasjon frå alle partar og/eller reelle rettigheitshavarar i samband med handelen (seljar, kjøpar og fullmektigar for desse).
Bodgjeving
Alle bod skal gjevast skriftleg til meklar. Det første bodet skal gjevast på bodskjema påført bodgjevar sin signatur. I tillegg må bodgjevar ha legitimert seg. Seinare bod kan gjevast per e-post, SMS eller per faks til meklar. Bod kan også gjevast via bodgjevingsplattform på nett eller app. Veljast denne løysinga, er det ikkje krav til å sende det første bodet på bodskjema. Meklar skal så snart som muleg stadfeste skriftleg ovanfor bodgjevar at bod er motteke.

Bod som ikkje er skriftleg, eller som har kortare akseptfrist enn til kl. 12.00 dagen etter siste annonserte vising, vil ikkje bli formidla til seljar. Meklar vil heller ikkje formidle bod med atterhald om at bodet er hemmeleg for andre bodgjevarar. Eit bod er bindande for bodgjevar når bodet er blitt gjort kjent for seljar. Seljar står fritt til å akseptere eller forkaste eitkvart bod, og pliktar såleis ikkje å akseptere det høgste bodet på eigedomen.

Meklar skal, i den grad det er naudsynt og muleg, informere dei involverte i bodrunden skriftleg om status i bodgjevinga.
Meklar pliktar å leggje til rette for ei forsvarleg avvikling av bodrunden. For at boda skal kunne bli handsama og formidla vidare skriftlig til alle involverte partar, må eitkvart bod ha ein tilstrekkeleg lang akseptfrist, og uansett bør ikkje eit bod ha ein akseptfrist på mindre enn 30 minutt frå bodet vert gjeve. Seljar må skriftleg akseptere bodet før bodaksept kan formidlast til bodgjevar.
Ein gjer merksam på at bod som vert gjeve etter normal arbeidstid vert handsama/formidla påfølgjande arbeidsdag.

Seljar og kjøpar har krav på å få utlevert kopi av bodjournalen straks etter at handel er komt i stand. Alle som har gjeve bod på eigedomen kan på førespurnad få en kopi av anonymisert bodjournal etter at bodrunden er avslutta.
Ein syner elles til "Forbrukarinformasjon om bodgjeving", som er teke inn på baksida av bodskjema i salsoppgåva.
Overtaking
Etter avtale med seljar.
Seld "som den er"
Salet vert regulert av Lov om avhending av fast eigedom. Eigedomen vert seld i den stand den var under synfaring, jf. avhendingslova § 3-9, "som den er". Dette avtalepunktet medfører at avhendingslova sine reglar om når eigedomen har mangel vert fråvike til ugunst for kjøpar.

Eigedomen har likevel mangel i følgjande tilfelle:
Når kjøpar ikkje har fått opplysningar om forhold ved eigedomen som seljar kjende eller måtte kjenne til, og som kjøpar hadde grunn til å rekne med å få. Dette gjeld likevel berre dersom ein kan gå ut frå at det har verka inn på avtalen at opplysningane ikkje vart gitt.
Når seljar har gitt urette opplysningar om eigedomen. Det same gjeld dersom eigedomen ikkje er i samsvar med opplysningar som er gitt i annonse, salsprospekt eller ved anna marknadsføring på vegne av seljar. Dette gjeld likevel berre dersom ein kan gå ut frå at opplysningane har verka inn på avtalen, og ikkje har vorte retta i tide.
Når eigedomen er i vesentleg dårlegare stand enn kjøpar hadde grunn til å rekne med ut frå kjøpesummen og forholda elles.
Når tomta har vesentleg mindre areal enn opplyst av seljar.
Nøkkelinfo
Primærrom ? 144 m2
Bruksareal ? 155 m2
Bruttoareal ? 171 m2
Byggeår 2010
Tomte­areal 7521 m2
Eigarskifte­forsikring Ja
Energi­merking ? D
Vising

Ta kontakt for å avtale vising.

Kontakt meklar
Bilete av Tordis  Russøy
Tordis Russøy
Eigedomsmeklar MNEF
Florø
Tilbake til bustadutlisting

Skal gje forbrukarane kunnskap om energiforbruket til bueininga. Alle bustader, fritidsbustader og yrkesbygg skal energimerkast ved sal og utleige. Sjå energimerking.no for meir informasjon.

P-rom vert målt frå innsida av yttervegg inkludert veggane mellom desse areala. Dette er innvendige areal av bustaden som vert brukt til kort- eller langvarig opphald (opphaldsrom), til dømes stove, kjøken, bad, soverom, vaskerom og gangareal mellom desse. Bodareal/areal for lagring/tekniske rom inngår ikkje i primærrom.

Arealet av bygingen målt frå utvendig vegg til utvendig vegg eller midt i skiljevegg mot anna brukseining eller fellesareal.

Bruksareal er summen av det arealet som ligg innanfor ytterveggane, og vert målt frå innsida av yttervegg til innsida av yttervegg. Alt areal av innvendige veggar er medrekna. Målbart areal skal ha takhøgd på 1,9 meter.

Kinnvegen 51
Florø
Prisant. 3680000
Soverom 3
Etasje 2
Bustadtype Leilegheit
Eigarform Eigar (Sjølveigar)
Nøkkelinfo
Primærrom ? 144 m2
Bruksareal ? 155 m2
Bruttoareal ? 171 m2
Byggeår 2010
Tomte­areal 7521 m2
Eigarskifte­forsikring Ja
Energi­merking ? D
Vising

Ta kontakt for å avtale vising.

Kor mykje treng du låne?
Prøv Sparebanken Sogn og Fjordane sin lånekalkulator
I nærområdet